I samsvar med Grunnlova gir Kongen
denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida
etter siste melding.
2020 har vore eit
krevjande år. 12. mars vart dei mest inngripande tiltaka i fredstid
innførte. Pandemien og smitteverntiltaka har hatt store konsekvensar
for enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar. Stengde skular
og barnehagar har ramma sårbare barn. Eldre har vore isolerte frå
sine næraste. Mange bedrifter mista innteninga si, og arbeidsløysa
steig til det høgaste nivået på fleire generasjonar.
Etter som smitteverntiltaka
verka og smittespreiinga vart redusert, vart tiltaka gradvis trappa
ned. I fasen med opning av samfunnet att har regjeringa prioritert
barn og unge og arbeidsliv. Seinsommaren har vist at det framleis
er fare for oppblussing av smitte med fleire lokale smitteutbrot.
Dei langsiktige
konsekvensane av pandemien kjenner vi enno ikkje omfanget av. Noreg
og verda står framleis i ein krevjande og usikker situasjon. Vi
må vere førebudde på nye utbrot.
Mykje er gjort
for å skape tryggleik for arbeidstakarar og bedrifter og for å unngå
ein endå kraftigare økonomisk nedtur.
Krisepakkene har
saman med gjenopninga lagt til rette for at aktiviteten i norsk
økonomi har teke seg opp igjen. Arbeidsløysa har falle raskt, men
framleis står for mange utan jobb.
I mai la regjeringa
fram strategien for Noregs veg ut av krisa: skape meir og inkludere
fleire. Tiltaka skal bidra til at fleire kjem tilbake i jobb, at
det blir investert meir i klima- og miljøtiltak, at vi satsar meir
på utdanning og kompetanse og inkluderer fleire i arbeidslivet.
I handteringa av
covid-19-pandemien er det teke ei rekkje avgjerder på kort tid og
med stor usikkerheit. Det har vore naudsynt å justere nokre av dei
undervegs. Med dagens kunnskap kunne enkelte avgjerder vorte annleis.
Regjeringa vurderer det likevel slik at dei overordna vala som vart
tekne, var riktige då.
Virusutbrotet har
vist kor viktig det er med eit godt internasjonalt samarbeid og
sterke internasjonale organisasjonar.
Noreg er ein pådrivar
i det internasjonale arbeidet med å etablere mekanismar som skal
sikre tilgang til og rettferdig fordeling av vaksinar.
Noreg er valt inn
i FNs tryggingsråd frå januar 2021 til desember 2022. 1. oktober
i år begynte vi som observatør.
Noreg vil særleg
leggje vekt på bruk av fredsdiplomati, inkludering av kvinner og
vern av sivile og arbeide for at klimarelaterte sikkerheitstruslar
blir drøfta i Tryggingsrådet.
Regjeringa har
lagt fram ein ny langtidsplan for forsvarssektoren.
Det siste året
har Noreg delteke i militære operasjonar i Afghanistan, Irak og
Mali.
Den nye etterretningstenestelova
som vart vedteken i juni, kjem til å styrkje den sjølvstendige etterretningsevna
vår.
Noreg har hatt
ei feilaktig praktisering av reglane for å ta med sjukepengar, arbeidsavklaringspengar
og pleiepengar frå Noreg til eit anna EØS-land. Mange har fått urettmessige
tilbakebetalingskrav retta mot seg, og enkelte har også vorte melde
og dømde. Hausten 2019 oppnemnde regjeringa eit eksternt utval som
har granska saka. Læringspunkt frå utvalet blir no følgde opp.
Frå 1. januar 2020
har 19 fylke vorte til 11. Eit viktig mål med regionreforma er større
fylkeskommunar med auka kapasitet og kompetanse til å ta seg av
oppgåvene på ein betre måte.
Denne hausten tredde
fagfornyinga i kraft, og innføringa av nye læreplanar for grunnopplæringa
og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring starta.
Regjeringa vidarefører
satsinga på kompetanseutvikling for lærarar i barnehage og skule
og har styrkt kapasiteten i høgare utdanning betrakteleg.
Gjennomføringa
av politireforma har styrkt kvaliteten på politiet sitt arbeid.
I løpet av snart sju år har regjeringa auka bemanninga i politiet
med om lag 2 500 årsverk.
Regjeringa har
lagt fram ein nasjonal helse- og sjukehusplan for 2020–2023.
Vidare har regjeringa
lagt fram forslag om ei ny lov om e-helse. Lova skal vere med på
å styrkje og leggje til rette for digitalisering i helse- og omsorgssektoren.
Regjeringa har
også lagt fram ein handlingsplan for allmennlegetenesta med ein
forpliktande opptrappingsplan for perioden 2020–2024.
Frå 1. september
2020 vart barnetrygda for barn under seks år auka med 3600 kr i
året. Auken er med på å styrkje familieøkonomien og betyr mest for
familiar med låg inntekt.
Regjeringa har
lagt fram endringar i barnevernlova for å styrkje kvaliteten på
arbeidet i barnevernet og styrkje rettstryggleiken til barn og familiar.
I april inngjekk
regjeringa ein jordbruksavtale med næringa, etter ei forenkla forhandling.
Aktiviteten innanfor
bygging og vedlikehald av veg og jernbane er framleis høg, og arbeidet
med jernbanereforma held fram. Konkurransane om jernbanetrafikken
kjem til å gi reisande eit betre tilbod.
Noreg var det tredje
landet i verda som melde inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen.
Noregs forsterka klimamål for 2030 er å redusere utsleppa med minst
50 pst. og opp mot 55 pst. samanlikna med 1990-nivå.
Virusutbrotet førte
til uro i finansmarknadene, og den norske krona svekte seg betydeleg.
Sidan har uroa gått ned og krona har stabilisert seg, men er framleis
svakare enn i fjor. Ei svak krone betrar konkurranseevna for norsk
konkurranseutsett næringsliv.
Etter to år med
ganske moderat prisvekst fall bustadprisane noko etter virusutbrotet.
Prisfallet var mindre enn venta og er no meir enn henta inn igjen.
Gjeldsveksten i hushalda har minka dei siste åra, men gjelda er
framleis høg og gjer at norsk økonomi er sårbar. Regjeringa har
sett i verk tiltak for ei sunnare utvikling i gjelda til hushalda,
både for forbruksgjeld og bustadgjeld.
Overskotet på driftsbalansen
overfor utlandet var på 145 mrd. kr i 2019, og gjekk ned frå 252 mrd. kr
i 2018.
Gjennomsnittleg
lønsvekst frå 2018 til 2019 var på 3,5 pst. Lønningane auka meir
enn konsumprisane, og realløna etter skatt voks med 1,5 pst. i fjor.
Konsumprisane var
1,2 pst. høgare i perioden januar–august i år enn i same periode
i fjor.
I 2019 utgjorde
verdiskapinga i petroleumssektoren 15 pst. av Noregs bruttonasjonalprodukt,
og statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda var på 257 mrd. kr.
Sjukefråværet var
stabilt frå 2018 til 2019. Justert for influensa- og koronadiagnosar
gjekk sjukefråværet litt ned i 2. kvartal 2020. Eit av måla i IA-avtalen
er å redusere sjukefråværet med 10 pst. frå 2018.
Befolkninga i Noreg
heldt fram med å vekse i 2019, men i eit lågare tempo enn årsgjennomsnittet
sidan 2010. Nettoinnvandringa gjekk opp i fjor. I 2019 auka befolkninga
med om lag 39 000 personar, og knapt 65 pst. kom av nettoinnvandring.
I 2019 vart det fødd 54 495 barn. Det var 625 færre enn i 2018.
Påslaga i pengemarknadene
har falle ein del, etter betydeleg tilførsel av likviditet frå sentralbankane.
Norske pengemarknadsrenter er no dei lågaste nokosinne.
