Lene Vågslid (A) [12:17:38 ] : Eit sterkt demokrati blir i
stor grad kjenneteikna av offentlegheit, openheit og at det er mogeleg
å ha innsyn i offentlege prosessar. Offentleg sektor må setje gullstandarden
for offentlegheit og openheit, og me meiner han ikkje kan ha lågare ambisjonar
enn det – og her er det ein veg å gå.
Nokre av konklusjonane
frå evalueringa av offentleglova i 2016 var nedslåande: Evalueringa
viste bl.a.:
dårleg
statistikk ved behandling av innsynskrav, som gjer det vanskelegare
å vurdere om lova faktisk fungerer
at
meiroffentlegheitsvurderingar er tilfeldige og ikkje sikrar optimalt
innsyn
at
lova blir omgått – bevisst i enkelte tilfelle – og interne dokument
blir unnatekne for ofte frå innsyn
Då Riksrevisjonen
året etter granska arkivering og openheit i den statlege forvaltinga,
fann ein fleire liknande forhold. «Krav om innsyn kan behandles
på en betydeleg bedre måte. Vurderingen av om det skal gis merinnsyn
svikter ofte», konkluderer Riksrevisjonen.
Pandemien me framleis
står i, har ført til store utfordringar for openheit og innsyn.
Det å halde pressekonferansar dagleg er ikkje det same som å vere
gode på offentlegheit. Som Pressens offentlighetsutvalg har peika på:
Tilgjengelege statsrådar og etatsleiarar er ikkje det same som openheit.
Ifølgje det same
utvalet er offentleglova og etablert praksis blitt brote i stort
omfang. Det blir peikt på forseinka journalføring, unødvendig hemmeleghald
og lang saksbehandlingstid.
Ein kritikk som
Arbeidarpartiet og fleire opposisjonsparti har reist, er bl.a. at
faglege vurderingar bak smitteverntiltak ikkje blei offentleggjorde
i vår.
Offentleglovas
hovudregel om offentlegheit gjeld naturlegvis for covid-19-relaterte
spørsmål – unntak frå innsyn må ha ei tilstrekkeleg konkret grunngjeving.
Nokre departement forsøkte i den tidlegaste fasen å argumentere
med at offentleglova ikkje gjaldt, men det blei heldigvis slått
fast til slutt av KRD at ho gjeld uinnskrenka.
Det er i kriser
at denne lova må verke. Og det er gode grunnar også til å meine
at beredskapsplanar må innehalde krav til at offentleglova skal
følgjast.
Me kan skjøne
at ein i ei vanskeleg og krevjande krisetid i byrjinga må stokke
både armar og bein, men den offentlegheitslinja som regjeringa har
lagt seg på over tid, er kritikkverdig. Her er det fleire i rekkje
som har kritisert regjeringa, alt frå Barneombodet, pressa sjølv
og fleire jussprofessorar.
Før denne interpellasjonen
gav Stortinget informasjonstilgang til den nedsette koronakommisjonen.
Ingen hadde motførestillingar i høyringa til det. Men det er svært
viktig å streke under det statsråden sjølv sa i sitt innlegg, at
offentleglova òg gjeld her. Det vil vere heilt sentralt for denne
kommisjonen å ta sikte på mest mogeleg openheit. Det er fleire som
allereie har peikt på at det er for stort hemmeleghald rundt kommisjonen
allereie no. Ein har peikt på forskrifter som ikkje me har sett, men
som regjeringa har sett, som òg innskrenkar mogelegheita for innsyn.
Dette bekymrar meg, og eg vil gjerne høyre statsråden sine tankar
og meiningar om dette. Eg kan nemne at tidlegare kommisjonar, som
Gjørv-kommisjonen for ni år sidan, òg måtte halde seg til offentleglova
på vanleg måte. Det gjev ein kommisjon legitimitet og tillit.
Me kan i dag òg
sjå i Dagbladet ei sak om bruk av sms, og at ein ikkje får innsyn
i dei sms-ane som gjekk mellom helsetoppane og regjeringa i dagane
før Noreg stengde ned den 12. mars. Eg er heilt einig med helsepolitisk
talsperson, Ingvild Kjerkol, som har uttalt at på eit overordna
nivå bør offentlegheita få vite korleis regjeringa kom fram til
så inngripande tiltak.
