Votering i sak nr. 3,
debattert 1. februar 2024
Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen
om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lan Marie Nguyen
Berg, Ingrid Fiskaa og Stine Westrum om et flerårig program for
støtte til humanitær hjelp og gjenoppbygging av Palestina (Innst.
168 S (2023–2024), jf. Dokument 8:47 S (2023–2024))
Debatt i sak nr. 3
Presidenten: Under debatten er det
sett fram fem forslag. Det er
-
forslag nr. 1, frå Ingrid Fiskaa på
vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre
-
forslaga nr. 2–4, frå Lan Marie Nguyen Berg på vegner av
Miljøpartiet Dei Grøne
-
forslag nr. 5, frå Ingrid Fiskaa på vegner av Sosialistisk
Venstreparti
Forslaga nr. 3 og 4 er trekte under debatten.
Det vert votert over forslag nr. 2, frå Miljøpartiet
Dei Grøne. Forslaget lyder:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake
til Stortinget senest fredag 16. februar 2024, med forslag til en
betydelig økning av kjernestøtten til UNRWA for å motvirke en ytterligere
forverring av den humanitære situasjonen på Gaza.»
Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre
har varsla støtte til forslaget.
Votering:
Forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne vart med
82 mot 18 røyster ikkje vedteke.
(Voteringsutskrift kl. 14.03.48)
Presidenten: Det vert votert over forslag
nr. 5, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:
«Stortinget ber regjeringa om å auke
løyvinga til UNRWA og arbeide ilag med andre land for å tette det
finansieringsgapet som oppstod etter at 12 land fraus bistanden
til organisasjonen.»
Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne har
varsla støtte til forslaget.
Votering:
Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart
med 81 mot 18 røyster ikkje vedteke.
(Voteringsutskrift kl. 14.04.07)
Komiteen hadde tilrådd Stortinget
å gjera følgjande
vedtak:
Dokument 8:47 S (2023–2024) – Representantforslag
fra stortingsrepresentantene Lan Marie Nguyen Berg, Ingrid Fiskaa
og Stine Westrum om et flerårig program for støtte til humanitær
hjelp og gjenoppbygging av Palestina – vedtas ikke.
Presidenten: Det vert votert alternativt
mellom tilrådinga og forslag nr. 1, frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt
og Venstre. Forslaget lyder:
«Stortinget ber regjeringa kome tilbake
til Stortinget med eit forslag til eit fleirårig program for støtte
til humanitær hjelp og gjenoppbygging av Gaza.»
Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til
forslaget.
Votering:
Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå
komiteen og forslaget frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre
vart tilrådinga vedteken med 82 mot 18 røyster.
(Voteringsutskrift kl. 14.04.43)