Stortinget - Møte onsdag den 5. desember 2018

Dato: 05.12.2018
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Søk

Innhold

Sak nr. 7 [19:15:41]

Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helseministeren:«Mange pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester får ikkje god nok oppfølging i sjukehus og opplever fragmenterte tenester. I spesialisthelsetenestelova er det fleire paragrafar som skal hindre dette. Det gjeld § 2-5 om individuell plan, som skal utarbeidast for alle pasientar med behov for langvarige og koordinerte tilbod. Det gjeld § 2-5 a om koordinator, som skal oppnemnast for pasientar med behov for komplekse eller langvarige og koordinerte tenester. Det gjeld § 2-5 b om koordinerande eining, og det gjeld § 2-5 c om kontaktlege, som skal oppnemnast for pasientar med alvorleg sjukdom, skade eller lidingar og med behov for behandling eller oppfølging av spesialisthelsetenesta av ei viss varigheit. Kva gjer statsråden for at dei lovpålagde pasienttilboda blir følgde opp ved alle sjukehus, slik at alle pasientar med behov for koordinerte tenester kjenner seg betre tatt vare på?»

Talere

Kjersti Toppe (Sp) []: For pasientar med behov for komplekse og langvarige koordinerte tenester etter spesialisthelsetenestelova skal det tilbydast koordinator, jf. spesialisthelsetenestelova § 2-5 a. Denne plikta til å oppnemna koordinator kom i januar 2012 og erstattar tidlegare reglar om pasientansvarleg lege. Ifølgje Helsedirektoratets rettleiar om koordinator skal koordinatoren sørgja for nødvendig oppfølging av den enkelte pasient. Koordinatoren skal også sikra samordning av tenestetilbodet i samband med opphald på institusjon og overfor andre tenesteytarar og sikra framdrift i arbeidet med individuell plan. Oppgåvene til koordinatoren i helsetenesta inneber å koordinera internt under opphaldet og eksternt med dei som skal følgja opp etter utskriving. Dersom behovet for kontinuitet og samanheng i forløpet tilseier det, skal koordinatoren samhandla med personell og instansar utanfor institusjonen som har eller vil få eit behandlings- eller oppfølgingsansvar for pasienten. Det vert nemnt eksempel på dette, som fastlege, koordinator i kommunen, heimesjukepleie eller spesialistar i andre helseføretak.

Koordinatoren må samhandla med kontaktlege om pasientar som har fått oppnemnt det, og det er helseføretakets koordinerande eining som har det overordna ansvaret for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatoren. Det er naturleg at oppnemning av koordinatoren skjer ved den avdelinga som har det daglege ansvaret for pasienten. Dette er jo heilt tydelege krav til helseføretaka om korleis koordinatorfunksjonen skal ivaretakast.

I ein interpellasjonsdebatt fremja av stortingsrepresentant Bent Høie i juni 2017 tok representanten opp at tidlegare helseminister Ansgar Gabrielsen hadde som hobby, når han reiste rundt og besøkte sjukehus og helseføretak, å spørja etter ordninga med koordinator. Det var i perioden 2004–2005, og det var sjeldan at nokon kunne svara han på om denne ordninga var etablert. I interpellasjonsdebatten uttalte stortingsrepresentant Høie at han hadde arva Ansgar Gabrielsens hobby, nemleg å spørja om dette når han reiste rundt med helse- og omsorgskomiteen og besøkte ulike helseføretak. Svaret stortingsrepresentant Høie fekk, var det same som Ansgar Gabrielsen fekk. Stortingsrepresentant Høie sa i interpellasjonen i 2017 at han òg hadde spurt dåverande helseminister Jonas Gahr Støre om kor mange pasientar som eigentleg fekk oppnemnt koordinator, og det fekk ikkje stortingsrepresentant Høie svar på. Det var altså inga nasjonal oppfølging av dette lovpålegget. Stortingsrepresentant Høie sa i stortingssalen at han meinte dette var alvorleg, først og fremst for pasientane, men også at Stortinget hadde lovfesta noko som ikkje vart følgt opp.

