Stortinget - Møte tirsdag den 18. juni 2019

Dato: 18.06.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Søk

Innhold

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, sa

presidenten: Stortinget er då klar til å gå til votering.

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt 20 forslag. Det er

  • forslaga nr. 1–3, frå Eirik Sivertsen på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 4, frå Eirik Sivertsen på vegner av Arbeidarpartiet

  • forslaga nr. 5–8, frå Heidi Greni på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 9 og 10, frå Heidi Greni på vegner av Senterpartiet

  • forslaga nr. 11–18, frå Karin Andersen på vegner av Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 19 og 20, frå Bjørnar Moxnes på vegner av Raudt.

Det vert votert over forslag nr. 19, frå Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen i forslaget til statsbudsjett for 2020 øke veksten i kommunesektorens samlede inntekter med mellom 8 og 9 mrd. kroner ut over regjeringens forslag i Prop. 113 S (2018-2019).»

Votering:

Forslaget frå Raudt vart med 98 røyster mot 1 røyst ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.46.14)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 20, frå Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at overføringen av økonomiske ressurser til fylkeskommunene i 2020 for administrasjon av fylkesvegene tar utgangspunkt i hva som faktisk er benyttet til sams vegadministrasjon totalt i Statens vegvesen, samt dekning av nødvendige omstillingskostnader som påløper fylkeskommunene.» Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Raudt vart med 52 mot 47 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.46.35)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 11–18, frå Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 11 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede en ny modell for kommunal eiendomsskatt basert på eiendommens ligningsverdi, med obligatoriske bunnfradrag og skjermingsordninger som eksempelvis utsatt skatt til eierskifte.»

Forslag nr. 12 lyder:

«Stortinget ber regjeringen i statsbudsjettet for 2020 om å styrke finansieringen av kulturskolene og fremme forslag til hvordan en maksprisordning kan gjennomføres.»

Forslag nr. 13 lyder:

«Stortinget ber regjeringen i forslaget til statsbudsjett for 2020 om å øke veksten i kommunesektorens samlede inntekter med mellom 5 og 5,5 mrd. kroner ut over regjeringens forslag i Prop. 113 S (2018–2019).»

Forslag nr. 14 lyder:

«Stortinget ber regjeringen i statsbudsjettet for 2020 legge til grunn at anbud i fylkeskommunal ferje- og båttrafikk heretter skal baseres på nullutslippsteknologi, og at inntektssystemet til fylkene heretter sikrer finansiering av nødvendig omstilling til nullutslippsløsninger i all kollektivtrafikk.»

Forslag nr. 15 lyder:

«Stortinget ber regjeringen endre finansieringsordningen for krisesentrene slik at tilskuddet igjen blir en modell med 80 pst. statlig finansiering og 20 pst. kommunal finansiering.»

Forslag nr. 16 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fortsatt øremerke tilskudd til psykologer i de kommunale helse- og omsorgstjenestene for å sikre et tilstrekkelig tilbud og tilskudd til dagaktivitetstilbud til hjemmeboende personer med demens.»

Forslag nr. 17 lyder:

«Stortinget ber regjeringen opprettholde tilskudd til opplæring av lærlinger, praksisbrevkandidater og lærekandidater med spesielle behov, tilskudd til karriereveiledning og tilskudd til tidlig innsats i skolen gjennom økt lærerinnsats på 1.–10. trinn.»

Forslag nr. 18 lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge fram ulike modeller for å øke statens medfinansiering av ordningen med særlig ressurskrevende tjenester og utvide ordningen til å omfatte innbyggere over 67 år.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti vart med 91 mot 8 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 19.46.52)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 10, frå Senterpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre e-valgløsninger i stemmelokalet for blinde og svaksynte ved kommende kommune-/fylkestingsvalg og stortingsvalg.»

Raudt har varsla støtte til forslaget. Sosialistisk Venstreparti har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet vart med 80 mot 19 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.47.11)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 9, frå Senterpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen øke kommunesektorens inntekter med 4,2 mrd. kroner ut over regjeringens forslag i Kommuneproposisjonen 2020. Innenfor økt ramme skal minimum 1 mrd. kroner avsettes til et vedlikeholdsprogram for fylkesveiene.»

