Stortinget - Møte torsdag den 19. januar 2023

Dato: 19.01.2023
President: Svein Harberg
Dokumenter: (Innst. 152 S (2022–2023), jf. Dokument 8:27 S (2022–2023))

Søk

Innhold

Sak nr. 2 [10:36:24]

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Frank Edvard Sve, Morten Stordalen og Sivert Bjørnstad om prioritering av skredsikringstiltak på E6 langs Langnesberga (Innst. 152 S (2022–2023), jf. Dokument 8:27 S (2022–2023))

Talere

Presidenten []: Etter ynske frå transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordna debatten slik: 3 minutt til kvar partigruppe og 3 minutt til medlemer av regjeringa.

Vidare vil det – innanfor den fordelte taletida – verta gjeve høve til inntil fem replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av regjeringa, og dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får òg ei taletid på inntil 3 minutt.

André N. Skjelstad (V) [] (ordfører for saken): Dette er et representantforslag fra Sve, Stordalen og Bjørnstad om prioritering av skredsikring på E6 langs Langnesberga. Det er for øvrig et veldig godt forslag. Komiteen påpeker at det finnes mange rasutsatte veier i Norge, og en av disse er E6 Langnesberga ved Snåsavatnet i Trøndelag. Strekningen er en del av Norges hovedvei mellom nord og sør, og veien har vært stengt flere ganger – fem ganger – det siste året på grunn av ras.

Komiteen merker seg at Statens vegvesen har ført opp strekningen på sin liste over de mest rasutsatte strekningene, og det er nå innført ekstra årvåkenhetstiltak langs veien som følge av ras.

Komiteen merker seg videre at det bør bygges helt ny vei forbi den rasutsatte strekningen mellom Snåsakroa og et nytt kryss ved fv. 763 mot Snåsa. Veien som må bygges, er på om lag 3,4 km og inkluderer bl.a. en tunnel på 1,2 km.

Komiteen viser til statsrådens svarbrev, som viser at det ikke foreligger godkjent anslag eller godkjent styrings- og kostnadsramme for prosjektet, og at foreliggende anslag har gått ut på dato. Komiteen viser også til at styrings- og kostnadsrammer godkjennes internt av Statens vegvesen når kostnaden er på under 1 mrd. kr, og at statsråden i sitt svarbrev viser til at det er lite sannsynlig at oppdaterte anslag vil overstige det.

Det har vært tre høringsinnspill til saken, fra Trøndelag fylkeskommune og Namdal og Innherred regionråd. Der trekker man fram at strekningen er klassifisert som «høy risiko» med tanke på ras og utglidning av ustabile masser som veien er bygget på.

Vi fremmer i lag med Høyre og Fremskrittspartiet et forslag der vi viser til at dette er hovedpulsåren på Norges veinett og en viktig strekning, som man også er nødt til å prioritere med permanente rassikringsmidler – på E6 langs Langnesberga ved Snåsakroa.

I tillegg fremmer jeg på vegne av Venstre et løst forslag i dag, og det må jeg ta en liten korreksjon på, for det har sneket seg inn en liten feil. Det er ikke er fv. 760, men derimot fv. 763 som skal ligge i det løse forslaget. Fylkesvei 760 er en helt annen plass i samme gamle fylke. Hovedpoenget med forslaget er at det er to akser som det går an å bruke til omkjøring. Den ene går via Namsos, den andre går via Snåsa. Veien via Namsos er dog tre mil lenger. Veien er i bedre forfatning til Namsos, men dårlig fra Namsos til Grong, til E6. Den andre blir brukt mest til tungtransport. Derfor fremmer vi forslag om at en punktvis utbedring av fv. 763 må dekkes innenfor Vegvesenets eksisterende ramme.

Presidenten []: Då har representanten André N. Skjelstad teke opp dei forslaga han viste til.

Kirsti Leirtrø (A) []: Nå behandler vi et representantforslag fra Fremskrittspartiet om skredsikringstiltak på E6 langs Langnesberga. Ras gjør hverdagen til dem som ferdes der, utrygg, og det har i tillegg gitt stengt vei, med påfølgende store omkjøringsutfordringer. Dette er attpåtil hovedfartsåren gjennom landet vårt, E6, hvor en har en stor andel tungtransport. På tross av gjentatte utbedringer har det gått flere ras der det siste året.