Eg har arva hobbyen til Ansgar Gabrielsen og Bent Høie. Eg spør når eg besøkjer helseføretak og sjukehus: Kor mange pasientar har fått oppnemnt koordinator? Det kan dei ikkje svara på, eller dei kan seia at det gjeld dei pasientane som er inne i eit pakkeforløp, men elles veit dei ikkje. Eg har – som stortingsrepresentant Bent Høie gjorde – òg spurt noverande helseminister om han kan svara på kor mange pasientar som får oppnemnt koordinator, og eg har fått det same svaret som han. Helseminister Høie kan ikkje svara på kor mange pasientar som har fått oppnemnt koordinator.

I svar på spørsmål nr. 15:744 i 2015 til Stortinget uttaler helseminister Høie at han ikkje stiller krav om spesifikk rapportering på oppfylling av lovkrav. Departementet har ikkje oversikt over kva sjukehus som tilbyr pasientar med behov for komplekse eller langvarige og koordinerte tenester, ein koordinator. Departementet legg som utgangspunkt til grunn at føretaka oppfyller dei ulike krava i spesialisthelsetenestelova.

Helseminister Høie har tidlegare uttalt at dersom helseføretak svarar at dei er i prosess for å oppretta koordinator, samanliknar han det med at dersom ein av oss vert stoppa av politiet etter å ha køyrt i 70 km/t i 50 km/t-sona, så svarer vi ikkje politiet at vi er i prosess for å koma ned i 50 km/t. Det vil ikkje verta akseptert, og da held vi oss ikkje til lova, og det er ikkje akseptabelt. Slik er det òg med koordinatorfunksjonen. Når det er lovbestemt at pasientar skal verta tilbydd koordinator, og det ikkje skjer, er det jo uakseptabelt.

Så til kontaktlege i spesialisthelsetenestelova: Denne retten, som òg er heimla i den same lova, skal gjelda for pasientar med alvorleg sjukdom, skade og lidingar som har behov for behandling og oppfølging over tid. Da Stortinget behandla denne ordninga med kontaktlege for pasientar med alvorleg sjukdom, uttalte statsråden at lovendringa òg skulle rydda opp i sider ved koordinatorordninga som ikkje fungerte.

I ein videoreportasje frå Dagens Medisin 8. november i år kom det fram fleire tydelege eksempel på at kontaktlegeordninga heller ikkje fungerer etter hensikta. Reportasjen følgjer ein pasient med alvorleg nakkeskade og eit forløp der han får behandling ved fire ulike sjukehus. Pasienten vart for det første ikkje informert frå nokon av sjukehusa om at han hadde krav på ein kontaktlege, men oppdaga sjølv nærast tilfeldig at rettigheita var innført. Han måtte sjølv senda inn klage før han fekk oppnemnt ein kontaktlege. Pasienten i Dagens Medisin si reportasje fekk heller ikkje oppnemnt ein kontaktlege for heile pasientforløpet. Tilbakemeldinga han fekk frå rehabiliteringssjukehuset sitt, Sunnås sykehus, var at kontaktlegen berre var kontaktlege for behandlinga på dette eine sjukehuset.

I svarbrevet til pasienten skriv Sunnås sykehus: Pasienten kan ha to kontaktlegar samtidig i pasientforløp i spesialisthelsetenesta, ein ved akuttsjukehuset og ein ved rehabiliteringssjukehuset.

Sjukehuset skriv vidare: Du har fått behandling ved fleire sjukehus. Trass i at slike tilfelle absolutt ikkje er uvanleg, er denne problemstillinga ikkje direkte omtalt i Helsedirektoratets rettleiar for kontaktlegeordninga.

Da statsråden føreslo innføring av kontaktlegeordninga, vart det uttalt at alvorleg sjuke menneske og deira pårørande skulle sparast for belastningar med å halda seg til mange ulike legar og fortelja sjukehistoria si igjen og igjen. Pasientens behov for éin fast kontaktlege å halda seg til vert ikkje mindre fordi om pasienten får behandling ved fleire sjukehus. Tvert imot er det truleg meir belastande å halda seg orientert om behandlingsforløpet sitt viss ein må halda kontakten med mange ulike institusjonar. Så viss pasienten sjølv må kjenna til lovverket, det gjeld både dei som har behov for kontaktlege og de som har behov for koordinator, meiner eg at det må vera i strid med hensikta bak ordninga. Da ordninga med kontaktlege var til høyring, fastslo departementet at når det er avklart at ein pasient har rett til kontaktlege, bør pasienten straks gjerast kjend med dette.

