Stortinget - Møte tirsdag den 30. januar 2024

Dato: 30.01.2024
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 171 S (2023–2024), jf. Dokument 8:32 S (2023–2024))

Søk

Innhold

Sak nr. 2 [10:26:46]

Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anna Molberg, Kari-Anne Jønnes, Mahmoud Farahmand, Olve Grotle og Trond Helleland om å sikre bedre betingelser for næringsliv i statsallmenningene (Innst. 171 S (2023–2024), jf. Dokument 8:32 S (2023–2024))

Talere

Presidenten []: Etter ønske fra næringskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til et replikkordskifte på inntil tre replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Per Olav Tyldum (Sp) [] (ordfører for saken): La meg først få takke komiteen for samarbeidet.

Representantforslaget som skal behandles her i dag, omhandler vilkår for næringsvirksomhet i statsallmenningene, spesielt reglene om avhending av statsallmenningsgrunn og retningslinjer for fastsetting av festeavgifter.

Hovedregelen i fjellova er at grunn i statsallmenning ikke kan selges. Tomtefeste reguleres gjennom tomtefesteloven og er utgangspunkt for alle typer festeforhold. Loven skal sikre grunneiers rettigheter samtidig som den skal sikre også festeren mot urimelige vilkår. I hovedsak kommer grunneierinntektene i statsallmenninger fra festekontrakter. Øvrige inntekter forvaltes av Statskog og brukes til administrasjon av statsallmenningene og fjellstyresambandet og til andre tiltak med mål om verdiskaping og arbeidsplasser i statsallmenningene.

Senterpartiet mener det er viktig at Statskog spiller en aktiv og viktig rolle i lokal næringsutvikling der de har eiendommer i form av statsallmenning eller statsgrunn. Hurdalsplattformen slår også fast at Statskog skal brukes som et verktøy for industribygging og næringsutvikling. Jeg ser det derfor som naturlig at Statskog, i dialog med de kommunalt oppnevnte fjellstyrene og de aktuelle kommunene, sikrer en god dialog.

Det er ikke hensiktsmessig med egne retningslinjer for taksering av statsallmenningsgrunn. Statens eierinteresser ivaretas innenfor gjeldende lovverk. Egne retningslinjer vil heller ikke være i samsvar med statens prinsipper for god eierstyring.

Statsråden skriver i sitt brev til komiteen at Statskog SF skal ta riktig pris ved utleie av fellesskapets grunn. Uenighet mellom fester og grunneier kan selvsagt oppstå, og kan da om mulig måtte prøves rettslig. Jeg vil tro at landbruks- og matministeren gjennom sine eiermøter med Statskog SF blir holdt oppdatert på selskapets aktivitet. Jeg mener at eventuelle uenigheter må kunne løses innenfor gjeldende lovverk, som nevnt, og gjerne på lavest mulig nivå.

Olve Grotle (H) []: Bedrifter, særleg i distriktskommunar, har gjerne tilhald på statsallmenningar dei festar. Fleire av desse opplever at Statskog SF terminerer gamle festekontraktar og aukar festeleiga vesentleg basert på nye takseringar utførte av Statskog sjølv. Dette pressar bedriftene til å vurdere kjøp av tomtene for å sikre drift og investeringar. Dette gjeld gjerne kapitalkrevjande bedrifter med små fortenestemarginar i næringsfattige kommunar. Som følgje av dette ønskjer mange bedrifter difor å innløyse tomtene for å få betre tryggleik for drifta og dessutan betre pantsetjing knytt til lån og investeringar.

Etter fjellova § 13 kan statsallmenningar som hovudregel ikkje avhendast, med nokre få unntak. Desse er knytte til landbruk, grunn til byggetomter og innløysing av bustadtomter etter tomtefestelova. Det vil seie at næringsdrivande som hovudregel ikkje har moglegheit til å kjøpe eigedom som dei har festa på statsallmenningar. Trass i dette er det ifølgje NHO Reiseliv likevel døme på at nokre bedrifter har fått kjøpe grunnen sin av Statskog. Det gjev eit forvirrande bilete av i kva grad forbodet i fjellova faktisk blir praktisert.

