Rasmus Hansson (MDG) [10:50:17 ] (ordfører for saken): Også
i denne saken, som gjelder Riksrevisjonens undersøkelse av «arbeidet
til styresmaktene med å styrkje tryggleiken i vegtunnelar», er komiteen
enstemmig, og jeg takker komiteen for godt arbeid med saken. For
også dette, i likhet med den forrige saken, er en sak som gir grunn
til bekymring og må tas på alvor.
Riksrevisjonen har gått igjennom
sikkerheten i norske veitunneler, og de har gjort følgende hovedfunn:
«Risikoanalysar
tar i for liten grad opp særskilde risikoar ved kvar enkelt tunnel.
Fleire
tunnelar manglar brannøvingar.
Tryggleiksforvaltninga
er ikkje godt nok dokumentert.
Vegdirektoratet
har ikkje sikra at trafikantar får nok informasjon om sikker åtferd
i tunnel.
Overordna
styresmakter har svak styring og oppfølging.
Vegdirektoratet
har anten ikkje utforma eller oppdatert sentrale retningslinjer,
rettleiarar og kvalitetssystemet.
Vegdirektoratet
har ikkje god nok informasjon for å følgje opp at tunnelar blir
forvalta i tråd med lover og forskrifter.
Oppgraderinga
av tunnelar har kome svært kort.»
Til dette konkluderer komiteen med
at Riksrevisjonens funn tilsier at veitunnelsikkerheten i Norge
må forbedres betydelig, og komiteen har en rekke bemerkninger, som framkommer
i innstillingen. Det er selvsagt svært alvorlig i et tunnelland
som Norge at Riksrevisjonen feller en så hard dom om trafikantenes
sikkerhet i svært mange av landets tunneler. Det gir god grunn til
bekymring.
Sikkerhetsforvaltningen er ikke
godt nok dokumentert. Risikoanalysene tar ikke ordentlig for seg
de særskilte forholdene i hver tunnel. Planverket er ofte ikke tilgjengelig. Og
for flere av tunnelene er det ikke gjennomført brannøvelser engang.
Vi kjenner jo hendelser med brann i tunneler, som forteller oss
hvor veldig alvorlig det kan være.
Når da informasjon om sikker atferd
i tunneler er dårlig kjent og redningsutstyr flere steder ikke er
på plass og tunneler heller ikke er oppgradert, betyr det at vi
har en stor jobb foran oss. Kunnskap om hvordan man håndterer krisesituasjoner,
må selvsagt formidles på en måte som når fram til trafikantene.
Forutsetningen for vellykket selvredning må være til stede i alle
norske tunneler, slik at trafikantene kan føle seg sikre på hva
de skal gjøre dersom en hendelse oppstår. Det betyr at øvelser må
gjennomføres regelmessig, både for å avdekke utfordringer ved den
enkelte tunnel og for å sikre at den enkelte nødetat er ordentlig
kjent med forholdene i de tunnelene de har ansvaret for, og det
utstyret de skal bruke der.
Sikkerhetsforvaltning er i sin natur
et kontinuerlig arbeid, og for å kunne utføre sine pålagte ansvarsoppgaver må
Vegdirektoratet sørge for at Statens vegvesen følger relevante lover
og forskrifter, og sørge for god informasjon om hvordan forholdene
i tunnelen er, og at de er innenfor lov og forskrift. Det er alvorlig
at dette ikke har vært på plass.
Vegdirektoratets arbeid med sentrale
retningslinjer, kvalitetssystem og veiledere, som skal bidra til
god tunnelsikkerhet på norske veier, er også mangelfullt ifølge
Riksrevisjonen. Skal trygghetskrav ha ønsket effekt, må det iverksettes
og praktiseres i det konkrete sikkerhetsarbeidet. Det betyr at utdatert
informasjon om faktiske forhold i verste fall kan øke risikoen i
sammenheng med tunnelene.
For at politisk ledelse skal kunne
styre etater politisk og kontrollere hvorvidt vedtak gjennomføres,
må etatene dele informasjon om sitt eget arbeid. Det gjelder ikke
minst Vegdirektoratet.
Oppgradering av tunneler har ifølge
Riksrevisjonen kommet svært kort, og status for disse oppgraderingene
vil ifølge Samferdselsdepartementet bli et tema i arbeidet med Nasjonal
transportplan. Jeg håper ministeren kan gi oss litt mer innblikk
i dette arbeidet i sitt innlegg allerede nå.
