Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
President: Nils T. Bjørke
Presidenten []: Følgjande innkalla vararepresentantar tek no sete:
For Aust-Agder: Abel Cecilie Knibe Kroglund
For Vest-Agder: Emma Georgina Lind
For Buskerud: Solveig Vestenfor og Lavrans Kierulf
For Hedmark: Bente Irene Aaland og Håvard Sagbakken Saanum
For Hordaland: Sigbjørn Framnes og Stig Atle Abrahamsen
For Møre og Romsdal: Kim Thoresen-Vestre
For Oslo: Stina Baarne Hassel
For Sør-Trøndelag: Steinar Krogstad
Frå den innkalla vararepresentanten for Hordaland, Charlotte Spurkeland, ligg det føre søknad om å verta friteken for å møta på Stortinget under representanten Ove Trelleviks permisjon, jf. Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknaden vert handsama straks og innvilga.
Andre vararepresentant for Hordaland, Lise-May Sæle, vert innkalla for å møta i permisjonstida.
Presidenten []: Lise-May Sæle er til stades og vil ta sete.
Frå representantane Per Martin Sandtrøen, Kamzy Gunaratnam, Sveinung Stensland, Aleksander Stokkebø, André N. Skjelstad og Hege Bae Nyholt ligg det føre søknader om permisjon i tida frå og med 12. til og med 22. oktober – alle for å delta i FNs 77. generalforsamling i New York.
Presidenten føreslår at desse søknadene vert handsama straks og innvilga – og ser det som vedteke.
Frå andre vararepresentant for Rogaland, Athar Ali Tajik, ligg det føre søknad om å verta friteken for å møta på Stortinget under representanten Aleksander Stokkebøs permisjon, jf. Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknaden vert handsama straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i tida frå og med 12. til og med 20. oktober:
For Hedmark: Ole Mathias Rønaasen
For Oslo: Agnes Nærland Viljugrein
For Rogaland: Irene Heng Lauvsnes og Karoline Sjøen Andersen
For Nord-Trøndelag: Guro Holm Skillingstad
For Sør-Trøndelag: John-Peder Denstad
Presidenten []: Representanten Sveinung Stensland vil setja fram eit representantforslag.
Sveinung Stensland (H) []: På vegne av representantene Tone Wilhelmsen Trøen, Ingunn Foss, Erlend Svardal Bøe og meg selv vil jeg gjerne sette frem et forslag om bedre ivaretakelse av personer som er dømt til tvungent psykisk helsevern.
Presidenten []: Forslaget vert handsama etter reglementet.
Presidenten []: Presidenten vil føreslå at det vert valt ein setjepresident for stortingsmøtet i dag – og ser det som vedteke.
Presidenten føreslår Roy Steffensen. – Andre forslag ligg ikkje føre, og Roy Steffensen er samrøystes vald som setjepresident for Stortingets møte i dag.