Statens pensjonsfond
hadde ved utgangen av første halvår 2020 ein samla marknadsverdi
på 10 655 mrd. kr, ein auke på 302 mrd. kr sidan inngangen til året.
I september la regjeringa fram den årlege meldinga om fondet.
Stortinget si
behandling av dei årlege meldingane om Statens pensjonsfond bidreg
til å forankre den langsiktige investeringsstrategien og legg til
rette for at vi kan halde fast ved den valde strategien, også i
periodar med uro i marknadene.
Det regjeringsnedsette
utvalet som har gått igjennom det etiske rammeverket for Statens
pensjonsfond utland, leverte si utgreiing 15. juni i år. Retningslinjene
for observasjon og utelukking er sentrale i rammeverket for fondet
og er viktige for legitimiteten til fondet. Utgreiinga vart send
på høyring 24. juni.
I møte med det
økonomiske tilbakeslaget som følgde virusutbrotet, er det innført
ei mellombels ordning for lønsstøtte til verksemder med sikte på
at ein raskt kan få ned talet på permitterte. Samtidig er det oppretta
ei mellombels kompensasjonsordning for bedrifter med stor omsetningssvikt
og nye garanti- og låneordningar for næringslivet med sikte på å
auke likviditeten i bedriftene. I garantiordninga for banklån til
bedrifter garanterer staten for 90 pst. av låna innanfor ei samla garantiramme
på 50 mrd. kr. Statens obligasjonsfond skal bidra til auka likviditet
og kapital til obligasjonsmarknaden gjennom kjøp på marknadsmessige
vilkår av renteberande instrument som er utskrivne av norske selskap.
Erfaringane frå
det siste halve året viser at skattesystemet og inntektssikringsordningane
automatisk bidreg til å stabilisere økonomien. Når omsetning og
inntekter har svikta, er også skattar og avgifter reduserte, og
den inndragande effekten av skattane er dempa. Omvendt vil skattesystemet
trekkje inn større inntekter når økonomien blir betra. Det er viktig
å sikre denne motsykliske funksjonen som skattesystemet har.
Auka løyvingar
og lågare skatteinntekter svekkjer statens finansar kraftig i 2020.
Oljepengebruken er på eit svært høgt nivå.
Som nasjon er
vi avhengige av å halde ved like og vidareutvikle det internasjonale
samarbeidet. Noreg vil forsvare dei grunnleggjande verdiane og interessene
våre i ei tid der vi ser eit aukande press mot rettsstat, demokrati,
ytringsfridom og internasjonal rettsorden.
I europapolitikken
legg vi vekt på at EØS-avtalen skal halde fram med å vere ei velfungerande
ramme for Noregs samarbeid med EU. Avtalen sikrar full tilgang til
den viktigaste marknaden vår og gir tilgang til viktig arbeidskraft.
Regjeringa legg
vekt på at norsk næringsliv skal ha gode, solide og føreseielege
rammevilkår internasjonalt. Regjeringa jobbar for at Verdas handelsorganisasjon,
WTO, framleis skal fungere som det grunnleggjande avtaleverket for
global handel.
Statsministeren
leier FNs pådrivargruppe for berekraftsmåla. Regjeringa jobbar for
å oppnå dei 17 berekraftsmåla både i Noreg og i utviklingsland.
Regjeringa intensiverer
innsatsen i utviklingspolitikken for spesielt sårbare og utsette
grupper. Innsatsen for klimatilpassing, førebygging av naturkatastrofar
og svoltnedkjemping har vorte forsterka. Vidare sørgjer regjeringa
for at vi framleis har ei leiarrolle internasjonalt for utdanning
i utviklingsland.
Tiltaka for menneskerettar,
kvinners rettar og likestilling skal reflekterast i det breie arbeidet
utanrikstenesta gjer.
Noreg har vidareført
innsatsen i ei rekkje freds- og forsoningsprosessar, bl.a. i Venezuela,
Colombia, Sør-Sudan, Sudan, Filippinane, Somalia, Afghanistan og
Myanmar.
Det er ei rekkje
humanitære kriser i verda, og opp mot 80 millionar menneske er på
flukt. Regjeringa er ein pådrivar for å sikre at humanitærretten
blir etterlevd, og for at humanitære aktørar får tilgang til å hjelpe
og verne dei som treng det. Regjeringa har auka det humanitære budsjettet
markant sidan 2013 og tilpassa innretninga på den humanitære bistanden
i møte med dei auka utfordringane covid-19 medfører. Dette er gjort
for å sikre trygg og uhindra humanitær tilgang til naudlidande.
Regjeringa arbeider
for at Arktis skal halde fram som ein fredeleg og stabil region,
med Arktisk råd som det sentrale samarbeidsforumet for regionen.
Noreg arbeider
aktivt for rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing av kjernevåpen.
Verifikasjon av nedrusting er eit særskilt satsingsområde.
Regjeringa ønskjer
eit godt naboforhold til Russland og har vidareført eit breitt bilateralt
samarbeid, som folk-til-folk-samarbeid, innan fiskeri, miljø og
atomsikkerheit. Det meste av det tosidige samarbeidet fungerer godt,
sjølv om forholdet mellom Russland og Vesten framleis er krevjande.
EØS-midlane er
eit viktig europapolitisk verktøy, og gjennom dei bidreg Noreg til
sosial og økonomisk utjamning i EU.
Menneskerettane
er under press internasjonalt, også på vårt eige kontinent. På fleire
område er situasjonen forverra som følgje av pandemien og smitteverntiltaka.
Regjeringa bidreg i internasjonale forum, bilateralt og saman med
likesinna land, for å oppnå resultat, inkludert gjennom økonomisk
og politisk støtte til menneskerettsforkjemparar.
For å bremse konsekvensane
av virusutbrotet har Noreg teke initiativ til eit nytt FN-fleirpartnarfond.
Regjeringa har gitt eit ekstra bidrag på 50 mill. kr til Verdas
helseorganisasjonen, WHO, og gitt betydelege bidrag til partnarlanda
våre i utviklingspolitikken.
Covid-19-pandemien
har gjort det nødvendig å avgrense trafikken over landegrensene,
med karantenereglar, innreiserestriksjonar og reiseråd. Det har
hatt store konsekvensar for arbeidspendlarar, turisme, handel og
folk-til-folk-kontakt.
NATO er hjørnesteinen
i norsk sikkerheitspolitikk. Noreg har bidrege substansielt til
NATOs operasjonar, misjonar og ståande styrkar. Vidare har Noreg
arbeidd for auka beredskap, styrking av NATOs avskrekking og forsvar
og for å fremje norske interesser knytte særleg til Nord-Atlanteren
og maritime spørsmål. I tillegg er det viktig for Noreg at NATO kontinuerleg
tilpassar seg ein sikkerheitssituasjon i endring.
Nordområda får
auka strategisk betydning. Russland kjem framleis til å vere ein
dimensjonerande faktor for norsk sikkerheits- og utanrikspolitikk,
men det blir også viktigare å følgje med på den auka interessa Kina
og nære allierte har vist for Arktis og nordområda.
For å leggje til
rette for ei saumlaus og rask forsterking ved behov er det avgjerande
å styrkje det operative samarbeidet med nære allierte i norske nærområde,
også i fredstid. Det tette og gode operative samarbeidet med USA
og Storbritannia er viktig i den samanhengen. I tillegg har Noregs
tilslutning til European Intervention Initative, EI2, styrkt samarbeidet
vårt med sentrale europeiske allierte og partnarar.
Forsvaret har
sikra suverenitetshevding og situasjonsovervaking i nordområda gjennom
å vere til stades med fartøy og fly.
Gjennom det siste
året har regjeringa følgt opp ambisjonane i langtidsplanen for Forsvaret.