Me har fleire
eksempel på at viktige grunnlag for avgjerder er haldne unna offentlegheita
i pandemien. Då er det vanskeleg å stille dei rette spørsmåla –
om det er i Stortinget, eller om det er som journalist. Kroneksempelet
er kanskje kritikken som kom etter rapporten som viste korleis koronatiltaka
ramma barn.
Me meiner det
må vere mogeleg å hente inn nødvendige ressursar for å sikre at
meiroffentlegheit blir vareteken. I krisetid er fleire departement
under eit enormt arbeidspress – og det har me stor forståing for
– men det vil kanskje vere andre departement som ikkje er det. Det
er grunn til å minne om at det i samfunnssikerheitsmeldinga frå
2016 står: «Presset fra media og publikum stiller krav til en felles
mediestrategi blant sentrale aktører.» Kva for felles strategi hadde
regjeringa i vår? Er han på plass no?
Delar av den kritiserte
praksisen i den første fasen blei retta opp av bl.a. forslag frå
Arbeidarpartiet, som blei fremja under trontaledebatten. Då vedtok
Stortinget
at
regjeringa må gjere offentleg tilgjengeleg det faglege grunnlaget
for nye smitteverntiltak før dei blir annonserte
at
regjeringa må gjere konkrete vurderingar av meiroffentlegheit når
det blir bedt om innsyn i dei samla pasienttala for kvar helseregion
i forbindelse med covid-19
Eg meiner det
er avgjerande før neste krise rammar oss at me har system for å
behandle openheit og offentleg innsyn. Når det er mest behov, må
det vere på plass.
Ein heilt naturleg
stad å begynne er å følgje opp evalueringa som me no har venta på
i snart fem år.
I desember 2017
sa dåverande justisminister at departementet var i gang, og at resultatet
ville liggje føre i løpet av 2018. Det kom ingenting. Under Pressens
offentlighetsutvalgs openheitsseminar i september sa justisministeren
i debatt med meg at ho ikkje kunne love at det ville komme noko
i denne stortingsperioden heller. Eg håpar justisministeren har
tenkt litt meir på dette sidan me debatterte det i september og
kanskje kan ha noko anna å seie i Stortinget i dag.
Arbeidarpartiet
er utolmodige. Me meiner fleire grep kan takast. Det bør ikkje vere
slik at ein kan omgå intensjonane i offentleglova gjennom f.eks.
bortsetjing eller privatisering av offentlege funksjonar og ansvarsområde.
Brot på offentleglova bør straffast med bøter. Her ønskjer eg òg
å høyre kva statsråden meiner om desse forslaga, som òg andre har
presentert.
Eit enkelt eksempel
på korleis ein i dag omgår lovverket, er privatisering eller bortsetjing.
Me har f.eks. Bane NOR Eiendom AS, for å bruke det som eksempel, som
er ein av Noregs største eigedomsaktørar, som forvaltar og driftar
offentleg eigedom. I 2017 blei det gjennomført ein fusjon, og delar
av dette blei løfta ut frå bl.a. det dåverande Jernbaneverket. No
er selskapet ikkje omfatta av verken offentleglova eller arkivlova.
I fleire samanhengar
veit me at organisering på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg
nivå fører til at ein i for stor grad kan unnta dokument frå offentleglova.
Og me kjenner
alle til eit veldig godt eksempel frå Noregs Banks hovudstyre, som
unnlét å føre den mest aktuelle kandidaten opp på den offentlege
søkjarlista. Då fekk me ei orsaking, men her braut ein offentleglova med
overlegg. I tillegg har Riksrevisjonen dokumentert at trenering
av innsyn og bevisst omgåing av journalføringsplikta òg er vanleg
fordi ein ønskjer å hindre innsyn.
Det er ingen tvil
– og det trur eg statsråden er einig i: Det er behov for å følgje
opp evalueringa som snart er fem år gamal. Og det er skuffande at
me ikkje har greidd det før. Eg skulle ynskje at vedkomande som
var justisminister i 2017, som omtrent var ferdig med det i 2018, hadde
fått sluttført det. Uansett ser eg fram til ein viktig interpellasjonsdebatt.
Eg håpar me i det minste kan snakke litt om kva tiltak ein ser for
seg at det er fornuftig å få på plass. Og så håpar eg at justisministeren
ser råd for å greie å fylgje opp evalueringa før denne stortingsperioden
er omme.