Situasjonen ved Snåsavatnet tar vi på største alvor, og Statens vegvesen er allerede i gang med varige, gode og nødvendige sikringstiltak. Strekningen er oppjustert fra skredfaktor middels til høy. Det er nå utarbeidet et anbudsgrunnlag, og det skal holdes en digital tilbudskonferanse 23. januar, med tilbudsfrist 15. februar. Dette arbeidet skal være ferdig allerede i oktober i år.

Utfordringen er ikke bare at det raser fra fjellet, men at grunnen i veibanen raser ut i Snåsavatnet. Ifølge Statens vegvesen er det helt nødvendig nå – etter nye krav – med ytterligere grunnundersøkelser før en kan igangsette arbeidet med prosjektet, som var ferdig regulert i 2016. Prosjektet burde altså hatt sin oppstart allerede da. Nå må vi sikre eksisterende trasé. Før jul var jeg med statsråden på befaring på strekningen. Vi fikk en god presentasjon av planleggingen, der arbeidet som en nå gjør, er en del av det arbeidet som en allikevel må gjøre når en skal bygge endelig trasé. Før jul ble det gjennomført et kvalitetssikret kostnadsanslag, og kostnadene er beregnet til 610,5 mill. kr for en permanent løsning med tunnel.

Vi i Arbeiderpartiet og Senterpartiet ønsker å prioritere rassikring høyere enn det er gjort til nå, og å ta bedre vare på det vi har. Det er ingen mening i at landet vårt blir delt i to, enten det er en stengt bru eller et ras, slik som vi har opplevd de siste årene.

Vi anser at forslaget fra mindretallet allerede er ivaretatt med det arbeidet som er igangsatt.

Liv Kari Eskeland (H) []: Sikring av rasutsette vegstrekningar er høgt på agendaen i dei politiske diskusjonane, men er nok ikkje like høgt i dei politiske prioriteringane til dagens regjering. Det viste budsjettet som vart vedteke før jul. E6 er ein av hovudvegane gjennom landet vårt og arbeidsplassen til fleire tusen yrkessjåførar og andre trafikantar som ferdast langs vegen. Statens vegvesen tek saka med rassikring av Langnesberga på alvor, og det skal no fyrst setjast i gang sikring av det aktuelle området før ein etterpå startar det som skal verta den permanente løysinga, nemleg tunnel bak Langnesberga.

Fordi Høgre meiner det er rett å senda eit politisk signal til Statens vegvesen, som jo har mange prosjekt i si portefølje, står me i dag inne i ei oppmoding der me ber regjeringa følgja opp Statens vegvesen i dette viktige prosjektet. Det synest altså ikkje regjeringspartia er viktig. I staden peikar Arbeidarpartiet på ny NTP-prosess, og dei har i merknader kritisert Høgre for å ta ut prosjektet i gjeldande NTP. Dette er direkte feil, og det vert òg stadfesta av statsråden i svar til underteikna 15. september 2022.

Regjeringspartia kan difor ikkje skulda på Høgre for å ta ut prosjektet i gjeldande NTP, og står dermed utan argument for kvifor dei vel å stå utanfor framlegg til vedtak. Statens vegvesen har innanfor sine rammer høve til å prioritera prosjekt i si portefølje, og det betyr òg at det ikkje er naudsynt med ekstra midlar for å få gjennomført prosjektet, sjølv om me sjølvsagt er innforstått med at meir pengar gjev fleire tiltak.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at den tåkelegginga regjeringspartia driv med, både frå lokale representantar og frå stortingsbenken, skapar forvirring og frustrasjon hjå dei som kvar dag må forhalda seg til rasutsette vegar, der dei føler at ein politisk driv litt med peikeleiken. Det hadde vore meir reieleg om regjeringspartia i denne saka hadde sagt at ein ikkje ønskjer å gå inn og gjera denne typen prioriteringar, i staden for å skulda på førre regjering.