Den operative
evna til Forsvaret er styrkt gjennom ei berekraftig og systematisk
satsing på auka tilgjenge, auka uthald, reduserte klartider og auka
bemanning, aktivitet og nærvær. F-35-kampflya nådde også ein milestolpe
i 2019 då systemet oppnådde status som initialt operativt med totalt
25 fly, i tillegg til at etableringa av Ørland flystasjon som vår hovudbase
for kampflya pågår med full kraft.
Styrkinga av Hæren
har vorte vidareført gjennom oppbygging av Finnmark landforsvar
og auka nærvær ved Garnisonen i Sør-Varanger.
Gjennom eit strategisk
samarbeid med sivil industri får Forsvaret raskare tilgang til ny
teknologi og kan følgje den raske utviklinga på IKT-området tettare.
Regjeringa har
lagt fram ei ny stortingsmelding om personell frå internasjonale
operasjonar. Dei prioriterte områda for den vidare veteranpolitikken
er familiane og barna til veteranane, kompetansebygging i det sivile
hjelpeapparatet og forsking.
Regjeringa har
arbeidd vidare med å tilpasse personell- og kompetansestrukturen
i Forsvaret ved å gjennomføre sentrale og viktige personellreformer,
som ei ordning for militært tilsette og utdanningsreforma. Forsvaret
har sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere omfanget av seksuallovbrot,
mobbing og trakassering.
For å bøte på
konsekvensane virusutbrotet har hatt for forsvarsindustrien, har
regjeringa sett i gang ei rekkje tiltak. Dette omfattar bl.a. forsering
av godkjende prosjekt som oppgradering av køyretøy til Hæren og
korvettar i Skjold-klassen, auka rammer til forsking og utvikling,
dispensasjonar frå føresegnene i anskaffingsregelverket og innføring
av tiltak retta også mot små og mellomstore bedrifter.
Regjeringa har
oppnemnt eit utval som skal evaluere pensjonsreforma. Utvalet skal
evaluere om ein kan nå dei langsiktige måla for reforma, og vurdere
behovet for justeringar som kan sikre den økonomiske og sosiale
berekrafta til pensjonssystemet.
Vi har eit felles
mål om eit godt og seriøst arbeidsliv. Det er viktig at arbeidstakarane
har gode og trygge arbeidsforhold. For verksemdene er det heilt
avgjerande med rettferdige konkurransevilkår. Det er etablert ein
brei innsats mot arbeidslivskriminalitet, med vekt på felles kontrollar.
Ifølgje politiet og kontrolletatane ser omfanget av arbeidslivskriminalitet
ikkje lenger ut til å auke. Arbeidslivskriminaliteten er likevel
krevjande å avdekkje fordi kriminelle aktørar tilpassar seg og kamuflerer
verksemda si. Myndigheitene har forsterka innsatsen gjennom førebygging
og tiltak for å gjere marknaden for dei kriminelle så liten som
mogleg, ved å hjelpe offentlege og private innkjøparar til å velje
seriøse leverandørar.
Lønsoppgjeret
i 2020 er eit hovudoppgjer. Forhandlingane vart utsette til hausten
2020 på grunn av covid-19-pandemien. Med eit krevjande utgangspunkt
i år har avtalerevisjonane så langt i hovudsak vore løyste gjennom
forhandlingar og mekling.
Det norske reguleringsregimet
for helse, miljø og sikkerheit i petroleumsnæringa fungerer i hovudsak
godt og bør vidareførast. Oljepris- og konjunktursvingingar, covid-19-pandemien
og andre omstillingar og endringar i næringa kan likevel påverke
dagens risikonivå. Eit framleis godt partssamarbeid, kunnskapsutvikling
og eit sterkt og tydeleg tilsyn er ein føresetnad for ei god utvikling
også framover. Regjeringa sin ambisjon om at norsk petroleumsverksemd
skal vere verdsleiande på HMS, ligg fast.
Som følgje av
covid-19-pandemien vedtok Stortinget fleire mellombelse endringar
i eksisterande ordningar og innførte nye mellombelse ordningar innanfor
ansvarsområdet til arbeids- og velferdsetaten, Nav. I 2020 har arbeids-
og velferdsetaten vorte mellombels styrkt med til saman 900 mill. kr
m.a. for å gjennomføre stortingsvedtaket systemmessig og handtere
ein markant auke i omfanget av søknader om ytingar. Etaten har likevel
måtta skyve på ein betydeleg del av dei ordinære oppgåvene sine.
I tillegg til nye og endra ordningar etablerte etaten ei mellombels
forskotsløysing for dagpengar, for å sikre søkjarar inntekt.
I møte med virusutbrotet
og dei omfattande smitteverntiltaka som vart innførte, vart fleire
verkemiddel i arbeidsmarknadspolitikken lagde om. I første fase
av krisa var målet å sikre inntekt til alle som vart ramma av virusutbrotet
og smitteverntiltaka. Permitteringsordninga og dagpengeordninga
vart mellombels endra for å redusere kostnadene til arbeidsgivarar
og for å sikre høgare kompensasjon til personar som vart permitterte
eller arbeidslause. Det vart også etablert mellombelse inntektssikringsordningar
for sjølvstendige og frilansarar og for lærlingar. Det er lagt til
rette for at fleire permitterte og arbeidslause skal kunne få opplæring,
bl.a. ved at det mellombels er høve til å behalde dagpengane i opplæringsperioden.
For å møte utfordringar
som følgje av virusutbrotet vart også sjukepengeregelverket og regelverket
for omsorgspengar endra mellombels. Retten til å bruke eigenmelding
var i den første fasen utvida. Arbeidsgivars finansiering av koronarelatert
sjukefråvær og omsorgspengar vart redusert. Sjølvstendige og frilansarar
fekk utvida rett til sjukepengar ved koronarelatert sjukefråvær.
Samtidig vart retten til omsorgspengar mellombels utvida for arbeidstakarar,
frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande som måtte vere borte
frå arbeidet fordi skule eller barnehage var stengd som følgje av
covid-19-pandemien.
Regjeringa har
lagt stor vekt på å følgje opp Digital21, som er tilrådingane frå
næringslivet knytte til digitalisering. Fleire tilrådingar er følgde
opp gjennom Nasjonal strategi for kunstig intelligens og digitaliseringsstrategien
for offentleg sektor.
Strategien for
kunstig intelligens, som vart lagd fram i januar i år, legg vekt
på korleis Noreg skal utvikle og nytte kunstig intelligens for å
skape verdiar og arbeidsplassar.
Kunstig intelligens
bidreg til at Noreg kan utnytte innovasjonskrafta på område der
vi har særskilde fortrinn, som helse, hav, offentleg forvaltning,
energi og mobilitet. Regjeringa vil at Noreg skal gå føre i utvikling
og bruk av kunstig intelligens, med respekt for rettane og fridommen
til kvar enkelt. Data er eit viktig utgangspunkt for utvikling og
bruk av kunstig intelligens. Det skal derfor leggjast til rette
for deling av data innanfor og på tvers av bransjar og sektorar.
Målet er ein effektiv
offentleg sektor som leverer gode tenester til innbyggjarane, har
høg grad av tillit i befolkninga og finn nye løysingar på samfunnsutfordringar
i samarbeid med innbyggjarane, næringslivet, forskingsmiljøa og
sivilsamfunnet.
Arbeidet med å
gjennomføre digitaliseringsstrategien er i gang. Strategien rettar
seg mot ei tydeleg brukarsentrert tenesteutvikling, bl.a. ved at
ein utviklar samanhengande tenester innanfor sju livshendingar.
Ei meir effektiv og samordna utnytting av felles IT-løysingar er
viktig for å få dette til.