Miljøpartiet De Grønne er ingen
tilhenger av store og dyre veiutbygginger på bekostning av mer og
bedre miljøvennlige løsninger, men vi er like sterk tilhenger som
alle andre partier av å investere i sikkerhet på de veiene og i
de tunnelene vi har.
I sitt svar til Riksrevisjonen 1. juli
2016 redegjorde samferdselsministeren i detalj for hvordan man vil
følge opp anbefalingene overfor Statens vegvesen, og også overfor
Justisdepartementet, som har ansvaret for brann- og redningstjenesten.
Jeg håper statsråden kan informere Stortinget ytterligere om hvilke
tiltak som allerede er gjennomført, og hva som er videre planer.
Til slutt en liten stemmeforklaring
i denne og foregående sak: Miljøpartiet De Grønne får ikke stemt
fordi vi ikke faller innunder utbytteordningen, men vi er altså
en del av enstemmigheten bak denne innstillingen og den forrige innstillingen.
Gunvor Eldegard (A) [10:56:35 ] : Eg veit om mange som er redde
for å køyra i tunnelar. Eg trur kanskje ikkje det hadde vorte noko
betre dersom dei hadde lese denne rapporten frå Riksrevisjonen som
me skal behandla no.
Dersom ein googlar «Oslofjordtunnelen»,
får ein ganske mange treff – 29 000 totalt og 1 280 innanfor nyhende. I
2016 var tunnelen stengd annankvar dag, ifølgje Akershus Amtstidende
i oktober same året, på grunn av ulykker, eksos, brann, tunge køyretøy
som hadde stoppa i bakken, og andre årsaker.
Dersom ein skriv «Gudvangatunnelen»,
får ein like mange treff. Der har ein òg opplevd alvorlege brannsituasjonar.
Tunnelen er 11,4 km lang, den nest lengste i landet. I brannen i
2013 vart 67 personar fanga i røyken, 28 personar vart påførte akutte
røykskadar, og 5 personar vart kritisk skada. I 2015 la Statens
havarikommisjon for transport fram ein rapport der både brannvesenet
og vegvesenet fekk sterk kritikk. Kommisjonen meinte tryggleiken
hadde svikta på fire punkt:
Tunnelen
var ikkje utstyrt med overvaking eller teljeutstyr. Ingen hadde
dermed oversikt over kor mange køyretøy som var i tunnelen då det
brann. Ein hadde heller ikkje informasjon om kor mange køyretøy
som var i den retninga ein styrte røyken.
Det
vart ikkje gjeve informasjon om at trafikantane måtte evakuera.
Berre dei som var i nærleiken av brannstaden eller oppfatta situasjonen
på eit tidleg tidspunkt, klarte å evakuera.
Tunnelutforminga
og den tekniske utrustinga var dårleg lagd til rette for sjølvredning.
Vegtrafikksentralen
starta straks brannventilasjon, slik at røyken frå brannen vart
ventilert 8,5 km mot Gudvangen, men røyken blokkerte dermed den
einaste evakueringsmoglegheita for trafikantane på Gudvangen-sida
av brannen.
Etter dette vart det tilført ein
del midlar og gjort reparasjonar av tunnelen. Det er veldig positivt,
men framleis er ikkje den tunnelen sikra etter EU-krava.
Difor må eg seia at eg synest det
er veldig bra at Riksrevisjonen har teke tak i dette med tryggleik
i vegtunnelar. Dei finn at det årleg er i gjennomsnitt 1 300 uønskte
køyretøystopp, 25 brannar og 15 tilløp til brann i dei 1 130 norske
vegtunnelane.
Riksrevisjonen har sett nærmare
på tilhøva i 41 tunnelar som er vurderte som særleg risikoutsette.
Undersøkingane syner at risikoanalysane for eit fleirtal av desse
ikkje tek opp særskilde tilhøve og risikoar ved tunnelen. Utan gode risikovurderingar
vil ein heller ikkje få godt nok grunnlag for å avgjera kva slags
tryggleikstiltak som ein skal setja i verk, eller for å utarbeida
beredskaps- og innsatsplanar for tunnelar.
I om lag halvparten av tunnelane
i utvalet har det ikkje vore brannøving dei fire siste åra. Det
gjeld f.eks. sju undersjøiske tunnelar, som gjennom risikoanalysar
og faktiske hendingar er kjende for å ha langt fleire brannar enn
andre tunnelar.
