Stortinget - Møte torsdag den 31. mai 2018

Dato: 31.05.2018
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhold

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Presidenten: Det ligg føre ei rekkje permisjonssøknader:

  • frå representantane Solveig Sundbø Abrahamsen, Norunn Tveiten Benestad, Nils Aage Jegstad, Bente Stein Mathisen og Marianne Synnes om permisjon i tida frå og med 1. juni til og med 7. juni – alle for å delta i sommarmøte i konservativ gruppe i Nordisk råd, i Canada.

  • frå representantane Jette F. Christensen, Svein Harberg og Tor André Johnsen om permisjon i tida frå og med 4. juni til og med 15. juni – alle for å delta i strategisk krisehandteringskurs ved Forsvarets høgskole.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknadene vert behandla straks og innvilga.

  2. Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:

For Aust-Agder fylke: Arne Thomassen

For Vest-Agder fylke: Mathias Bernander

For Akershus fylke: Anne Kristine Linnestad og Kjartan Berland

For Hedmark fylke: Johan Aas

For Hordaland fylke: Leif Audun Sande

For Møre og Romsdal fylke: Anders Riise

For Telemark fylke: Emilie Schäffer

Val av setjepresident

Presidenten: Presidenten vil føreslå at det vert valt ein setjepresident for Stortingets møte i dag – og ser det som vedteke.

Presidenten vil føreslå Svein Harberg. – Andre forslag ligg ikkje føre, og Svein Harberg er samrøystes vald som setjepresident for dagens møte.

Før sakene på dagens kart vert tekne opp til behandling, vil presidenten opplysa om at møtet i dag om nødvendig held fram utover kl. 16 til dagens kart er ferdigbehandla.