Stortinget - Møte tirsdag den 30. mai 2023

Dato: 30.05.2023
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 446 S (2022–2023), jf. Dokument 8:220 S (2022–2023))

Søk

Innhold

Sak nr. 6 [10:52:58]

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad, Grete Wold og Ingrid Fiskaa om marine grunnkart i kystsona (Innst. 446 S (2022–2023), jf. Dokument 8:220 S (2022–2023))

Talere

Presidenten []: Etter ønske fra kommunal- og forvaltningskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Siri Gåsemyr Staalesen (A) [] (ordfører for saken): Jeg vil starte med å takke komiteen for arbeidet. Vi har i dette arbeidet samlet oss om et forslag fra SV. Alle partiene på Stortinget har samlet seg om forslaget som handler om å sette fart på arbeidet med marine grunnkart. Det er et vellykket pilotprosjekt med marine grunnkart i kystsonen som har vært gjennomført, og som har vist at det er mulig å få på plass et bedre kunnskapsgrunnlag enn før – nye kartgrunnlag, som gir raskere og bedre avklaringsprosesser i forvaltningen av kystsonen. Når vi får vite mer om terreng, miljø under havoverflaten og oseanografi, blir kommunene bedre planleggere, og samfunnet vil spare store ressurser.

Marine grunnkart er et godt verktøy for å bedre miljøovervåkningen. Erfaringene så langt er spennende resultater, med mye mer nøyaktige data, og ulike etater som sammen finner fram til nye løsninger og tester ut teknologi og nye metoder.

En viktig tanke bak pilotprosjektet for marine grunnkart som allerede er gjennomført, er at dataene skal gi kommunene og lokalsamfunn ressurser og kunnskap om egne forutsetninger i møte med næringsinteresser og statlige etater, slik at felles kunnskapsgrunnlag vil gi færre konflikter. Det kommer til å skje mye langs norskekysten i årene som kommer knyttet til vindmøller og oppdrett, og de marine grunnkartene kan bidra til en kunnskapsbasert utvikling av disse næringene.

Det er gevinster å hente ved å kartlegge kysten med marine grunnkart, så nå må vi holde tempoet oppe i arbeidet med teknologien og effektene av disse pilotene.

Anne Kristine Linnestad (H) []: Regjeringen Solberg satte i gang et pilotprosjekt for kartleggingen av marine grunnkart for kystområdene i Stavanger, Ålesund/Giske og Skjervøy/Kvænangen i 2019. Det ble gjennomført i perioden 2020–2022. Pilotprosjektet ble finansiert på tvers av flere departementer, kommuner og fylkeskommuner.

Det er av stor betydning for de kystnære havområdene og for havneinfrastrukturen at det utarbeides gode marine grunnkart. Marine grunnkart vil kunne være avgjørende for fiskeriene langs hele norskekysten og i alle kystområder, for framtidig miljøovervåking og ikke minst for effektivt og bærekraftig fiskeri.

Høyre mener at arbeidet med å kartlegge kystområdene bør gjøres gjennom en prioritert liste over hva som skal kartlegges, når, i tett samarbeid med de berørte kommuner, fylkeskommuner, fagmiljøer og departementer, og vi er veldig glad for at resten av komiteen er enig med oss i det.

Det er også bra at en enstemmig komité ber regjeringen sette fart på arbeidet med å utarbeide de gode marine grunnkartene som trengs langs hele vår lange kystlinje, samtidig som vi mener det er viktig at arbeidet baserer seg på erfaringene fra pilotprosjektene som ble gjennomført i fjor.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Kystlinja kommunane forvaltar, er 83 000 km lang, og det er 100 000 km² sjøområde innanfor grunnlinja – fem gonger så stort areal som det samla arealet av ferskvatn i Noreg. Dette er blant dei mest produktive sjøområda i verda.