Det er klare og legitime omsyn som styrer dagens avhendingsforbod for statsallmenningar i fjellova. Statskog SF er ein aktør som forvaltar store areal til det beste for fellesskapet. Samstundes må næringsfattige kommunar med lågt folketal òg kunne leve av det næringslivet dei har, og dei er avhengige av gode og stabile rammevilkår for dei næringsdrivande. Å feste tomt på statsallmenningar viser seg i fleire tilfelle å bli svært kostbart når Statskog aukar festeleigene utan at det har skjedd ein tilsvarande auke i overskotet til dei aktuelle bedriftene. Det rammar også kommunane.

Det bør difor innførast eit unntak i fjellova for sal av næringseigedom på visse vilkår. Desse vilkåra kan til dømes vere at det må vere lokal einigheit rundt eit sal i den aktuelle kommunen. Med lokal einigheit meiner ein òg at fjellstyra får høve til å uttale seg før ei eventuell avhending. I tillegg til dette kan det vere grunn til å sjå på retningslinjene Statskog brukar for å fastsetje festeleiga. Det er i dag som hovudregel Statskog sjølv som takserer eigedomane og fastset festesummen på bakgrunn av takseringa. Det skjer ingen forhandlingar med dei involverte partane.

Med dette fremjar eg dei to forslaga i saka.

Presidenten []: Representanten Olve Grotle har tatt opp de forslagene han refererte til.

Statsråd Geir Pollestad []: Regjeringa er oppteken av vilkår for næringsutvikling i distrikta og fører ein politikk med mål om levande lokalsamfunn og arbeidsplassar i heile landet. Eg registrerer at forslagsstillarane no vil betra vilkåra for næringsutvikling i statsallmenningane, men eg er litt overraska over at ein vil gjera dette gjennom å instruera Statskog SF til å leiga ut eigedomen til fellesskapet for mindre enn det som er verdien, eller ved å selja, sjølv om lova i dag ikkje tillèt det.

Dei lokale sakene, som alle kan ivra for, møter i denne saka nokre prinsipp som er viktige. Då er eg oppteken av å finna gode løysingar på det, men likevel ha respekt for dei prinsippa som gjeld.

Inntektene Statskog SF får frå tomtefeste, kjem statsallmenningane til gode. Dei lokale fjellstyra får halvparten av festeinntektene for hytter og hotell. Andre inntekter går til Grunneigarfondet og vert forvalta av Statskog SF. Grunneigarfondet vert bl.a. nytta til administrasjon av statsallmenningane, støtte til Norges Fjellstyresamband og ulike tiltak i statsallmenningane. Dette omfattar òg tiltak for verdiskaping og lønsame arbeidsplassar.

Som kjent er hovudregelen i fjellova at statsallmenningen ikkje kan seljast. Grunngjevinga for dette er at statsallmenningane skal forvaltast i eit langsiktig perspektiv og ikkje delast ut bit for bit.

Tomtefeste er regulert i tomtefestelova. Denne lova gjeld uavhengig av kven som eig grunnen, og skal sikra rettane til grunneigaren samtidig som ho skal sikra festaren mot urimelege vilkår. Lova set forbod mot urimeleg høg festeavgift. Dette må sjølvsagt Statskog SF forhalda seg til. Så gjeld det å finna den rette verdien gjennom takst. I situasjonar der partane er ueinige, kan det vera nødvendig å innhenta fleire takstar. Eg meiner at forvaltninga av statsallmenningane og rammene for dette er gode, og forventar at Statskog SF i dialog med fjellstyra og dei aktuelle kommunane legg til rette for aktiv bruk av resursane i statsallmenningane.

Dette er ei sak som står i Hurdalsplattforma, og som det vil vera naturleg for meg som statsråd å gå inn i. Eg meiner at dette skal skje innanfor rammene av dagens lov og prinsippa for eigarstyring, men tenkjer at me må bruka sunn fornuft og sjå om ein i framtida kan gjera ting betre enn det som har vore gjort så langt.

Presidenten []: Det blir replikkordskifte.

Olve Grotle (H) []: Det er i ordskiftet allereie slått fast at det finst to unntak i fjellova der ein kan få avhende eigedom. Det eine er til gardsbruk, det andre gjeld grunn til byggjetomter. I tillegg har ein særregelen i tomtefestelova som gjeld bustadeigedom, men det er altså ikkje eit unntak som kan knyte seg til etablert næringsverksemd, trass i at det kan vere behov for det.