Staten bidreg
i 2020 med over 230 mill. kr til auka teleberedskap og med 406 mill. kr
til breiband i område utan kommersielt grunnlag for utbygging. Noreg
har den høgaste internettbruken i befolkninga av alle europeiske
land, og saman med Danmark den beste mobil- og breibandstilgangen. Digitalisering
av plan- og byggjesaksprosessane, eigedomstransaksjonar og det geografiske
kunnskapsgrunnlaget på land og til sjøs er prioritert.
5G er lansert
fleire stader i Noreg i 2020.
Byggkvalitetsutvalet
har vurdert verkemiddel som skal bidra til forsvarleg byggkvalitet.
Utvalet leverte sin rapport i februar 2020. Rapporten var på høyring
til 1. september.
Regjeringa har
lagt fram ei stortingsmelding om distriktspolitikken.
Kommunane har
fått ei ny og moderne kommunelov. Lova skal styrkje det kommunale
sjølvstyret.
Planlegging etter
plan- og bygningslova er ein av nøklane til berekraftig utvikling
i heile landet og for at Noreg skal nå FNs berekraftsmål innan 2030.
Desse måla skal leggjast til grunn for samfunns- og arealplanlegginga.
Endringar i klimaet har ført til uventa og uønskte hendingar i kommunane.
Regjeringa legg vekt på at samfunnssikkerheit og klimatilpassing
blir eit gjennomgåande tema frå plansak til utbygging.
Kommunane har
gjort ein stor innsats i møte med virusutbrotet. Dei har sørgt for
å verne befolkninga gjennom smitteverntiltak, samtidig som dei har
levert tenester til innbyggjarane under nye og krevjande omstende.
Kompenserande tiltak til kommunesektoren i samband med virusutbrotet
utgjer over 12 mrd. kr. Som eitt av fleire tiltak for å motverke arbeidsløysa
har kommunane fått eit tilskot på 2,5 mrd. kr til vedlikehald av
kommunale bygg og anlegg.
Regjeringa fører
vidare arbeidet med forenklingar for næringslivet. Sidan 2018 er
det gjennomført forenklingstiltak som anslagsvis gir gevinstar for
næringslivet på om lag 3,6 mrd. kr årleg.
Regjeringa har
som mål at Noreg skal vere ein leiande havnasjon og ha størst mogleg
berekraftig verdiskaping frå havet. Norsk fiskeri- og sjømatnæring
er ei lønsam, berekraftig og viktig næring for Noreg med produksjon
av mat som verda treng. Dette er eit godt utgangspunkt for å utvikle
meir aktivitet og fleire arbeidsplassar langs kysten vår. Regjeringa ønskjer
derfor å leggje til rette for vidare utvikling av næringa.
I november 2019
la regjeringa fram ei ny eigarskapsmelding som gjer greie for kvifor
staten eig direkte i selskap, kva staten eig, og korleis staten
utøver eigarskapen sin. Regjeringa vil framleis føre ein ansvarleg
eigarpolitikk basert på fastlagde rammer. Med dette som utgangspunkt
er eigarpolitikken tydeleggjord og vidareutvikla. Verdien av statens
direkte eigarskap var 974 mrd. kr ved utgangen av 2019. For rekneskapsåret
2019 har staten motteke om lag 42 mrd. kr i utbyte frå selskapa
med direkte statleg eigardel.
Noreg har ratifisert
Polhavsavtalen, som skal forhindre uregulert fiske i internasjonal
del av Polhavet og fremje forsking i dette området.
1. februar i år
starta ein overgangsperiode i EU, Storbritannia og Noreg etter at
Storbritannia gjekk ut av EU. For å sikre eit best mogleg nærings-
og handelspolitisk samarbeid og best mogleg tilgang til den britiske
marknaden når overgangsperioden går ut ved årsskiftet arbeider regjeringa
med å forhandle fram ein ny og omfattande frihandelsavtale med Storbritannia.
Regjeringa la
i desember 2019 fram stortingsmeldinga Høytflyvende satellitter
– jordnære formål. En strategi for norsk romvirksomhet, Meld. St. 10
for 2019–2020. Norsk satsing på romverksemd er nytteorientert, med
vektlegging av næringsutvikling og konkrete nasjonale brukarbehov
innanfor nesten alle samfunnssektorar.
Regjeringa har
sett i verk fleire tiltak for at norsk næringsliv skal halde i gang
arbeidet med forsking, innovasjon og omstilling trass i det økonomiske
tilbakeslaget som har følgt etter virusutbrotet. Verkemiddelaktørane
omstilte seg raskt for å hjelpe bedriftene.
Ei viktig målsetjing
for regjeringa har, også under covid-19-pandemien, vore å fremje
utviklinga av ei grøn maritim næring. Regjeringa ønskjer å bidra
til å halde ved like aktivitet og arbeidsplassar i norsk maritim
verfts- og leverandørindustri og har vedteke ei verftspakke for
næringa for perioden 2020–2024.
I 2019 tok Olje-
og energidepartementet imot utbyggingsplanar for fem nye olje- og
gassprosjekt i tillegg til utbyggingsplanen for havvindprosjektet
Hywind Tampen. Hittil i 2020 har departementet motteke to utbyggingsplanar.
Utbyggingsplanen for Northern Lights-prosjektet er den første utbyggingsplanen
for lagring av CO2 under
havbotnen.
I 2019-runden
av tildeling av førehandsdefinerte område vart det tildelt 69 utvinningsløyve
til 28 oljeselskap. Tildeling i førehandsdefinerte område for 2020
er utlyst, og utlysinga av 25. konsesjonsrunde er send på offentleg
høyring.
Petroleumsinvesteringane
var på om lag 150 mrd. kr i 2019 og er venta å gå ned i år og dei
næraste åra. For å halde oppe aktivitetsnivået på mellomlang sikt
er det nødvendig å gjere nye funn og å identifisere ytterlegare
tiltak for auka utvinning på eksisterande felt.
Samla produksjon
i 2019 var rundt 3,7 millionar fat oljeekvivalentar per dag, noko
som var ein svak nedgang samanlikna med året før. Ein reknar med
at samla produksjon aukar fram mot rundt 2024. Noreg dekkjer mellom
20 og 25 pst. av EUs gassforbruk og bidreg i overgangen til eit
fornybart lågutsleppssamfunn i Europa. Det er 88 felt i produksjon,
og ytterlegare 15 prosjekt er under utbygging over heile sokkelen.
Olje- og gassnæringa
kjem framleis til å spele ei viktig rolle i norsk økonomi i næraste
framtid og gi eit betydeleg bidrag til framtidig finansiering av
det norske velferdssamfunnet. Statens samla petroleumsinntekter
var på 257 mrd. kr i 2019 og blir anslått til 98 mrd. kr i år, tilsvarande
10 pst. av statens samla inntekter.
Leverandørindustrien
til petroleumssektoren er Noregs nest største næring, etter sal
av olje og gass. Denne industrien skaper svært mange arbeidsplassar
og lokal næringsutvikling i alle fylke i landet. Om lag 30 pst.
av omsetninga til leverandørindustrien kjem frå internasjonale marknader.
Covid-19-pandemien og det samtidige oljeprisfallet har ramma leverandørindustrien
hardt.
Som følgje av
virusutbrotet og låge olje- og gassprisar har oljeselskapa sett
seg nøydde til å skyve på investeringar, bl.a. leiting, og ikkje-kritisk
vedlikehald. Det var derfor viktig at eit breitt fleirtal på Stortinget
vart einig om å setje inn mellombelse tiltak som betrar likviditeten
i petroleumsselskapa og gir auka moglegheiter til å gjennomføre
dei lønsame investeringane som var planlagde før virusutbrotet.
Som tiltak for
å møte ubalansen i den globale marknaden har Olje- og energidepartementet,
for å understøtte god ressursforvaltning og aktiviteten i næringa,
sett i verk produksjonsregulerande tiltak for råolje på norsk sokkel.