Sosialistisk Venstreparti har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet vart med 81 mot 18 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.47.30)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 5–8, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at regionsentertilskuddet avvikles, da det ikke er i tråd med Stortingets vedtak om at inntektssystemet ikke skal brukes til videreføring av kommunereformen.»

Forslag nr. 6 lyder:

«Stortinget ber regjeringen endre ordningen med storby- og vekstkommunetilskudd slik at de legges som et påslag til de kommunene som kvalifiserer for tilskuddet, uten fratrekk i rammen til alle kommuner.»

Forslag nr. 7 lyder:

«Stortinget ber regjeringen i statsbudsjettet for 2020 øke tilskuddene til desentralisert høyere utdanning både i sektoren selv og gjennom egne økonomiske overføringer til fylkeskommunene.»

Forslag nr. 8 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at alle relevante kostnader ved ressurskrevende tjenester blir regnet inn som en del av den kommunale egenandelen.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 80 mot 19 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 19.47.48)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 4, frå Arbeidarpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen i statsbudsjettet for 2020 øke kommunesektorens inntekter med mellom 2,5 og 3 mrd. kroner ut over regjeringens forslag i Kommuneproposisjonen 2020.»

Sosialistisk Venstreparti og Raudt har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet vart med 63 mot 36 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.48.08)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 2, frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre e-valgløsninger for blinde og svaksynte ved kommende kommune-/fylkestingsvalg og stortingsvalg.»

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 64 mot 35 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.48.24)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 1 og 3, frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen etablere et nytt og større forsøk med stemmerett for 16-åringer og ta med de største byene i forsøksordningen.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen beholde tilskudd til regionale tiltak for utvikling av næringsmiljøer og tilgang til kompetanse utenfor kommunerammen.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 63 mot 36 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 19.48.42)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:
I

Stortinget gir Kommunal- og moderniseringsdepartementet fullmakt til å fordele etter skjønn 1 434 mill. kroner for 2020. Beløpet foreslås bevilget over kap. 571 Rammetilskudd til kommuner og kap. 572 Rammetilskudd til fylkeskommuner.

II

Stortinget ber regjeringen avvikle forsøksordningen med statlig finansiering av eldreomsorgen.

III

Stortinget ber regjeringen raskest mulig, og senest i statsbudsjettet for 2020, legge fram en modell som sikrer en raskere innfasing av nye læremidler i tråd med nye læreplaner fra skolestart 2020, og følge opp med forslag til bevilgninger som dekker kommunesektorens merutgifter i tråd med dette.

IV

Stortinget ber regjeringen opprettholde dagens finansieringsmodell for klinisk veterinærvakt utenom ordinær arbeidstid. Ordningen innlemmes ikke i rammetilskuddet til kommuner.

Presidenten: Det vert først votert over II, III og IV.

Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil røysta imot.

Voteringstavlene viste 52 røyster mot og 47 røyster for tilrådinga frå komiteen.

(Voteringsutskrift kl. 19.49.05)

Åsmund Aukrust (A) (fra salen): President! Jeg stemte feil.

Presidenten: Då vert det retta opp. Tilrådinga frå komiteen vart då med 51 mot 48 røyster ikkje vedteken.

Det vert votert over I.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fire forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Stein Erik Lauvås på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 2, frå Willfred Nordlund på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 3 og 4, frå Karin Andersen på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslaga nr. 3 og 4, frå Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge Oslo kommunes kompromiss når det gjelder Y-blokka, til grunn for det videre arbeidet med regjeringskvartalet.»