Denne situasjonen krev svar frå helseministeren på nokre spørsmål:

Har innføring av kontaktlegeordninga rydda opp i problema med koordinatorordninga, slik statsråden førespegla, og har ho ført til at sjukehusa i større grad oppfyller plikta om å oppnemna koordinator? Har statsråden oversikt over kor mange sjukehus som ikkje oppfyller plikt om å oppnemna kontaktlege for alvorleg sjuke pasientar? Meiner statsråden at det er tilstrekkeleg at alvorleg sjuke pasientar som vert behandla ved fleire sjukehus, får oppnemnt kontaktlege ved kvart sjukehus? Og kva vert gjort for å rydda opp i uklarheitene som finst ute i spesialisthelsetenesta rundt dette spørsmålet? Vil statsråden stilla krav til helseføretaka om å få ein oversikt over kor mange pasientar som faktisk vert tilbydde koordinator, og om føretaka faktisk oppfyller lovkrava, eller legg han til grunn – som andre helseministrar før – at det er opp til helseføretaka sjølve å tilby dette, og at Stortinget ikkje treng å få nokon oversikt?

Presidenten: Presidenten gjør oppmerksom på at representanten ved to anledninger sa at Bent Høie som stortingsrepresentant fremmet interpellasjoner i 2017. Det medfører nok ikke riktighet, så presidenten oppfordrer representanten til å ta kontakt med referentseksjonen for å sikre at referatet blir korrekt.

Statsråd Bent Høie []: Jeg konstaterer med glede at jeg fortsatt deler representantens engasjement for disse ordningene. Det er dessverre ikke med glede at jeg også delvis deler representantens frustrasjon.

Helhetlige og koordinerte behandlingstilbud har vært et krav fra pasient- og brukerorganisasjonene i mange år og er helt sentralt i utviklingen av pasientens helsetjeneste.

Regjeringen har gjennomført flere tiltak for å bedre koordinerte tjenester. Vi har stilt krav om forløpskoordinatorer i pakkeforløpene for kreft, psykisk helse og rus, og vi har innført en lovbestemmelse om kontaktlege for pasienter med alvorlig sykdom, skade eller lidelse som har behov for oppfølging i spesialisthelsetjenesten over tid. Vi har også tydeliggjort bestemmelsene om koordinator i spesialisthelsetjenesten. Helseregionene arbeider systematisk for å gjennomføre disse kravene, og jeg har nylig fått tilbakemelding om status for dette arbeidet.

Alle helseforetak i alle regioner har opprettet koordinerende enheter. Helse Nord og Helse Vest har også opprettet regionale koordinerende enheter og satt av ressurser til dette. Helseforetakene har utarbeidet retningslinjer for funksjonene til koordinerende enhet, koordinatorer, kontaktlege og arbeidet med individuell plan.

Lovverk og veiledere er godt kjent for de koordinerende enhetene. Noen helseforetak angir imidlertid at ledere i linjen ikke har fått god nok informasjon om veilederne, og at det generelt er liten etterspørsel og kjennskap til dem blant dem som har behandlingsansvar for pasienten.

Helse Nord har nylig ferdigstilt regionale retningslinjer for oppnevning og funksjon av koordinator.

Helse Midt-Norge har laget en regional prosedyre for funksjonen som kontaktlege og har arbeidet for å samkjøre prosedyrer mellom helseforetakene.

Helse Vest har utarbeidet overordnede retningslinjer for individuell plan og koordinator i alle helseforetakene i samarbeid mellom regional koordinerende enhet og koordinerende enheter i helseforetakene.

Det varierer imidlertid i hvor stor grad ordningene er tatt i bruk ved de ulike avdelingene ved sykehusene. Selv om det er utarbeidet løsninger på systemnivå, kan avdelingene lande på forskjellige løsninger, avhengig av kapasitet, kompetanse og type fagområde. Kravene om koordinator og kontaktlege må tilpasses de gode ordningene som allerede finnes, som f.eks. ambulante team, sykepleiere med koordineringsansvar for enkelte diagnosegrupper og utskrivningskoordinator.