I samarbeid med
industrielle partnarar har regjeringa gjennomført eit omfattande
og grundig arbeid med ulike utgreiingar og studiar av fullskala
CO2-handtering og lagt fram stortingsmeldinga
om fullskala CO2-handtering
i Noreg.
Gjennomsnittleg
kraftpris for 2019 var på 38,3 øre/kWh. I første halvår 2020 var
gjennomsnittleg kraftpris 11,2 øre/kWh – 30 øre lågare enn på same
tid i fjor. Dei låge prisane kjem i hovudsak av vêrforholda. Mykje
vindkraftproduksjon i Norden har også bidrege til å senke kraftprisen.
I 2019 var kraftproduksjonen
i Noreg 134,6 TWh – ein nedgang på over 12 TWh frå året før. Kraftforbruket
i 2019 enda på 134,7 TWh og med ein nettoimport på 0,1 TWh. 2019
var første år sidan 2010 at Noreg ikkje var nettoeksportør av kraft.
Første halvår 2020 har Noreg ein nettoeksport på 5,4 TWh.
Norsk kraftforsyning
har den høgaste fornybarandelen og dei lågaste utsleppa i Europa
med unntak av Island. I 2019 kom om lag 98 pst. av kraftproduksjonen
frå vasskraft og vindkraft. I løpet av same år vart 2,3 TWh ny kraftproduksjon sett
i drift. Ved inngangen til 2020 var 11 TWh ny fornybar kraftproduksjon
under utbygging, i all hovudsak vindkraft.
I stortingsmeldinga
om vindkraft på land som vart lagd fram i juni 2020, har regjeringa
gått grundig gjennom konsesjonsbehandlinga.
Ein god skule
og kunnskap er viktig for å skape moglegheiter for alle. Tidleg
innsats er avgjerande for å gi alle barn og unge ei opplæring som
førebur dei til framtida. Målet er at flest mogleg skal fullføre
grunnopplæringa. Regjeringa forsterkar innsatsen og la i november
2019 fram ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande
fellesskap med over 60 tiltak som skal følgjast opp.
Familiens økonomi
kan hindre at barna får gå i barnehage eller på skulefritidsordninga.
Regjeringa har auka inntektsgrensene for moderasjonsordningane i
barnehage og innført moderasjonsordning for SFO på 1. og 2. trinn.
Dermed vil fleire familiar få moglegheit til å la barna gå i barnehage
og på SFO.
Fagfornyinga i
grunnopplæringa omfattar utvikling og innføring av nye læreplanar
i grunnskule og vidaregåande opplæring. Dette er den største endringa
i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Målet er at læreplanane skal
vere meir relevante for framtida og ha tydelegare prioriteringar,
og at samanhengen mellom faga skal bli betre. Dei nye læreplanane skal
takast i bruk trinnvis frå skulestart i 2020 over ein periode på
tre år. Denne hausten er dei nye læreplanane tekne i bruk på 1. til
9. trinn i grunnskulen og på 1. trinn i vidaregåande opplæring.
Det er også innført nye reglar for vurdering og eksamen.
Arbeidet med digitalisering
i skulen skal halde fram som ein del av fagfornyinga. Desentraliserte
ordningar for fordeling av kompetansemidlane skal bidra til gode
løysingar lokalt.
Frå skuleåret
2020–2021 blir det innført ny struktur i fag- og yrkesopplæringa.
Dette er den største endringa i yrkesfagutdanninga sidan Kunnskapsløftet
i 2006. Målet er at tilbodsstrukturen og innhaldet i faga blir meir
relevant for elevar og lærlingar og er i tråd med behova i arbeidslivet.
Protestbølgja
mot rasisme i USA sommaren 2020 førte til auka merksemd i heile
den vestlege verda om diskriminering av menneske. Den norske skulen
har ei viktig oppgåve i å førebyggje diskriminering og radikalisering.
Dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring og demokrati
og medborgarskap skal vere ein del av alle relevante fag og bl.a.
bidra til at elevane får ein trygg identitet, forståing for samanhengen mellom
demokrati og sentrale menneskerettar og evne til å tenkje kritisk.
Regjeringa fører
vidare arbeidet med å løyve midlar som bidreg til auka velferd for
studentar. Opptrappinga til 11 månaders studiestøtte vart oppfylt
i budsjettet for 2020.
Det blir bygd
stadig fleire nye studentbustader. I 2019 og 2020 har regjeringa
gitt tilsegn om tilskot til nesten 3 700 nye studenthyblar. I tillegg
vart det i 2020 tildelt 250 mill. kr til å oppgradere eksisterande
bustader til fornya levetid.
Regjeringa har
gjort Lånekassen meir fleksibel og betre tilpassa til vaksne med
jobb og andre forpliktingar.
I 2017 sette regjeringa
ned kompetansebehovsutvalet, som skulle gi ei best mogleg fagleg
vurdering av kompetansebehov i landet. I år vart utvalet vidareført
frå 2020 til 2026, med eit nytt mandat.
I april la regjeringa
fram Kompetansereforma – Lære hele livet, Meld. St. 15 for 2019–2020,
som legg til rette for at fleire kan utvikle kompetansen sin i tråd
med det arbeidslivet treng.
Regjeringa held
fram med å følgje opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning
2019–2028. Langtidsplanen set kursen for politikkutviklinga og investeringane
i forsking og høgare utdanning i eit tiårsperspektiv.
Deltaking i EUs
rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, og i EUs
program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+, er
ein vesentleg del av politikken for høgare utdanning og forsking.
Norske forskingsmiljø, helseføretak, offentleg sektor og næringsliv
har så langt motteke om lag 11 mrd. kr, eller 2,26 pst. av midlane
som er lyste ut i Horisont 2020 så langt.
Det er gitt oppstartløyving
for rehabilitering og nytt bygg for Vikingtidsmuseet ved Universitetet
i Oslo. Det nye museet er forventa å vere ferdig i 4. kvartal 2025.
Nybygget for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet
på Ås blir ferdigstilt hausten 2020.
Som ein sentral
del av regjeringa si integreringsreform vart forslag om ny lov om
integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid sendt til Stortinget
i mai i år.
Virusutbrotet
skapte utfordringar for barnehagar og skular. Det er særleg viktig
å ta vare på sårbare barn med vanskelege heimesituasjonar eller
særskilde behov, og det er løyvd ekstra midlar for å få på plass
tiltak som skal kome sårbare barn og unge til gode.
I møte med virusutbrotet
er også innsatsen for kompetanseheving forsterka, bl.a. gjennom
Utdanningsløftet 2020, med tiltak som legg til rette for at fleire
får fullført fag-, yrkes- og vidaregåande opplæring, og kompetansehevande
opplæring for tilsette i utsette næringar. Det er også løyvd ekstraordinære
lån og stipend gjennom Lånekassen for studentar som har opplevd
inntektsbortfall som følgje av virusutbrotet.
Virusutbrotet
har ramma flyktningar og nykomne innvandrarar hardt. Utbrotet har
ført til høg arbeidsløyse, og for arbeidstakarar med låg formell
kompetanse og lite yrkeserfaring kan det bli utfordrande å kome
i jobb i tida framover. Introduksjonsprogrammet er derfor forsterka
med bl.a. utvida programtid for deltakarar, meir opplæring i norsk
og samfunnskunnskap, styrking av tilskotsordninga Jobbsjansen og meir
karriererettleiing.
Behovet for målretta
informasjon om virusutbrotet til ulike innvandrargrupper er stort.
Det gjeld både helseinformasjon og informasjon om sosiale og økonomiske
konsekvensar for kvar enkelt. Løyvingane til informasjonsarbeid
i både landsdekkjande og lokale frivillige organisasjonar er derfor auka,
og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, IMDi, har fått eit styrkt
koordineringsansvar for tiltak og informasjon retta mot innvandrarbefolkninga.