Høgre la i si tid til rette for at tunnelen bak Langnesberga skulle koma i gang så fort som praktisk mogleg. No er det faktisk Arbeidarpartiet og Senterpartiet som har bedt om og fått stafettpinnen for å ta saka vidare, og me forventar at dei gjer det og ikkje kastar frå seg stafettpinnen, slik dei har gjort i denne saka.

Erling Sande (Sp) [] (leiar i komiteen): Som vegfarande kan vi gjere fleire tiltak for å dempe ulukkesrisikoen når vi er ute og ferdast. Vi kan tilpasse farten etter forholda, vi kan vere vakne og konsentrerte, vi kan bruke bilbelte, men når det gjeld ras og skred, er det langt mindre vi sjølve har kontroll over. Difor skapar ras og skred langs vegane mykje større utryggleik enn andre ulukkesfaktorar når vi er ute og ferdast. For Senterpartiet er rassikring eit prioritert område, og vi har stor forståing for kravet om tryggare veg på denne og på dei mange andre rasutsette strekningane rundt om i landet vårt.

Statens vegvesen er no i gang med å førebu strakstiltak og utbetringar på den eksisterande strekninga. Desse tiltaka er nødvendige, sjølv om ein seinare sikrar denne vegen permanent ved hjelp av ein lengre tunnel. Ein har vidare styrkt overvakingstiltaka på vegstrekninga. Målet må likevel vere den tunnelløysinga som Statens vegvesen har peika på, som kan sikre trygg framkomst for dei mange som nyttar denne hovudvegen mellom nord og sør.

Når vi ikkje stemmer for det konkrete forslaget her i dag, handlar ikkje det om at vi ikkje deler ønsket om meir rassikre vegar. Tvert om ønskjer vi ei sterkare satsing på dette området enn det høgreregjeringa gjennom åtte år valde å prioritere. Mellom anna valde ein å ta vekk den posten for rassikring på riksveg som sikra at ei viss pengemengde blei brukt til dette viktige området. Argumentasjonen var då at Vegvesenet skulle stå friare i sin bruk av midlar.

Å handsame enkeltprosjekt i stortingssalen på den måten som her blir lagt opp til, meiner vi ikkje er riktig. Det er merkeleg at både Høgre og Venstre, som har argumentert sterkt imot den type behandling av enkeltprosjekt nettopp med å vise til den porteføljestyringa som Vegvesenet har, vel å gå vekk frå dette prinsippet og vel ut éi av ei rekkje rasfarlege strekningar for eit konkret forslag i denne salen – med mindre forslaget er å oppfatte slik representanten Leirtrø viste til, ein prosess som allereie er i gang for å sikre denne viktige strekninga i regi av Statens vegvesen. I så fall er det ei anna sak.

Det finst ei rekkje strekningar med høg skredfaktor i dette landet, nokon til og med med høgare skredfaktor. Det hadde vore interessant å vete kva partia som legg fram dette forslaget, vil prioritere om pengane. Skal det gje meining når ein prioriterer noko opp, tek ein jo dei midlane frå eit anna punkt langs vegnettet vårt. Det synest eg hadde vore bra om debatten fekk fram. Det hadde også vore interessant å vete kvifor ein no vel å argumentere for å gå vekk frå porteføljestyringa og gå tilbake til ein praksis der ein debatterer enkeltprosjekt i denne salen.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Det er rimeleg greinalaust kor lite handlekraft det kan sjå ut til å vere i denne salen i viktige saker som gjeld trafikktrygging og sikkerheita for innbyggjarane som ferdast på norske vegar. Eg har i tiår vore med på å byggje nokre av dei største rassikringsprosjekta i eit av dei verste rasfylka i Noreg. Eg veit kva eg snakkar om når det gjeld ras og trygging av veg. Eg veit kor viktig det er for innbyggjarane som ferdast på desse vegane kvar dag, som nesten vert tekne av ras, og for næringslivet.

Om vi ser på E6 langs Langnesberga ved Snåsavatnet, har det altså vore stengt fem gonger der det siste året. Kven i denne salen vil ta ansvaret om ein skulebuss, eit vogntog eller innbyggjarar vert tekne av ras? Det vert interessant å spørje statsråden om det seinare, om det er nokon som vil ta det ansvaret. Det er realiteten i saka, der eit fleirtal her ikkje vil vere med på eit framlegg som seier at Stortinget ber regjeringa sørgje for at Statens vegvesen prioriterer permanente skredsikringstiltak ved E6 Langnesberga, Snåsakroa. Ein vil altså ikkje be Statens vegvesen om å prioritere det.

