Presidenten
[13:55:42 ]: Etter ønske fra kommunal- og forvaltningskomiteen
vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe
og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til fem replikker
med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte
tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en
taletid på inntil 3 minutter.
Mari Holm Lønseth (H) [13:56:10 ] (ordfører for saken): Først
en takk til komiteen for samarbeidet.
Saken gjelder
et representantforslag fra Venstre om å få på plass flere stedsuavhengige
arbeidsplasser i statsforvaltningen. Representantene fra Venstre
foreslår å sette et måltall for alle virksomheter for hvor mange stedsuavhengige
arbeidsplasser de skal ha, etablere modeller for kunnskapsdeling
og legge til rette for mer fleksible statlige arbeidsplasser i distriktene.
Flertallet i
komiteen vil avvise forslagene, mens det fremmes to forslag, fra
Høyre og fra Rødt og Høyre, som jeg vil ta opp.
Jeg vil starte
med å takke Venstre for et veldig godt initiativ med å løfte denne
viktige saken. Da Høyre og Venstre satt i regjering sammen, var
dette en av de sakene vi jobbet med å få på plass. Vi startet pilotprosjektet Statens
hus for å etablere modeller for mer samlende kompetansemiljøer i
distriktene. Funnene fra midtveisevalueringen viser at vi har en
vei å gå for å få tatt ut potensialet som ligger i det. Den evalueringsrapporten
må følges opp, og prosjektet må fortsatt forbedres, slik at vi får
realisert potensialet som ligger i det.
Distrikts-Norge
har store muligheter. Med flere desentraliserte arbeidsplasser i
statsforvaltningen kan det også bli lettere å legge til rette for
mer attraktive arbeidsplasser i distriktene. Det er f.eks. spesielt
viktig å vite at man har en arbeidsplass til begge i et par.
Skal vi lykkes,
må vi også sørge for at de ansatte er i et godt arbeidsmiljø. Da
holder det ikke nødvendigvis bare å få satt opp en skjerm på hjemmekontoret,
men det trengs også et miljø å være sammen med og gode arbeidsforhold.
Slike arbeidsplasser kan lokaliseres rundt kontorfellesskap, f.eks.
i samarbeid mellom næringslivet, staten og kommunen. Det vil være
en vinn-vinn-situasjon for alle parter. Næringslivet vil få tilgang
til mer kompetanse, stat og kommune kan samarbeide, og innbyggerne
kan både få bedre tjenester og oppleve vekst og tilflytting.
Pandemien viste
oss også at det er mulig å gjøre mye digitalt. Det er mulig å samarbeide,
og det er også mulig å ta med seg jobben ut i distriktene. Det er
klart at godt internett er et godt konkurransefortrinn, som vi må
fortsette å få utnyttet.
Derfor fremmer
vi i Høyre i dag forslag om at det skal legges til rette for at
flere stillinger som lyses ut i statsforvaltningen, skal være desentralisert
og stedsuavhengige. Vi fremmer også forslag om å etablere gode modeller
for kunnskapsdeling mellom ulike statlige etater. Dette er forslag
som vi selvfølgelig hadde håpet kunne få flertall i salen her, og
at regjeringspartiene også kunne vært med oss på dem. Jeg tror det
trengs mer enn en veileder og gode intensjoner for at vi skal klare
å lykkes med dette. Det å få et tydeligere vedtak ville også kunne
føre til at vi får satt mer fart på dette arbeidet.
Presidenten
[13:59:02 ]: Representanten Mari Holm Lønseth har tatt opp
de forslagene hun refererte til.
Lene Vågslid (A) [13:59:14 ] (leiar i komiteen): Takk til
saksordføraren for jobben i komiteen. Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet
er einige med regjeringa. Me kan lese av svarbrevet at kvar enkelt
statleg verksemd er nærmast til å vurdere korleis dei best kan nå
målsetjinga om auka tilrettelegging for desentralisert arbeid innanfor
mål, rammer og samfunnsoppdrag for verksemda. Me meiner også det
er viktig å sjå dette i ljos av regjeringa sitt arbeid med ei tillitsreform
i offentleg sektor.