Presidenten: Neste
taler er statsråd Monica Mæland. Jeg håper statsråden har en sjåfør
så mye som det sprites.
Statsråd Monica Mæland [12:26:59 ] : Statsråden har sjåfør,
president, og det tror jeg er like greit i disse dager!
La meg først få
understreke at retten til innsyn i forvaltningens saksdokumenter
er et grunnleggende demokratisk prinsipp. Denne retten er en viktig
del av informasjonsfriheten og en forutsetning for en informert samfunnsdebatt.
Regjeringen er opptatt av å støtte opp om innsynsretten og ønsker
ikke på noen måte å svekke den.
Bakgrunnen for
evalueringen av offentleglova var at Stortinget i forbindelse med
vedtakelse av den nye offentleglova bad daværende regjering om å
foreta en evaluering med hovedfokus på om man hadde oppnådd målet
om økt innsyn.
Evalueringen ble
gjennomført fra november 2014 til januar 2016 av selskapet Oxford
Research, som leverte sin endelige rapport i januar 2016. Evalueringsrapporten
tar for seg store deler av offentleglova og andre momenter knyttet
til innsynsretten. Oxford Research undersøkte bl.a. utviklingen
av åpenhet i forvaltningen, rutiner for behandling av innsynskrav
og journalføring, ressursbruk knyttet til praktisering av innsynretten,
klageordninger etter offentleglova, og hvordan brukere oppfattet
loven og praktiseringen av den.
Evalueringsrapporten
er omfattende, og den inneholder en rekke viktige funn. Jeg vil
først påpeke at flere av funnene i evalueringsrapporten må anses
som positive. Oxford Research konkluderte med at innføringen av den
nye loven fra 2006 samlet sett har vært positiv. Det framgår at
det trolig er blitt gitt mer innsyn under den gjeldende loven enn
under den tidligere loven. Akkurat hva dette skyldes, er det vanskelig
å si noe sikkert om, men det synes som om intensjonen om mer innsyn
er oppnådd. Det har funnet sted en klar økning i antall innsynsbegjæringer
etter innføringen av den gjeldende loven, og det er trolig også
lettere å få innsyn.
Det heter videre
i rapporten at innføringen av loven har ført til økt oppmerksomhet
og bedre kunnskap om offentlighet og innsyn i forvaltningen generelt,
og at virksomheter som er omfattet av loven, har gjennomgått sine
rutiner for journalføring og behandling av innsynsbegjæringer. Alt
dette er klart positive funn som tilsier at innføringen av den nye
loven har styrket innsynsretten.
En effektiv innsynsrett
er ikke bare avhengig av et godt regelverk, men også av løsninger
som gjør det mulig for allmennheten å finne og å be om de offentlige saksdokumentene.
I evalueringsrapporten trekkes det fram at bedre teknologiske løsninger,
f.eks. Offentlig elektronisk postjournal, forkortet OEP, har gjort
offentlige dokumenter langt lettere tilgjengelig for allmennheten.
På dette området har det også skjedd en utvikling i tiden etter
at evalueringsrapporten ble levert. I februar 2018 ble OEP erstattet
av den nye innsynsløsningen eInnsyn. Den nye løsningen gir bedre
og mer effektive funksjoner for innsyn, og den legger til rette
for fulltekstpublisering av dokumenter for organer som ønsker det.
EInnsyn er tilrettelagt slik at løsningen kan brukes av både statlige
virksomheter og kommuner. Denne enkle tilgangen til elektroniske
journaler gjør den offentlige forvaltningen åpen og tilgjengelig
for innbyggerne, og det er en klar styrke for innsynsretten.
Selv om det altså
foreligger mange positive funn i evalueringsrapporten, viser rapporten
samtidig flere utfordringer knyttet til den gjeldende offentleglova
og til praktiseringen av loven. Jeg kan ikke gå inn på alle funnene
her, men la meg nevne noen utfordringer knyttet til varierende kunnskap
om regelverket, omgåelse av regler, mangler ved journalføringen
og utfordringer knyttet til klageordningen. Disse og flere andre
utfordringer ble også løftet fram da evalueringsrapporten var på
høring.