Eg merka meg at det siste ministeren sa, var at det bør brukast sunn fornuft, og så får ein sjå kva som skjer framover. Skal eg oppfatte ministeren slik at det er ein indikasjon på at ein vil sjå på lova på nytt, og sjå om det er fornuftig å få med eit nytt unntak for næringseigedom?

Statsråd Geir Pollestad []: Eg sa òg at eg meiner den vurderinga me må gjera, og som det er naturleg å gjera, må skje innanfor rammene av dagens lov. Eg er oppteken av at lova skal fylgjast. Det vert i representantforslaget vist til at det har skjedd sal, men det at det har skjedd sal, eventuelt i strid med lova, er ikkje eit argument for at den typen lovbrot kan skje i framtida.

Eg trur løysinga i denne saka ligg i at ein bruker dei rammene som ein har i dag, anten det er eigarstyring eller lov. Det vil òg vera viktig at me ser på korleis denne dialogen vert ført, og ha dialog med Statskog om det. Det er klart at det er veldig skeive maktforhold her i mange situasjonar.

Eg har tenkt at det alltid skal vera mogleg å gjera ting betre i framtida enn det me har gjort så langt, og så er det viktig å halda fast på dei prinsipielle utgangspunkta.

Olve Grotle (H) []: No bruker jo statsråden den eksisterande lovteksten, den eksisterande lova, som eit argument for at ein ikkje skal kunne selje eller avhende areal, men det Dokument 8-forslaget inneber, er nettopp forsøk på å få endra lova ved at ein tek inn eit nytt unntak. Det vil då ikkje vere i strid med eksisterande lov. Ein skal altså endre lova; det er det ein ber om.

Då må spørsmålet igjen vere: Ser ikkje statsråden at det kan vere behov for eit særskilt unntak knytt til næringseigedom?

Statsråd Geir Pollestad []: Eg ser jo kva forslaget går ut på, og eg ser òg at det ikkje ligg an til å få fleirtal her.

Eg meiner at det er rom for fleksibilitet innanfor dagens lov. Viss ein gjer for mange unntak, vil ein til sjuande og sist uthola det grunnleggjande knytt til forvaltinga av Statskog, statsallmenningane og vår felles eigedom. Der trur eg nok at partia har litt ulik tilnærming.

Eg vil, så lenge lova gjeld, forhalda meg til ho. Får ein beskjed frå Stortinget om at ein ønskjer å endra lova, må ein forhalda seg til det, men eg trur det er mogleg å oppnå mykje av det som eg høyrer at både posisjon og opposisjon er opptekne av, innanfor rammene av dagens lov.

Olve Grotle (H) []: Eg blir litt usikker på kva ministeren eigenleg meiner. No blir det sagt at det ikkje ligg an til eit fleirtal, og dermed blir det ikkje noko unntak, men det ligg ikkje an til eit fleirtal fordi regjeringspartia ikkje vil det. Viss Arbeidarpartiet og Senterpartiet går inn for dette, vil det jo kunne bli eit slikt unntak – så eg skjønar ikkje heilt logikken.

Oppsummert må det vel bli slik at ein ikkje meiner at næringsareal er like viktig som gardsbruk eller for den del bustadtomter. Er det ei presis eller korrekt beskriving av den vurderinga ministeren har av kor viktig det er med næringsdrift, gjerne i kapitalsvake kommunar?

Statsråd Geir Pollestad []: Eg er oppteken av at Statskog skal bidra til næringsutvikling lokalt. Så har eg òg i brevet mitt til Stortinget anbefalt at ein ikkje går inn på det forslaget som ligg føre om å utvida unntak på dette feltet.

Eg seier òg at ein må sjå på om det er rom for å gjera ting betre innanfor dagens lov og dagens retningslinjer for eigarstyring. Eg har peikt på at maktforholdet ofte er skeivt, og at prosessane vert opplevde som tunge. Det er ting som det er naturleg å ha med når ein skal fylgja opp dette punktet i Hurdalsplattforma.

Eg meiner det er mogleg å finna ei god løysing som varetek behova til lokalt næringsliv innanfor rammene av lova, og at ein då samtidig vedtek å sikra det prinsipielle, nemleg at desse verdiane, som fellesskapet eig, vert forvalta til beste for fellesskapet.

Presidenten []: Replikkordskiftet er dermed omme.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

Votering, se voteringskapittel