Det er slik at
statlege verksemder er ulike når det gjeld både størrelse og kva
slags oppgåver dei skal løyse, og dei er ulikt geografisk plasserte.
Det er fleire verksemder som vil kunne ha eit stort potensial for
bruk av desentralisert arbeid, men for andre vil det vere meir krevjande.
Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet er einige med regjeringa i
at det ikkje er formålstenleg å stille detaljerte krav til talet
på stillingar som skal ha status som desentralisert arbeid i kvar
enkelt verksemd.
Saksordføraren
viser til arbeidet med rettleiarar. Regjeringa har utarbeidd ein
arbeidsrettsleg rettleiar om desentralisert arbeid i staten. Dette
er eit praktisk arbeidsverktøy for leiinga i verksemdene som har
tilsette som arbeider desentralisert. Denne har vore på høyring hjå
hovudsamanslutningane i staten og vil bli oppdatert, slik me ser
av svarbrevet.
Det er mange
norske kommunar som har eit stort engasjement for meir desentralisert
arbeid, og som saksordføraren viser til, har me mange gode eksempel
der dette blir gjort på ein svært god måte, noko me sjølvsagt støttar
opp under.
Så til innstillinga:
Ein ser at Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser til vedtaket som
blei gjort i samband med Innst. 188 S for 2022–2023, der ein bad
regjeringa på eigna tidspunkt kome med ei oppsummering av kunnskapsinnhentinga
og om utviklingstrekk for «hjemmekontor og stedsuavhengige arbeidsplasser» osv.,
og at me ynskjer å vente på oppfølginga av det oppmodingsvedtaket
før me tek stilling til om ein bør setje f.eks. konkrete måltal,
slik eit av forslaga går ut på. Så me støttar ikkje forslaga.
Birgit Oline Kjerstad (SV) [14:01:55 ] : Denne sesjonen har
det vore fremja fleire slike saker som handlar om det å leggje til
rette for fleire staduavhengige arbeidsplassar og å lokalisere statlege
arbeidsplassar utanfor dei store sentera. Nye digitale løysingar
gjer det mogleg å arbeide og samarbeide med kollegaer som ikkje
er fysisk til stades på same arbeidsplassen. På fleire plassar tek
ein spennande initiativ med kontorfellesskap der fleire verksemder
kan ha eit felles kontor, samtidig som dei arbeider i ulike verksemder.
Fleire av partisekretærane våre har f.eks. kontora sine i lag med
andre organisasjonar, gjerne i eit kontorfellesskap med organisasjonar
som ein uansett skal ha tett kontakt med. Slike modellar kan kanskje
også fungere for statlege verksemder. Dette kan vere ei fornuftig
organisering og spare både tid og pengar, i alle fall i yrke der
ein ikkje er heilt avhengig av å vere på éin stad for å gjere ein
fysisk jobb.
Samtidig er det
ikkje berre positivt å ha heimekontor eller å ikkje ha ein fast
kontorstad. Skiljet mellom arbeid og fritid kan lett bli viska ut,
og ein går glipp av den ekstra stimulusen og trivselen som direkte
kommunikasjon og felles lunsjpause med fleire i same organisasjonen
gjev på ein stabil, god og tilrettelagd arbeidsplass. Det er altså
pluss og minus med å arbeide staduavhengig, og det er ikkje alle
oppgåver som eignar seg for det. Eg trur ikkje det er lurt å tvinge
folk inn i slike ordningar og setje eit fast mål for kor mange statlege
arbeidsplassar som skal vere staduavhengige.
I Innst. 188 S
for 2022–2023 samla Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Raudt
og SV seg om eit forslag der Stortinget ber regjeringa kome tilbake
til Stortinget på eit eigna tidspunkt med ei oppsummering av kunnskapsinnhentinga
og utviklingstrekk for heimekontor og staduavhengige arbeidsplassar
i arbeidslivet og ei vurdering av behovet for ytterlegare tiltak
i lys av dette. SV støttar prinsippet om at det skal kunne opprettast
staduavhengige arbeidsplassar gjennom desentralisert organisering,
men trur samtidig det er viktig å unngå at det fører til færre heile
stillingar og mindre ordna arbeidsforhold for dei tilsette.