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at prosjektet nytt regjeringskvartal skal oppfylle BREEAM Excellents krav til sertifisering.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti vart med 90 mot 9 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 19.50.01)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 2, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen øke arealnormen for å sørge for fast kontorplass til alle ansatte og sørge for et tilstrekkelig antall cellekontorer i nytt regjeringskvartal.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 80 mot 19 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.50.18)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen komme med forslag til hvordan det nye regjeringskvartalet skal bli et forbildeprosjekt for større bygg, både med tanke på materialvalg, energibruk og energiproduksjon.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 63 mot 36 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.50.36)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringen ved byggingen av det nye regjeringskvartalet sikre at Statsbygg legger Oslo-modellen eller like strenge seriøsitetsbestemmelser til grunn ved utlysing av sine anbud.

II

Stortinget ber regjeringen sørge for at så mye som mulig av 22. juli-senteret slik det står i dag, bør bevares og bli et viktig element i det nye regjeringskvartalet.

III

Stortinget ber regjeringen legge frem for Stortinget klimabudsjett og utslippsmål for anleggs-, drifts- og rivningsfasen før forprosjektet for nytt regjeringskvartal er ferdig.

IV

Meld. St. 21 (2018–2019) – Nytt regjeringskvartal – vedlegges protokollen.

Presidenten: Det vert votert over I og III.

Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart med 51 mot 48 røyster ikkje vedteken.

(Voteringsutskrift kl. 19.50.59)

Presidenten: Det vert votert over II og IV.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fem forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Stein Erik Lauvås på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 2 og 3, frå Willfred Nordlund på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 4, frå Willfred Nordlund på vegner av Senterpartiet

  • forslag nr. 5, frå Karin Andersen på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 5, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sette krav om redusert klimabelastning fra byggematerialer i kommende byggteknisk forskrift.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 91 mot 8 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.51.51)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 4, frå Senterpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen vurdere å sette krav om redusert klimabelastning fra byggematerialer i kommende byggteknisk forskrift.»

Sosialistisk Venstreparti og Raudt har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet vart med 80 mot 19 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.52.09)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget innen utgangen av 2019 med forslag til økonomiske incentiver for bruk av klimavennlige materialer som tre i større byggeprosjekter.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 63 mot 36 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.52.27)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:116 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sandra Borch, Per Olaf Lundteigen, Ole André Myhrvold og Geir Pollestad om økt bruk av tre som byggemateriale – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga nr. 2 og 3, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget innen utgangen av 2019 med forslag til økonomiske incentiver for bruk av tre i større byggeprosjekter.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen følge opp strategien Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling, herunder sørge for bedre dokumentasjon av egenskaper og miljøfortrinn ved trebaserte produkter.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 80 mot 19 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 19.53.17)

Votering i sak nr. 4

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2019 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

1

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, løyvd med

1 398 000 000

502

71

Opplæring og utvikling av tillitsvalde, auka med

4 400 000

frå kr 190 600 000 til kr 195 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2019 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Unio og YS Stat, i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2019, jf. vedlegg 1.

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2019 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av Akademikerne, i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2019, jf. vedlegg 2.

IV

For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlemmer av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og difor ikkje får løns- og arbeidsvilkåra sine fastsette i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtala, får løns- og arbeidsvilkåra sine fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2019 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister § 31 andre ledd.

VI

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.

VII

Stortinget ber regjeringen ved neste revisjon av hovedtariffavtalen i 2020 gjennomføre lønnsoppgjøret i staten slik at resultatet blir fire likelydende hovedtariffavtaler – slik at det blir én hovedtariffavtale gjeldende for alle arbeidstakere i det statlige tariffområdet uavhengig av organisasjonstilknytning.

Presidenten: Det vert først votert over VII.

Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart med 52 mot 46 røyster ikkje vedteken.

(Voteringsutskrift kl. 19.53.53)

Presidenten: Det vert så votert over I–VI.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 5

Presidenten: Under debatten har Mona Fagerås sett fram eit forslag på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringa fremje forslag om å endra § 11 i studentsamskipnadslova slik at samskipnadane vert underlagde mållova, eller på anna vis sikra at studentsamskipnadane vert plikta til å bruke både nynorsk og bokmål.»