I tillegg legg IMDi til rette for særskilde informasjonstiltak som
er sette i verk overfor innvandrarbefolkninga, og fungerer som eit
bindeledd mot frivillig sektor.
I mai i år la
regjeringa fram forslag til ei ny, heilskapleg språklov.
Regjeringa la
i juni fram forslag til ei ny mediestøttelov, og 1. juli tredde
lov om redaksjonell uavhengigheit og ansvar i redaktørstyrte journalistiske
medium i kraft.
I mai vedtok Stortinget
forslaget frå regjeringa om å ta inn ei eiga føresegn i kringkastingslova
som gir Medietilsynet heimel til å stanse marknadsføring for pengespel
som ikkje har løyve i Noreg.
Det er innført
ein ny framtidsretta og ubyråkratisk finansieringsmodell for NRK,
som frå og med i år blir finansiert over statsbudsjettet.
Det er oppretta
70 nye arbeidsplassar ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Kapasitetsutvidinga
gjer det mogleg å oppskalere arbeidet med å digitalisere kulturarvsmateriale
i norske arkiv, bibliotek og museum.
Regjeringa oppnemnde
i februar ein ytringsfridomskommisjon som skal gå gjennom ytringsfridomens
stilling i Noreg på grunnleggjande vis.
Regjeringa har
lagt fram ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering på grunn
av etnisitet og religion og ein handlingsplan mot diskriminering
og hat mot muslimar.
Frå 1. januar
2020 vart det etablert eit lågterskeltilbod for behandling av saker
om seksuell trakassering. Diskrimineringsnemnda har fått behandlingsmyndigheita.
Frå same tidspunkt har arbeidsgivarar og offentlege myndigheiter
fått ei styrkt plikt til å arbeide aktivt for å fremje likestilling
og for å gjere greie for likestillingsarbeidet sitt.
Regjeringa har
lagt fram ein handlingsplan for likestilling av personar med funksjonsnedsetjing.
Handlingsplanen følgjer opp FN-konvensjonen om rettane til menneske
med nedsett funksjonsevne, CRPD, og tilrådingane frå CRPD-komiteen
som vart avgitt våren 2019.
Ei rekkje kultur-,
frivilligheits- og idrettsarrangement har vorte heilt eller delvis
avlyste, stengde eller utsette som følgje av smitteverntiltaka i
møte med virusutbrotet. For å avgrense skadeverknadene er det oppretta
kompensasjonsordningar for avlyste eller utsette arrangement innanfor
kultur, frivilligheit og idrett.
Under virusutbrotet
har mange mediebedrifter opplevd at store delar av annonseinntektene
har falle bort. For regjeringa er det eit sentralt mål at media
kan halde i gang den viktige samfunnsfunksjonen sin. Det vart derfor
innført ei mellombels kompensasjonsordning for redaktørstyrte medium.
Regjeringa vidarefører
det viktige arbeidet med å sikre Noreg eit politi som er betre i
stand til å handtere eit stadig meir mobilt og digitalt kriminalitetsbilete.
For å invitere
til debatt om den vidare utviklinga av politiet la regjeringa fram
ei stortingsmelding om politiet for Stortinget våren 2020.
Våren 2020 sikra
regjeringa helikopterberedskapen for politiet i Nord-Noreg med eit
sivilt helikopter med éin times responstid heile døgnet, året rundt.
Eit nytt nasjonalt beredskapssenter skal stå ferdig i haust.
Politisamarbeidet
mellom Noreg og Sverige er utvida. Ein ny avtale tredde i kraft
i vår, og Noreg og Sverige kan no be om hjelp frå dei nasjonale
beredskapsressursane til nabolandet i krisesituasjonar.
I 2020 opna eit
nytt fengsel i Agder, det største fengselet i landet med høgt sikkerheitsnivå,
med i alt 300 plassar. Fengselet markerer eit viktig løft for norsk
kriminalomsorg. Moderne fengselsbygg gir betre forhold for både
dei innsette og dei tilsette og legg til rette for eit godt innhald
i soninga.
Frå 2020 disponerer
Sysselmannen på Svalbard tenestefartøyet M/S «Polarsyssel» heile
året. Fartøyet er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng
og er viktig for Sysselmannens evne til å føre oppsyn og utøve myndigheit
på øygruppa.
Talet på asylsøkjarar
i Noreg er framleis lågt. Det låge talet på asylsøkjarar og irregulære
migrantar heng bl.a. saman med tiltak på yttergrensa, europeisk
samarbeid med tredjeland og reiserestriksjonar knytte til covid-19.
Vi samarbeider
tett med EU for å fremje trygge samfunn, grunnleggjande rettar og
multilateralt samarbeid i møte med felles utfordringar som klimaendringar
og migrasjon.
Regjeringa har
bidrege til å finne globale og regionale løysingar på dagens migrasjonsutfordringar
gjennom å delta i aktuelle FN- og EU-prosessar og gjennom samarbeid
med opphavsland.
Regjeringa har
lagt fram eit forslag til ei ny finansavtalelov. Forslaget inneber
bl.a. eit sterkare vern for kredittkundar, ein betre tilgang til
moderne bank- og betalingstenester og ei styrking av kundens erstatningsrettslege
vern. Tenesteytarens plikter og bankkundens rettar kjem tydeleg
fram.
Politiet er eit
viktig ledd i samfunnet sin samla innsats for å avgrense smittespreiinga
under den pågåande covid-19-pandemien.
Etter forslag
frå regjeringa vedtok Stortinget ei midlertidig lov om forskriftsheimel
for å avhjelpe konsekvensar av utbrot av covid-19 mv., koronalova.
Med heimel i lova vart det våren 2020 vedteke mellombelse forskrifter
om forsvarlege, effektive og rett avpassa tiltak for å avgrense
forstyrringa av sentrale samfunnsfunksjonar som følgje av utbrotet
av covid-19 og for å avhjelpe negative konsekvensar for befolkninga,
næringslivet, offentleg sektor eller samfunnet elles.
Etter forslag
frå regjeringa har Stortinget vedteke ei mellombels lov om rekonstruksjon
for å dempe økonomiske problem som følgje av utbrot av covid-19.
Etter forslag
frå regjeringa har Stortinget vedteke ei mellombels lov om tilpassingar
i prosessregelverket for å dempe konsekvensane utbrotet av covid-19
har for saksavviklinga i domstolane og hos andre aktørar i justissektoren.
Med sterk involvering
frå kommunesektoren har regjeringa fått utgreidd ei felles kommunal
journalløysing og samhandlingsløysingar for helse- og omsorgstenesta
som heilskap, Akson. Det er brei semje om behovet for betre samhandling
i tenesta.
Over 120 000 tilsette
i den kommunale helse- og omsorgstenesta har fullført ei grunn-,
vidare- eller etterutdanning med tilskot frå Kompetanseløft 2020
i perioden 2016–2019.
Regjeringa har
sendt på høyring eit forslag om lovfesting av ei barnekoordinatorordning
for familiar med barn eller som ventar barn med alvorleg sjukdom,
skade eller nedsett funksjonsevne, og som har behov for langvarige
og samansette helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.
Frå 1. juli 2020
har personar over 67 år som har ordninga frå før, rett til brukarstyrt
personleg assistanse. Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval
som skal sjå nærare på ordninga.
Regjeringa har
innført ein sambuargaranti på sjukeheim frå 1. juli 2020.
Regjeringa følgjer
opp kvalitetsreforma Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre,
Meld. St. 15 for 2017–2018.
Stortingsmeldinga
om lindrande behandling og omsorg skal bidra til å synleggjere døden
som ein del av livet og å bidra til at dei som har behov for det,
får tilgang til lindrande behandling og omsorg.
Regjeringa har
lagt fram ein handlingsplan for allmennlegetenesta med ein forpliktande
opptrappingsplan for perioden 2020–2024.
