I samsvar med Grunnlova gir Kongen
denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter
siste melding.
Noreg er inne i
ein oppgangskonjunktur. Sysselsetjinga stig, og arbeidsløysa har
gått ned i nesten to år. I august var den registrerte arbeidsløysa
2,4 pst. BNP for Fastlands-Noreg auka med 1,9 pst. i 2017 og blir
anslått å auke meir i år. Statens pensjonsfond hadde ein samla marknadsverdi
ved utgangen av første halvår 2018 på 8 585 mrd. kr.
Den økonomiske
politikken har gitt eit betydeleg bidrag til den økonomiske utviklinga
dei siste åra. Ekspansive budsjett bidrog til å halde aktiviteten
oppe i tida etter oljeprisfallet. Samtidig har ei låg styringsrente støtta
opp under ei svakare krone. Saman med moderate lønnsoppgjer har
ei svakare krone betra konkurranseevna.
Bruken av oljeinntekter
i 2018 vart i revidert nasjonalbudsjett anslått til 225,5 mrd. kr.
Det svarar til 2,7 pst. av Statens pensjonsfond utland ved inngangen
til 2018.
Regjeringa har
i år sett i gang ein brei innsats for å få fleire inn i arbeidslivet.
I inkluderingsdugnaden skal offentlege og private aktørar jobbe
saman for å få fleire inn i ordinært arbeid.
Det er inngått
ein ny avtale med partane i arbeidslivet om tenestepensjon for tilsette
i offentleg sektor. Den nye pensjonsordninga er betre tilpassa prinsippa
i pensjonsreforma.
Lønnsoppgjeret
i 2018 var eit hovudoppgjer. Avtalerevisjonane har i all hovudsak
vore løyste gjennom forhandlingar og mekling. Det har vore få konfliktar.
Dei fleste i Noreg
har forsvarlege arbeidsforhold. Det er likevel utfordringar i enkelte
næringar og yrke. Regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet
er derfor vidareført og utvida.
Måla i skattereforma
om breie skattegrunnlag og lågare skattesatsar har vorte følgde
opp. Skattesatsen på allmenn inntekt er i 2018 redusert med ytterlegare
eitt prosentpoeng, til 23 pst.
Dei årlege innsparingane
for næringslivet av forenklingstiltak som er gjennomførte i perioden
frå 2011 til 2017, utgjer over 15 mrd. kr. Regjeringa er godt i
gang med arbeidet for å nå det nye målet, som er ei årleg innsparing
på 10 mrd. kr i perioden frå 2017 til 2021.
Regjeringa har
ein aktiv næringspolitikk med strategiar og tiltak for havnæringane,
industrien og reiselivet og gjennom dei breie ordningane i verkemiddelapparatet.
Noreg er den nest
største eksportøren av sjømat i verda. I 2017 vart det eksportert
sjømat frå Noreg for 94,5 mrd. kr.
Regjeringa har
som mål at Noreg framleis skal vere ein leiande havnasjon, og har
lansert fleire viktige initiativ for havet og havnæringane.
Noreg har etablert
eit internasjonalt høgnivåpanel for berekraftig havøkonomi, som
statsministeren leiar. Regjeringa har også etablert eit bistandsprogram
mot marin forsøpling.
Etter ein nødvendig
omstillingsprosess i petroleumsindustrien har aktiviteten på norsk
sokkel teke seg opp, og framtidsutsiktene er positive.
I 2017 tok Olje-
og energidepartementet imot utbyggingsplanar for ti nye olje- og
gassprosjekt. Det er dobbelt så mange som i 2016. Så langt i år
har departementet teke imot tre utbyggingsplanar.
Regjeringa har
arbeidd for at norske bedrifter skal ha gode og føreseielege handelspolitiske
rammevilkår i WTO. Det er gjort framsteg i frihandelsforhandlingane med
Kina.
Noreg har mobilisert
for å forsvare dei verdiane og institusjonane som vi byggjer utanrikspolitikken
vår på. Vi har fremja multilateralt samarbeid og den internasjonale
rettsordenen.
Å bidra til internasjonal
tryggleik er ei kjerneoppgåve for utanrikspolitikken.
Noreg har arbeidd
for framleis sterkt transatlantisk og europeisk samhald og har vore
ein pådrivar for å styrkje forsvarsevna til NATO. Vi har også vidareført
eit pragmatisk samarbeid med Russland.
Sidan 2014 har
regjeringa styrkt satsinga på eit tettare tryggingspolitisk samarbeid
i Europa.
Regjeringa har
også vidareført bidrag til NATO og alliansen sin operasjon i Afghanistan
og vår støtte til FNs fredsoperasjonar i Midtausten, Sør-Sudan og
Mali.
Noreg har offisielt
lansert sitt kandidatur for ein plass i FNs tryggingsråd for perioden
2021–2022.
Regjeringa har
lagt fram ein ny strategi for samarbeidet med EU for perioden frå
2018 til 2021.
Dialogen med EU
og Storbritannia er intensivert for å få best moglege rammer for
samarbeidet når Storbritannia forlèt unionen.
Statsministeren
har leidd FNs pådrivargruppe for berekraftsmåla. Ho har fremja helse,
utdanning og hav som dei norske prioriteringane.
Våren 2018 vart
klimastrategien for 2030 vedteken i Stortinget. Måla skal oppfyllast
med hovudvekt på innanlandske reduksjonar i utsleppa og med nødvendig bruk
av fleksibilitetsmekanismane i EU-regelverket. Regjeringa forhandlar
med EU om felles oppfylling av utsleppsmåla.
Regjeringa har
følgt opp ambisjonane i langtidsplanen for Forsvaret. Forsvaret
rapporterte i 2017 om at alle forsvarsgreinene hadde fleire styrkar
tilgjengeleg for operative oppdrag enn i 2016.
Forsvaret har
starta investeringane i nytt utstyr og moderne våpen. Vi har vorte
einige om endringar i verneplikta og etableringa av Finnmark landforsvar.
Forsvaret har styrkt mannskapet sitt i nord.
Regjeringa har
ført vidare arbeidet med å styrkje det nasjonale tryggingsarbeidet.
Forslag til forskrifter til lov om nasjonal tryggleik har vore på
høyring.
Også i 2017 var
driftsresultata i kommunesektoren gode. Talet på ROBEK-kommunar
er no det lågaste nokon gong.
Regjeringa sitt
forslag til ny kommunelov, som skal styrkje det kommunale sjølvstyret,
er vedteke av Stortinget.
Stortinget har
slutta seg til regjeringa sitt opplegg for vidare arbeid med endringar
i kommunestrukturen. Det er framleis nødvendig å jobbe for større
og sterkare kommunar.
For å hindre utanforskap
og for å sikre at flest mogleg blir økonomisk sjølvstendige, har
regjeringa forsterka innsatsen og samarbeidet med kommunane om å løfte
bydelar med sosiale utfordringar.
Samferdsel er
framleis eit av satsingsområda for regjeringa. Aktiviteten er høg
for både utbygging og vedlikehald. Vedlikehaldsetterslepet på veg
blir redusert for fjerde år på rad. Talet på trafikkdrepne i 2017
var det lågaste sidan 1947.