For å styrkja kompetansen på brann
og redning seier Vegdirektoratet at Statens vegvesen sidan 2010
har halde kurs ved Runehamar test- og kursanlegg, i tillegg til
at dei har arrangert eit årleg seminar på brann og redning i tunnelar,
i samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
– det har dei gjort sidan 2014. Det er positivt, men aleine er ikkje
det godt nok for å gje lokale brann- og redningsvesen god nok kompetanse
om brann og redning i tunnel. Riksrevisjonen, som eg er einig med
her, meiner at brannøvingar i dei enkelte tunnelane er avgjerande
for at brann- og redningsvesena skal få kunnskap om korleis røykutviklinga
artar seg, og om korleis ventilasjon og anna utstyr fungerer. Dersom
lokale brann- og redningsvesen ikkje har nok kunnskap om desse forholda
i tunnelane, aukar risikoen vesentleg for katastrofe ved ei uønskt
hending. Det er ei felles oppfatning blant tunnelforvaltarar, tryggleikskontrollørar,
regionane og brann- og redningsvesen at det er behov for fleire
øvingar, også brannøvingar, for å styrkja kompetansen på brann og
redning i tunnel. Det er kritikkverdig at krava til øvingar i tunneltryggleiksforskrifta
ikkje er etterlevde.
Informasjonen til trafikantane om
åtferd ved køyring i tunnel, tryggleiksutstyr og bruk av dette og
om sjølvredning er ikkje god nok. Undersøkinga syner at Statens
vegvesen i altfor mange tilfelle ikkje har god nok oppfølging av
tryggleiken. Sentrale retningslinjer, rettleiarar og kvalitetssystem
er anten ikkje utforma eller ikkje oppdaterte, og gjev ikkje tydelege
føringar for arbeidet med risikoanalysar og beredskapsplanar i regionane.
Vegdirektoratet har heller ikkje god nok informasjon for å følgja
opp at tunnelar vert forvalta i tråd med lover og forskrifter.
Me merkar oss at departementet seier
at dei allereie har begynt oppfølginga av Riksrevisjonens anbefaling,
som er:
«Riksrevisjonen rår til at Samferdselsdepartementet
sørgjer for at Vegdirektoratet
bidreg
til ei systematisk tryggleiksforvaltning av vegtunnelar ved å
oppdatere
det faglege rammeverket for tryggleiksforvaltninga
utvikle
ein felles rettleiar for beredskapsplanar
styrkje
oppfølginga av forvaltninga i regionane
i
samråd med naudetatane styrkjer kompetansen om brann og redning
gjennom opplæring og brannøvingar, særleg i risikoutsette vegtunnelar
tar
i bruk vidare tiltak for å styrkje kunnskapen til trafikantane om
sjølvredning og tryggleiksutstyr i vegtunnelar»
Eg starta med å seia at mange føler
nok litt angst når dei køyrer inn i tunnelar, og at den skrekken
ikkje vert mindre av denne rapporten. Det er kanskje ikkje så mykje
me kan gjera med redsla til folk, men det me kan gjera noko med, og
som på sikt kan dempa frykta, er å visa at me tek sikkerheita på
alvor, og at me er godt rusta når ulykka er ute. Me veit mykje om
kva som skal til. Spørsmålet er om det er vilje til å ta lærdom
og gjera det som vert anbefalt. Departementet har sagt dei skal
følgja opp. Det er bra, men aller helst synest eg det burde ha vore
utført no, før me får fleire ulykker.
Gjermund Hagesæter (FrP) [11:04:10 ] : Det er svært få land
i verda – om noko – som har fleire og lengre vegtunnelar enn vi
har i Noreg. Derfor er sjølvsagt tunnelsikkerheit eit veldig viktig
tema som vi må prioritere høgt i dette landet. Men på grunn av dei
mange og lange tunnelane er det sjølvsagt eit omfattande og krevjande
arbeid, og det tek tid å løfte sikkerheita opp på eit høgare nivå.
I dei om lag 1 130 norske vegtunnelane
blir det kvart år i gjennomsnitt registrert om lag 1 300 uønskte
køyretøystopp og i gjennomsnitt om lag 25 brannar og 15 tilløp til
brann. Uønskte hendingar i vegtunnelar er altså noko som skjer,
og som vi må vere førebudde på vil skje også framover. Alle tunnelar
som er lengre enn 500 meter, skal ha ein oppdatert risikoanalyse
og ein oppdatert beredskapsplan. Denne undersøkinga viser at foreløpig
har ikkje alle tunnelar det.
