Stortinget - Møte torsdag den 13. juni 2024 *

Dato: 13.06.2024
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 406 S (2023–2024), jf. Dokument 8:151 S (2023–2024))

Søk

Innhold

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Sak nr. 8 [14:34:12]

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Rasmus Hansson, Une Bastholm og Lan Marie Nguyen Berg om utfasing av torv i hagejord (Innst. 406 S (2023–2024), jf. Dokument 8:151 S (2023–2024))

Talere

Presidenten []: Etter ønske fra energi- og miljøkomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til et replikkordskifte med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Hans Inge Myrvold (Sp) [] (ordførar for saka): Takk til komiteen for, eg heldt på å seia, eit godt hagearbeid. Denne saka gjeld representantforslag om utfasing av torv i hagejord.

Komiteen har handsama saka, og det kjem fram av innstillinga at komiteens tilråding er at saka ikkje vert vedteke.

Bakgrunnen for saka er myras verdi både som økosystem og karbonlager. Forslagsstillarane held fram at det er viktig å redusera forbruket av torv i jordprodukt mest mogleg.

Komiteen syner i innstillinga si til omtale frå Grøn bok, der regjeringa gjer greie for at Miljødirektoratet har levert ei utgreiing med vurdering av verkemiddel for å hindra opning av nye torvuttak.

Komiteen syner vidare til at det i mellomtida vert sett på som ei nasjonal og vesentleg regional interesse å forhindra utnytting av nye myrområde til torvuttak. Nye arealplanar som bryt med denne føringa, kan gje grunnlag for statleg motsegn. Statsråden har gjort greie for dette i svarbrevet sitt til komiteen.

Saka vert no fremja for debatt i Stortinget, og eg reknar med at dei partia som har avvikande syn i innstillinga, gjer greie for det.

Eg vil avslutningsvis syna til at uttak av torv frå myr i dag er berekna til 0,4 promille av all myr- og sumpareal i landet. Torvuttaket i Noreg utgjer i så måte ein særs liten del av det totale myrarealet og er òg lite i høve til det myrarealet som er grøfta og gjort om til skog- eller jordbruksproduksjon.

For Senterpartiet vert det viktig å fylgja denne type saker som ein del av ei heilskapleg naturforvalting. Regjeringa har varsla ei naturmelding til Stortinget. Det er verdt å nemna at eit særnorsk forbod mot torv i hagejord ikkje vil vera ein garanti for å hindra torvuttak i eit globalt og samla naturperspektiv.

Det er heller ikkje fullgode substitutt for torv i norsk hagejordproduksjon, og det er grunnlag for vidare forsking og teknologiutvikling. Men det som er positivt, er at næringa jobbar tett med myndigheitene i desse spørsmåla, og ein får i dag torvfrie jordprodukt i marknaden.

Linda Monsen Merkesdal (A) []: For at me skal omstilla oss til eit lågutsleppssamfunn, må alle næringar vera med på omstillinga. Klima og miljø skal vera ramma rundt all politikken til regjeringa.

Uttak og bruk av torv fører til klimautslepp, og det er difor nødvendig at torvbransjen òg omstiller seg for å ta ned sitt utslepp. For Arbeidarpartiet er det viktig å ta vare på myrområda våre, og eg er difor glad for at regjeringa har gjeve tydeleg uttrykk for nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for å bevara myrene. Statsforvaltarane får eit særskilt ansvar for arealplanar som opnar for nye torvuttak.

Til hausten kjem regjeringa med ei naturmelding, og her er det signalisert at ein skal sjå på torvuttak i myr. Det finst i dag produsentar som har torvrelatert drift, og dette må me òg tenkja er arbeidsplassar. Det totale torvuttaket er i dag på 0,4 promille av det totale myr- og sumparealet i Noreg, men dette føregår i høgmyr, som er ein trua naturtype. Torvbransjen har kunnskap og omstillingsevne, og eg er sikker på at dei vil vera med og ta sitt ansvar.

Regjeringa arbeider med Grøn bok og ei stortingsmelding for naturmangfald og vil utføra ein handlingsplan som skal vareta dei heilskaplege rammene for natur, deriblant myr. Det er difor viktig at me også faktisk ser på alt dette i sin heilskap. Arbeidarpartiet meiner regjeringa tek mange viktige grep for å stimulera til grøn omstilling i heile systemet.

Myrene våre er bygde opp gjennom tusenvis av år og held på store mengder med karbon. Eg ønskjer å takka for at me får løfta denne viktige debatten, som me skal ha med oss inn i dei heilskaplege planane i framtida.