Strukturendringane
i nærpolitireforma er ferdigstilte. Endringane har vore nødvendige
for å leggje grunnlaget for betre polititenester og eit politi som
er rusta til å møte dagens og morgondagens kriminalitetsutfordringar,
m.a. i det digitale rommet.
Stortinget har
slutta seg til regjeringa sitt forslag om å innføre ei plikt for
skulen til å tilby intensiv opplæring til elevar på 1.–4. trinn
som strevar med lesing, skriving eller rekning.
Regjeringa har
vedteke ny tilbodsstruktur for yrkesfaga og at alle faga i grunnskulen
og fellesfaga i vidaregåande skule skal fornyast.
Regjeringa har
innført ei nasjonal bemanningsnorm og skjerpa pedagognorma i barnehagen.
Regjeringa har også innført ei norm for lærartettleik i grunnskulen,
i tråd med Stortinget sitt vedtak.
Regjeringa følgjer
opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Totalt svarar
løyvingane til FoU i år til over 1 pst. av forventa BNP.
Det er innført
obligatorisk norskopplæring i asylmottak. Innsatsen mot negativ
sosial kontroll og tvangsekteskap er forsterka. Mellom anna er ordninga med
minoritetsrådgivarar styrkt.
Ny åndsverklov
tok til å gjelde 1. juli, og regjeringa har sendt eit forslag til
ny medieansvarslov på høyring.
Regjeringa har
starta arbeidet med reforma Leve hele livet. Reforma skal skape
eit meir aldersvenleg samfunn.
Om lag to millionar
pasientar fekk helsehjelp ved somatiske sjukehus i 2017. Det er
1,2 pst. fleire enn året før.
Gjennomsnittleg
ventetid i spesialisthelsetenesta var 57 dagar i 2017 – ein nedgang
på tre dagar frå året før.
Regjeringa har
auka tilskotsramma for heildøgns omsorgsplassar, slik at det i 2018
er mogleg for kommunane å søkje om tilskot til 2 500 plassar.
Regjeringa styrkjer
innsatsen mot vald og overgrep mot barn. Ein nasjonal strategi for
foreldrestøtte vart lagd fram i juni 2018. Innsatsen mot barnefattigdom
har òg høg prioritet.
Frå 1. juli i
år vart mødre- og fedrekvoten i foreldrepengeordninga utvida til
15 veker.
Regjeringa har
fremja og Stortinget vedteke endringar i barnevernslova for å styrkje
rettstryggleiken til barn og foreldre i barnevernssaker.
I oktober 2017
la regjeringa fram ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet.
Regjeringa inngjekk
i mai ein jordbruksavtale med begge organisasjonane. Etter tørken
i sommar vart det i august semje om ein tilleggsavtale på 525 mill. kr
til erstatningar for avlingsskade for dei bøndene som er råka.
Regjeringa har
styrkt konkurranseevna for skog- og trenæringa. Avverkingstala i
2017 var blant dei høgaste sidan registreringane starta på 1920-talet.
Overskotet på
driftsbalansen overfor utlandet var på 182 mrd. kr i 2017, opp 64 mrd. kr
frå 2016.
I 2017 utgjorde
verdiskapinga i petroleumssektoren 16 pst. av Noregs BNP, og statens
netto kontantstraum frå oljeverksemda var 168 mrd. kr.
Ei langsiktig
og god forvaltning av Statens pensjonsfond legg til rette for at
inntektene frå petroleumsressursane kan kome både dagens og framtidige
generasjonar til gode. I april la regjeringa fram den årlege meldinga om
Statens pensjonsfond. Behandlinga av meldinga viser at det er brei
politisk semje om forvaltninga av dei felles sparemidlane våre.
Det legg til rette for å halde fast ved den valde strategien, også
i periodar med uro i marknadene.
Gjennomsnittleg
lønnsvekst frå 2016 til 2017 var på 2,3 pst. Lønningane auka meir
enn konsumprisane, og reallønnsveksten etter skatt var 0,9 pst.
Konsumprisane var 2,2 pst. høgare i perioden januar–juni i år enn
på same tid i fjor.
Måla i skattereforma
om breie skattegrunnlag og lågare skattesatsar har vorte følgde
opp. Det er lagt ned eit stort arbeid i å følgje opp arbeidet i
OECD og G20 for å hindre undergraving av skattegrunnlag og flytting
av overskot.
Sjukefråværet
har vore relativt stabilt sidan 2012. Eit av måla i IA-avtalen er
å redusere sjukefråværet med 20 pst. frå 2001. Fråværet er no om
lag 12 pst. lågare enn i 2. kvartal 2001. Det er store skilnader
i utviklinga og nivået på sjukefråværet mellom kjønn, aldersgrupper,
fylke og sektorar. Siste år i gjeldande IA-avtale er 2018. Regjeringa
har saman med partane i arbeidslivet starta arbeidet med å vurdere
innhald i og innretning av ein eventuell ny IA-avtale.
Befolkninga i
Noreg heldt fram med å vekse i 2017, men i eit lågare tempo enn
åra før. Nettoinnvandringa gjekk klart ned i fjor, men er framleis
på eit høgt nivå. I 2017 auka befolkninga med om lag 37 000 personar.
Etter fleire år
med høg vekst gjekk bustadprisane ned gjennom fjoråret. Sidan årsskiftet
har prisane igjen auka, og no er dei omtrent tilbake på toppnivået
frå tidleg i 2017. Oppgangen har vore sterkast i Oslo, mens utviklinga
har vore meir moderat i andre byar.
Gjelda i hushalda
har lenge auka raskare enn inntektene. Norske hushald har i gjennomsnitt
ei gjeld som er meir enn to gonger den disponible inntekta deira. Vedvarande
gjeldsvekst er eit teikn på at finansielle ubalansar har bygd seg
opp. Regjeringa vedtok i juni å vidareføre bustadlånsforskrifta.
Den skal gjelde fram til desember 2019. Hovudmålet med forskrifta
er å bidra til ei meir berekraftig utvikling i marknaden for bustadlån.
Internasjonal
orden, slik han har vorte utvikla sidan 1945, har tent Noreg godt,
men er under press. Samtidig er internasjonalt samarbeid viktigare
enn nokon gong. Stadig fleire utfordringar er for komplekse til
å bli løyste av eitt land åleine.
Eit godt forhold
til USA er av langsiktig nasjonal interesse, og regjeringa har arbeidd
for å styrkje det nære bilaterale samarbeidet. USA held fram med
å vere vår viktigaste allierte. I dialogen med USA har regjeringa
gitt tydeleg uttrykk for norske posisjonar.
Regjeringa ønskjer
eit godt naboforhold til Russland og har vidareført eit breitt bilateralt
samarbeid innanfor fiskeri, miljø og atomtryggleik. Dette samarbeidet fungerer
godt, trass i det krevjande internasjonale samarbeidsklimaet mellom
Russland og vestlege land.