Undersøkinga viser også at kravet
i tunneltryggleiksforskrifta om å gjennomføre øvingar minst kvart
fjerde år i alle tunnelar eller i ein tunnel i nærleiken, ikkje
er gjennomført for alle tunnelane. Øving er viktig, både det å gjennomføre
tilpassa øving for den enkelte tunnelen og ikkje minst det å lære
av øvinga. Vi har altfor mange eksempel frå andre område på at same
feilen blir gjord fleire gonger. Derfor må vi ha eit godt system
som gjer at vi unngår å gjere same feilen på nytt. Vi må lære av
både gode og dårlige erfaringar som ei øving gir, slik at vi er
best mogleg rusta når dei reelle, uønskte hendingane finn stad.
Sjølv om ikkje alt er slik ein heilt
ideelt sett skulle ønskt at det var, er det openbert lys i enden
av tunnelen. Mange ting går i riktig retning. I 2016 blei det starta
eit arbeid med å betre førarkortopplæringa, og sikker køyring i
tunnel skal bli ein del av opplæringa. Det er viktig. Oppgraderingsarbeidet
som er i gang i tråd med krava i tunneltryggleiksforskrifta, vil
også betre tryggleiksutstyret i tunnelane og dermed gjere sjølvredning
enklare for trafikantane.
Fleire og fleire tunnelar har også
fått installert naudnett. Utbygginga av naudnett er eit gedigent
løft for samfunnssikkerheita og beredskapen i Noreg, god kommunikasjon kan
vere heilt avgjerande i ein krisesituasjon. Ikkje minst gjer eit
betydeleg investeringsløft at norske tunnelar er blitt tryggare,
og vil også bli tryggare i tida framover. Det håper eg at statsråden
kjem nærmare inn på – den satsinga som er gjord når det gjeld å
løfte tunnelinvesteringane for framtida. Sjølv om mange ting går
i riktig retning, er det uansett viktig at dei ulike aktørane tek
denne rapporten på alvor, at dei rette grepa blir tekne, slik at
den positive utviklinga vi har sett, kan fortsetje vidare framover.
Hans Fredrik Grøvan (KrF) [11:08:33 ] : Denne undersøkelsen
tar for seg perioden 2007–2015 og er basert på et utvalg av 41 tunneler
som er vurdert som særlig risikoutsatte. Riksrevisjonen har sett
på oppgradering av tunnelene i forhold til tunnelforskriftene, og
de har sett på utarbeidelse av og innhold i risikoanalyser og beredskapsplaner
samt gjennomføring av øvelser og inspeksjoner. Riksrevisjonen har
også vurdert informasjonen som gis trafikanter om sikkerhet i tunneler.
Dessverre viser Riksrevisjonens
funn at sikkerheten i norske veitunneler ikke er god nok, og den
er ikke på nivå med de standardene som er satt. Oppgraderingen av
tunneler har ifølge Riksrevisjonen kommet svært kort. Noe av årsaken
til dette er rett og slett at det har tatt for lang tid før arbeidet
ble satt i gang. Jeg er glad for at Samferdselsdepartementet i rapporten
oppgir at status for oppgraderingene bl.a. vil være tema i arbeidet
med Nasjonal transportplan. Men det er selvsagt ikke tilstrekkelig
at tematikken omtales i NTP. Her må Riksrevisjonens anbefalinger
følges opp punkt for punkt. Derfor er det bra at departementet allerede
har begynt på oppfølgingen av Riksrevisjonens anbefalinger.
Spesielt vil jeg peke på at det
må prioriteres å ha moderne og oppgradert sikkerhetsutstyr i tunnelene.
Samtidig må folk vite hvordan man skal bruke dette utstyret i en nødsituasjon.
Som Riksrevisjonen peker på, er nytten av investering i utstyr avhengig
av at trafikantene har kunnskap om tiltakene. Dessuten bør trafikantene
ha kunnskap om sikker atferd og selvberging. Også på dette området inneholder
rapporten noen forslag til tiltak som er verd å se nærmere på med
tanke på oppfølging. I rapporten nevnes flere elementer som hittil
ikke har vært høyt nok prioritert, det være seg tilstrekkelig øving
på brann og redning og oppdaterte beredskapsplaner. Dette er viktig
å få på plass. Samtidig er tunnelsikkerhet i all hovedsak et spørsmål
om å prioritere midler til en sikker fysisk infrastruktur, i tillegg
til vedlikehold. Det krever ressurser. Med Riksrevisjonens rapport
som grunnlag er det svært gode grunner for å styrke arbeidet med
tunnelsikkerhet framover.