Vi veit at ein må ha nye grunnundersøkingar, men det skal ikkje mange grunnundersøkingar til midt inne i ein tunnel, for der er det to påhogg. Eg veit korleis dette fungerer; dette er ikkje rakettforsking. Det er to påhogg på ein tunnel. Så skal det byggjast inne i tunnelen, men ein skal ikkje ha grunnundersøkingar midt i. Ein kan kome fort i gang med å byggje tunnelen.

Denne salen og den tidlegare regjeringa har faktisk vist handlekraft når det gjeld rassikring. På rv. 70 Oppdølstranda, i mitt eige fylke, var det mykje ras, og det vart teke opp i mange samanhengar, på lik linje med E6 ved Snåsavatnet. Kva skjedde? Jo, regjeringa og Stortinget heiv seg rundt og fekk eit strakstiltak, og fekk rassikra området i ein fei. Det sikra liv. Vi flytta fanggjerde frå andre plassar i Møre og Romsdal og hengde dei opp, og veka etter hang det eit digert ras i fanggjerdet, og det var mange bilar nedom.

Vi veit kva rassikring inneber for å sikre liv. Kvifor ein då utset eit sånt prosjekt og ikkje vil gje full gass, er heilt ubegripeleg i ein situasjon der det er snakk om å sikre menneskeliv på norske vegar. 118 personar mista livet førre året. Samferdselsministeren er ute og seier at det er fullstendig uakseptabelt, og det er eg heilt einig i, det må gjerast noko med det. Samtidig er ein her villig til å ta risken på at nokon vert tekne i eit ras. At Sosialistisk Venstreparti trekkjer seg frå denne saka og sikrar eit fleirtal her, synest eg er spesielt, og at resten av fleirtalet, med Senterpartiet, Arbeidarpartiet og andre, ikkje er med og støttar framlegget, er endå meir spesielt.

Mona Fagerås (SV) []: Det er i dag mange, mange som bor langs rasfarlige plasser i Norge, som lever i utrygghet, og som må frakte ungene sine til barnehage og skole og pendle langs rasfarlige områder. Rassikring kan redde liv, skape trygghet for folk og spare samfunnet, folk og næringsliv for kostnader og stengte veier.

SV mener, som sist vi diskuterte ras- og skredsikring, at regjeringen må ha en plan for å skred- og rassikre alle – alle – de farlige veiene våre. Vi vet at klimakrisen bidrar til å øke rasfaren ytterligere.

I mange år har norske politikere sagt at vi ikke har råd til å rassikre de farlige veiene våre, mens vi kaster mange hundre milliarder etter miljøfiendtlige motorveier. Vi i SV vil snu denne utviklingen.

Det er et helt vanvittig etterslep, og det haster med å få på plass en forpliktende plan for hvordan vi skal skredsikre de farligste veiene i dette landet. Vi må begynne jobben for trygge distriktsveier nå. Jenny Følling i Nasjonal rassikringsgruppe er den som sier det tydeligst: Behovet er enormt.

Det viktigste for oss i SV er trygge veier over hele landet. Jeg har sagt det før, men sier det gjerne igjen: Det er bedre å bygge langt og trygt enn bredt og dyrt. Det koster omtrent 70 mrd. kr å rassikre de farligste veiene i Norge. Det er mye penger, men langt fra så mye som vi bruker på de miljøfiendtlige motorveiene våre.

Finansieringstakten for ras- og skredsikring er i dag for lav, og den holder på ingen måte tritt med de utfordringene vi får ved klimaendringer og ekstremvær. Dersom man ikke starter en betydelig opptrapping av midlene snarest, vil næringsliv, eksport og befolkning rammes hardt, og man vil tvinges til å leve med utrygghet ute i Distrikts-Norge.

