Liv Signe Navarsete (Sp) [18:03:02 ] : Det er ein menneskerett
å ha tilgang på mat. Trygg tilgang på mat er grunnleggjande for
alt anna.
Etter fleire
tiår med gradvis nedgang i svolt blant fattige har det sidan 2014
vore ein auke i talet på menneske som lever med vedvarande matutryggleik
og kronisk svolt. I 2019 var det 690 millionar menneske som opplevde
dagleg svolt. Senterpartiet vil gå i kampen for dei fattigaste i
verda. Me nektar å akseptere denne utviklinga, når me veit at det
er mogleg å brødfø heile befolkninga i verda.
Senterpartiet
meiner at om mattryggleiken ikkje vert sikra, er det nyttelaust
å drive anna bistand. Svolt er det største helseproblemet i verda,
og det vil fortsetje å auke. FN varslar at koronapandemien kan doble
talet på menneske i akutt svolt og gjere det endå vanskelegare å nå
berekraftsmål 2.
Klimaendringane
og krig og konflikt bidreg òg til den dystre utviklinga. For at
alle skal få ete seg mette, må me fordele ressursane og ta vare
på maten som vert produsert, på ein betre måte enn i dag.
Å sikre menneske
tilstrekkeleg tilgang til mat vil vere noko av det viktigaste i
tida som kjem, både for å nedkjempe svolt, førebyggje krig og konflikt
og gjere statar meir motstandsdyktige i møte med nye kriser.
Dei fleste av
dei fattigaste i verda og dei som svelt, bur på landsbygda og er
avhengig av landbruket for å overleve. Konsortiumet Ceres2030, ei
gruppe av forskarar, økonomar og sivilsamfunnsorganisasjonar som
arbeider for å nå målet om å utrydde svolt, har i ein rapport vist
kva som trengst. Dei har gått gjennom meir enn 500 000 artiklar
for å finne svar på nett desse spørsmåla. Verda kan utrydde svolt
om me klarar å mobilisere. Ceres2030 stadfester at dersom det internasjonale
samfunnet doblar støtta si til dei 540 millionane småskalabønder
i verda, så dei kan doble matproduksjonen sin, kan me langt på veg
få slutt på ekstrem fattigdom og svolt – og me kan redusere klimautslepp
frå landbruket i tråd med Parisavtalen. Dette betyr grovt sett ei
dobling av dagens totale globale bistand til dette viktige området.
Noreg må langt
meir enn doble innsatsen sin på området, fordi ein lenge har satsa
aller minst på landbruket av alle OECD-landa – aller minst.
Sjølv om 60–80 pst.
av folkesetnaden og dei fleste fattige i Noregs partnarland lever
av landbruket, har berre 2–3 pst. av norsk bistand gått til landbruk
– langt under OECD-gjennomsnittet på 7 pst. Dette har skjedd trass
i at Stortinget for fleire år sidan bad om ei opptrapping på dette
feltet.
Regjeringa hevdar
at det er lagt meir vekt på mattryggleik, men budsjettet vert òg
blåse opp når humanitær bistand vert teken med. Humanitær bistand
bidreg ikkje til langsiktig mattryggleik. Det vert jo som å seie
at humanitær bistand og støtte er klimatilpassing. Kan statsråden
forsikre at humanitær bistand knytt til konsekvensane av pandemien
ikkje vil gå ut over langsiktig bistand for å nå berekraftsmål 2?
Det vert òg hevda
frå enkelte at budsjetta til ambassadane vert reduserte med omsyn
til landbrukssatsing i både Malawi og Etiopia – begge er land som
absolutt treng sterk auke i budsjetta. Kan statsråden stadfeste
eller avkrefte det?
Regjeringa legg
mykje vekt på FN og globale satsingar, som ikkje kjem frå utviklingslanda
sjølve. Me ser ikkje at Noreg står fram som ein tydeleg bilateral
partnar på landbrukssida i partnarlanda våre.