Det er bra at Riksrevisjonen har
tatt tak i dette. Fra Kristelig Folkepartis side kan jeg si at vi
slutter oss til de vurderingene og anbefalingene som framkommer
i rapporten.
Per Olaf Lundteigen (Sp) [11:11:31 ] : Veitunnelsikkerheten
i Norge må forbedres. Som komiteen skriver: En må ha konkret og
høy prioritering, med tilstrekkelige budsjetter.
Jeg tror enhver ansvarlig statsråd
de siste 10–20 årene har følt det ansvaret en har for tunnelsikkerheten.
Det har vært et spørsmål som alle ansvarlige myndigheter har kjent
på ikke har vært tilstrekkelig besvart, samtidig som en har hatt
vanskeligheter med å få nødvendig gjennomslag i Finansdepartementet
for de nødvendige bevilgninger. Det er mange ganger lettere å klippe
snorer på nye veier enn det er å sikre sikkerheten i eldre tunneler.
Det er altså svært kostbart. Vi
sier i innstillinga at vi ønsker å bidra til en systematisk trygghetsforvaltning
ved oppdatering av det faglige rammeverket for trygghetsforvaltningen,
sånn som Riksrevisjonen anbefaler.
Det har vært veldig mye oppmerksomhet
rundt tunneler hvor det kjører mange biler. Ikke minst Oslofjordtunnelen har
fått stor oppmerksomhet – det er en viktig tunnel, med store problemer
med sikkerheten, så det er riktig at den får det. Men jeg vil også
påpeke nødvendigheten av at vi har oppmerksomhet på de mange og
trange tunneler på Vestlandet, tunneler som er bygd mange tiår tilbake
i tid, som har store rasproblemer, og som er av en sånn standard
– f.eks. i Vaksdal kommune, på veien opp til Eksingedalen, vil enhver
ved sjølsyn kunne erfare at tunnelene er så trange at vanlige, store
busser ikke kan kjøre der – at det blir et spesielt anbud på bussrutene
som skal kjøre der, på grunn av tunnelenes utforming.
Jeg vil si at et liv er like mye
verdt over hele landet. Jeg synes det må rettes større oppmerksomhet
mot de små tunneler til de grisgrendte strøk rundt omkring, for
der står det veldig, veldig mye tilbake. Det er dårlige tunneler,
det er trange tunneler, det er mye is i tunnelene. I det hele tatt
er det en kunnskap om å kjøre i de tunnelene som langt, langt overstiger
det som en vanlig beboer i de sentrale strøk blir gjenstand for.
Så jeg håper at statsråden tar med seg at tunnelsikring skal gjelde
for alle tunneler, med den nødvendige kvalitet, sånn at vi får trygge
forhold, sjøl om det i mange tunneler ikke kjører så mange biler
hver dag – men tunnelene er helt avgjørende for det lokalsamfunnet
som de er med på å betjene.
Statsråd Ketil Solvik-Olsen [11:14:48 ] : Det skal være trygt
å ferdes i landet. Uansett om det er til sjøs, i luften, på skinnene
eller på asfalt, skal vi strebe etter at risikoen for at uhell skjer,
er så lav som mulig, og at konsekvensen hvis uhell skjer, er ufarlig
for menneskeliv. Vi er ikke der i dag, men vi skal likevel strebe
mot den retningen. Det gjelder på veiene, normalt, men jeg tror
det området der vi gjerne føler oss mest hjelpeløse hvis ulykken skjer,
er nettopp i tunneler. Jeg har vært i flere tunneler der ulykker
har skjedd – Gudvangatunnelen, bl.a. Bare følelsen når en står der
inne uten noe lys som virker, og tanken på hvor mye røyk det kan
være der, gjør at en kan få dødsangst av mindre. Det å tilrettelegge
for at folk kan redde seg hvis uhell oppstår, er svært viktig.
Det er mye som må gjøres. Det handler
om måten vi utformer tunnelene på når vi bygger nye, det handler
om hvordan vi utbedrer de veitunnelene vi allerede har, det handler
om kjøretøy, og det handler om kunnskap og informasjon til trafikantene.