Regjeringa har
arbeidd for at Arktis framleis skal vere ein region prega av stabilitet
og samarbeid der internasjonal rett blir etterlevd.
Regjeringa har
arbeidd for å fremje internasjonalt samarbeid på globale arenaer
som FN og i kontaktane vi har hatt med land og organisasjonar i
Afrika, Latin-Amerika og Asia.
Regjeringa har
arbeidd for å halde i gang det regelbaserte multilaterale handelspolitiske
samarbeidet i WTO.
EØS-avtalen er
fundamentet i Noregs samarbeid med EU. Avtalen sikrar fri rørsle
for personar, varer, tenester og kapital og gir norske bedrifter
tilgang til ein marknad på over 500 millionar menneske.
EØS-midlane er
eit viktig europapolitisk verktøy, og gjennom desse bidreg Noreg
til sosial og økonomisk utjamning i EU. Midlane er også viktige
for rettsstatsprinsipp og sivilt samfunn i fleire europeiske land.
FN-forhandlingane
om ei global plattform for migrasjon er sluttførte. Noreg deltok
aktivt for å sikre betre handtering av dei globale migrasjonsutfordringane.
Noregs humanitære
budsjett er auka med over 50 pst. sidan starten av førre stortingsperiode.
Regjeringa har nyleg lansert ein ny strategi for Noregs humanitære
politikk og innsats. Regjeringa har vore ein pådrivar for etterleving
av humanitærretten.
Regjeringa har
bidrege til å løyse internasjonale konfliktar gjennom aktivt fredsdiplomati.
Vi har arbeidd for at kvinner deltek på lik linje med menn i all innsats
for fred og tryggleik. Minoritetar, ikkje minst dei religiøse, er
blant dei mest sårbare gruppene i krig og konflikt. Regjeringa har
det siste året auka støtta til arbeidet med trus- og livssynsfridom
og religiøse minoritetar.
I år fyller Verdserklæringa
for menneskerettane 70 år. Noreg har arbeidd aktivt for menneskerettane, særleg
på områda kvinners rettar, ytringsfridom, trus- og livssynsfridom
og vern av sivilt samfunn. Under norsk leiing vedtok FNs generalforsamling
i desember 2017 samrøystes ein resolusjon for vern av menneskerettsforsvararar.
Regjeringa har
arbeidd vidare med å gjennomføre strategien for ytringsfridom og
uavhengige medium i utanriks- og utviklingspolitikken.
Noreg er stadig
aktivt engasjert i den globale kampen mot dødsstraff.
Regjeringa har
auka støtta til seksuell og reproduktiv helse internasjonalt og
til arbeidet mot seksualisert vald i konflikt. Noreg har teke ei
aktiv rolle i arbeidet med å hindre seksuell trakassering i bistands-
og utviklingsorganisasjonane i lys av metoo-kampanjen.
Regjeringa vidarefører
Noregs leiarrolle internasjonalt for global helse og for utdanning
i utviklingsland.
Noreg har støtta
FNs generalsekretærs initiativ til reformer for å gjere organisasjonen
meir effektiv og betre til å levere resultat på landnivå. Noreg
jobbar også for å styrkje FNs rolle og organisasjonens evne til
å førebyggje konfliktar.
Regjeringa har
arbeidd vidare, nasjonalt og internasjonalt, med å betre evna til
å handtere kriser.
Noreg har i stor
grad fått gjennomslag for sine interesser i arbeidet med NATOs tilpassa
kommandostruktur, med ei sterkare vektlegging av den maritime innretninga
til alliansen.
Regjeringa har
vidareført aktive militære bidrag internasjonalt. Bidraget til NATO
sin operasjon i Afghanistan er styrkt, den norske innsatsen i koalisjonen
mot ISIL er vidareført og dessutan støtta til FNs fredsoperasjonar,
NATOs forsterka nærvær i Aust-Europa og NATOs beredskapsstyrkar.
Regjeringa har
vidareutvikla samarbeidet med nære allierte, m.a. det bilaterale
samarbeidet med USA om felles øvingar og trening i Noreg. Regjeringa
har også bidrege til å vidareutvikle samarbeidet i Norden, m.a.
gjennom det norske formannskapet for NORDEFCO i 2018.
Regjeringa har
inngått ein avtale om deltaking i den britiskleidde hurtigreaksjonsstyrken
Joint Expeditionary Force, JEF, som ved behov kan bidra raskt til
fleirnasjonal krisehandtering. Dette vil bidra til auka tryggleik i
nærområda våre.
Regjeringa vedtok
i april 2018 å overføre operativ utføring av nasjonal slepeberedskap
til Kystvakta. Beredskapen blir halden ved like, samtidig som evna
til å utøve myndigheit og ressurskontroll til havs blir styrkt.
I november 2017
landa dei tre første norske F-35-kampflya på norsk jord. Noreg har
no teke imot til saman 16 av dei nye kampflya.
Det er vedteke
at Noreg skal skaffe tre helikopterberande og isforsterka havgåande
kystvaktfartøy. Fartøya skal byggjast ved eit norsk verft for å
sikre nasjonal beredskap og sikker forsyning.
Det strategiske
forsvarsmateriellsamarbeidet med Tyskland er ytterlegare styrkt
gjennom ein samarbeidsavtale om vidareutvikling av det norske sjømålsmissilet NSM.
Norsk forsvarsindustri har spela ei viktig rolle i dette samarbeidet,
i tråd med regjeringa sin forsvarsindustristrategi.
Utdanningsreforma
i Forsvaret blir gjennomført no. Reforma skal leggje grunnlaget
for eit tidsriktig, kvalitativt godt og kostnadseffektivt utdanningssystem.
Regjeringa har
sett ned eit utval som skal greie ut tiltak for å auke sysselsetjinga
i norsk økonomi. Utvalet skal m.a. vurdere moglege tiltak for å
auke yrkesdeltakinga i utsette grupper.
Regjeringa arbeider
for ein heiltidskultur i arbeidslivet og eit fleksibelt arbeidsliv
med trygge rammer. Stortinget vedtok 4. juni endringar i arbeidsmiljølova
om fast og mellombels tilsetjing og innleige frå bemanningsføretak
og dessutan om deltidstilsette sin fortrinnsrett til ein del av
ei stilling. Det regjeringsoppnemnde varslingsutvalet har avlevert
rapporten sin.
Etter forslag
frå regjeringa har Stortinget også vedteke nødvendige tilpassingar
av dagens offentlege tenestepensjonsordningar til ny alderspensjon
frå folketrygda. I tråd med avtalen den 3. mars har det vorte betre
utteljing for å stå i jobb etter 67 år, og ein har sikra at alle med
opptening får utbetaling av offentleg tenestepensjon.
Regjeringa har
lagt fram ei stortingsmelding om helse, miljø og tryggleik i petroleumsnæringa.
Meldinga viser at HMS-regimet i all hovudsak fungerer godt, samtidig
som eit framleis godt partssamarbeid, kunnskapsutvikling og eit
sterkt og tydeleg tilsyn er ein føresetnad for ei god utvikling
framover. Ambisjonen til regjeringa om at norsk petroleumsverksemd
skal vere verdsleiande på helse, miljø og tryggleik, ligg fast.