Ove Trellevik (H) []: Ifølgje Miljødirektoratet vert det årleg sleppt ut 23 000 tonn CO2-ekvivalentar frå torvproduksjon, og mesteparten av denne torva – rundt 75 pst. – vert brukt i plante- og hagejord som vert selt til oss private.

Det vert stilt høge krav til erstatningsprodukt for torv. Torv har nemleg heilt fantastiske eigenskapar som vekstmedium. Det held på vatnet, samtidig som det gjer jorda meir porøs, slik at plantane får tilstrekkeleg med luft. Med torv er det også enklare å tilpassa både gjødsling og kalking etter behovet til plantane. Torv er heller ikkje forureina med tungmetall. Dessutan er det lett handterleg for alle – frå hobbydyrkarar, som meg, som berre har eit enkelt drivhus i hagen, til meir travle gartnarar.

Det har vore ei utfordring å finna gode alternativ til torv. Etter fleire års forsking har dette endra seg, og det er no fleire gode erstatningar å velja mellom. Salet av torvfri jord har auka, og det aukar mykje. Det vitnar om at det kanskje ikkje er nødvendig å forby alt me ikkje meiner er rett, men det kan likevel vera at Høgre stemmer for eit forbod i framtida. Det handlar meir om i kva grad marknaden klarar omstillinga sjølv eller ikkje.

Regjeringa varslar at det kjem ei stortingsmelding i løpet av året som skal følgja opp den globale naturavtala, og det er naturleg at dette spørsmålet vert drøfta i den meldinga som kjem, på lik linje som med andre saker som me har oppe til behandling i dag, og som kanskje òg høyrer heime i den meldinga.

Ola Elvestuen (V) []: Venstre støtter forslaget om at det senest i statsbudsjettet for 2025 skal legges fram en plan for full utfasing av torv i hagejord og dyrkingsmedier innen 2030. Dette er en sak man har jobbet med egentlig ganske lenge. Vi drev denne rapporten fra Miljødirektoratet fram etter initiativ, bl.a. fra Venstre, så vi har sett på dette også tidligere.

23 000 tonn utslipp i året er en del av regnestykket vi har, og dette ett av uslippene vi kan redusere. Så må dette nå ses i sammenheng med den andre utredningen som Miljødirektoratet også har, om forbud mot nedbygging av myr. Vi venter på at det skal komme videre, og gjerne til politisk behandling, noe vi også vil støtte.

Det har egentlig vært en ganske lang prosess. Jeg går ut fra at det å åpne nye myrer for torvuttak er helt uaktuelt. Dette handler egentlig om hvordan vi skal avslutte dem som nå eksisterer. Da mener vi at det å gi en tydelig bestilling med en overgangsperiode, som det her er snakk om, fram mot 2030, er noe også de som er engasjert i dette vil kunne forholde seg til, akkurat som de da også får tid til å få opp alternativer i større grad. Så fra Venstres side synes jeg dette er et forslag som vil være med på å både ta vare på natur og kutte utslipp, og dette bør vi kunne vedta. Det gir en rimelig forutsigbarhet når man setter avslutningsdato til 2030. Med det tar jeg opp Venstres forslag.

Presidenten []: Da har representanten Ola Elvestuen tatt det opp det forslaget han refererte til.

Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG) []: Myr er Noregs viktigaste levande karbonlager. Det er samtidig ein særeigen naturtype og levestad for unikt tilpassa planter og dyr. I ei tid der det må investerast veldig mykje i klimatilpassing, må det takast inn i all planlegging at myr gjev kapasitet som flaumvern, flaumdempar og vassreinsing, som det ville kosta samfunnet enorme ressursar og beløp å byggja opp.

Kvart år sleppast det ifølgje Miljødirektoratet ut anslagsvis 83 000 tonn CO2-ekvivalentar frå torvproduksjon. Mesteparten av torva vert brukt i planter og hagejord som vert selde til private, og det er unødvendig. Torvuttak skjer på høgmyr, så at det vert vist til 0,4 pst. av alt myrareal, er i denne saka irrelevant.

Eg er ikkje så overraska over at dette forslaget vert stemt ned. Denne regjeringas modus operandi er anten å påstå at ein allereie gjer det opposisjonen føreslår, eller – som her – å seia at dei vil vurdera forslaget i ei stortingsmelding som kanskje eller kanskje ikkje skal koma ein eller annan gong før regjeringa går av.