Det meste av arealet i sjøen er fleirbruksområde. Med stor vekst i nye havnæringar og styrkte ambisjonar om å ta vare på biologisk mangfald er det stort behov for å få betre og meir detaljerte og brukarvenlege kart. Det er bruk for slike kart anten ein skal leggje ein kabel og treng å vite om rasfare eller grunnforhold, eller ein skal vurdere ein søknad om å plassere eit oppdrettsanlegg.

Kystøkologien er lite kartlagd og forstått. Vi har ikkje nøyaktige data for meir enn 5 pst. av livet under vatn, vi kjenner berre 10 pst. av geologien og har djupnedata for 37 pst. Når vi veit kor viktig livet i havet er for både klima, biologisk mangfald og verdiskaping, hastar det med å skaffe fram eit betre og mykje meir brukarvenleg kart, slik at ein kan forvalte kystområda betre.

I perioden 2019 til 2022 blei pilotprosjektet «Marine grunnkart i kystsonen» gjennomført i tre pilotområde. Prosjektet var eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt gjennomført av Kartverket, Norges geologiske undersøkelse og Havforskingsinstituttet. Fleire departement og fagmiljø samt aktuelle kommunar og fylkeskommunar var med på å finansiere pilotprosjektet. Ein samla inn strukturerte data frå mange instansar og føretok intervju med dei målgruppene som har bruk for karta, slik at ein fekk eit godt brukargrensesnitt. Piloten synte korleis ein kan lage ein heildekkjande digital terrengmodell for land og sjø, og korleis ein kan formidle informasjonen brukarane treng, på ein forståeleg og enkel måte. Dette er kart som er lette å bruke til planlegging, forvalting og fiskeri.

Eg meiner det er svært viktig å fortsetje dette arbeidet no, og difor har eg føreslått denne saka for Stortinget. Eg er veldig glad for at komiteen og statsråd Gjelsvik i sine svar er veldig positive til å få fart på arbeidet med marine grunnkart. Eg trur dette er ei veldig god sak for Noreg, og eg ser fram til at ein får gjort dette viktige arbeidet for kysten og kystmiljøet.

Med det tek eg opp forslaget SV er ein del av.

Presidenten []: Da har representanten Birgit Oline Kjerstad tatt opp det forslaget hun refererte til.

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Noreg er ein kystnasjon. Vi har verdas nest lengste kystlinje etter Canada. Vi har alltid levd av dei verdiane som finst under havoverflata, og det er svært viktig at vi har framdrift på arbeidet med kartlegging av kyst- og havområda og nyttiggjering av den kunnskapen som kjem fram gjennom det arbeidet.

Kommunane er lokal planmyndigheit og rår over sine sjøområde ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja, men kjennskapen om desse områda er mykje lågare enn den vi har for landområda, samstundes som interessekonfliktane kring desse areala er aukande.

For at kommunane skal fatte gode avgjerder for ei berekraftig utvikling langs kysten, må dei ha eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag. Dei blå næringane er i vekst, og det er avgjerande for lokalsamfunn i ei rekkje distriktskommunar langs kysten at arealplanane gjev sunne hav og god næringsutvikling.

Tanken bak marine grunnkart er at data skal samanstillast til kartprodukt som lett kan nyttiggjerast av kommunane i planlegginga deira. Slik får kommunane og lokalsamfunna resursar og kunnskap om eigne føresetnader i møte med næringsinteresser og statlege etatar. Eit felles kunnskapsgrunnlag vil gje færre konfliktar.

Som eg har informert komiteen om, er dette ei sak som regjeringa følgjer nøye og følgjer opp tett og aktivt. Eg minner om at pilotprosjektet i Skjervøy og Kvænangen vart gjennomført i fjor, og at arbeidet går på tvers av ulike sektorar, lovverk og teknologiar.

