Presidenten
[10:00:09 ]: Det ligg føre ei rekkje permisjonssøknader:
frå
Arbeidarpartiet si stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets
forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Kari Henriksen frå
og med 5. januar og inntil vidare
frå
representanten Sverre Myrli om
permisjon i tida frå og med 9. januar til og med 24. mars og i tida
frå og med 27. til og med 31. mars, og frå representantane Kari
Mette Prestrud ,
Sveinung Rotevatn og Linda
Hofstad Helleland om
permisjon i tida frå og med 9. januar til og med 31. mars – alle
for å delta på sjefskurs ved Forsvarets høgskole
frå
Høgre si stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsorden
§ 5 andre punktum for representanten Sveinung Stensland frå og med 5. januar
og inntil vidare
Presidenten vil
føreslå at desse søknadene vert handsama straks og innvilga. – Det
er vedteke.
Frå fyrste vararepresentant
for Vest-Agder, Birte Usland ,
ligg det føre søknad om fritak frå å møta i Stortinget under representanten
Kari Henriksen sin permisjon, jf. Stortingets forretningsorden § 5
andre punktum.
Frå fyrste vararepresentant
for Akershus, Tobias Hangaard Linge , ligg det føre søknad
om fritak frå å møta i Stortinget i tida frå og med 9. til og med
14. januar under representanten Sverre Myrli sin permisjon, av velferdsgrunnar.
Frå andre vararepresentant
for Rogaland, Athar Ali Tajik ,
ligg det føre søknad om fritak frå å møta i Stortinget under representanten
Sveinung Stensland sin permisjon, jf. Stortingets forretningsorden
§ 5 andre punktum.
Frå tredje vararepresentant
for Rogaland, Karoline Sjøen Andersen , ligg det føre søknad
om fritak frå å møta i Stortinget under representanten Sveinung
Stensland sin permisjon, grunna foreldrepermisjon.
Etter
forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknadene
vert handsama straks og innvilga.
Følgjande
vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida slik:
For
Vest-Agder: Ahmed Lindov 5.
januar og inntil vidare
For
Akershus: Anita Patel 11.–12.
januar, Tobias Hangaard Linge 17.
januar–24. mars og 27.–30. mars og Haakon Skramstad 11. januar–30. mars
For
Hordaland: Ane Breivik 11.
januar–30. mars
For
Rogaland: Modolf Haraldseid 5. januar
og inntil vidare
For
Sør-Trøndelag: Guro Angell Gimse 11. januar–30. mars
Presidenten
[10:02:26 ]: Ahmed Lindov og Modolf Haraldseid er til stades
og vil ta sete.
Representanten
Grunde Almeland vil setja fram eit representantforslag.
Presidenten
[10:02:49 ]: Forslaget vert handsama etter reglementet.
Før sakene på
møtekartet vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa
om at møtet i dag om naudsynt held fram utover kl. 16.