Regjeringa uttrykkjer
i budsjettet for 2021 at dei ynskjer ei auka satsing på klimatilpassing
og mattryggleik. Det har jo òg regjeringa forplikta seg til ved
å lansere den ambisiøse handlingsplanen «Mat, mennesker og miljø
– Regjeringens handlingsplan for bærekraftige matsystemer i norsk
utenriks- og utviklingspolitikk 2019–2023». Handlingsplanen vart
lansert i 2019. Me ser derimot ikkje at løyvingane fylgjer etter.
Me ser heller ikkje at regjeringa fører og løftar klimatilpassa
landbruk og mattryggleik internasjonalt. Saman med auka løyvingar til
dette viktige arbeidet ville ei slik satsing kunne gitt Noreg ei
global leiarrolle i kampen mot svolt – i tråd med handlingsplanen
til regjeringa.
Eg vil understreke
at støtta til mattryggleik, landbruk og klimatilpassing må aukast
kraftig i åra framover, for å sikre at norsk bistand vert meir relevant,
effektiv og tru mot sitt hovudmål om å kjempe ned svolt og fattigdom.
Svolt er som kjent det største helseproblemet i verda, og det er
aukande. Difor må dette verte ei hovudsatsing i norsk bistand og
bør utgjere minst 15 pst. av bistandsbudsjettet. Det betyr ei fleirdobling
frå dagens nivå. Kan utviklingsministeren dele dei ambisjonane?
Svolt og konflikt
har ein direkte samanheng. Konflikt leier til mangel på mat, og
motsett kan mangel på mat føre til konflikt. Matmangel kan forverre
eksisterande sosiale spenningar, fyre opp under misnøye og frustrasjon
og gi grobotn til ekstremistgrupper. Difor har NATO teke tak i mattryggleik
som ein viktig del av tryggleikspolitikken. Eg har sete i NATOs
parlamentarikarforsamling dei siste åtte åra, og eg trur det er
tre år sidan fyrste gong at mattryggleik kom opp der som eit tema
saman med klimaforverringar, som sjølvsagt er ei av utfordringane
for dei fattige landa i sør.
Eit av dei viktigaste
stega for å byggje opp eit land etter konflikt eller alvorlege naturkatastrofar
er å få i gang att matproduksjonen. Det er langt større sjanse for
at konflikt blussar opp att om befolkninga manglar tilgang til mat
og vatn. I løpet av ein tiårsperiode er det 40 pst. større sjanse
for at konflikt oppstår att om mattryggleiken er manglande i landet,
dette ifølgje FNs organisasjon for ernæring og landbruk.
Utanriksministeren,
som ganske nyleg la fram si utgreiing om Noregs utanrikspolitikk,
sa òg at dette er eit område som NATO på høgt nivå no arbeider med.
Me er i starten
av FNs tiår for familiejordbruket som starta i 2019 – eit tiår som
er lite omtala i norsk bistand. Det er ofte lett å gløyme kor viktig
det har vore i vår eiga utvikling. Den norske landbruksforvaltninga
baserer seg på gardbrukarfamiliar og lokalsamfunn, at dei bruker
jorda og naturressursane på ein berekraftig måte og overleverer
desse verdifulle ressursane til komande generasjonar. Familiegardsbruket
står for 80 pst. av maten som vert produsert globalt, og delen er
høgare i utviklingsland. Familien og lokalsamfunna utgjer den viktigaste
sosiale kapitalen i sårbare hushald i krise.
Offentlege sosiale
og økonomiske tryggleiksnett er i stor grad fråverande i Noregs
partnarland t.d. i Afrika. Familien og lokalsamfunnet er heilt sentrale
når det gjeld å styrkje robustheita til sårbare grupper. Dei utgjer den
viktigaste fyrstelina med tanke på sårbarheit. Me har sett dette
i hiv og aids-situasjonen, der slektningar tek vare på born og foreldre
som er smitta, og me ser det når familiar vert råka av klimaendringar.
Ikkje minst under covid-19-pandemien har familien og lokalsamfunna
vore viktige institusjonar som har redusert effekten av pandemien.
Familiar prioriterer å gi born god skulegang, så langt dei har økonomi
til dette. Difor er det viktig at bistanden bidreg til å styrkje
grunnlaget for ein god familieøkonomi. Dermed kan familiane sjølve
investere i t.d. helse og utdanning, som som oftast ikkje er gratis.
