Presidenten: Den
innkalla vararepresentanten for Nordland fylke, Kjell-Idar Juvik, tek
no sete.
Det ligg føre fire
permisjonssøknader:
-
frå
Senterpartiets stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten
Geir Adelsten Iversen frå
og med 12. juni og inntil vidare
-
frå
Arbeidarpartiets stortingsgruppe om velferdspermisjon for representanten
Øystein Langholm Hansen i
dagane 13. og 14. juni
-
frå
Sosialistisk Venstrepartis stortingsgruppe om permisjon for representanten
Petter Eide i
dagane 13. og 14. juni for å delta i møte i Europarådets parlamentariske
forsamling i Paris
-
frå
Arbeidarpartiets stortingsgruppe om permisjon for representanten
Espen Barth Eide i
dagane 13. og 14. juni for å delta i styremøte for Centre for Humanitarian
Dialogue i Genève
Desse søknadene
vert føreslått behandla straks og innvilga. – Det er vedteke.
Frå fyrste vararepresentant
for Oslo, Olivia Corso Salles, ligg
det føre søknad om fritak for å møta i Stortinget under representanten
Petter Eides permisjon på grunn av foreldrepermisjon.
Etter forslag
frå presidenten vart samrøystes vedteke:
-
Søknaden
vert behandla straks og innvilga.
-
Følgjande
vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:
-
For
Finnmark fylke: Nancy P. Anti
-
For
Oslo: Zaineb Al-Samarai og
Marian Hussein
-
For
Rogaland fylke: Julia Wong
Presidenten:Nancy P.
Anti er til stades og vil ta sete.
Før sakene på dagens
kart vert tekne opp til behandling, vil presidenten opplysa om at
møtet i dag held fram utover kl. 16.