EUs årlege indeks
over digitalisering, DESI-indeksen, viser at Noreg er nummer fem
i Europa på digitalisering, etter Danmark, Sverige, Finland og Nederland. Bruk
av offentlege digitale tenester aukar kraftig.
Regjeringa har
sett i gang arbeidet med ein digitaliseringsstrategi for offentleg
sektor for å forsterke innsats, samarbeid og samordning. Arbeidet
med å få tenestene i offentleg sektor til å henge betre saman er
ei prioritert oppgåve for regjeringa. Regjeringa har saman med kommunesektoren
gått i gang med eit lågterskeltilbod til innbyggjarar utan grunnleggjande
digital kompetanse.
Statens innkjøpssenter
har gjennomført dei første felles innkjøpsavtalane for staten. Dei
fire fellesavtalane er berekna å gi staten ei årleg innsparing på
om lag 200 mill. kr.
I 2018 har Direktoratet
for byggkvalitet, DiBK, etablert Fellestenester BYGG, ei tenesteplattform
som legg grunnlaget for ein fulldigital byggjesaksprosess. Gode digitale
løysingar for kommunane og byggjenæringa bidreg til at søknadsprosessen
blir enklare, raskare og meir føreseieleg for dei som skal byggje.
Husbanken held
fram med å digitalisere systema for dei økonomiske ordningane sine.
Dei som søkjer om bustøtte, tilskot og lån, får betre tenester.
Samtidig brukar kommunane og Husbanken mindre tid på saksbehandling,
og systema blir sikrare.
For å gjere samfunnet
førebudd på komande klimaendringar har regjeringa vedteke statlege
planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.
Det nye jordobservatoriet
i Ny-Ålesund opna 6. juni i år. Det skal gi avgjerande kunnskap
om miljøutfordringane i verda og bidra til ny navigasjonsteknologi.
Observatoriet inngår i eit verdsomspennande nettverk og er med på
å stadfeste Noregs posisjon og nærvær i nordområda.
I regional- og
distriktspolitikken legg regjeringa vekt på eit næringsliv som er
i stand til å ta vare på og skape nye lønsame arbeidsplassar. Dette
vil bidra til vekstkraftige regionar i heile landet. Ein god distriktspolitikk
handlar òg om å desentralisere makt og myndigheit og styrkje koplingane
mellom bedrifter og offentlege institusjonar i byar og distrikt.
Verdien av statens
direkte eigarskap på Oslo Børs var 716 mrd. kr ved utgangen av 2017.
Statens del av bokført verdi av unoterte selskap der staten har
forretningsmessige mål med eigarskapet, var 128 mrd. kr. For rekneskapsåret
2017 tek staten imot om lag 38 mrd. kr i utbytte frå selskapa med
direkte statleg eigardel.
Torskebestanden
i Barentshavet er framleis på eit høgt nivå. Eit langvarig samarbeid
mellom kyststatane Noreg og Russland og gode klimatiske forhold
er bakgrunnen for at dette er den største torskebestanden i verda.
Andre bestandar er òg godt forvalta, og fiskekvotane er stort sett
høge. Kampen mot fiskerikriminalitet og ulovleg, urapportert og
uregulert fiske er høgt prioritert av regjeringa, også i internasjonal
samanheng.
Storbritannia
er ein betydeleg fiskerinasjon i Nordaust-Atlanteren, og eit nytt
samarbeid om fiskeriforvaltning blir heilt sentralt i vårt arbeid
med brexit. Noreg har etablert ein god dialog med både EU og Storbritannia
om saka.
Regjeringa innførte
i fjor haust eit nytt system for kapasitetsjustering i norsk lakse-
og aureoppdrett. Systemet legg til rette for at oppdrettarane kan
få tilbod om føreseieleg vekst som sikrar omsynet til miljøet. I
løpet av 2018 har regjeringa tildelt vekst der det er miljømessig
forsvarleg. Det er tildelt om lag 3 pst. vekst i næringa, mot eit
samla vederlag på 3 900 mill. kr.
For å bidra til
å løyse kommunikasjonsutfordringane i nordområda har regjeringa
føreslått å gi ei tilsegn om eigenkapital til Space Norway AS på
visse vilkår. Formålet er å realisere eit prosjekt med to satellittar
som skal gi breibandskommunikasjon i heile Arktis, dersom det er
forretningsmessig lønsamt. Forslaget vart vedteke av Stortinget
4. juni 2018.
Regjeringa har
oppretta Norsk nukleær dekommisjonering, NND. NND skal vere eit
nasjonalt organ for opprydding etter Noregs nukleære verksemd og
sikker handtering av nukleært avfall.
Regjeringa har
etablert eit nytt investeringsselskap som skal utløyse lønsame investeringar
som bidreg til reduserte klimagassutslepp. Investeringane skal i hovudsak
rettast mot bedrifter med ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling
til kommersialisering. Det er varsla at selskapet vil endre namn
frå Fornybar AS til Nysnø Klimainvesteringer AS.
I 2018 vart det
oppretta ei ny mellombels skipsfinansieringsordning som blir forvalta
av Eksportkreditt Norge og Garantiinstituttet for eksportkreditt,
GIEK. Målet med ordninga er å bidra til auka aktivitet for skipsverft
i Noreg, ved at reiarar lettare oppnår finansiering på marknadsvilkår.
Bilaterale handelsavtalar
gir norske varer og tenester tilgang til viktige marknader i resten
av verda og bidreg dermed til verdiskapinga i Noreg. Regjeringa
forhandlar no om nye avtalar med m.a. Indonesia, Kina og land i
Sør-Amerika, Mercosur.
Eit ekspertutval
skal gjennomgå korleis det offentlege brukar marknaden for velferdstenester
og m.a. kartleggje om enkelte private leverandørar av velferdstenester
har forteneste som kan karakteriserast som urimeleg høg.
Noreg har takka
ja til å delta som hovudsponsor for eit initiativ frå FNs næringslivssamanslutning,
UN Global Compact, om berekraftig næringsutvikling i havet, Business
Action Platform for the Oceans.
I februar 2018
la regjeringa fram ein ny datasenterstrategi. Strategien presenterer
regjeringa sin politikk og tiltak på sentrale område som skal bidra
til å gjere Noreg til ein meir attraktiv datasenternasjon.
Våren 2017 sette
regjeringa ned eit offentleg utval som skulle vurdere kva tilgang
til kapital næringslivet hadde. Kapitaltilgangsutvalet leverte si
utgreiing i mars i år.
Regjeringa har
etablert Prosess21, eit strategiforum for prosessindustrien som
skal gi råd og anbefalingar om reduserte utslepp og berekraftig
vekst i norsk prosessindustri. Regjeringa har også etablert Digital21
for å sjå på korleis ein kan styrkje næringslivet si evne og moglegheit
til både å utvikle og ta i bruk ny teknologi og kunnskap, i takt
med den aukande digitaliseringa.