Det er likevel
vanskeleg å sjå at regjeringa vektlegg familien i norsk bistand,
sjølv når Kristeleg Folkeparti løftar fram familien som svært viktig
i norsk politikk. Familiejordbruket er heilt sentralt m.a. i arbeidet
med mattryggleik og ikkje minst klimatilpassing. Eg vil difor oppmode
statsråden til å ta med seg Kristeleg Folkepartis fokus på familien
også inn i bistandspolitikken. Er det noko utviklingsministeren
er villig til å gjere?
Statsråd Dag-Inge Ulstein [18:13:14 ] : Det er ikke lett å
ta inn over seg at det i denne verden, altså nå i 2021, fortsatt
finnes 690 millioner mennesker som sulter, slik interpellanten nettopp
har nevnt. Fra Sentral-Asia og tvers over den arabiske halvøya,
ned til det sørlige Afrika og over til den andre siden av Atlanteren
kan det snart være nærmere én milliard mennesker som ikke vet hvor
det neste måltidet skal komme fra.
Allerede før
pandemien var antallet som sulter, på vei opp, ikke på vei ned,
slik det må for at vi skal nå våre mål. Derfor er det vanskelig
å se for seg et mer riktig og viktig spørsmål å snakke om i denne
salen her enn nettopp sult og ekstrem fattigdom. Derfor takker jeg
representanten Navarsete for at hun gir oss muligheten til nettopp
det.
Mat er grunnlaget
for alle menneskers eksistens. Når kvinner, menn og barn opplever
matusikkerhet, påvirker det helsen, utdanningsmuligheter og jobbmuligheter,
selve evnen til å ta seg av sine nærmeste. Det tar bort grunnlaget
for et godt og meningsfylt liv. Det tar bort muligheten for utvikling.
Derfor har regjeringen
løftet landbruk og matsikkerhet i arbeidet med å bekjempe fattigdom,
og derfor brukte Norge nesten 2,3 mrd. kr på matsikkerhet, fisk
og landbruk i 2020. Dette var 5,8 pst. av et bistandsbudsjett som
var større enn noe bistandsbudsjett noen gang har vært. Vi har økt
det langsiktige bidraget med 450 mill. kr de siste årene, og når
det gjelder den humanitære innsatsen som det er vist til her, styrket
Stortinget støtten til Verdens matvareprogram med en halv milliard
så seint som i desember.
Vi måler bistanden
først og fremst i resultater, ikke i prosentvis bruk av bistandsbudsjett
og på enkelte sektorer og poster. Derfor er innsatsen vår innen
matsikkerhet større enn hva som vil framgå hvis en bruker OECDs koder
for hva som regnes som matsikkerhet. DAC-kodene gir altså ikke det
fullstendige bildet her.
Det viktigste
spørsmålet er i hvilken grad bistanden vår treffer på en slik måte
at den skaper flest mulig ringvirkninger, eller styrker mottakerens
langsiktige evne til å skape sin egen vekst. Regjeringen ønsker
å øke både kvaliteten og kvantiteten på arbeidet knyttet til matsikkerhet.
Pandemien har
gjort arbeidet med bærekraftsmålene vanskeligere, men også viktigere.
Å utrydde sult og ekstrem fattigdom på ni år er ambisiøst, men ikke
håpløst. Årsakene til sult er mange og henger nøye sammen. Det ser
vi ikke minst på koblingen mellom de tre største hindrene for å
bekjempe sult, nemlig konfliktene – som vi hørte om – klimaendringene
og koronapandemien.
Heldigvis er
det også en sammenheng mellom virkemidlene vi skal bruke for å utrydde
sult. De forsterker hverandre og lar oss motarbeide onde sirkler
med positive, selvforsterkende ringvirkninger. Jo mer vi kan gjøre for
å oppnå mer utdanning, bedre helse, økt tilgang til fornybar energi,
økt likestilling, mer matproduksjon og større respekt for menneskerettighetene,
desto lettere blir det å skape jobber og bekjempe sult og fattigdom.
På tross av at
antallet ekstremt fattige er redusert fra nesten to milliarder til
under én milliard på få tiår, har andelen som sulter, økt jevnt
siden 2014. Totalt beregner FN at så mange som to milliarder mennesker
ikke har regelmessig tilgang til trygg, sunn og nok mat.