Rapporten ble
sendt på høring i februar 2016. I tillegg til å kommentere evalueringsrapporten
ble høringsinstansene invitert til å komme med innspill om behovet
for konkrete lov- eller forskriftsendringer på området, uavhengig
av om temaene var omtalt i rapporten. Departementet mottok en stor
mengde høringssvar, og disse svarene dekket en rekke ulike temaer
og bestemmelser i loven. Justis- og beredskapsdepartementet har
arbeidet grundig med disse høringsinnspillene, og jeg nevner her
noe av det som er funnet.
Flere av de utfordringene
som ble tydelige gjennom evalueringsrapporten og den etterfølgende
høringen, er av en karantene, unnskyld, karakter – her begynner
allerede vasken å virke, president – som ikke primært kan løses
gjennom lovendringer. Et viktig funn i evalueringsrapporten var
at kunnskapen om regelverket varierer mye, og hos enkelte virksomheter
er den lav. Dette funnet i evalueringsrapporten må ses i sammenheng
med at flere høringsinstanser har spilt inn at det er krevende å
anvende regelverket. Særlig uttaler flere høringsinstanser at det
er krevende å anvende bestemmelser i loven som inneholder skjønnspregede
vilkår. Samtidig kan man neppe komme unna at slike vilkår ofte vil
være nødvendige, og at mange avgjørelser etter loven vil være skjønnsmessige.
For at loven skal
virke etter sin hensikt, er det sentralt at de som praktiserer reglene,
har den nødvendige kompetansen. Dette er en type utfordring som
ikke primært kan løses gjennom lovendringer, man må benytte andre
virkemidler. Det er behov for økt veiledning og kunnskapsoppbygging.
Her har den enkelte virksomhet et ansvar for å sørge for at de ansatte
har nødvendig kompetanse, samtidig som vi som har det overordnete ansvaret
for regelverket, må gjøre det vi kan for å legge til rette for at
de ansatte i forvaltningen kan praktisere reglene korrekt.
Departementet
har allerede utarbeidet en grundig og omfattende veileder til offentleglova.
Veilederen gir svar på en rekke spørsmål og problemstillinger som
kan oppstå når man anvender offentleglova, og den er tilgjengelig
elektronisk for alle. Mitt klare inntrykk er at denne er velkjent
og mye brukt i forvaltningen, og at den oppleves som et viktig hjelpemiddel.
Justis- og beredskapsdepartementet
arbeider også med å få utarbeidet en veileder om taushetsplikt og opplysningsplikt
i forvaltningen. En utredning som utgjør et forslag til veileder,
skal sendes på høring, og departementet er nå i sluttfasen av dette
arbeidet.
Evalueringsrapporten
fra Oxford Research viser at unntaket for taushetsbelagte opplysninger
er blant de mest brukte unntakshjemlene i loven. Samtidig har flere
høringsinstanser spilt inn at dette unntaket er vanskelig å anvende.
Den nye veilederen
om taushetsplikt skal være praktisk anlagt, og den skal gjelde på
tvers av ulike sektorer. Jeg håper og tror at denne vil være til
god hjelp for saksbehandlere som anvender offentleglova og andre forvaltningsrettslige
lover. Et sentralt poeng her er å få fram når man plikter å gi informasjon,
og når man har anledning til å gjøre det. Veilederen vil dermed
bidra til at det ikke gjøres unntak for mer enn det det er hjemmel for,
samtidig som man sørger for at det ikke gis innsyn i taushetsbelagte
opplysninger.
Det arbeides også
med ulike læringsopplegg knyttet til offentleglova, uten at jeg
kan gå i detalj om dette her.
Også andre utfordringer
som er tatt opp i evalueringsrapporten og fra høringsrunden, må
løses med andre virkemidler enn lovendring. Det gjelder bl.a. rapporter
om omgåelse av loven. Det framgår i evalueringsrapporten at man
har funnet eksempler på omgåelse av loven. Omfanget av dette har
det ikke vært mulig å si noe sikkert om.
Til dette vil
jeg si at bevisst omgåelse av loven er uakseptabelt og skal ikke
skje. Allmennhetens rett til innsyn er avhengig av ikke bare et
godt regelverk, men også at reglene respekteres og praktiseres korrekt.
Dette må man jobbe med kontinuerlig og på ulike måter, og det kan
ikke oppnås gjennom lovendring alene.