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:120 S (2018–2019) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Marit Knutsdatter Strand, Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete og Åslaug Sem-Jacobsen om at mållova skal gjelde for studentsamskipnadane – vert ikkje vedteke.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 80 mot 19 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 19.55.02)

Votering i sak nr. 6

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fem forslag. Det er

  • forslaga nr. 1 og 2, frå Nina Sandberg på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 3 og 4, frå Nina Sandberg på vegner av Arbeidarpartiet

  • forslag nr. 5, frå Marit Knutsdatter Strand på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 5, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen endre kategoriinnplassering av lærerutdanningene i finansieringssystemet slik at finansieringen ivaretar kostnadene knyttet til omfanget og innholdet i praksisopplæringen.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 80 mot 19 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.55.43)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 3 og 4, frå Arbeidarpartiet.

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for en bedre og mer effektiv lærerutdanning ved å følge opp at det i lærerutdanningene stilles større forventninger til undervisningskvalitet og studieintensitet, gjennom:

a. økt studieintensitet gjennom flere timer brukt på studiene samlet sett, fordelt på organiserte læringsaktiviteter og egenstudier, med mål om at snittiden brukt på studiene i lærerutdanningen økes til minst snittet for studenter for øvrig,

b. å følge opp at utdanningsinstitusjonene gjennom utdanningen sørger for at lærerstudentene får trening i praktisk lærerarbeid og oppgaver lærerne møter i klasserommet,

c. å følge opp at utdanningsinstitusjonene kontinuerlig jobber med tiltak for bedre samarbeid med arbeidslivet for lærerstudenter i utdanningen,

d. en styrking av studentenes, lærerutdanningenes og praksisskolenes kompetanse i bruk av digitale verktøy og digitale læringsmetoder.»

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen følge opp at lærerutdanningene går foran for å utvikle et godt nasjonalt system for deling av kvalitetssikrede og forskningsbaserte undervisnings- og læringsopplegg for studentene.»

Votering:

Forslaga frå Arbeidarpartiet vart med 71 mot 28 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 19.56.00)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 1 og 2, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen endre forskriftene for grunnskolelærerutdanningene slik at omfanget av pedagogikk- og elevkunnskapsfaget skal utgjøre minst 60 studiepoeng eksklusiv modul i religion, livssyn og etikk.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede – med sikte på å innføre – nasjonale rammer for praksis i lærerutdanningen, i tett dialog med sektoren og praksisfeltet.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 52 mot 47 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 19.56.18)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:130 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Martin Henriksen, Jorodd Asphjell, Torstein Tvedt Solberg og Nina Sandberg om en bedre og mer effektiv lærerutdanning – vedtas ikke.

Presidenten: Arbeidarpartiet og Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 69 mot 30 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 19.56.49)

Votering i sak nr. 7

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt tre forslag. Det er

  • forslaga nr. 1 og 2, frå Tuva Moflag på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet, og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 3, frå Kjersti Toppe på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 3, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringa opprette eit nasjonalt prioriteringsråd etter modell frå Sverige for å breie ut prioriteringsdebatten og sikre at han handlar om meir enn tilgang til nye legemiddel.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 79 mot 20 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 19.57.33)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:111 S (2018–2019) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Nils T. Bjørke, Per Olaf Lundteigen og Marit Knutsdatter Strand om openheit om prioriteringar i det offentlege helsevesenet og å avslutte praksisen med hemmeleghald av Statens legemiddelverk sitt avgjerdsgrunnlag og kostnytte-vurderingar av nye legemiddel – vert ikkje vedteke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga nr. 1 og 2, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringa gjennom sin dialog med dei regionale helseføretaka syte for at Beslutningsforum sitt vedtak om hemmeleghald blir gjort om, og at konklusjonane frå Statens legemiddelverk sine kostnytte-vurderingar blir offentleggjorde.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringa sikre full openheit om avgjerdsgrunnlaget for prioriteringar i helsetenesta – deriblant meirkostnaden per kvalitetsjusterte leveår ved å innføre eit tiltak, budsjettkonsekvensane ved å innføre eit tiltak og praktiseringa av alvorskriteriet.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 52 mot 47 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 19.58.29)

Votering i sak nr. 8

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt tre forslag. Det er

  • forslaga nr. 1 og 2, frå Kjersti Toppe på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 3, frå Bjørnar Moxnes på vegner av Raudt

Det vert først votert over forslag nr. 3, frå Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen om å fremme nødvendige lovendringer for å sørge for at alle sykepleiere og apotekansatte, samt alle ansatte i staten omfattes av tjenestepensjonsordningen uavhengig av stillingsprosent.»