Norge er blant
de første landene i verden som har utarbeidet en egen handlingsplan
knyttet til bærekraftige matsystemer i utenriks- og utviklingspolitikken. Handlingsplanen
angir de sentrale prioriteringene, og den brukes aktivt av utenrikstjenesten.
Den gir også sentrale føringer for vårt arbeid fram mot det svært
viktige og avgjørende FN-toppmøtet om matsystemer i september, der
vi er veldig aktivt inne i både forberedelsene og utformingen av
det møtet.
Malawi er et
eksempel på et pilotland for gjennomføring av den planen. Der er
det ulike partnere, som Utviklingsfondet, Kirkens Nødhjelp og andre,
som nettopp gjennom de lokale partnerne er engasjert i det arbeidet.
Ambassaden vår i Tanzania har brukt den samme planen for å lage
en egen strategi for arbeidet med matsystem i landet. Det er noen
eksempler.
Planen må også
ses i sammenheng med vår nylig framlagte strategi for klimatilpasning,
forebygging av klimarelaterte katastrofer og sultbekjempelse. Klimaendringene
er blant de fremste årsakene til sult. Det haster nå med å nå utslippsmålene
i Parisavtalen, men vi kan ikke lukke øynene for at klimaendringene
endrer verden allerede.
Millioner av
mennesker får avlinger og hjem ødelagt på grunn av flom, tørke og
orkaner som nettopp skyldes klimaendringene. De fordrives fra sine
hjem og risikerer å måtte inngå i statistikken over dem som sulter.
Norge har nettopp derfor gått i bresjen for at også klimatilpasning
og sultbekjempelse – som også er et avgjørende krav i Parisavtalen
– gis prioritet i utviklingspolitikken.
Beregninger fra
FNs utviklingsprogram, UNDP, viser at hver eneste krone som investeres
i forebygging av naturkatastrofer og konflikt, medfører 7 kroner
spart i humanitær bistand. Det grønne klimafondet, investeringer
i fornybar energi og havsatsing er andre eksempler på at innsatsen
for klima og jobbskaping også handler om bekjempelse av fattigdom
og sult.
Det vil kreve
økonomisk armslag å redusere sult og feilernæring, og det vil kreve
kunnskap. Blant annet har organisasjonen Ceres, som interpellanten
viste til i sitt spørsmål, levert en banebrytende rapport om dette. Rapporten
gir svar på to av de aller viktigste spørsmålene: Hva er den mest
effektive måten å redusere sult og feilernæring på, for å beskytte
klimaet og øke inntekten til de mest sårbare? Og hva vil det koste?
Totalt beregnes
det at rundt 270 mrd. kr må brukes årlig for å oppnå null sult,
doble inntekten til 545 millioner småbønder – altså ikke 500 000
– og begrense utslipp fra landbruket. I dag er den bistanden på 98 mrd. kr.
Vi tar med oss
konklusjonen fra Ceres2030 inn i våre forberedelser til FN-toppmøtet
i september, særlig når det gjelder forslagene til hvordan privat
og offentlig sektor kan få til mer sammen. FNs generalsekretær har bedt
om at toppmøtet iverksetter djerve nye tiltak for å endre måten
verden produserer og forbruker mat på. Det er en veldig treffende
beskrivelse av behovet.
Norge arbeider
på flere fronter for å følge opp de oppfordringene og er bl.a. medarrangør
for en egen global dialog om mat fra hav og innlandsvann senere
denne måneden, som et av de punktene vi følger opp nå før toppmøtet.
De multilaterale
utviklingsbankene er også viktige kanaler, spesielt med tanke på
å øke produksjon av mat og lønnsomhet i landbruket, skape flere
jobber, forbedre distribusjonen og bygge ut viktig infrastruktur. Her
bidrar Norge med betydelig kjernestøtte og er en pådriver for at
matsikkerhet og klimatilpasning settes høyt på agendaen. I 2020
bidro Verdensbankens målrettede innsats til at 7,2 millioner bønder
mottok innsatsvarer og tjenester, og til at 3 millioner bønder tok
i bruk nye arbeidsmetoder og ny teknologi.