Regjeringa har
lagt fram ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord, der det
er lagt til grunn ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg.
Regjeringa har
lagt fram ein handlingsplan for vidare reduksjon i talet på svangerskapsavbrot.
Tiltaka i planen vidarefører arbeidet med å informere og rettleie
om prevensjon og seksuell og reproduktiv helse, samtidig som tilgangen
på prevensjon blir forbetra.
I statsbudsjettet
for 2020 vart det bestemt lånerammer til utbygging av Nye Oslo universitetssykehus
på Aker og Gaustad. Nye Oslo universitetssykehus inneber nye og
moderne sjukehuslokale, auka kapasitet og tilrettelegging for nye
organisasjonsløysingar og arbeidsmetodar.
1. juli 2020 etablerte
regjeringa Eldreombodet i Ålesund. Formålet med Eldreombodet er
å fremje eldres interesser på alle samfunnsområde.
Tilsegnsramma
for investeringstilskotet i 2020 legg til rette for at det kan byggjast
og rehabiliterast 2 000 heildøgns omsorgsplassar. Sidan 2014 har
regjeringa lagt til rette for 17 500 heildøgns omsorgsplassar, med
ei samla tilsegnsramme på om lag 29,1 mrd. kr.
Per 18. september
har 267 menneske mista livet av covid-19 i Noreg. Noreg fekk kontroll
over spreiinga av koronaviruset i april 2020. 7. mai la regjeringa
fram ein strategi for å handtere covid-19-pandemien. Målet med strategien
er å sørgje for at vi til kvar tid har kontroll på smittespreiinga. Kontroll
inneber at sjukdomsbyrda er låg, og at talet på pasientar er handterbart
i helse- og omsorgstenesta. Ein ukontrollert pandemi vil gi ei samla
stor sjukdomsbyrde med så mange sjuke at det ikkje vil vere kapasitet
til å tilby intensivbehandling til alle som bør ha det.
Regjeringa har
lagt til rette for å flytte tenestene heim til pasientane ved hjelp
av digitale løysingar. Helse- og omsorgssektoren har vist stor omstillingsevne.
Blant anna utgjorde e-konsultasjonar hos fastlegar nærare 60 pst.
av alle konsultasjonar dei første vekene under pandemien. Til samanlikning var
denne andelen i gjennomsnitt 3 pst. i 2019.
Regjeringa har
gitt sjukehusa i oppdrag å sørgje for auka behandlingskapasitet
og tilstrekkeleg med intensivplassar for å handtere innlegging av
pasientar med covid-19. Regjeringa har bedt sjukehusa om å halde
beredskapen ved like, sjølv om situasjonen no er under kontroll.
Den auka beredskapen har ført til lågare aktivitet og lengre ventetider
i sjukehusa. Sjukehusa er no bedne om å gå tilbake til ei meir normal
drift.
Covid-19-pandemien
har ført til eit stort behov for smittevernutstyr både i sjukehus
og i kommunale tenester. Regjeringa har sørgt for at det vart etablert
ei felles nasjonal innkjøps- og distribusjonsordning for både kommunane
og spesialisthelsetenesta. I dag er det god tilgang til utstyr for
alle i helsetenesta.
Regjeringa har
sett i gang eit arbeid for å sjå på korleis ein framover skal organisere
oppbygging av eit eventuelt permanent beredskapslager for smittevernutstyr.
Regjeringa har
sikra at befolkninga har tilgang til legemiddel. Det er inngått
avtalar som aukar beredskapslagera, og moglegheita for legemiddelproduksjon
i Noreg skal vurderast.
Regjeringa sin
hovudstrategi for å sikre tilstrekkeleg tilgang til vaksine til
folk i Noreg er å samarbeide tett med EU. EU-kommisjonen har forsikra
om at EU sine avtalar med legemiddelselskap under vaksinestrategien
også dekkjer behova til Noreg og andre EØS/EFTA-land. EU har eit
mål om å inngå avtalar med ulike produsentar for kvar av dei mest
lovande vaksineteknologiane. EU har så langt signert éin avtale og
er i dialog med ei rekkje andre vaksineprodusentar.
Innsatsen mot
vald og overgrep mot barn er styrkt. Samla satsing på opptrappingsplanen
mot vald og overgrep i planperioden er no i overkant av 1 mrd. kr.
Kompetansesatsinga
i barnevernet er auka til over 90 mill. kr for å forbetre barnevernet
og førebu barnevernstenestene på det auka ansvaret dei får gjennom
barnevernsreforma.
Arbeidet med eit
digitalt løft for det kommunale barnevernet har vorte vidareført
gjennom prosjektet DigiBarnevern. Ein nasjonal portal for bekymringsmelding
vart lansert våren 2020.
Det er sett i
verk tiltak for å gi barn i barnevernet betre helsehjelp, og det
er sett i gang eit tett samarbeid på tvers av sektorar for ein målretta
og heilskapleg innsats for å hjelpe barn som utfører eller står
i fare for å utføre alvorleg og gjenteken kriminalitet.
Regjeringa har
sett i gang forsøk med fritidskort i 12 kommunar. Fritidskortet
skal dekkje utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for
barn i alderen 6–18 år.
Eit eige tilbod
om samlivskurs til førstegongsforeldre vart innført i 2020.
I april behandla
Stortinget ei melding om Opplysningsvesenets fond. Regjeringa følgjer
opp arbeidet i samsvar med stortingsvedtaket.
Stortinget vedtok
i april ei ny felles lov for trus- og livssynssamfunn. Lova gjeld
frå 1. januar 2021. Regjeringa har sendt på høyring forslag til
forskrifter om registrering av og tilskot til trus- og livssynssamfunn,
og om tildeling og tilbaketrekking av vigselsrett i trus- og livssynssamfunn.
Sårbare barn og
unge skal også få hjelp i krisetider. Ei tiltakspakke på 400 mill. kr
for å betre situasjonen for sårbare barn og unge i samband med utbrotet
av covid-19 vart vedteken i samband med revidert nasjonalbudsjett
for 2020. Regjeringa har jobba for eit godt samarbeid mellom ansvarlege
sektormyndigheiter og for at det ordinære tenestetilbodet til barn og
unge skulle kome tilbake i ordinær drift så raskt som mogleg etter
at samfunnet vart stengt.
Virusutbrotet
har gitt utfordringar for pakkereisearrangørar, og regjeringa har
derfor styrkt Reisegarantifondet.
Som ein del av
regjeringa si tiltakspakke retta mot bygg- og anleggsbransjen er
det løyvd 52 mill. kr i 2020 til tiltak for kulturhistorisk viktige
kyrkjer frå før 1850.
Regjeringa følgjer
opp klimaarbeid i jordbruket og gjennomfører bl.a. klimaavtalen
med jordbruket som vart inngått i fjor. Klimaarbeidet i jordbruket
inneber å redusere utsleppa, auke opptak av CO2 og styrkje klimatilpassinga.
Regjeringa har
vorte einig med Norske reindriftsamers landsforbund om ein reindriftsavtale
for 2020–2021. Avtalen inneber ei styrking av rammevilkåra for reindriftsnæringa.
Ei ny eining mot
dyrevelferdskriminalitet er etablert i Troms politidistrikt. Troms
er det sjette politidistriktet med dyrepoliti. Slike einingar finst
frå før i Øst, Innlandet, Sør-Vest, Vest og Trøndelag politidistrikt.
Alle dei fem regionane i Mattilsynet er dermed dekte.
Det blir arbeidd
med endring av kompensasjonsordninga etter avvikling av pelsdyrhald.
Endringane skal følgje opp oppmodingsvedtaket frå Stortinget om
at kompensasjonsutmålinga skal ta utgangspunkt i ekspropriasjonsrettslege
reglar.
Regjeringa fekk
gjennomført ei ekstern gransking av tilsynsverksemda til Mattilsynet
i 2019. Granskinga viser at Mattilsynet ikkje har gode nok system
og rutinar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn.
