President: Nils T. Bjørke
Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant
Eli Sollied Øveraas
Presidenten: Vyrde
medrepresentantar! Tidlegare stortingsrepresentant Eli Sollied Øveraas
frå Møre og Romsdal gjekk bort 15. november 2020.
Trebarnsmora og
læraren var frå Ørskog på Sunnmøre, men gjorde romsdaling av seg
og arbeidde i mange år som lærar i Vestnes. Ho var ei svært engasjert
dame som alltid greidde å engasjera andre – taleglad og med ein
open veremåte.
Ho gjekk tidleg
inn i partipolitikken og vart aktiv i Senterpartiet. Ho var engasjert
i både utdanningspolitikken, familiepolitikken og kulturpolitikken.
Ho var òg svært engasjert i transportfeltet.
Det er all grunn
til å skyta inn at ho, som så mange andre folkevalde, hadde eit
engasjement som gjekk utover partiet, og som lokalsamfunnet hadde
stor nytte av. Ho var aktiv i både helselaget og barne- og ungdomsfotballen
og minst like engasjert når ho heia på barn og ungdom som spelte
fotball, som når ho arbeidde med politiske saker og fekk politisk
gjennomslag.
Frå kommunevalet
i 1983 og fram til stortingsvalet i 2009 var ho engasjert i både
kommunen, fylket og rikspolitikken. Var det ikkje kommunestyret
eller formannskapet, var det fylkestinget og samferdsleutvalet i
Møre og Romsdal.
Ho hadde òg tre
periodar på Stortinget: fyrst frå 1993, så ein periode som første
vararepresentant og deretter to periodar frå 2001. Dei to fyrste
periodane sine sat ho i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen. Den
siste perioden var ho talskvinne for Senterpartiet i transportkomiteen.
Det er særleg som
kultur- og familiepolitikar me vil hugsa Eli Sollied Øveraas. Ho
var til dømes med på dei tverrpolitiske forhandlingane som leidde
fram til barnehageforliket i 2003, som var eit vasskilje av ei reform på
barne- og familiefeltet.
Eli var lun og
positiv, og smilet og latteren sat laust, sjølv når ho arbeidde
hardt. Men ho kunne definitivt seia klart ifrå når det var naudsynt.
Det fekk ikkje minst Senterpartiet sin statsråd i Samferdsledepartementet merkja
då ho var transportpolitisk talskvinne i sin siste periode. Ho vågde
å kritisera regjeringa når ho var redd for at vegløyvingane skulle
verta for små, og ho visste godt at ho hadde distrikta i ryggen
når ho gjorde det.
Det var både ryggrad
og engasjement i Eli Sollied Øverås, men ho var fyrst og fremst
eit kunnskapsrikt, venleg og varmt menneske, med eit smil ein ikkje gløymde
når ein fyrst hadde opplevd det.
Vi lyser fred over
hennar gode minne.
Representantane
høyrde ståande på presidentens minnetale.
Presidenten: Representanten
Tellef Inge Mørland , som
har vore permittert, har igjen teke sete.
Representanten
Torgeir Knag Fylkesnes vil setja fram to representantforslag.
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [10:04:26 ]: På vegner av stortingsrepresentantane
Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski og meg sjølv vil eg framsetje
eit representantforslag om hurtigspor for flytande havvind.
På vegner av meg
sjølv ønskjer eg å framsetje eit representantforslag om å avgrense
maktkonsentrasjonen i norsk daglegvare.
Presidenten: Representanten
Sivert Bjørnstad vil setja fram eit representantforslag.
Sivert Bjørnstad (FrP) [10:05:00 ]: På vegne av stortingsrepresentantene
Hans Andreas Limi, May Helen Hetland Ervik, Terje Hansen, Himanshu
Gulati, Frank Edvard Sve, Helge Andre Njåstad og meg selv har jeg gleden
av framsette et forslag om å fjerne forskjellsbehandling som favoriserer
utenlandsk eierskap i norsk næringsliv.
Presidenten: Representanten
Silje Hjemdal vil setja fram eit representantforslag.
Silje Hjemdal (FrP) [10:05:33 ]: På vegne av representantene
Himanshu Gulati, Per-Willy Amundsen, Sylvi Listhaug, May Helen Hetland
Ervik og meg selv har jeg gleden av å framsette et forslag om trygge
fritidsaktiviteter.
Presidenten: Representanten
Mona Fagerås vil setja fram to representantforslag.
Mona Fagerås (SV) [10:06:07 ]: På vegne av stortingsrepresentantene
Kari Elisabeth Kaski, Lars Haltbrekken, Ingrid Fiskaa, Audun Lysbakken
og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om mer og bedre
kollektivtransport.
På vegne av stortingsrepresentantene
Lars Haltbrekken og meg selv vil jeg framsette et representantforslag
om at de som flyr mest, skal betale mest.
Presidenten: Representanten
Grete Wold vil setja fram to representantforslag.
Grete Wold (SV) [10:06:51 ]: På vegne av representantene Kari
Elisabeth Kaski, Andreas Sjalg Unneland, Kirsti Bergstø, Marian
Hussein, Freddy André Øvstegård, Kathy Lie, Mona Fagerås og meg
selv vil jeg framsette et representantforslag om en rettferdig boligpolitikk.
Videre vil jeg
framsette et representantforslag på vegne av representantene Kari
Elisabeth Kaski, Marian Hussein, Kathy Lie, Torgeir Knag Fylkesnes
og meg selv om en helhetlig aldersfastsettelse for enslige mindreårige
asylsøkere.
Presidenten: Representanten
Grunde Almeland vil setja fram eit representantforslag.