Norge bidrar
bredt innen matsikkerhet, og vi har spesielle fortrinn vi bør utnytte
når det gjelder å øke støtten til mat fra havet. Norsk bistand,
bl.a. gjennom kunnskapsprogrammet Fisk for utvikling og Nansenprogrammet,
er svært viktig i et matsikkerhetsperspektiv.
Vi skal utnytte
mulighetene som digitaliseringen byr på, enten det gjelder værvarsel
eller bedre verdikjeder. Gir vi småbønder bedre tilgang til fornybar
energi, kan de lettere holde både frukt og grønnsaker kjølige til de
når markedet, og de kan opprette kornmøller og juiceproduksjon.
De kan skape jobber.
I en tid med
pandemi og vanskelige budsjettprioriteringer har Norge økt andelen
av statsbudsjettet som går til verdens fattige, til 1,11 pst. Vi
har økt støtten til global helse, og for å bøte på matkrisen som
pågår, har vi også økt budsjettene som går til mat.
Matsikkerhet
vil være høyt prioritert også etter pandemien, og sammen med vår
innsats for klimatilpasning vil nettopp det øke mulighetene for
å nå bærekraftsmålene. Selv om svaret er sammensatt, er ligningen
enkel: Uten mat blir det ingen utvikling.
Liv Signe Navarsete (Sp) [18:22:36 ] : Det er alltid interessant
å høyre på statsråden. Eg vart likevel litt skuffa over at han ikkje
var innom dei utfordringane eg tok opp i innlegget mitt, men han
får nye sjansar til det, så han kan kome tilbake.
Senterpartiet
meiner at Noreg må investere i matproduksjon, matsikkerheit og matsystem,
som eg sa i hovudinnlegget mitt. Manglande tilgang på kapital er eitt
av dei viktigaste hindra for å utvikle bedrifter og nye arbeidsplassar
i dei fattigaste landa. For at småbønder i fattige land i dag skal
kunne leve av landbruket, trengst det tilgang på kapital, og det
trengst system for transport til ein marknad. Ofte trengst det òg
investeringar i infrastruktur for å kome til den marknaden. Det
er òg viktig å starte i nærområda, med nærmarknaden, og etter kvart byggje
vidare.
Utanriks- og
forsvarskomiteen har besøkt særdeles vellukka prosjekt, bl.a. i
Malawi, der ein frå norsk side, gjennom ulike organisasjonar, har
bygd samvirke der ein lærer opp, eg hadde nær sagt, ein «lead-bonde»
til å kunne formidle den kunnskapen vidare, kanskje til 15–20 andre.
Slik kan ein skape ringar i vatnet og auke kompetansen. Det gir
ikkje i seg sjølv pengar i kassa, men òg tilgang til mikrolån og
det å kunne investere i teknologi og kunnskap i landbruket i fattige
land gjer at bøndene kan tilpasse seg klimaendringane og sjølvsagt
få mest mogleg ut av avlingane sine.
Når det gjeld
god opplæring, organisering og tilgang på teknologi, som f.eks.
vêrvarslingstenester, har smarttelefonen eit stort potensial til
å bidra med både auka kvalitet og volum på avlingar til småbønder.
Yr.no er ein særdeles nyttig reiskap for småbønder som gjer at ein kan
verne avlingane sine mot ekstremvêr. Det er klart at bønder kan
disponere gjødselfrø og vatning endå betre med denne kunnskapen
tilgjengeleg.
Korleis ser utviklingsministeren
på den delen av bistandsarbeidet: å lyfte kunnskap og teknologi
og sikre at me får den auken i matproduksjon som eg trur både han og
Senterpartiet ynskjer seg?
Statsråd Dag-Inge Ulstein [18:25:54 ] : Til spørsmålene som
kom fra interpellanten nå, tror jeg vi var inne på det i denne salen
knyttet til eksempler fra Nepal for bare noen dager siden. Det er
mange gode poenger som blir trukket fram. Her henger det jo sammen,
og vi satser på småskala jordbruk. Det er ofte kvinnene som er mottakere
av støtten, og som faktisk er med og gjør at en lykkes med prosjektene,
og da er det jo i aller høyeste grad viktige familieprosjekt.