Saman med Framstegspartiet har regjeringspartia fleirtal på Stortinget for å stemma ned alle forslag om å ta vare på meir natur. Likevel overraskar argumentasjonen til regjeringspartia meg litt i denne saka. I tilrådinga skriv Arbeidarpartiet og Senterpartiet saman med Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti at torvuttak påverkar myra lite – det er implisitt at ei utfasing av torv i hagejord eller forbod mot torvuttak ikkje trengst. Det er nye signal, i alle fall frå regjeringspartia. Det står i sterk kontrast til at Miljødirektoratet i 2022 føreslo eit forbod mot torvuttak, og det står i sterk kontrast til at regjeringa i 2022 føreslo å inkludera høgmyr som ein utvald naturtype.

Det er nettopp høgmyrer som er mest aktuelle for torvuttak, og det er heilt øydeleggjande for denne typen myr. Eg håpar difor statsråden kan gjera greie for om regjeringa deler synet til komitémedlemene frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet om at torvuttak ikkje betyr så mykje for myrer i den store samanhengen. Det vil i tilfelle vera oppsiktsvekkjande nye tonar frå ei regjering som jobbar med eit lovforslag om forbod mot nedbygging av myr, og som har føreslått å gjera høgmyr til ein utvald naturtype.

Statsråd Andreas Bjelland Eriksen []: Jeg deler representantene Rasmus Hansson, Une Basthalm og Lan Marie Nguyen Bergs engasjement for myrene våre. De er viktige naturområder som gir oss mange økosystemtjenester, og særlig er de store karbonlagre som kan gi økte utslipp dersom de blir ødelagt.

Regjeringen tar mange ulike grep for å stimulere til en grønn omstilling av hele samfunnet i en mer klima- og miljøvennlig retning. I denne omstillingen forventer jeg at torvnæringen er med, og jeg forventer at torvindustrien, på samme måte som andre industrier, jobber med å omstille seg, få ned klimagassutslippene og minske naturtapet. Hvis ikke kan det stilles spørsmål ved om det er plass til dem i lavutslippssamfunnet. De kan risikere å bli utkonkurrert av avfallsbransjen, som har restprodukter fra matavfall og biogass de ønsker å utvikle for å bidra med torvfrie produkter til privatmarkedet og gartnernæringen.

Regjeringen har i sin politiske plattform lagt til grunn at klima og natur skal være en ramme rundt all politikk, og uttak og bruk av torv til hagejord fører utvilsomt til klimagassutslipp og naturskader. Myrene våre er store karbonlagre som er bygd opp gjennom tusenvis av år. Jo dypere myr, desto større karbonlager. Regjeringen er opptatt av å redusere inngrep i myr, og det har vi gitt klart uttrykk for i Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging. Videre jobber regjeringen med et forbud mot nedbygging av myr. Statsforvalteren skal også vurdere innsigelse der arealplaner åpner for nye torvuttak.

Det følger av naturavtalen at alle land skal lage eller oppdatere sine nasjonale handlingsplaner for natur, som vi har diskutert godt i flere runder i denne salen allerede. Regjeringen er godt i gang med Norges handlingsplan, og vil legge den fram for Stortinget som en melding i løpet av 2024. Ett av de globale målene i naturavtalen, mål 8, handler spesifikt om klima og natur.

Jeg mener at denne meldingen er riktig sted å vurdere virkemidler for å ta vare på viktig natur, som myrene er en del av. Stortinget vil få meldingen til behandling og kan da ta stilling til regjeringens forslag i en større sammenheng. Regjeringen vil også presentere klimapolitikken for Stortinget i høst gjennom den årlige revisjonen av klimastatus og -plan, Grønn bok, som legges fram sammen med forslaget til statsbudsjett. Jeg mener at disse to dokumentene er riktige steder å vurdere eventuelle nye virkemidler på en helhetlig og god måte.

Hans Inge Myrvold (Sp) []: Eg har berre behov for ei avklaring knytt til innlegget frå representanten frå Miljøpartiet Dei Grøne, som viser til komitémerknadane som ligg til saka. Det vert ikkje halde fram at det er eit politisk syn at det utgjer eit lite problem, ein viser til ein rapport – NIBIO Rapport nr. 25 frå 2020 – som held fram dette. Merknaden viser til kva denne rapporten fastslår.

Votering, se fredag 14. juni

Presidenten []: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 8.

Da ringes det inn til votering.