SV vel til liks
med Arbeidarpartiet å ikkje stemme for forslaget i denne saka. Vi
vil ha større kunnskapsgrunnlag og ventar på kunnskapsinnhentinga
som det er bedt om i tidlegare vedtak, før vi går meir inn i detaljane
i dette. Dermed støttar vi ikkje forslaget.
Tobias Drevland Lund (R) [14:04:46 ] : Desentraliserte og stedsuavhengige
arbeidsplasser der det er mulig i statsforvaltningen, kan være viktig
for å utvikle Distrikts-Norge med gode arbeidsplasser og muligheter
for det i hele landet. Likevel er Rødt opptatt av at politiske vedtak
og retningslinjer ikke skal føre til at flere stedsuavhengige arbeidsplasser
i statsforvaltningen resulterer i oppmøtested i større byer heller
enn i distriktskommuner som sårt trenger kompetansearbeidsplasser.
Jeg tror ikke det er intensjonen til Høyre, som har fremmet forslag
nr. 2 i denne saken, men det kan være et resultat av at man legger
seg på en generell linje om stedsuavhengighet. Det er også veldig
viktig å se dette i sammenheng med tillitsreformen i offentlig sektor.
Rødt fremmer
likevel et forslag sammen med Høyre her i dag om å be regjeringen
sørge for at det blir etablert gode modeller for og kunnskapsdeling
mellom ulike statlige etater om desentralisert jobbstruktur i en
ny digital hverdag, og at det blir stilt tydelige forventninger
til alle statlige etater om å legge til rette for nettopp dette.
Det er, etter
vår mening, et relativt ukontroversielt forslag. Mer kunnskapsdeling
på dette området er noe som ikke burde være veldig kontroversielt.
Rødt kommer også
til å støtte forslag nr. 4, fra Venstre, i dag.
Alfred Jens Bjørlo (V) [14:06:24 ] : Som ein av forslagsstillarane
som står bak dette representantforslaget, på vegner av Venstre,
er eg glad for at vi kan ha ein debatt om dette i dag. Debatten
syner at det trass alt er ulike syn på dette i Stortinget, der dagens
regjeringsparti stiller seg på den aller mest passive, forsiktige
og mest konservative linja når det gjeld å nytte dei nye moglegheitene
vi no har til å gje folk meir fridom til å jobbe i spennande jobbar
i heile landet.
Det er viktig
å seie at dette Dokument 8-forslaget ikkje kjem i eit vakuum. Det
er ikkje eit heilt tilfeldig politisk initiativ på eit heilt tilfeldig
tidspunkt. For det første er vi no komne gjennom erfaringa med to
år med pandemi, som viste dei enorme moglegheitene som ligg i at
langt fleire jobbar enn i dag kan desentraliserast, og som viste
at det er mogleg for store arbeidsgjevarar å leggje til rette for
at folk kan arbeide også i Distrikts-Noreg. Tempoet som no er i
veldig mange private bedrifter når det gjeld å leggje til rette
for at ein kan ha medarbeidarar som jobbar i gode jobbfellesskap
ute i Distrikts-Noreg, er – for å seie det forsiktig – betydeleg
høgare enn i offentleg sektor.
Den andre hovudårsaka
til at vi kjem med dette initiativet og forslaget no, er at det
nettopp har blitt publisert ein midtvegsrapport om det pilotprosjektet
som førre regjering sette ned, om Statens hus i Distrikts-Noreg.
Den midtvegsevalueringa har ein del ekstremt viktige og ganske oppsiktsvekkjande
funn. Ho syner at dei pilotkommunane som har jobba med å få statlege
etatar til å samordne seg på mindre plassar i distrikta, opplever at
dei
statlege etatane er for prega av silotankegang og ein for dårleg
koordinert stat
det
er låg kapasitet til å tenkje regional samordning i kvar enkelt
statleg etat
lokale
representantar for statlege etatar ikkje har avgjerdsmynde til å
gjennomføre forslag og endringar som gjer at ein kan få til meir
heilskaplege lokale jobbfellesskap
det
rett og slett ikkje er ein politikk frå toppen av for at ein i staten
ønskjer å leggje til rette for at medarbeidarar skal kunne jobbe
desentralisert og kunne gjere det i felles kompetansemiljø og felles
klynger
Då blir det nesten
på grensa til litt komisk at svaret frå statsråden på at evalueringa
syner at staten i dag opptrer i siloar i staden for å tenkje samordna,
er at dette veit kvar enkelt statleg etat best, det må bli avgjort
i kvar enkelt silo om ein ønskjer å vere med på ei heilskapleg tenking
om å byggje ein kultur i staten for å kunne jobbe staduavhengig
og ta med seg jobben ut i Distrikts-Noreg.