Selv bor jeg bare noen kilometer fra den veien som står på tiende plass over de veiene geologene i Statens vegvesen kategoriserer som Norges mest rasutsatte. Her nekter bussen å kjøre, taxiselskapene sier at de ikke kan kjøre til denne bygda, og renovasjonen kommer ikke, for det er for farlig, sier de. Det er nesten blitt umulig å bo på Myrland nå. Så det er mange viktige strekninger som må prioriteres.

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Vi bor i et langstrakt land med mange skredutsatte veistrekninger. Vi vil selvfølgelig likevel at folk skal føle seg sikre og trygge når de ferdes langs norske veier. Derfor har denne regjeringen bl.a. tatt initiativ til at det skal lages en nasjonal gjennomføringsplan for å håndtere de mest rasutsatte strekningene på både riksveier og fylkesveier.

E6 er, som flere har vært inne på, en av hovedveiene i Norge. Det er en hovedvei i veinettet, og den er viktig både for innbyggere og for næringsliv. E6 ved Langnesberga er en av disse skredutsatte strekningene. Vi vet at ny vei med tunnel er det eneste som kan eliminere skredfaren fullstendig på strekningen. Etter den siste tids hendelser har Statens vegvesen oppjustert farenivået fra middels til høy skredfare på strekningen. Det er alvorlig. Det betyr også at strekningen havner høyere opp på Statens vegvesens prioriteringsliste.

I 2016 ble det regulert for en ny vei forbi den rasutsatte strekningen mellom Snåsakroa i sør og fram til og med nytt kryss ved fv. 763 mot Snåsa. Den totale lengden er 3,4 km. I dette inngår en tunnel som er 1,2 km lang. Som flere allerede har vært inne på: Før oppstart er det nødvendig med ytterligere grunnundersøkelser. De kravene til grunnundersøkelser som var i 2016, er ikke på tilstrekkelig nivå i forhold til det som er kravene i dag. Kostnadene er derfor usikre. Vegvesenet mener likevel at det mest sannsynlig vil koste under 1 mrd. kr. Det betyr at saksgangen med kvalitetssikring er enklere sammenlignet med krav til prosjekter over 1 mrd. kr. Statens vegvesen har gjennomført et kvalitetssikret anslag i november i fjor, og det kostnadsanslaget er 610,5 mill. kr for en permanent løsning med tunnel.

For å kunne bygge tunnelen er det uansett nødvendig med strakstiltak langs eksisterende E6 i forkant. I tillegg til strakstiltak er det behov for å utbedre flere mindre utglidninger og erosjonsskader på veifyllingene på E6 langs Snåsavatnet. Det arbeides nå med å lage et konkurransegrunnlag for disse tiltakene, og Statens vegvesen prioriterer gjennomføringen høyt i 2023. Disse kostnadene er anslått et sted mellom 40 mill. kr og 70 mill. kr. Med regjeringens budsjettopplegg for 2023 vil Vegvesenet kunne sette i gang disse tiltakene allerede nå i 2023. Det er viktig at vi ikke framstiller det som at ingenting skjer på denne strekningen. Her er det allerede tatt grep, og det vil selvfølgelig komme ytterligere grep.

Presidenten []: Det vert replikkordskifte.

Liv Kari Eskeland (H) []: Denne saka er ikkje på nokon måte ny, og underteikna hadde i haust spørsmål til statsråden om den vidare prosessen og korleis statsråden ville følgja opp saka i framhaldet. Eg var godt fornøgd med dette svaret òg, det var både informativt og konkret, og statsråden gjorde òg greie for vidare prosess i innlegget sitt her.

Det er ting som skal skje på veldig kort sikt, bl.a. skal det setjast opp informasjonstavler, skriv statsråden, i begge endane av strekninga, og Statens vegvesen skal samarbeida tett med geologar og ha 24/7-vakt. Spørsmålet mitt vert difor: Er statsråden kjend med at slike skilt enno ikkje er komne opp, og veit statsråden korleis 24/7-overvakinga føregår?

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Nei, det er nok et for detaljert nivå til at jeg kan svare ut det. Det er i hvert fall nytt for meg, den informasjonen jeg får nå, at skiltene ikke har kommet opp. Det kan være ulike årsaker til det, og jeg antar at Statens vegvesen jobber med saken.