Grunde Almeland (V) [10:07:31 ]: På vegne av representantene
Sveinung Rotevatn, Guri Melby og meg selv vil jeg framsette et representantforslag
om å styrke tegnspråkets stilling og tolketjenesten for døve, døvblinde
og hørselshemmede for å sikre likestilt kommunikasjon.
Presidenten: Representanten
Kathy Lie vil setja fram eit representantforslag.
Kathy Lie (SV) [10:08:00 ]: På vegne av representantene Kari
Elisabeth Kaski, Kirsti Bergstø og meg selv vil jeg framsette et
representantforslag om å lukke gjeldsfeller.
Presidenten: Representanten
Seher Aydar vil setja fram to representantforslag.
Seher Aydar (R) [10:08:25 ]: På vegne av representantene Bjørnar
Moxnes, Sofie Marhaug, Geir Jørgensen og meg selv fremmer jeg et
forslag om å prosjektere Furuset-lokk på E6.
På vegne av representanten
Tobias Drevland Lund og meg selv fremmer jeg et forslag om kutt
i lederlønningene i helseforetakene.
Presidenten: Representanten
Turid Kristensen vil setja fram eit representantforslag.
Turid Kristensen (H) [10:09:06 ]: På vegne av stortingsrepresentantene
Aleksander Stokkebø, Tage Pettersen, Helge Orten, Tore Vamraak og
meg selv har jeg gleden av å fremme et representantforslag om å
ta sosialt ansvar og hjelpe folk med gjeldsproblemer gjennom en
styrking og utvidelse av gjeldsregisteret.
Presidenten: Representanten
Ingvild Wetrhus Thorsvik vil setja fram eit representantforslag.
Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) [10:09:35 ]: På vegne av representantene
Abid Raja, Guri Melby, Grunde Almeland og meg selv vil jeg framsette
et representantforslag om et mer fleksibelt barnehagetilbud, bedre
tilpasset familienes behov.
Presidenten: Representanten
Rasmus Hansson vil setja fram tre representantforslag.
Rasmus Hansson (MDG) [10:10:07 ]: På vegne av representanten
Lan Marie Nguyen Berg og meg selv vil jeg framsette et forslag om
betydelige kostnadsbesparelser i arbeidet med nytt regjeringskvartal
i Oslo sentrum gjennom nedskalering av Hammersborgtunnel-prosjektet
på Ring 1.
På vegne av representantene
Une Bastholm, Lan Marie Nguyen Berg og meg selv vil jeg framsette
et forslag om opprettelse av et solidaritetsfond for hjelp, gjenoppbygging
og motvirking av matvare- og energikrisen som følge av Russlands
invasjon av Ukraina.
På vegne av meg
selv vil jeg framsette et forslag om en helhetlig plan for å beskytte
norsk kystnatur mot nitrogenforurensing.
Presidenten: Representanten
Anna Molberg vil setja fram eit representantforslag.
Anna Molberg (H) [10:11:05 ]: På vegne av representantene
Henrik Asheim, Aleksander Stokkebø, Margret Hagerup, Sveinung Rotevatn,
Dag-Inge Ulstein og meg selv vil jeg framsette et representantforslag
om å fjerne plikten til å gå av med særaldersgrense i Forsvaret.
Presidenten: Representanten
Freddy André Øvstegård vil setja fram eit representantforslag.
Freddy André Øvstegård (SV) [10:11:36 ]: På vegne av representantene
Andreas Sjalg Unneland, Grete Wold og meg selv vil jeg framsette
et forslag om å utvikle alternative sluttvurderingsformer til dagens
eksamen i ungdomsskole og videregående opplæring.
Presidenten: Representanten
Kirsti Bergstø vil setja fram eit representantforslag.
Kirsti Bergstø (SV) [10:12:07 ]: På vegne av representantene
Ingrid Fiskaa, Torgeir Knag Fylkesnes Freddy Andre Øvstegård, Marian
Hussein, Andreas Sjalg Unneland og meg selv fremmer jeg et representantforslag om
et bedre arbeidsliv for ansatte i varehandelen.
Presidenten: Representanten
Erlend Larsen vil setja fram eit representantforslag.
Erlend Larsen (H) [10:12:41 ]: På vegne av representantene
Trond Helleland, Charlotte Spurkeland, Erlend Svardal Bøe og meg
selv har jeg gleden av å fremme et representantforslag om godkjenning
av behandlersete i ambulanse.
Presidenten: Representanten
Frank Edvard Sve vil setja fram eit representantforslag.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:13:08 ]: Eg har gleda av å fremje
eit representantforslag på vegner av representantane Morten Stordalen,
Tor André Johnsen og meg sjølv om fornuftsbasert regulering av campingbilar.
Presidenten: Representanten
Aleksander Stokkebø vil setja fram eit representantforslag.
Aleksander Stokkebø (H) [10:13:34 ]: På vegne av representantene
Henrik Asheim, Anna Molberg, Sveinung Rotevatn, Dagfinn Henrik Olsen,
Gisle Meininger Saudland, Margret Hagerup og undertegnede har jeg gleden
av framsette et representantforslag om å ta alle gode krefter i
bruk for å få folk i jobb.
Presidenten: Representanten
Per-Willy Amundsen vil setja fram eit representantforslag.
Per-Willy Amundsen (FrP) [10:14:14 ]: På vegne av stortingsrepresentantene
Tor André Johnsen, Silje Hjemdal, Himanshu Gulati og meg selv har
jeg æren av å fremsette et forslag om styrking av den sivile beredskapen.
Presidenten: Forslaga
vert handsama etter reglementet.
Før sakene på
møtekartet vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa
om at møtet i dag held fram utover kl. 16.