Samla produksjon
frå norsk sokkel i 2017 var om lag 4 millionar fat oljeekvivalentar
per dag. For fjerde året på rad auka totalproduksjonen. Produksjonen
kjem truleg til å auke vidare fram mot 2023. Noreg dekkjer om lag
25 pst. av EUs gassforbruk og bidreg i overgangen til eit fornybart
lågutsleppssamfunn i Europa. Per 1. september er det 83 felt i produksjon,
og ytterlegare 18 felt er under utbygging.
Omstillingsevna
i næringa har sikra lønnsemda og bidreg til at aktiviteten på norsk
sokkel no tek seg opp. Investeringane ser ut til å ha nådd ein botn
i 2017 med eit nivå på 151 mrd. kr og er venta å auke i 2018. For
å halde investeringsnivået oppe etter 2020 er det nødvendig å gjere
nye funn.
Olje- og gassnæringa
har vore ein berebjelke i norsk økonomi i mange tiår. Ho kjem framleis
til å spele ei viktig rolle i norsk økonomi i mange år framover
og gi eit betydeleg bidrag til den framtidige finansieringa av det norske
velferdssamfunnet. Statens samla petroleumsinntekter var 168 mrd. kr
i 2017 og vart i revidert nasjonalbudsjett anslått til 224 mrd. kr
i år, tilsvarande om lag 17 pst. av statens samla inntekter.
Målt etter omsetning
er leverandørindustrien Noregs største næring etter produksjon av
olje og gass. Næringa skaper arbeidsplassar og lokal næringsutvikling
i alle fylke i landet. Med basis i ein solid heimemarknad kjem om
lag 35 pst. av omsetninga til leverandørindustrien frå internasjonale
marknader. Oppsvinget vi ser no, bidreg til auka sysselsetjing og
levedyktige lokalsamfunn langs heile kysten.
Kunnskapen og
kompetansen i denne kapitalintensive næringa blir overført til andre
næringar gjennom læringsprosessar, kompetanseoverføring og innovasjon.
Dette samspelet bidreg til inntektsgenerering og ein breiare, meir
robust og kunnskapsrik næringsstruktur i heile landet.
Noregs forskingsråd
har på oppdrag frå Olje- og energidepartementet utlyst eit forskingssenter
for lågutsleppsteknologi for petroleumsverksemda. Målet er å bidra
til å utvikle lågutslepps- eller nullutsleppsteknologi som gjer
det mogleg med ei framtidig utbygging og drift med lågast mogleg
utslepp av klimagassar.
2017 vart året
med det høgaste kraftforbruket som har vore målt i Noreg, med 132,9 TWh.
Samla kraftproduksjon vart 148,2 TWh, som er på nivå med den høgast målte
kraftproduksjonen frå 2016. 98 pst. av produksjonen kom frå vass-
og vindkraft. Nettoeksporten av kraft til utlandet var på 15,3 TWh.
Norsk kraftforsyning har, saman med kraftforsyninga på Island, den
høgaste fornybardelen og dei lågaste utsleppa i Europa.
Ein varm og tørr
vår og sommar har gitt lågare fyllingsgrad enn normalt i norske
vasskraftmagasin. Tilgangen på utvekslingskapasitet med andre lands
kraftsystem vil bidra til å dempe konsekvensane av ein langvarig
tørkeperiode.
I løpet av 2017
vart 1,6 TWh ny kraftproduksjon sett i drift. Per 1. juni 2018 var
9,2 TWh ny fornybar kraftproduksjon under utbygging, i all hovudsak
vindkraft.
Regjeringa tek
sikte på å opne eitt til to område for fornybar energiproduksjon
til havs. Demonstrasjonsprosjekt for flytande vindkraft kan søkje
støtte frå Enova. Strategien for flytande vindkraft som vart lagd
fram hausten 2017, er retta mot at norsk industri og norske kompetansemiljø
skal gripe dei industrielle moglegheitene knytte til utvikling av
vindkraft til havs.
For 2018 er det
løyvd 354 mill. kr til flaum- og skredførebygging over budsjettet
til Noregs vassdrags- og energidirektorat. Løyvingane til dette
arbeidet har auka dei siste åra.
I mars 2018 vart
det vedteke at tredje energimarknadspakke skulle innlemmast i EØS-avtalen,
med bakgrunn i tidlegare vedtak i EØS-komiteen.
Regjeringa har
vidareført arbeidet med fullskala CO2-handtering. Stortinget har
slutta seg til regjeringa sitt forslag om å setje i gang forprosjektering
av CO2-fangst og -lagring. Olje- og energidepartementet har lyst ut
areal som er tilgjengelege for søknad om utnyttingsløyve for lagring
av CO2 på norsk kontinentalsokkel.
Tidleg innsats
er avgjerande for å gi alle barn og unge ei opplæring som rustar
dei for framtida. For å styrkje den tidlege innsatsen har regjeringa
både innført tydelegare språkkrav for styrarar og pedagogiske leiarar
i barnehagen og ei samarbeidsplikt i overgangen mellom barnehage,
skule og SFO. Stortinget har slutta seg til at det skal innførast
ei plikt for skulen til å samarbeide med relevante kommunale tenester
om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege,
sosiale eller emosjonelle vanskar. Vidare har Stortinget slutta
seg til regjeringa sitt forslag om å innføre ei plikt for skulen
til å gi tilbod om intensiv opplæring til elevar på 1.–4. trinn
som strevar med lesing, skriving eller rekning.
Alle faga i grunnskulen
og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring skal fornyast.
Læreplanane skal etter planen vere klare til bruk frå 2020. Regjeringa har
fastsett kjerneelementa i faga – det viktigaste elevane skal lære
i kvart fag. Dei andre faga skal etter planen også fornyast før
2021.
Regjeringa har
vedteke at det skal utformast yrkesfagspesifikke delar av læreplanane
i norsk og engelsk i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Dette
kjem i tillegg til yrkesfagspesifikke delar i læreplanane i matematikk
og naturfag.
Regjeringa har
fastsett endringar i tilbodsstrukturen for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.
Dei skal sikre at dei ulike faga er meir i tråd med behova i næringslivet.
Ein ny struktur for yrkesfag i vidaregåande opplæring blir innført
hausten 2020.
Regjeringa har
føreslått og fått tilslutning til forbod mot bruk av plagg som heilt
eller delvis dekkjer ansiktet, i barnehage og i undervisningssituasjonar
i grunnopplæringa, folkehøgskular, fagskular, introduksjonsordninga
og høgare utdanning.
Regjeringa har
styrkt Kompetansepluss-ordninga med nær 70 mill. kr frå 2014 til
2018. Gjennom ordninga får arbeidstakarar opplæring i grunnleggjande
ferdigheiter på arbeidsplassen. Arbeidslivet blir ein stadig viktigare
læringsarena, og i 2017 var det rekordhøg søking om tilskotsmidlane.
Det vart delt ut 170 mill. kr gjennom ordninga.