Liv Kari Eskeland (H) []: Då vil det vera eit naturleg oppfølgingsspørsmål om statsråden vil ta initiativ overfor Statens vegvesen for å følgja opp dette?

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Vi må jo forutsette at Statens vegvesen i utgangspunktet gjør jobben sin, men vi kan gjerne spørre.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Spørsmålet mitt til statsråden er følgjande: Når eit fleirtal i denne salen ikkje ser ut til å ville gje ei bestilling til Statens vegvesen om å prioritere rassikring av E6 langs Langnesberga, kva signal og kva slags beskjed er det då ein eigentleg har tenkt å gje til Statens vegvesen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV? Når ein ikkje vil be dei om å prioritere rassikring her, kva for signal har ein tenkt å gje då?

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Jeg har nettopp stått på Stortingets talerstol og sagt at vi har satt av beløp i statsbudsjettet for å kunne sette inn tiltak på strekningen. Man må ikke framstille det som om det ikke skjer noe på denne strekningen, og det er selvfølgelig viktig at disse tiltakene kommer på plass. Så vil det ta noe lengre tid med den store prosessen, for dette prosjektet har ikke kommet langt nok til at vi er klare for oppstart på noe som helst vis.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Rassikring dreier seg om å gjere alt ein kan for å hindre at nokon vert tekne av ras, og då gjeld alle tiltak. Det er bra at det vert sett i gang tiltak for det ein kan gjere på veldig kort tid, men ikkje å gje ei bestilling til Statens vegvesen om å prioritere ei permanent rassikring, som er ein tunnel, er ganske spesielt. Kven vil eigentleg ta ansvaret, i framtida, for at ein ikkje får ei fullverdig rassikring? Eit fleirtal her i denne salen seier at ein faktisk ikkje skal gje denne bestillinga om å prioritere ei fullverdig rassikring forbi Langnesberga på E6. Det er eitt av dei områda som er mest rasutsett i Noreg. Det har vore stengt fem gonger, det er svært sannsynleg at det vil kome nye problem som gjer at ein må stengje, og det er veldig farleg for trafikantane. Kven tek ansvaret i tida som kjem?

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Det er to viktige elementer i det som Frank Sve nå tar opp. Det ene er at det blir gjennomført tiltak, det har jeg sagt tre ganger nå. Det blir gjennomført tiltak som skal håndtere situasjonen der. Det er satt av penger i budsjettet til å gjøre det.

Det andre er det jeg sa i mitt innlegg om at denne strekningen nå har kommet i en høyere alvorlighetsgrad. Det betyr at den blir prioritert høyere i Statens vegvesens oppdrag.

André N. Skjelstad (V) []: Det var for så vidt en grei redegjørelse, der statsråden var tydelig på at han vil iverksette akuttiltak og ikke sette inn noen permanente tiltak. Dette gjør også at en i denne fasen vil få en del følgeutfordringer på de to avlastningsveiene ettersom det vil være stengt i store deler av døgnet. Det er derfor jeg har fremmet forslag i dag om fv. 763, som er tre mil kortere enn å kjøre via Namsos.

Vil statsråden vurdere å henstille til Statens vegvesen om at det må bli en punktvis utbedring av fv. 763? Der vil det meste av tungtransporten som faktisk er ment å kjøre på E6, gå. Det er ikke så mange år siden det var ganske store problemer på fv. 763 til Snåsa.

Statsråd Jon-Ivar Nygård []: Jeg tenker at det riktige svaret å gi her er at det er Statens vegvesen som er faginstansen, det er de som håndterer veiprosjektene. At undertegnede skal gå inn og gi detaljerte formaninger om hvordan man skal løse prosessen med å bygge dette, synes jeg er å strekke rollen som statsråd for langt.

Jeg forutsetter at hvis dette er kjente problemstillinger, og det er det ingen grunn til å betvile, vil også Statens vegvesen se på ulike løsninger for å få gjort dette på en skånsom måte. Det er nå sånn at når vi bygger vei og endrer på veiprosjekter, vil det alltid være en ulempe for publikum. Det er vi kjent med, alle sammen.

Presidenten []: Replikkordskiftet er avslutta.

Dei talarane som heretter får ordet, har òg ei taletid på 3 minutt.