Vi var bl.a.
innom et ICIMOD-prosjekt i salen her sist, der det handlet om å
gi tilgang til både kunnskap om naturbaserte løsninger på den ene
siden – altså ut med kjemikalier, bedre helse, øke avlingene, øke
inntekten – og til en veldig viktig teknologikomponent, nemlig tilgang
gjennom app og den infrastrukturen, både til værvarsling og til
markedet. Det har gjort at nettopp de kvinnene har kunnet investere
tilbake i landsbyene sine, og det gjør at det er bedre tilrettelegging
for skole, og at det kan investeres på en helt annen måte i de landsbyene.
Jeg kunne virkelig
ikke vært mer enig, og da kan jeg betrygge interpellanten med at
det er nettopp slike prosjekter vi er med på å finansiere gjennom
bistandsarbeidet vårt, i land som Nepal, eller gjennom modellbøndene
i Malawi, som er et annet godt eksempel.
Så har jeg lyst
til å si at Ceres2030s prosjekt på mange måter er banebrytende,
både fordi forskningen som ligger der, er så bredt sammenstilt –
det trenger vi, mer kunnskap – og fordi det er brukt kunstig intelligens
til å trekke dataene sammen og se på hvordan vi på best mulig måte
kan utnytte den kunnskapen. Det viser at det er mulig å utrydde
sult. Det viser til og med hva det koster, og hvordan vi skal innrette
arbeidet på best mulig måte.
Skal vi klare
å nå de siste 800 millioner menneskene som lever i fattigdom, og
utrydde sult, må vi innrette arbeidet nettopp mot småskalajordbruk.
Det er der vi når dem, og dermed er det også noe av det aller viktigste
vi kan gjøre.
I et år der vi
har hatt en helsekrise, og der mye naturlig nok har måttet bli prioritert
til nettopp det, er det dessverre også noen prosjekter som det ikke
har vært mulig å gjennomføre. Vi har likevel klart å prioritere nettopp
matsikkerhet og klimatilpassing og å øke også de budsjettene.
Jeg kan virkelig
bekrefte, og forhåpentligvis berolige interpellanten med, at slik
en allerede har sett en sterk økning på dette feltet, skal vi følge
det opp også i fortsettelsen. For vi kommer ikke til å nå bærekraftsmålene,
og vi kommer ikke til å nå dem det er vanskeligst, men likevel viktigst
å nå, om vi ikke satser på klimatilpassing og har en økt satsing
på matsikkerhet.
Liv Signe Navarsete (Sp) [18:29:06 ] : Utviklingsministeren
er flink til å ordleggje seg, men det som han og regjeringa har
gjort i samband med budsjettet i den seinare tida, har jo gjort
det vanskelegare for Stortinget å følgje pengane. Ein har ført meir
midlar over til regionale løyvingar. Ja, det blir sagt at det skal
gå til same føremål. Gjer det det? Korleis kan vi eigentleg vite
om det gjer det, når det blir større pottar og vanskelegare å følgje?
Grunnen til at
ein kan bli litt i tvil, er at Norad, som er ein stor aktør for
regjeringa, og som forvaltar mykje midlar, i fjor gav ut eit kompendium
som heiter «Bistand i koronapandemiens kjølvann», der fagekspertane
deira deler si analyse av covid-19 og kva som skal til for å løfte
fattige land etter pandemien. Det er mange gode tema der, men «mattryggleik»,
«klimasmart landbruk» og alle dei andre fine orda som utviklingsministeren
bruker, er ikkje nemnt, ikkje i det heile. Og nyleg vart det lansert
ein strategi for klimatilpassing, førebygging av klimarelaterte
katastrofar og nedkjemping av svolt frå statsråden og regjeringa,
og då skreiv bistandsministeren mykje fint – men det følgjer ikkje
friske pengar med.
Så det me kjem
tilbake til, er at Noreg er ein bitte liten aktør på dette området,
som kanskje er det viktigaste, ikkje minst no når me ser at svolten
aukar så dramatisk. Diverre var han begynt med det før covid-19
kom, men det er klart at pandemien gjer dette mykje, mykje verre.