I 2020 har Mattilsynet sett i gang tiltak og jobbar kontinuerleg
med å betre forvaltningskvaliteten.
Arbeidet med trafikksikkerheit
blir prioritert høgt. I 2019 omkom 108 personar på norske vegar.
Det er like mange som i 2018 og det nest lågaste sidan 1947. Noreg
er leiande innanfor trafikksikkerheitsarbeidet og har færrast trafikkdrepne
i Europa, både når ein kontrollerer for talet på innbyggjarar og køyrde
kilometer.
Fleire veganlegg
er opna for trafikk. Prosjektet E134 Damåsen–Saggrenda gir ny vegtrasé
forbi Kongsberg. Nye Vegar AS har bygd ut strekninga på E6 frå Hamar
til Brumunddal, som opna i juli. Ryfast, som gir fastlandssamband
mellom Nord-Jæren og Ryfylke, vart opna i april.
Regjeringa arbeider
med å få mest mogleg veg for pengane som blir investerte. Prosjektet
rv. 3 / rv. 25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet i Løten og Elverum
kommunar i Innlandet er bygd ut som eit OPS-prosjekt, offentleg–privat samarbeid.
Det opna 30. juli 2020, noko som er tre månader før tida. Kostnadene
vart 20 pst. lågare enn anslått. Etter trafikkopninga skal OPS-selskapet
drifte vegen og halde han ved like.
Bompengebelastninga
er redusert gjennom nedlegging av bomstasjonar, tilskotsordninga
for reduserte takstar utanfor byområda (om lag 500 mill. kr årleg
frå 2017) og auka statlege andelar i prosjekt dei siste seks åra.
Gjennom bompengeavtalen til regjeringa frå 2019 er det innført ytterlegare tilskotsordningar
– både i og utanfor byområda. I samband med revidert nasjonalbudsjett
2020 løyvde Stortinget 740 mill. kr for å slette bompengegjeld i
fem eksisterande bompengeprosjekt.
Regjeringa arbeider
for ein samordna areal- og transportpolitikk i byområda, og det
er etablert eit vidareutvikla nullvekstmål som seier at i byområda
skal klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy reduserast gjennom
effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten blir løyst
med kollektivtilbod, sykkel og gange. I 2020 er det inngått ein
ny byvekstavtale for Nord-Jæren. Ein tilleggsavtale til byvekstavtalen for
Trondheims-området og ny byvekstavtale med Bergens-området har fått
tilslutning frå alle partane. Gjennom avtalane bidreg staten med
betydelege midlar til tiltak for betre kollektivtransport, sykling
og gåing.
Frå 1. januar
2020 vart Statens vegvesen organisert etter funksjonar og oppgåver
i seks divisjonar og eitt direktorat. Organisasjonsmodellen skal
leggje til rette for meir effektiv ressursbruk.
Som ein del av
regionreforma vart den felles vegadministrasjonen for riks- og fylkesveg
avvikla frå 1. januar 2020. Fylkeskommunane har no ansvaret for
å administrere og utføre alle oppgåver på eige vegnett, dvs. arbeid
knytt til planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald
av fylkesvegane. Overføringa av fylkesvegadministrasjonen er ein
viktig del av regionreforma, som styrkjer fylkeskommunane si rolle som
samfunnsutviklar, med klarare rapporteringslinjer og god samhandling
mellom fag og politikk.
I desember 2019
inngjekk staten avtale med Vy Tog AS om rettane til å trafikkere
trafikkpakke 3 Vest. I løpet av avtaleperioden med eventuelle opsjonar
får staten inntil 2 200 mill. kr. Avtalane som er inngått, er ein
del av regjeringa sitt arbeid med å skape ein meir kundeorientert
og forretningsmessig jernbane.
Under det pågåande
virusutbrotet er det gjennomført ei rekkje tiltak for å bidra til
å halde i gang eit grunnleggjande kollektivtransporttilbod i samsvar
med dei smittevernreglane som til kvar tid gjeld. Kollektivtransporten
bidreg til at personar med kritiske samfunnsfunksjonar kan kome
seg til og frå jobb.
For å sikre kontinuitet
i den samfunnskritiske transporten etter nedstenginga av Noreg i
samband med covid-19-utbrotet vart det også sett i verk ei rekkje
tiltak for å halde oversikt over transporttilbod, etterspørsel og
utfordringar. Vidare vart det innført økonomiske støttetiltak for
transportørar.
Luftfartsnæringa
vart svært hardt ramma av virusutbrotet. På viktige innanriksruter
gjekk staten inn og sikra eit minstetilbod av flyruter gjennom offentleg
kjøp. Staten har gitt meirkompensasjon for konsekvensar av virusutbrotet
til operatørane av flyrutene på kortbanenettet, der staten kjøpte
tenester også før krisa. I tillegg er det gitt fritak frå ei rekkje
avgifter.
Det er oppretta
ein garantifasilitet på 6 mrd. kr for flyselskapa, og i samband
med revidert nasjonalbudsjett 2020 vart det for Avinor AS vedteke
tiltak på inntil om lag 5 mrd. kr.
Vidare er det
innført tiltak for å kompensere for inntektsbortfall på riksvegferjene
og i persontransport med tog og annan kollektivtransport. Det er
også løyvd midlar til auka vedlikehald i regi av Statens vegvesen,
Bane NOR og Kystverket.
Rapporten for
2019 frå Det internasjonale naturpanelet dokumenterer omfattande
negative endringar i miljøet på land og i havet. Naturpanelet seier
at det må radikale endringar til for å snu den negative utviklinga.
Regjeringa arbeider for å avgrense øydelegging av naturen og for
å forbetre kvaliteten på den naturen vi har. Arealforvaltninga i
kommunane står sentralt. Regjeringa gjennomfører fleire tiltak for
å ta vare på trua natur og aukar vernet av skog, hav og annan verdifull
natur etter naturmangfaldslova. Sidan oktober 2019 er det verna 104
skogområde. No er 5 pst. av all skog i Noreg verna.
Regjeringa la
i 2020 fram ei stortingsmelding om miljøkriminalitet.
Med forvaltningsplanmeldinga
har regjeringa vidareført og fornya arbeidet med ei heilskapleg
og økosystembasert havforvaltning. Forvaltningsplanane handterer
aukande aktivitet i havområda og tek omsyn til den aukande påverknaden frå
klimaendringane. Ei fast grense for petroleumsverksemda ved iskantsona
sikrar både sårbare økosystem og gir føreseielege rammer for petroleumsnæringa.
Sommaren 2020
oppretta regjeringa ni nye marine verneområde som tek vare på særlege
naturverdiar under vatn langs Norskekysten.
Regjeringa følgjer
opp kulturmiljømeldinga med nye nasjonale mål for kulturminnefeltet
og regjeringa sin politikk for å nå desse måla.
I juni 2020 la
regjeringa fram ein hydrogenstrategi som slår fast at Noreg har
gode føresetnader for å utvikle og bruke hydrogenbaserte løysingar.
Noreg samarbeider
bl.a. med Indonesia for å redusere klimagassutsleppa frå avskoging.
I år kan Indonesia for første gong vise reduserte utslepp frå avskoging,
på 17 millionar tonn CO2.
Det svarer til ein tredjedel av Noregs årlege utslepp. Noreg har
lova å betale inntil 530 mill. kr for ein del av utsleppa.
Rapporten Klimakur
2030 vart lagd fram i januar i år. Rapporten er eit viktig underlag
for den planlagde meldinga frå regjeringa om plan for klimamålet
2021–2030.
Regjeringa har
lagt fram ein grøn omstillingspakke på 3,6 mrd. kr til bl.a. teknologiutvikling,
forsking, grøn skipsfart og sirkulær økonomi.