Interpellasjon fra representanten Alfred Jens Bjørlo til næringsministeren: «Prisane på daglegvarer har auka kraftig det siste året, og det er venta ein ytterlegare prisauke i tida framover. Stortinget vedtok våren 2022 ei lang rad tiltak for å få ned matprisane og styrke konkurransen i daglegvaremarknaden. Per januar 2023 er ingen av tiltaka gjennomførte. Kva er statsråden sin tidsplan for å følgje opp Stortinget sine vedtak for å få ned prisane på daglegvarer, og kva nye initiativ og politiske grep meiner statsråden må til for å få ein betre fungerande daglegvaremarknad i Noreg?»