I oppfølginga
av den nasjonale strategien for lærarutdanning, Lærarutdanning 2025,
er samarbeid mellom alle aktørane i skule- og lærarutdanningssektoren
høgt prioritert. Representantar for alle aktørane som er delaktige
i lærarutdanningane, har vore samla for å etablere eit nytt, nasjonalt
forum for lærarutdanning og profesjonsutvikling.
Regjeringa har
fremja og Stortinget vedteke ei ny lov om fagskular. Ei rekkje endringar
i lova skal klargjere at fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg
utdanning. Frå og med 2018 er det innført ei ny tilskotsordning
for driftstilskot til fagskuleutdanning.
Regjeringa fastsette
med verknad frå 1. januar 2018 nye reglar for private høgskular
og fagskular. Dei nye reglane skal leggje til rette for ein effektiv
kontroll med offentlege tilskot og at studentane sine eigenbetalingar blir
brukte i tråd med regelverket.
Dei siste åra
har det vore mange samanslåingar i den statlege delen av universitets-
og høgskulesektoren, og det er no 21 statlege institusjonar. Det
er også starta opp ei konsolidering blant dei private høgskulane.
Høgskolen i Oslo
og Akershus, HiOA, fekk i januar 2018 universitetsstatus med namnet
OsloMet – storbyuniversitetet. I mai fekk Høgskolen i Søraust-Noreg tilsvarande
status og vart samtidig til Universitetet i Søraust-Noreg. Noreg
har med dette ti universitet.
Regjeringa har
sett ned eit lovutval som skal gå gjennom og vurdere endringar i
regelverket for universitet, høgskular og studentsamskipnader.
Regjeringa har
trappa opp kapasiteten i høgare utdanning innanfor IKT og lagt til
rette for at opptaket til IKT-utdanningane kan auke med 1 500 studentar
som ei varig ordning.
I 2018 har regjeringa
satsa vidare på studentbustader med tilsegn om tilskot til 2 200
nye studenthyblar.
Det er forventa
at nytt bygg for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø
blir ferdig i 2018 og likeins rehabiliteringa av Universitetsmuseet
i Bergen. Det er gitt startløyving til nytt bygg for livsvitskap
ved Universitetet i Oslo. Samtidig blir det arbeidd vidare med å
ferdigstille fleire nybygg i universitets- og høgskulesektoren,
m.a. for veterinærmiljøa på Ås. I 2018 er det gitt ei samla løyving
på 50 mill. kr til planlegging av campus NTNU.
På bakgrunn av
den overordna digitaliseringsstrategien for universitets- og høgskulesektoren
for perioden 2017–2021 er lærestadene bedde om å utarbeide eigne forpliktande
mål og tiltak for digitalisering av utdanning og forsking.
Direktoratet for
IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, Unit, vart
oppretta 1. januar 2018 og har det nasjonale ansvaret for å implementere
og vidareutvikle digitaliseringsstrategien.
Tala frå mars
2018 viser at Noreg for første gong har motteke over 2 pst. av dei
utlyste midlane i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont
2020.
Regjeringa vedtok
i desember 2017 ein nasjonal strategi for tilgjengeleggjering og
deling av forskingsdata. Strategien slår fast at forskingsdata skal
vere så opne som mogleg og så lukka som nødvendig.
Hausten 2017 fastsette
regjeringa retningslinjer og tiltak for open tilgang til vitskaplege
artiklar. Regjeringa sitt mål er at alle norske vitskaplege artiklar
som er finansierte av offentlege midlar, skal vere ope tilgjengelege
innan 2024.
Regjeringa la
i mai 2018 fram ein ny strategi for forsking og høgare utdanning
på Svalbard. Regjeringa har store forventningar til denne strategien
og vil at forskinga skal levere viktige bidrag til internasjonal
kunnskapsutvikling og til å løyse sentrale samfunnsoppgåver og globale
utfordringar.
I 2017 busette
282 kommunar nærmare 11 100 flyktningar. Av desse var om lag 760
einslege mindreårige. For 2018 har Nasjonalt utval for busetjing
av flyktningar lagt vekt på sysselsetjingsgrad, resultat frå introduksjonsprogrammet
og kommunestorleik i oppmodingskriteria til kommunane. Det skal
også takast omsyn til lokale forhold, som behov for arbeidskraft
i regionen og busetjingshistorikk. Kvar enkelt kommune skal i tillegg
oppmodast om å busetje minimum ti personar.
I 2017 deltok
over 44 000 personar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og
om lag 29 000 personar deltok i introduksjonsprogram. Deltakartalet
er framleis høgt i 2018. Det er gjennomført evalueringar av introduksjonsordninga,
og dei skal danne grunnlag for regjeringa sitt arbeid med eit integreringsløft.
Regjeringa har
sørgt for at medlemmer av barnefamiliar og einslege mindreårige
med avgrensa opphaldsløyve i påvente av dokumentert identitet blir
busette og får rett til introduksjonsprogram og opplæring i norsk
og samfunnskunnskap.
Regjeringa har
sett i gang forprosjekt for ei omfattande rehabilitering av Nationaltheatret
i Oslo.
Nasjonalbiblioteket
har digitalisert den norske litteraturarven og fullført nettenesta
bokhylla.no. Det betyr at 270 000 norske bøker som er skrivne før
år 2000, no kan lesast gratis, og at rundt 20 000 bøker som ikkje lenger
er opphavsrettsleg beskytta, er gjorde tilgjengelege.
Regjeringa greier
ut ei samla bygningsmessig løysing for Det Samiske Nasjonalteatret
Beaivváš og den samiske vidaregåande skulen i Kautokeino.
Ny forskrift om
avlevering av allment tilgjengelege dokument tredde i kraft 1. juli.
Regjeringa har
sett ned eit offentleg utval med oppgåve å gå gjennom arkivlova.
Utgreiinga skal liggje føre i mars 2019.
Avviklinga av
dei riksdekkjande FM-signala vart fullført i desember 2017, og riksdekkjande
kringkastarar sender no på DAB.
Regjeringa legg
stor vekt på å styrkje norsk kulturlivs internasjonale moglegheiter,
noko som har bidrege til at spesielt norske forfattarar og artistar
har lykkast i utlandet.
Mellombels indre
grensekontroll på ferjehamner med trafikk mot Sverige, Danmark og
Tyskland er vidareført fram til 11. november 2018. Behovet for ytterlegare
vidareføring av indre grensekontroll blir vurdert i lys av tryggingssituasjonen.
Regjeringa sine
forslag til ny våpenlov og ny grenselov er vedtekne av Stortinget.
I ny våpenlov er det lagt inn nye tryggingstiltak, samtidig som
den gode jakt- og skyttarkulturen i Noreg blir sikra. Stortinget
har også vedteke regjeringa sitt forslag til endringar i politilova, slik
at det no kan vere tidsuavgrensa væpning ved sårbare objekt.
Noreg tek aktivt
del i arbeidet med å finne felleseuropeiske løysingar for handteringa
av menneske på flukt og migrasjon.
Dei første av
dei 16 nye redningshelikoptera blir leverte i perioden 2017–2018.
Helikoptera skal gjennom eit innfasingsprogram i Forsvaret før første
helikopter blir sett i drift i første halvår 2019. Planen er at
alle dei nye redningshelikoptera skal vere i drift i løpet av første halvår
2021.