Dette viser at
vi er i gang med debatten, men at vi definitivt har eit stykke veg
å gå. Eg takkar Høgre og Raudt for støtte til nokre av framlegga
frå Venstre. Eg vil med dette også formelt fremje framlegga nr. 3
og 4, frå Venstre, om konkrete måltal og å leggje til rette for
at fleire stader får desentraliserte arbeidsplassar.
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik [14:09:49 ] : For Senterpartiet
og Arbeidarpartiet i regjering er det grunnleggjande viktig å leggje
til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og leve eit godt liv
i heile Noreg. Då er det viktig med lokalisering, at ein spreier
statlege arbeidsplassar til mange ulike stader i Noreg, og at ein
legg til rette for desentralisert arbeid i større grad enn tidlegare.
Regjeringa vil
auke bruken av desentralisert arbeid i staten fordi vi har høge
ambisjonar knytte til området. Det kan bidra til at verksemder rekrutterer
og held på god kompetanse, og det kan gje distriktspolitisk gevinst ved
at statleg tilsette kan arbeide frå mindre sentrale stader enn der
verksemda er lokalisert. Den førre regjeringa skal ha honnør for
å ha sett i gang nokre forsøk og for enkeltståande eksempel på staduavhengig
arbeid, men det er den noverande regjeringa som har sørgt for trykk på
arbeidet, og for at det har vorte gjeve ei felles føring til alle
statlege verksemder om at ein skal vurdere auka bruk av desentralisert
arbeid.
Det har vorte
følgt opp i tildelingsbrevet til dei statlege verksemdene i år.
I tillegg til at dei skal gjere den vurderinga, skal dei òg kartleggje
i kva omfang desentralisert arbeid vert brukt i dag og òg erfaringane
med det. Den enkelte verksemda må ut frå det vurdere korleis ein skal
nå målsetjinga innanfor mål og rammer og det samfunnsoppdraget ein
har.
Verksemdene har
ulike oppgåver og er ulikt organiserte. Difor er òg potensialet
for desentralisert arbeid svært ulikt og vert best avgjort av den
enkelte verksemda. Det er òg sånn at ulike verksemder har ulike
tilsette. Nokre tilsette bur nær arbeidsplassen sin, og det vil
ofte vere mest hensiktsmessig for dei å ha kontor der arbeidsplassen
er fysisk plassert. For andre vil det vere viktig å kunne gje moglegheit
for desentralisert arbeid.
Senterpartiet
og Arbeidarpartiet i regjering er opptekne av å støtte opp om innsatsen
til verksemdene. Vi har utarbeidd rundskriv som orienterer nærmare
om felles føringar som er gjevne, og ei arbeidsrettsleg rettleiing
for desentralisert arbeid for statlege verksemder og arbeidsgjevarar.
Vi har oppmoda departementa til å leggje til rette for erfaringsutveksling
og å dele gode døme. Kommunal- og distriktsdepartementet svarer
òg på spørsmål som kjem frå etatane og orienterer både i seminar
og møte og i andre samanhengar for nettopp å synleggjere potensialet
for desentralisert arbeid. Den arbeidsrettslege rettleiinga skal
vere eit praktisk verktøy for statlege arbeidsgjevarar og understreke
viktigheita av samarbeid med dei tilsette og organisasjonane deira. Rapporteringa
frå verksemdene på fellesføringane vil gje oss eit godt utgangspunkt
for å få fram gode døme i tillegg til å sjå på korleis vi kan utnytte
potensialet endå meir framover.
Presidenten
[14:12:55 ]: Det blir replikkordskifte.