Også manglende
journalføring er en stor utfordring. Evalueringsrapporten viser
at det varierer nokså mye i hvilken grad ulike typer dokumenter
journalføres. Mens brev og andre tradisjonelle dokumenter jevnt
over gjøres journalverdige, gjelder dette i mindre grad e-poster og
de mer utradisjonelle og nyere dokumenttypene. Også her mener jeg
det er behov for økt bevisstgjøring og opplæring. Dette er trolig
av større betydning enn eventuelle lovendringer. Regelendringer
på dette spesifikke området bør skje i forbindelse med en større
gjennomgang av arkivregelverket som nå pågår. Det ble levert en
NOU med forslag til ny arkivlov i fjor, og denne følges nå opp av
Kulturdepartementet.
Offentlighet og
innsyn er et område som skaper stort engasjement, og meningene spriker
ganske mye. Blant høringsinstansene som foreslo lov- og forskriftsendringer,
ønsket nokså mange nye eller utvidede unntakshjemler eller andre
innskrenkinger av innsynsretten. En gjennomføring av alle disse
forslagene ville derfor samlet sett innebære en svekkelse av innsynsretten, noe
jeg vurderer som helt uaktuelt.
Departementet
har i den senere tid også fremmet andre lovendringsforslag som har
nær sammenheng med innsynsretten. Et forslag om endring i reglene
om adgang til deling av taushetsbelagte opplysninger med andre forvaltningsorganer
er nå på høring, med høringsfrist 1. desember. Dette har vært et
krevende arbeid, men jeg mener at man nå legger til rette for gode løsninger
i praksis.
Vi er opptatt
av at evalueringen følges opp. Vi har altså gjennomført en rekke
tiltak uten at vi har sendt lovendringer på høring.
Så nevnte representanten
en rekke spørsmål. Jeg skal prioritere å besvare to av dem. Det
ene er forskriftshjemler for koronakommisjonen, som representanten sa
at Stortinget ikke kjente til. Det regner jeg egentlig med at Stortinget
gjør, for de har vært på høring, og de er selvsagt offentliggjort.
Dette handler
ikke om å begrense innsynsretten, det handler om en arbeidsfordeling
med hensyn til hvem som behandler forespørslene. Her har vi ikke
bygget opp et stort byråkrati rundt koronakommisjonen, så det organet
som har avgitt dokumentet, behandler også innsynsforespørselen.
Lene Vågslid (A) [12:37:11 ] : Takk til statsråden for svaret.
Det er klart det òg er positive funn i evalueringa, men det me kanskje
har lyst å gjere noko med, er dei funna som ikkje er positive. Eg
takkar for beskrivinga av evalueringa, men interpellasjonen min
rettar seg nok litt meir mot kva tiltak statsråden ser for seg at
ho kan vurdere, og kva tidspunkt ho eventuelt kan kome til Stortinget
med det. Eg tolkar vel svaret slik at – litt som det blei sagt i
september – her ser ein ikkje nokon grunn til å kome til Stortinget
med eventuelle tiltak før sesjonen er over.
Det har vore løfta
fram forslag, frå Arbeidarpartiet òg, om at ein bør sørgje for at
det er sanksjonar ved brot på offentleglova. Kva tenkjer statsråden
om det?
Det har òg vore
løfta inn forslag om å etablere uavhengige tilsyn. Kva tenkjer statsråden
om det?
Det er òg fleire
som har peikt på verkeområdet til lova. Det hadde vore interessant
å høyre statsråden sine meiningar om det.
Det er klart at
statlege, fylkeskommunale og kommunale verksemder ikkje driv for
seg sjølve; dei forvaltar eit stort ansvar og store pengar på vegner
av fellesskapet. Då må det vere sjølvsagt at me praktiserer openheit
og innsyn. Det eg nemnde i hovudinnlegget mitt om moglegheitene
for å sleppe offentleglova gjennom f.eks. selskapsstrukturar o.l.,
er noko me absolutt burde gjere noko med. Me snakkar om store pengar
som er pengane til fellesskapet, og som ein absolutt burde sørgje
for openheit om og innsyn i.
Eg håpar at eg
kan få litt meir konkrete svar på kanskje dei mest aktuelle tiltaka
som har vore løfta inn i debattane som har gått. Eg vil òg understreke
at eg kjenner til forskrifter – eg ville berre understreke at det
ikkje er Stortinget som vedtek dei.