Statens barnehus
er styrkt, og den totale løyvinga til barnehusa er på 240 mill. kr
i 2018. Ei underavdeling av Statens barnehus Tromsø vart opna i
Kirkenes i mars 2018. Ei tilsvarande underavdeling av Statens barnehus Bergen
blir etablert i Førde i løpet av hausten 2018.
Regjeringa har
etablert støttesenter for kriminalitetsutsette i alle dei tolv politidistrikta
i landet. Kontora er lokaliserte hos politiet, etter modell frå
Støttesenteret for fornærma i straffesaker i Trondheim. Sentera
er etablerte i nært samarbeid med kommunane for å få ei tett kopling
til kommunale tenester.
Drap som er utførte
av noverande eller tidlegare partnar, utgjer mellom 20 og 30 pst.
av drapa i Noreg. Eit utval som skal gå gjennom partnardrapssaker,
vart sett ned hausten 2018.
Etter forslag
frå regjeringa er det i statsbudsjettet for 2018 løyvd 30 mill. kr
til ein auka politiinnsats i Oslo sør. Innsatsen skal bidra til
å førebyggje kriminalitet, med særleg vekt på unge i risikosona
og å hindre rekruttering til kriminelle miljø.
Regjeringa har
auka kapasiteten i kriminalomsorga. I 2017 og 2018 er kapasiteten
for gjennomføring av straff med elektronisk kontroll utvida med
om lag 150 plassar. 310 nye fengselsplassar i Agder er under bygging. Soningskøen
er så godt som avvikla. Regjeringa følgjer opp behov for omstruktureringar
i kriminalomsorga. Ressursane i kriminalomsorga må brukast mest
mogleg effektivt, og det blir planlagt for nedlegging av plassar det
ikkje lenger er behov for.
Regjeringa har
satsa på å digitalisere og modernisere domstolane. Til saman er
det løyvd om lag 235 mill. kr til IKT i domstolane sidan 2014. Regjeringa
har òg sett ned eit utval som skal sjå på korleis domstolane bør
organiserast for å vere best mogleg rusta til å møte forventningar
om effektivitet, kvalitet og uavhengigheit.
Etter forslag
frå regjeringa har Stortinget vedteke ny personopplysningslov, som
gjennomfører EUs nye regelverk på området. Lova gir m.a. auka rettar
og krev at verksemdene må jobbe systematisk for å sikre personvernet.
Regjeringa har
lagt fram forslag til ei ny arvelov som er tilpassa dagens familiemønster
og samfunnsutviklinga elles.
I tråd med forslag
frå regjeringa har Stortinget vedteke at alle kommunar frå 2018
skal ha knytt til seg lege, sjukepleiar, jordmor, helsesøster og
fysioterapeut. Frå 2020 blir dette utvida til også å gjelde psykolog
og ergoterapeut.
Frå 1. januar
i år vart det tydeleggjort i helse- og omsorgstenestelova, spesialisthelsetenestelova
og tannhelsetenestelova kva ansvar helse- og omsorgstenestene på systemnivå
har når det gjeld å førebyggje, avdekkje og avverje vald og seksuelle
overgrep.
Innbyggjarar kan
no logge seg inn på den nasjonale helseportalen helsenorge.no og
registrere seg som organdonor i kjernejournal.
Det er utvikla
løysingar for innsyn i nasjonale helseregister, som del av arbeidet
med å sikre rettane og personvernet til dei registrerte. Innbyggjarane
har m.a. fått innsyn i opplysningar om eigen fødsel i Medisinsk
fødselsregister og eigne opplysningar i Kommunalt pasient- og brukarregister.
Regjeringa vil
gjennomføre ei rusreform der samfunnsreaksjonar for bruk og innehaving
av illegale rusmiddel til eige forbruk blir flytte frå justissektoren
til helsesektoren. Det er sett ned eit offentleg utval som skal
greie ut ein modell for gjennomføring av reforma.
Frå 1. juli i
år fekk helse- og omsorgstenesta ei plikt til å tilby pasientar,
brukarar og pårørande eit møte etter svært alvorlege hendingar.
Slike møte bidreg til større openheit og gir pasientar, brukarar
og pårørande moglegheit til å få svar på spørsmål.
Arbeidet med å
etablere Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta
er godt i gang.
Regjeringa vil
leggje fram ein eigen opptrappingsplan for barn og unges psykiske
helse. Opptrappingsplanen skal innehalde både helsefremjande, sjukdomsførebyggjande
og kurative initiativ. Barn og unge sjølv er dei viktigaste premissleverandørane
for arbeidet. Regjeringa har gjennom fleire år satsa på helsestasjons-
og skulehelsetenesta, inkludert jordmortenesta. Tenesta er betydeleg
styrkt frå 2014 til 2018, og i 2018 er det til saman løyvd 1,16 mrd. kr
gjennom kommuneramma og i øyremerkt tilskot. I perioden frå 2013
til 2017 auka talet på årsverk i tenesta med 975 årsverk.
Regjeringa si
historiske satsing på familieverntenesta har gitt resultat. Fleire
personar får hjelp i familievernet. Ventetida er redusert, og kapasiteten
i arbeidet mot vald og høg konflikt er auka. Det er likevel viktig
å sikre ei vidareutvikling av tenesta, slik at fleire familiar kan
få den hjelpa dei treng. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg
utval som skal gå gjennom organisering, oppgåveløysing, ressursbruk
og kvalitet i familieverntenesta.
Nasjonal tilskotsordning
mot barnefattigdom er styrkt, frå om lag 100 mill. kr i 2014 til
om lag 270 mill. kr i 2018. Ordninga bidreg til at barn frå sosialt
og økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta på ferie- og fritidsaktivitetar.
Regjeringa sitt
forslag om å innføre ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap
i Noreg er vedteke av Stortinget og tok til å gjelde 1. juli 2018.
Regjeringa sitt
forslag om å innføre heimel til å be om DNA-test før farskap blir
erklært for barn fødde i utlandet, der det er tvil om identitet,
er vedteke av Stortinget.
Med grunnlag i
den nye gjeldsinformasjonslova gav regjeringa i juni 2018 to selskap
løyve til å formidle gjeldsopplysningar til utlånarar. Dette er
med på å motverke at det blir gitt lån til personar som ikkje har
økonomi til det.
Ny pakkereiselov
tredde i kraft 1. juli 2018. Med ny pakkereiselov vil krava til
arrangøren auke, og fleire reisearrangement blir omfatta av regelverket.
Dette sikrar fleire forbrukarar mot arrangørens konkurs.
Jordbruket er
viktig for matproduksjon, busetjing, kulturlandskap og verdiskaping.
Jordbruksavtalen styrkjer norsk matproduksjon og vil bidra til eit
aktivt landbruk over heile landet. Avtalepartane har prioritert
produksjon med marknadsmoglegheiter, kornproduksjon i gode kornområde,
beiting og grasproduksjon i distrikta. I tillegg er det ei satsing
på klima- og miljøtiltak og på velferdsordningar for jordbruket.