Marine grunnkart for heile kysten vil vere ei betydeleg investering over mange år. Delar av teknologien som er nytta i piloten, har ikkje vore brukt i stor skala under norske vêrforhold. Regjeringa er oppteken av at statlege investeringar skal kome fellesskapet til gode, og vil halde tempoet oppe i gjennomgangen av teknologibruken og effektane. Samarbeid mellom tre ulike etatar frå pilotprosjektet er eit døme til etterfølging, men vi vil òg sjå på korleis vi kan redusere kostnadene.

Det er avgjerande at vi finn dei løysingane som sikrar at kommunane kan ta i bruk dette verktøyet på ein enkel og god måte. Det er òg sentralt at vi varetek omsynet til nasjonal sikkerheit når ein kartlegg og deler informasjon om kyst- og havområda våre. Difor er det viktig å bruke nødvendig tid for å ta gode avgjerder.

Presidenten []: Det blir replikkordskifte.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Eg er veldig glad for at statsråd Gjelsvik uttrykkjer seg så positivt til arbeidet med marine grunnkart, både i stortingssalen i dag, i svarbrev til komiteen og i interpellasjonen om digitalisering for ei viss tid sidan. Det går føre seg rettssaker i dag som er oppståtte fordi det er gjeve løyve til næringsaktivitet i nærleiken av der ein etterpå har funne at det har vore store korallrev, som m.a. er viktige for oppvekstmiljøet for fisk. Kor viktig tenkjer statsråden at marine grunnkart kan vere for å forbetre forvaltningsprosessane, og vil det vere mogleg å endre vedtekne kystsoneplanar med grunnlag i at ein får ny kunnskap om kva som er under havoverflata, når ein får på plass marine grunnkart?

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Eg takkar representanten for spørsmålet og for eit stort og viktig engasjement for dette temaet. Eg meiner det er eit veldig sentralt tema for framtida, både fordi det ligg utruleg store utviklingsmoglegheiter langsmed kysten, og som eg sa i mitt innlegg, fordi det er utruleg viktig å ha best mogleg kunnskap for å avvege ulike interesser og ta omsyn til miljø og natur, som f.eks. korallrev, som vart nemnt i spørsmålet. Det er klart at etter kvart som ein haustar ny kunnskap, vil det vere av betydning for korleis ein skal handtere saker framover, og korleis eksisterande planar kan verte endra på. Eg trur likevel ikkje eg skal gå konkret inn på korleis det i så fall skal gjerast, for det er nok eit arbeid som må gjennomførast i dialog mellom ulike departement, men at ny kunnskap bl.a. basert på marine grunnkart vil vere viktig, er sjølvsagt heilt sentralt.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Eg takkar for svaret. Eg er veldig oppteken av at ein verkeleg får fart på dette. Kan statsråden seie litt om korleis ein tenkjer seg å setje fart på det, og kva slags rolle staten skal ta? Når det gjeld kartlegging på land, tek Kartverket og staten ei stor rolle med å få detaljane på plass. Kan statsråden seie litt om tidsperspektivet, korleis statsråden tenkjer dette skal skje framover, og kva for rolle staten vil ta?

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Eg takkar for spørsmålet. Som representanten heilt rett viser til, gjer Kartverket eit stort og viktig arbeid på land. Representanten viste i sitt innlegg bl.a. til den digitale høgdemodellen, som når ein kan ta det i bruk i full skala, vil revolusjonere moglegheita for god planlegging i kommunane. Det er det same vi må sørgje for i kyst- og havområda. Difor meiner eg det arbeidet ein no har gjort gjennom piloten, har vore eit godt samarbeid mellom Kartverket, Norges geologiske undersøkelse og Havforskningsinstituttet, og at vi må gå gjennom erfaringane med det arbeidet på ein god måte og sjå på korleis ein skal organisere eit større arbeid framover. Då er sjølvsagt også finansiering ein viktig del av det vi ser på.

Presidenten []: Replikkordskiftet er omme.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 6.

Votering, se voteringskapittel