Mari Holm Lønseth (H) [14:13:06 ] : Takk til statsråden for
et innlegg som jeg oppfattet at er veldig positivt, også til i større
grad å ta i bruk desentraliserte arbeidsplasser i staten. Jeg har
stor forståelse for at det kan være store forskjeller mellom ulike
virksomheter og hvilke behov man har, og f.eks. at et måltall kan
være rigid for noen, men det er også derfor Høyre fremmer et forslag
om at det skal legges til rette for at man øker omfanget av desentraliserte
arbeidsplasser i staten. Det er veldig bra at man har satt i gang
både veiledere og rundskriv, men jeg skulle tro at det ville være
veldig bra for å oppnå regjeringens intensjon om å øke dette, at det
også var et bredt flertall i Stortinget som med et tydelig stortingsvedtak
viste fram at man ønsker å gjøre dette.
Hvis det er slik
at regjeringen egentlig er veldig positiv til dette, hvorfor vil
ikke regjeringspartiene stemme for et forslag om å legge til rette
for å øke omfanget av desentraliserte arbeidsplasser i staten?
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik [14:14:00 ] : Dersom opposisjonen
på Stortinget ønskjer å slutte seg til det arbeidet som regjeringa
allereie gjer på dette området, er det kjempeflott. Regjeringa har
gjennom felles føringar til alle, til både departement, direktorat
og underliggjande verksemder, gjeve ei føring om at ein i inneverande
år skal vurdere potensialet for auka bruk av desentralisert arbeid.
I tillegg er det viktig korleis ein legg til rette i stort for at
ein kan utnytte potensialet for desentralisert arbeid betre. Då
er det eksempelvis viktig, slik som representanten Holm Lønseth
sjølv var inne på i sitt innlegg, å ha god internettdekning i heile
landet. I så måte er det litt overraskande, må ein kanskje kunne
seie, at Høgre i sitt alternative budsjett føreslo å kutte 150 mill. kr
i breibandsutbygging, samanlikna med forslaget frå regjeringa.
Det er òg viktig,
dersom vi skal leggje til rette for auka bruk av desentralisert
arbeid, at staten i utgangspunktet er lokalisert mange plassar i
landet, og at ein ikkje fører ein sentraliseringspolitikk – slik
som Høgre gjer.
Mari Holm Lønseth (H) [14:15:05 ] : Nå sier statsråden veldig
mye forskjellig som jeg for det første ikke er enig i premisset
for. La oss f.eks. bare ta det med bredbånd: Høyre har alternative
måter å sørge for at man får bygd ut mer bredbånd på. I motsetning
til regjeringen tror vi f.eks. at det ville ha vært bra at private
kunne få opp tempoet på bredbåndsutbyggingen på en bedre måte. Vi
deler også målet om at alle skal få tilgang på høyhastighets bredbånd.
Det er veldig
fint at regjeringen sier at de ulike virksomhetene skal vurdere
dette enkeltvis, men jeg mener det ville ha vært positivt for å
få fart på dette arbeidet at man ikke bare vurderte dette videre,
men faktisk gjennomførte det. Nå har statsråden eventuelt mulighet
til å få flertall for et forslag, sammen med Høyre, om å legge til
rette for å øke andelen desentraliserte arbeidsplasser i staten,
men det velger regjeringspartiene å stemme imot. Hvorfor velger
regjeringspartiene å stemme imot et forslag som ville ha gitt dem
flertall for det de selv ønsker å gjennomføre?
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik [14:16:03 ] : Det er interessant
at representanten Holm Lønseth meiner at det er berre dei private
aktørane ein skal basere utbygginga av breiband i Noreg på. Store
kommersielle aktørar har bidrege til at vi har fått bygd ut svært
mykje høghastigheits breiband i Noreg, men det er store geografiske
forskjellar. Mens ein i tettbygde strok har ei utbygging av høghastigheits
breiband på ca. 97 pst., har ein i spreiddbygde strok berre 70 pst.
Kvifor det? Jo, fordi potensialet for kommersiell utbygging der
ikkje i same grad er til stades. Difor er det viktig at staten bidreg
i større grad.
Når det gjeld
å leggje meir til rette for desentralisert arbeid, er det eit arbeid
som regjeringa gjer kvar einaste dag. Eg oppfattar at frå både fleirtalets
side og mindretalets side er ein oppteken av det, og så har ein
kanskje nokre ulike formuleringar i vedtak i Stortinget.