Helseforetakene har begrenset kunnskap om hvor mange pasienter som omfattes av ordningene. De oppgir som grunn at EPJ-systemet ikke har gode nok funksjoner for å registrere hvilke pasienter som har fått oppnevnt koordinator og kontaktlege.

Helseforetakene i Helse Midt-Norge har jobbet systematisk for å innhente data knyttet til disse ordningene, og de kan nå ta ut rapporter over antall som får oppnevnt koordinator. Rapportene viser at det hovedsakelig er pasienter innenfor fagområdene psykisk helsevern og rus, habilitering og rehabilitering som får oppnevnt koordinator.

I 2018 stilte jeg krav om at helseregionene skulle etablere en registreringsordning i de pasientadministrative systemene for pasienter som hadde vært vurdert, og eventuelt fått tildelt kontaktlege. Ved rapporteringen i juni opplyste helseregionene at det var laget en felles prosedyre for registrering av andel pasienter med tildelt kontaktlege i DIPS, og at helseforetakene arbeider med å implementere rutinene for hvordan registreringen skal foregå. Denne registreringsordningen kan også brukes for pasienter som har fått tildelt koordinator.

Helse Bergen har tatt ut en rapport som viser at 741 pasienter fikk tildelt kontaktlege i 2017. Fram til 10. juni 2018 hadde 904 pasienter fått tildelt kontaktlege, og i alt 3 474 pasienter var aktivt omfattet av ordningen.

Helsedirektoratet har kartlagt hvor langt helsetjenesten har kommet med å implementere kontaktlegeordningen ved å spørre 512 ansatte ved helseforetak og private ideelle sykehus. Halvparten av respondentene besvarte spørreundersøkelsen, og 70 pst. svarte at de var godt i gang med å iverksette ordningen ved sin avdeling, institusjon eller fagområde. De oppga mangel på et godt system for å tildele kontaktlege som den største hindringen for ordningen. Dernest kom legenes arbeidsplaner og intern uenighet om den type ressursbruk og at ordningen vil medføre for stor arbeidsbelastning for legene.

Flere av helseforetakene angir at ordningen med forløpskoordinator i pakkeforløpene har vært enklere å implementere enn lovkravene om koordinator og kontaktlege. En viktig årsak er at forløpskoordinatorordningen er knyttet til definerte pasientgrupper og pasientforløp. Tilknytning til pasientforløp bør derfor vurderes også for ordningene med koordinator og kontaktlege.

Pakkeforløpene for kreft, psykisk helse og rus omfatter en betydelig andel av målgruppen for kontaktlege, koordinator og individuell plan. Det er viktig å avklare hvilken rolle de lovbestemte ordningene skal ha på ulike områder i det pågående forløps- og koordineringsarbeidet. Det er også avgjørende at koordinatorordningene er forankret i ledelsen, og at det ikke legges for mye ansvar til den enkelte koordinator, noe som vil gjøre systemet sårbart.

En innvending mot kontaktlegeordningen er at den er for vid, i den forstand at den omfatter pasienter som ikke har behov for kontaktlege, eller at det er praktisk vanskelig å gjennomføre ordningen. Veilederens anbefalinger om hvilke pasienter som skal inkluderes i ordningen, må vurderes, og det må etableres et trygt system for kontakt mellom pasient og kontaktlege – uten at dette virker urimelig belastende for den som har rollen. For eksempel åpner Prosjekt Vestlandspasienten for at kontaktleger kan ha elektronisk dialog med pasienten gjennom en funksjonalitet i nettstedet Vestlandspasienten.

Det pågår et betydelig arbeid i helseforetakene for å bedre koordineringen av pasientforløpene så pasientene kan få et trygt og forutsigbart behandlingstilbud. Men vi må øke endringstakten i dette arbeidet, og det er avgjørende å få de lovbestemte ordningene til å fungere ved alle institusjoner og avdelinger. Jeg følger dette arbeidet tett i min dialog med helseregionene som ledd i videreutviklingen av pasientens helsetjeneste.

Nils T. Bjørke hadde her teke over presidentplassen.