Noreg og EU kom
i 2017 til semje om ein avtale om auka handel med landbruksvarer.
Avtalen er no godkjend både i Noreg og i EU og blir sett i verk
med verknad frå 1. oktober 2018. Avtalen inneber at det blir etablert
både nye og utvida tollkvotar for varer frå EU.
Regjeringa har
inngått ein reindriftsavtale med Norske Reindriftssamers Landsforbund.
Avtalen legg grunnlag for ei positiv utvikling i reindrifta, både
økonomisk og økologisk.
Regjeringa har
også gitt reindriftsnæringa fritak for eingongsavgift og frådragsrett
for meirverdiavgift for snøscooterar og ATV-ar til bruk i drifta.
I juni 2018 tok
regjeringa imot utgreiinga frå statsallmenningsutvalet med forslag
til ny fjellov. Utgreiinga er send på høyring.
Tal frå kommunane
viser at omdisponeringa av dyrka mark til andre formål vart redusert
med 36 pst. frå 2016 til 2017. Særleg har omdisponeringa til samferdselsformål
gått ned.
Regjeringa vil
vidareutvikle infrastruktur og transportløysingar baserte på ny
og moderne teknologi. I juli sette regjeringa ned eit ekspertutval
for å kartleggje og analysere implikasjonane av ny teknologi for
framtidig transportinfrastruktur.
Fleire veganlegg
er opna for trafikk. Opninga av E18 Bommestad–Sky markerer at det
no er firefelts motorveg gjennom Vestfold.
Regjeringa vil
halde fram arbeidet med betre kostnadsstyring av store samferdselsprosjekt.
Dei fleste prosjekta treffer no relativt godt i gjennomføringsfasen, men
mange prosjekt har betydeleg kostnadsauke i tidlege planfasar. Det
er m.a. oppretta endringsloggar og styringsmål i store veg- og jernbaneprosjekt,
og dette vil bli følgt opp i den vidare planlegginga av prosjekta.
Arbeidet med trafikktryggleik
er prioritert. I 2017 omkom 106 personar i vegtrafikken i Noreg.
Dette er 29 færre enn i 2016. Målt etter folketal var talet på omkomne
det lågaste i Europa. Dei førebelse ulykkestala for dei fem første
månadene i år er på same nivå som i 2017. Talet på skadde har sidan
2011 lege på omtrent same nivå. For å nå målet i Nasjonal transportplan
2018–2029 om maksimalt 350 drepne og hardt skadde i 2030 må talet på
hardt skadde gå ned.
Ny Nasjonal tiltaksplan
for trafikktryggleik på veg 2018–2021 vart lansert i mars 2018.
Dette er trafikktryggleiksaktørane sitt forslag til konkretisering
og oppfølging av måla i Nasjonal transportplan 2018–2029 om drepne
og hardt skadde. Planen involverer ei rekkje aktørar og omfattar
136 tiltak innanfor hovudinnsatsområda.
Elektroniske kommunikasjonsnett
og -tenester ber kritiske samfunnsfunksjonar og stadig større verdiar. Samtidig
endrar trusselbildet seg, m.a. som følgje av auka cybertruslar.
For å bøte på identifiserte sårbarheiter og gi auka tryggleik og
meir robuste tenester har regjeringa i 2018 sett i gang eit pilotprosjekt
for alternativt kjernenett og tilskot til fiberkablar til utlandet.
Private aktørar
investerer om lag 10 mrd. kr årleg i ekomnett og -tenester. Regjeringa
legg til rette ved å forenkle regelverk. Endringar i leidningsforskrifta
gjer det billigare å byggje nett som kan levere raske, gode tenester
i heile landet. Det er inngått avtale om frigjering av frekvensar
i 700 MHz-bandet hausten 2019. Dette legg til rette for tidleg lansering
av 5G mobilt breiband.
Regjeringa la
i april 2018 fram ein strategi for bruk av dronar i Noreg.
Ny anbodskontrakt
om drift av regionale ruteflygingar på Værøy er inngått i 2018 med
verknad frå 1. august 2019.
Regjeringa vil
leggje til rette for større grad av konkurranse, m.a. innanfor drift
av flyplassar. Avinor AS har i 2018 tildelt kontrakt for tenestekonsesjon
for drift av Haugesund lufthavn til eit lokalt selskap som overtek drifta
frå 2019.
Etter konkurranseutsetjing
er det inngått kontrakt om levering av tenester på kystruta Bergen–Kirkenes
for ti år. Det betyr at dagens tilbod på strekninga blir vidareført
når gjeldande avtale går ut ved utgangen av 2020.
Dei gjennomførte
reformene på veg og jernbane blir følgde opp, m.a. bompengereforma.
Viktige grep i jernbanereforma er meir effektiv utbygging av infrastruktur,
betre organisering av sektoren og konkurranseutsetjing av persontogtrafikken.
Konkurransen om Trafikkpakke 1 Sør vart lyst ut hausten 2017, mens
den for Trafikkpakke 2 Nord vart lyst ut våren 2018.
Senter for oljevern
og marint miljø skal bidra til å realisere regjeringa si satsing
på eit reint havmiljø.
Våren 2018 forlengde
Noreg skogpartnarskapet med Colombia og inngjekk saman med Tyskland
avtale med Ecuador med løfte om betaling dersom landet oppnår verifiserte
utsleppsreduksjonar frå regnskogen. Dei nye avtalane skal bidra
til ein langsiktig og heilskapleg innsats for bevaring av Amazonas.
I 2018 vart det
nye, isgåande forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» overlevert frå
verftet og sett i drift. Fartøyet har isbrytarklasse og blir eit
av dei mest avanserte forskingsfartøya i verda for operasjonar i
havområda i Arktis og Antarktis.
Regjeringa trappar
opp kampen mot miljøkriminalitet og vedtok i juni 2018 ei ny forskrift
om handel med trua artar, CITES-forskrifta.
Regjeringa styrkjer
arbeidet med å ta vare på naturen. I april 2018 utvida regjeringa
Dovrefjell–Sunndalsfjella nasjonalpark ved å verne det tidlegare
skytefeltet på Hjerkinn. I tillegg oppretta regjeringa eit nytt
Hjerkinn landskapsvernområde.
Regjeringa oppretta
Lofotodden nasjonalpark i Nordland fylke i juni 2018.
På fem år har
regjeringa løyvd 1 961 mill. kr til skogvern. Sidan 2017 har løyvingane
til skogvern lege på godt over 400 mill. kr årleg.
Regjeringa legg
vekt på å ta vare på den gode dyrehelsa i Noreg. Det er derfor gjort
omfattande arbeid for å kartleggje førekomsten av skrantesjuke,
CWD. Heile den smitta villreinstammen i Nordfjella er teken ut.
I juli i år la
regjeringa fram ein handlingsplan for friluftsliv. Handlingsplanen
tek sikte på å styrkje det samla friluftsarbeidet og friluftslivet
si rolle i folkehelsearbeidet og inneheld ei rekkje tiltak og føringar
som støttar opp om dette.