Kirsti Leirtrø (A) []: Undertegnede har svigerfar fra Snåsa, så området er rimelig kjent, men en skulle tro at enkelte representanter her ikke er kjent med at de selv har sittet i regjering i åtte år. Representanten Eskeland sier at regjeringspartiene tåkelegger saken, og representanten Sve sier at det er manglende vilje. Det er det slett ikke. Statsråden har vært tydelig flere ganger her i dag på hva som faktisk skal skje.

Det som har skjedd, er at reguleringsplanen var ferdig i 2016. Prosjektet lå i Nasjonal transportplan i 2017. Det vil si at Høyre og Fremskrittspartiet, som regjeringspartier, har hatt muligheten både i 2016, 2017, 2018, 2019, 2020 og 2021 til å gjøre noe med det. Da hadde det vært etter andre regler enn i dag. Nå er vi i gang med å sikre veien så de reisende der får en tryggere hverdag, i tillegg til å gjøre det nødvendige arbeidet for å sette i gang med neste prosjekt. Sånn er virkeligheten.

Frank Edvard Sve (FrP) []: Før eg gløymer det: Vi i Framstegspartiet skal støtte det lause forslaget frå Venstre, så er det klart.

Ein kan gjerne bruke tida på å sjå bakover, men det er ein realitet at dette prosjektet har auka i faregrad, frå middels risiko til høg risiko. Vegen har vorte stengd fem gonger berre det siste året. Med rassikring dreier det seg om å handle når det er utvikling i prosjekta, og då må ein faktisk handle når ting skjer. Eg veit litt om skredsikring, ikkje berre på veg. Vi har hatt store fjellskred i tiår utan at det har vorte gjort så veldig mykje med det. Så var det bevegelse, meir enn normalt, og det vart handling. Det er brukt mange hundre millionar kroner på å sikre f.eks. Åkerneset og ein del andre område fordi ein handlar når det er noko som skjer, når endringar skjer. Her er det endringar som skjer, ved at ein har endra faregraden frå middels til høg, og vegen har vorte stengd veldig mange gonger. Då må ein handtere det der og då.

Eg høyrer at det vert sett i verk tiltak, som statsråden seier. Det er greitt at ein gjer det, og det er veldig bra at ein gjer det ein kan gjere. Men ein set ikkje i gang og lyser ut anbod på tunnelen med påhogget – det er jo ikkje nokon store ting som skal skje rundt det. Eg veit kor lang tid det tek å få på plass både rigg, drift og heile opplegget for å få slike prosjekt gjennomførte. Det tek si tid å byggje dette. Ein må kome i gang med det arbeidet så fort som mogleg. Det er kjempeviktig.

Eg synest det er spesielt at når det ser ut til at det er einigheit om at dette er viktig, og alle seier, både frå posisjonen og opposisjonen, at det er viktig med skredsikring, og det er viktig å få gjort ting, kvifor ikkje då berre stemme for det framlegget som er fremja, der ein seier til Statens vegvesen at dei skal prioritere den skredsikringa? Nei, det skal vi stemme ned. Det er viktig å få stemt det ned fordi det er fremja av eit av opposisjonspartia – eller kva det er som gjer at ein ikkje kan stemme for det. Det forstår eg ingenting av. Vi burde faktisk kunne stå samla om skredsikring.

I andre store skredsikringsprosjekt har vi ikkje laga ei politisk sak av det. Vi har stått samla. Det at ein ikkje skal kunne stemme for eit slikt framlegg, der ein ønskjer det beste for dette området, få det punktet rassikra så fort som mogleg, er ganske uforståeleg for meg. Det tener faktisk ikkje saka at ein framstår som ueinig i ei sak der vi burde vere 100 pst. einige. Eg håpar at vi kan vere det også.

Det viktigaste er iallfall å skredsikre slike punkt så fort som mogleg. No gjer ein nokre småtteri og er ikkje interessert i å få framdrift i det strakstiltaket som vil gjere dette 100 pst. sikkert, dvs. ein lang tunnel. Det er det som hastar å få sett i gang, for det tek tid å byggje slike prosjekt.

Presidenten []: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 2.

Votering, se voteringskapittel