Statsråd Monica Mæland [12:39:21 ] : Interpellanten ba i interpellasjonen
meg om å redegjøre for synspunkt på funn i rapporten, og det forsøkte
jeg å gjøre, i tillegg til at jeg forsøkte å redegjøre for de oppfølginger vi
har gjort, for det er gitt et inntrykk av at alt har stått stille.
Nå ble det sagt at man ikke har hørt noe på fem år, men fra desember
2017 til november 2020 er det gått tre år, og i løpet av den tiden
har det skjedd oppfølging som handler om kunnskap og veiledning.
Jeg, som også
har en fortid fra en kommune, opplever at det brukes veldig mye
ressurser på dette feltet. Jeg tror det er ansatt rekordmange i
både kommuner, fylkeskommuner og statlige virksomheter for nettopp
å følge opp innsynsbegjæringer, offentlighetslov, forvaltningslov
etc. Så det forsøkes, men det er vanskelig for mange. Ikke minst
er det skjønnsmessige vurderinger som den enkelte saksbehandler
skal gjøre.
Det stilles spørsmål
om bøtelegging og tilsynsvirksomhet. Generelt synes jeg at offentlig
sektor er stor nok, og at vi har mange nok tilsyn. Vi har helt sikkert
et som kan ta seg av dette feltet også, hvis man skulle mene at det
var behov for et ekstra tilsyn knyttet til dette. Jeg mener vel
ikke at behovet er så stort.
Jeg ser at det
også er fremmet en rekke påstander om manglende innsyn i koronasituasjonen.
Det er jeg dypt uenig i. Det ble fremmet rekordmange innsynsbegjæringer,
og de ble behandlet. De aller fleste fikk også innsyn, men noen
saker tok lengre tid. For eksempel fikk Justis- og beredskapsdepartementet
begjæring om innsyn i alle de dokumenter vi har oversendt koronakommisjonen.
Det er 1 000 dokumenter, og hvert enkelt skal gjennomgås av mennesker.
Det har vi gjort. Vi har brukt seks–åtte mennesker på denne ene
forespørselen. Det viser hvor omfattende dette arbeidet kan være,
men vi skal ta det på alvor.
Og som jeg sa:
Jeg tror det var 114 høringssvar som kom i forbindelse med denne
evalueringen, og de fleste ønsket en snevrere offentlighetslov,
ikke en utvidet lov.
Så det er mange
vanskelige spørsmål. Vi jobber med dette, og jeg skal ikke forskuttere
svarene på dette arbeidet. Jeg ønsker å gå grundig til verks. Jeg
har også vært veldig ærlig på at i en situasjon hvor vi jobber med
veldig mange store og tunge saker, i tillegg til at vi håndterer
en krise, må vi desperat prioritere. Derfor har jeg også vært veldig
ærlig på at vi ikke kommer til å rekke noe lovarbeid før påske,
som er fristen i denne sesjonen.
Presidenten: Det
er ingen flere som har deltatt i debatten, men hvis interpellanten
ønsker et avsluttende innlegg, har hun rett til det.
Lene Vågslid (A) [12:42:17 ] : Takk for den lange debatten.
Nei då, det var fint å få ei utveksling med statsråden om tematikken.
Offentleglova betyr mykje og er veldig viktig i både kommunar, fylke
og stat. Det eg kanskje synest er litt skuffande, er at – men statsråden skal
ha for at ho er ærleg – det ikkje kjem til å kome nokon lovendringar
frå regjeringa basert på evalueringa frå 2016 i denne stortingsperioden.
Det synest me i Arbeidarpartiet er synd. Det er eigentleg snodig
at tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen, som sit i komiteen,
og som forlét salen i stad, då denne saka begynte, meinte at ein
nesten var ferdig med arbeidet i 2018. Men det er no slik det er.
Det synest me er veldig uheldig. Me meiner det er behov for å gjere
grep, både når det gjeld brot på offentleglova, når det gjeld verkeområde,
og når det gjeld utfordringane knytte til både privatisering og
bortsetting. Då får me berre ta dette til etterretning: Skal me
klare å fylgje opp dei mest alvorlege funna i evalueringa av offentleglova
frå 2016, treng landet ei ny regjering.
Presidenten: Ønsker
statsråden et siste innlegg? – Det er ikke nødvendig.
Da er sak nr. 7
ferdigbehandlet.