Interpellasjon fra representanten Sveinung Rotevatn til helse- og omsorgsministeren: «Koronaviruset smittar raskare når det blir kaldt i vêret og folk er meir innandørs. Dette har medført smittebølger kvar haust dei siste to åra, slik vi er godt kjende med også frå vanleg sesonginfluensa. I desember 2021 førte smittebølga til kraftige tiltak og nedstenging av ei rekke næringar, trass i at nesten alle var fullvaksinerte og ein var godt i gang med oppfriskingsdosar for særleg utsette grupper. Usikkerheit rundt nye virusvariantar, som omikronvarianten, kan sjølvsagt tilseie auka beredskap, men det klare utgangspunktet må vere at vi kan leve med ulike variantar av koronaviruset framover utan behov for smitteverntiltak utover vaksinering. Er regjeringa einig i dette målet, og kva planar har regjeringa lagt for å hindre at landet må gjennom nye nedstengingar framover?»