Alfred Jens Bjørlo (V) [14:17:08 ] : Det er jo ganske fascinerande,
som eg var inne på i mitt innlegg, at når vi no først får eit kunnskapsgrunnlag
på bordet om kva barrierane er for at fleire jobbar i statsforvaltninga
kan flyttast ut, og ein får fleire gode samla kompetansemiljø i
distrikta, seier den kunnskapsinnhentinga som Kommunaldepartementet
sjølv har bestilt og fått, at hovudbarrieren er at dei statlege
etatane er for prega av silotankegang, er for dårleg koordinerte,
og at det ikkje er ein tydeleg samordna strategi i staten for å
ville flytte jobbar ut. Då er statsråden sitt svar på det at ein
har bedt kvar enkelt etat om å vurdere om utflytting kan vere hensiktsmessig
for dei, og det må kvar enkelt av dei bestemme heilt sjølv, fordi
det er dei nærmast til. Synest statsråden det er ein god måte å
møte hovudproblemet på, som er silotankegang og manglande heilskapleg
koordinering i staten for å flytte ut til Distrikts-Noreg?
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik [14:18:09 ] : Den evalueringa set
søkelys på noko som var eit problem då vi overtok i regjering, nemleg
at det ikkje hadde vore eit heilskapleg fokus og trykk på å leggje
til rette for desentralisert arbeid. Det var nokre enkeltståande
eksempel, bl.a. gjennom pilot for Statens hus, som representanten sjølv
har vist til, på at ein hadde sett fokus på desentralisert arbeid.
Men det er først når vi har kome med nye tildelingsbrev, der ein
har lagt ei felles føring til alle, både direktorat og andre underliggjande
etatar, at ein skal gå inn og sjå på potensialet for auka bruk av
desentralisert arbeid. Det er eit målretta arbeid som vi følgjer opp
no, der ein òg skal melde tilbake, evaluere, slik at vi får meir
oversikt og meir trykk på arbeidet enn det som var tilfellet då
vi tok over i regjering.
Alfred Jens Bjørlo (V) [14:19:02 ] : Statsråden har heilt rett
i at det har vore manglande heilskaplege strategiar i staten over
tid, frå tidlegare tider uansett regjering, for å få staten til
å opptre heilskapleg ute i Distrikts-Noreg. Det er heilt korrekt.
Det var nettopp difor den førre regjeringa sette i gang desse pilotprosjekta som
f.eks. Statens hus i Distrikts-Noreg, for å tenkje heilskapleg.
Det er då eg undrar meg over at når kunnskapsinnhentinga frå det
prosjektet kjem, og den seier at hovudproblemet her syner seg å
vere silotankegang, manglande heilskaplege strategiar i staten for
at ein faktisk forventar at det blir lagt til rette for og gjort mogleg
å arbeide ute i Distrikts-Noreg i samla større fagmiljø, så er det
eit tydeleg styringssignal, overordna i staten på tvers av fagetatane,
at ein forventar samarbeid. Då spør eg igjen: Korleis kan det då
vere slik at regjeringa sitt svar er, som det står i statsråden
sitt svarbrev, at kvar einskild statleg verksemd sjølv er nærmast til
å vurdere det?
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik [14:20:10 ] : Her blandar representanten
saman to vidt forskjellige ting. Det eine handlar om korleis vi
skal koordinere mellom ulike statlege verksemder for å leggje til
rette for å styrkje lokale fagmiljø rundt i Noreg. Ein av dei viktigaste
tinga vi kan gjere i så måte, er å sørgje for å ikkje gjere det
som Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet gjorde
då dei sat med makta, nemleg å leggje ned ei rekkje statlege verksemder,
anten det er politikontor eller andre statlege verksemder i distriktsområda.
Det er nettopp det som er grunnlaget for at ein kan samarbeide meir
lokalt og leggje til rette for meir desentralisert arbeid, at ein
varetek og styrkjer dei lokale statlege arbeidsplassane som ein
har i dag.
Presidenten
[14:20:59 ]: Replikkordskiftet er omme.
Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 29.
Votering, se tirsdag 6. juni