Eg skulle ønskt
at utviklingsministeren kunne forsikra om at regjeringa vil ta eit
krafttak på dette området, at ein ville verkeleg doble løyvingane,
kanskje tredoble dei, og seie at dette må på plass fyrst – og så
skal vi satse endå meir på utdanning, på helse og alt det andre. For
dette heng så tett i hop. Sjølvsagt vil foreldre gje ungane utdanning
og skulegang, og sjølvsagt vil dei kjøpe det dei måtte ha bruk for
av helsetenester, men dei må ha noko å leve av fyrst, både ungane
og dei vaksne. Dei må ha inntekter, og dei må ha mat, og dei må
ha vatn.
Så eg inviterer
statsråden til å vere med Senterpartiet på ein skikkeleg dugnad
for å løfte dette feltet. Det er viktig med energi, det er viktig
med digital utvikling, det er veldig mange viktige felt, men dette
er det grunnleggjande. Det er «basic».
Statsråd Dag-Inge Ulstein [18:32:29 ] : Dette er altså ikke
bare pene ord, dette er nettopp det krafttaket som gjør at man kan
være med og tilrettelegge for bøndene i Malawi, slik at de kan dyrke
mer enn bare mais – som bønner og grønnsaker, som nettopp er avgjørende
for et så klimarammet og sårbart landbruk, der tørken påvirker så
mye – og at en faktisk får den endringen som skal til, eller være
med og hjelpe småskalafiskere i Ghana og Sierra Leone, der 40 pst.
av fangsten går tapt på grunn av dårlig organisering på land eller
mangelfull transport, teknologi og annet.
Det er helt åpenbart
at det er noe interpellanten ikke har fått med seg når det gjelder
hvor mye vi bidrar – altså til redusert sult og økt matsikkerhet
– med nesten 2,3 mrd. kr i 2020. Og ja, vi kommer til å øke det.
Men det er ikke tvil om at det er et spesielt år vi har lagt bak
oss. Når vi da likevel har prioritert og økt, er det et veldig tydelig
signal fra regjeringen om at det er avgjørende å legge til rette
og øke satsingen knyttet til matsikkerhet og klimatilpasning.
Jeg har likevel
lyst til å takke interpellanten. Jeg skulle veldig gjerne hatt flere
stortingsrepresentanter med oss her i dag til et så viktig og avgjørende
tema og i en så viktig debatt. Jeg er likevel glad for å kunne ha
fått muligheten til å snakke for de mange millionene som daglig har
vansker med å få tak i nok, trygg og sunn mat. Men igjen: Opplysning
er ikke nok. For å bidra til redusert sult og økt matsikkerhet kreves
det umiddelbar handling, og her må vi ha alle med.
2021 er et år
der vi virkelig kan vise at det globale samfunnet mener alvor med
å oppnå bærekraftsmålene, og spesielt mål nr. 2, om null sult. Da
oppnår vi ikke bare mål nr. 2, det vil spille veldig sterkt inn
i alle de 17 målene. FNs toppmøte om matsystem skal nettopp være
et sånt krafttak for å få måloppnåelsen på riktig kjøl igjen. Som
jeg har nevnt tidligere, er Norge aktivt med i forberedelsene der,
og vi vil bidra til at møtet forhåpentligvis blir en suksess med
mer handling.
Norge er en viktig
utviklingspolitisk aktør innen matsikkerhet og landbruk. Vi har
sterke og aktive fagmiljøer, og vi har et sivilsamfunn og organisasjoner
med betydelig erfaring og ekspertise. Vi bidrar med økonomiske muskler
og med politisk innsats mot et felles mål om null sult innen 2030.
Det arbeidet er vi stolt av, og det er noe vi vil fortsette med.
Og som jeg tidligere har nevnt i interpellasjonen: Selv om svaret
er sammensatt, er likningen enkel – uten mat blir det ingen utvikling.
Presidenten: Interpellasjonsdebatten
i sak nr. 14 er då avslutta.
Dermed er dagens
kart ferdig behandla. Ber nokon om ordet før møtet vert heva? –
Møtet er heva.