Kjersti Toppe (Sp) []: Først vil eg beklaga at eg sa 2017, når det skal vera 2013. Det var litt pinleg, men i 2017 var nok helseministeren Bent Høie.

Eg er glad for at helseministeren no anerkjenner problemstillinga, og at dette ikkje er bra. Helseministeren har sjølv hatt eit engasjement for denne saka tidlegare, som eg beskreiv i mitt hovudinnlegg.

Eg har lytta nøye til det helseministeren svarte. Det vert peikt på ein god del ting som skjer på systemnivå, med koordinerande einingar på sjukehus og regionalt, og at ein prøver å få implementert og gjort kjent lovkravet og rettleiingane. Men eg trur det er veldig sant, det helseministeren var inne på, at dette ikkje er gjort godt nok kjent nedover på avdelingane, at det er ein motstand i systemet fordi det vil krevja ressursar, og at ein på tenestestaden kanskje stiller spørsmål ved om det er rett bruk av ressursar. Eg ser òg at det vert oppretta ei registerordning der vi kan få meir informasjon om korleis dette er, men når vi får veta at det er 700 pasientar som får kontaktlege i Helse Vest, seier det oss eigentleg ikkje så mykje, for det er jo ut frå behovet vi må veta. Det er viktig.

Eg meiner dette burde vera rimeleg enkelt. Det er ikkje alt vi lovfestar i helsevesenet, men dette er lovfesta, og så er det tydelegvis ikkje implementert. Det burde vera så enkelt at kom det ein pasient og vart lagd inn på sjukehus, var dette noko ein skulle gå gjennom ved journaltaking. Det er spørsmål ein alltid skulle stilla. Dersom vi meiner det tar for mykje ressursar, må vi her på Stortinget iallfall gå gjennom ordninga. For det er jo inga meining i at noko skal vera lovfesta, og så skal vi sjå gjennom fingrane med det når det ikkje vert følgt opp.

Eg meiner dette er viktig. Spesielt for eldre pasientar meiner eg ein koordinator er ein veldig god ting.

Statsråd Bent Høie []: Jeg konstaterer at debatten viser at det nok bare er representanten og jeg som fortsatt deler engasjementet for dette spørsmålet.

Jeg vil bare si at jeg har stor forståelse for det som representanten gir uttrykk for, at en burde ha kommet lenger på dette området med tanke på at mange av disse ordningene var lovfestede plikter på et tidlig tidspunkt.

Jeg mener at vi nå gjør en rekke tiltak for nettopp å bidra til at ordningene også blir en realitet for pasientene, gjennom at vi nå skal måle sykehusene både på hvor mange som får kontaktlege, og hvor mange som har lagt til rette for at en også kan registrere koordinator.

Så ser vi at det også er grunn til litt refleksjon fra oss som lovgivere og politikere – å tenke gjennom hvilke virkemidler det er som faktisk virker når vi ønsker endring i helsetjenesten. Det er mange år siden vi innførte et lovkrav om koordinator, uten at vi nødvendigvis lyktes med det, mens arbeidsmetoden, innføring av pakkeforløp, har bidratt til at vi har lyktes med konkrete endringer. Noen ganger viser det seg at det ikke nødvendigvis alltid er gjennom lover vi klarer å få til endringer. Det er også andre metoder vi som politiske ledere kan bruke for å få til endring.

Jeg vil også trekke fram at kontaktlege ikke bare er en plikt for helseforetakene, det er også en rettighet for pasientene. Det betyr at pasientene nå også har en annen mulighet til f.eks. å ta kontakt med Pasient- og brukerombudet eller Fylkesmannen hvis de opplever at de har en rett på kontaktlege som ikke blir innfridd.

Så er det sånn at vi vet at en viktig risiko for skade og feil i helsetjenesten er overganger. Det er etter min oppfatning også et bevis på at dette vil være riktig ressursbruk å prioritere for helsetjenesten, fordi koordinator og kontaktlege vil være et viktig virkemiddel nettopp for å gjøre disse overgangene mindre risikofulle.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet. Ynskjer interpellanten ein sluttkommentar? Så er ikkje sett. Då er debatten i sak nr. 7 avslutta.