Femte visepresident Ingrid Fiskaa [10:08:51 ] : Presidentskapet
legg med dette fram innstillinga si om oppnemning av nytt styre
for Noregs institusjon for menneskerettar, NIM, for perioden 2023–2027.
Det følgjer av NIM-lova § 5 at institusjonens styre skal bestå av fem
medlemer. Styremedlemene skal representera ulike fagfelt, m.a. juridisk
kompetanse om menneskerettar, og styret skal ha kompetanse om verksemdsstyring. Eit
av medlemene skal ha særskild kjennskap til samiske spørsmål. I
styret skal kvart kjønn vera representert med minst to medlemer.
Som ledd i ein open og konsultativ oppnemningsprosess har Stortingets
presidentskap oppmoda organisasjonar, institusjonar og publikum
elles til å føreslå kandidatar til det nye styret i NIM, som no
skal veljast. Fristen for å fremja forslag gjekk ut 10. mars 2023,
og det kom inn forslag på 47 kandidatar.
Det sitjande styret
i NIM blei oppnemnt med verknad frå 1. juli 2019 til 30. juni 2023
ved vedtak i Stortinget 20. juni 2019. Det følgjer av NIM-lova at
styremedlemene kan veljast att, men ingen kan sitja styret i meir
enn to periodar.
Dei tre styremedlemene
Gro Dikkanen, Jan E. Helgesen og Anne-Sofie Syvertsen har vore valde
i to periodar og kan dermed ikkje oppnemnast igjen. I tillegg har noverande
styreleiar, Marit Berger Røsland, gjeve melding om at ho ikkje stiller
til attval.
Etter ei grundig
vurdering av dei innkomne forslaga har presidentskapet avgjort å
føreslå følgjande kandidatar til styret for Noregs institusjon for
menneskerettar for perioden 1. juli 2023 til 30. juni 2027: Trine
Skei Grande som styreleiar og Nils Asbjørn Engstad som nestleiar.
Skei Grande er nå tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i Footprint.
Engstad er lagdommar i Hålogaland lagmannsrett og leiar av Utmarksdomstolen for
Finnmark. Han har vore nestleiar i NIMs styre sidan 1. juli 2019
og stiller seg til disposisjon for ein ny periode. Som styremedlemer
føreslår presidentskapet: Aili Keskitalo, politisk rådgjevar i Amnesty
International Noreg, Geir Ulfstein, professor emeritus ved Universitetet
i Oslo, og Ingvild Bruce, førsteamanuensis ved Politihøgskolen og
førsteamanuensis II ved Universitetet i Oslo. Elles viser eg til
innstillinga frå presidentskapet og den einstemmige tilrådinga.