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har varsla støtte til forslaget.

Voteringstavlene viste 53 røyster mot og 46 røyster for forslaget frå Raudt.

(Voteringsutskrift kl. 19.59.21)

Siv Mossleth (Sp) (frå salen): President! Jeg stemte feil!

Presidenten: Det er retta opp. Det vert då 52 røyster mot og 47 røyster for forslaget frå Raudt. Dermed er forslaget ikkje vedteke.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:133 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe, Marit Knutsdatter Strand, Geir Inge Lien, Per Olaf Lundteigen og Siv Mossleth om å avvikle helseforetaksmodellen og ta sykehusene tilbake til folkevalgt styring og offentlig forvaltning – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga nr. 1 og 2, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme lovforslag om at helseforetaksloven erstattes av en ny helseforvaltningslov, der det utredes hvordan fylkene kan overta drift av sykehusene, innføre folkevalgt styring, stedlig og praksisnær ledelse og medbestemmelse for de ansatte.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag til ny finansieringsmodell for sykehus, der store sykehusinvesteringer prioriteres av Stortinget i Nasjonal helse- og sykehusplan og fullfinansieres over statsbudsjettet, og der sykehus omfattes av samme budsjett- og regnskapssystem som kommuner og fylkeskommuner.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 80 mot 19 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 20.00.18)

Votering i sak nr. 9

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt tre forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Ingvild Kjerkol på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 2 og 3, frå Kjersti Toppe på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslaga nr. 2 og 3, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at handlingsplan for fastlegetjenesten, som er varslet framlagt i 2020, også blir en handlingsplan for å styrke legevakttjenesten som akuttmedisinsk nødtjeneste.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme tiltak som stimulerer til at kommunene i større grad kan legge til rette for at legevaktarbeid planlegges og inngår i regulert arbeidstid.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 80 mot 19 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 20.00.58)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:139 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe, Åslaug Sem-Jacobsen, Marit Knutsdatter Strand og Geir Inge Lien om tiltak for å styrke legevakttjenesten som akuttmedisinsk nødtjeneste og å innføre maksimal reisetid til legevakt – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga frå komiteen og forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen innføre maksimal reisetid til legevakt i tråd med forslag i NOU 2015:17.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 52 mot 47 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 20.01.45)

Votering i sak nr. 10

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til dei regionale helseføretaka, kommunane og trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2019. Endringane vil bli gjorde på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening, Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 11

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fire forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Lene Vågslid på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 2–4, frå Petter Eide på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen foreta en oppsummering av erfaringene med soningsutfordringer knyttet til innsatte dømt for ideologisk terrorisme, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med resultatene av gjennomgangen.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 63 mot 36 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 20.02.48)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:143 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Petter Eide, Audun Lysbakken og Karin Andersen om å legge til rette for rettsforfølging av mistenkte krigsforbrytere i Syria/Irak – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga nr. 2–4, frå Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen bidra til at personer med norsk statsborgerskap som kan mistenkes for krigsforbrytelser, eller medvirkning til krigsforbrytelser, i Syria/Irak, blir identifisert.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for oppfølging av anmodningen fra FNs regionale koordinator om at mistenkte krigsforbrytere skal straffeforfølges i de respektive land hvor de har tilhørende statsborgerskap.»

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at påtalemyndighetene har tilstrekkelige ressurser til å prioritere en rettsforfølgelse av norske statsborgere som er mistenkt for krigsforbrytelser i Syria/Irak.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 91 mot 8 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 20.03.34)

Votering i sak nr. 12

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Stortinget samtykker i deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av beslutning (EU) 2019/420 om EUs ordning for sivil beredskap.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.