Vi er et av landene i verden med
flest tunneler. Det å sørge for at de er trygge, er en viktig oppgave
for meg, slik det har vært en viktig oppgave for Stortinget og for
mine forgjengere. De funnene som Riksrevisjonen påpeker i rapporten
om undersøkelsene fra 2007 til 2015, er alvorlige, og det er viktig
at vi håndterer dem. Jeg mener at vi er i gang med veldig mye av
dette. Derfor tror jeg at neste gang Riksrevisjonen ser på dette,
vil en komme til andre konklusjoner. Men det er viktig at vi har
folk som ser oss i kortene, både for å avdekke ting som er feil,
og for å minne oss om at ting kan bli bedre.
Det pågår et arbeid for å oppdatere
retningslinjer og prosessbeskrivelser på kvalitetssystemene for
tunnelene. Det arbeidet som Riksrevisjonen har gjort, blir tatt
med i vårt arbeid videre. Statens vegvesen vil sjekke ut beredskapsplaner
som er utgått på dato, og vil påse at disse revideres. Det pågår
et arbeid med ny mal for beredskapsplaner, som nå er under utprøving
i to regioner, og det arbeides med å forbedre styringsdialogen mellom
Vegdirektoratet og regionene og innarbeide sikkerhetsforvaltningen
i tunnelene.
Statens vegvesen jobber innenfor
brannvern, og Vegdirektoratet har etablert en nasjonal arbeidsgruppe
innen brannvern og brannvernledelse. Vi i departementet har møtt
denne gruppen, og vi har hatt møte med Statens havarikommisjon for
transport og representanter for brannvesenet for å få en følelse
av om det samarbeidet som trengs, fungerer, om samarbeidet mellom
departementene er godt nok, og om det er enkelte virkemidler vi
burde vurdere som i dag ikke er tatt i bruk.
I det arbeidet som skjer gjennom
Vegdirektoratet, skal en sørge for erfaringsutveksling, en skal
sikre en mest mulig lik praksis mellom regionene, en skal bistå
med å implementere nytt regelverk og sikre at det er en god praksis, en
skal følge opp avvik, følge opp hendelsesregister, utvikle planverk,
utvikle system og rutiner og arrangere brannvernlederkurs, tunnelseminarkurs
for brannvesenet og samlinger for brannvernledere i etaten. Dette
er tiltak som er etablert, og som samsvarer godt med tilrådingene fra
nettopp Riksrevisjonen.
Vi må sørge for at trafikantene
er bedre kjent med de forutsetningene som ligger til grunn for selvredning
i veitunneler. Det ene er å sørge for at det er en bedre del av
trafikkopplæringen. Samtidig må vi påminne alle de som har hatt
førerkort i lang tid, hvordan dette er. Så er det alltid en utfordring
med turister som ferdes på norske veier, å sørge for at også de
er best mulig forberedt hvis ulykken skjer. Det er attraktivt å
være turist i storslått naturterreng, men der er det også gjerne
mange tunneler. Derfor er opplysningskampanjer som retter seg mot
både etablerte sjåfører i Norge og den tilfeldige bilturist fra
utlandet, viktig.
Det er flere som har påpekt det
arbeidet som skjer med tunneloppgraderingen. Det er også svært viktig.
Det handler om å sørge for at det er reservestrøm og -lys, at det
er refleks ved oppmerking, at ting rett og slett fungerer i tråd med
normale og moderne forventninger og krav. Tunnelsikkerhetsforskriften
ligger til grunn for dette, men jeg mener at uavhengig av EUs direktiv
vil dette være nødvendig og viktig å gjøre.
Jeg synes likevel det er litt rart
å høre fra Arbeiderpartiet at dette arbeidet burde regjeringen allerede
vært ferdig med. Da minner jeg om at dette direktivet ble vedtatt
i EU i 2006 – tror jeg det var. Det skjedde veldig lite i Norge
i de påfølgende årene, faktisk gikk bevilgningene til tunnelsikkerhet
– i den grad det var vedlikehold og fornying – ned fra 2012 til
2013 og 2014, i de rød-grønnes budsjett. Dagens bevilgning er på
nesten 2,5 mrd. kr, den var på rundt 600 mill. kr ved regjeringsskiftet.
Vi skal alle jobbe med dette sammen, men når en etterlyser resultater
når en selv ikke har vist vilje til å prioritere det opp, synes
jeg avsenderen av den beskjeden bør se litt mer i eget speil.
Det er også litt rart å høre at
alle statsråder har hatt lyst til å gjøre dette, men at Finansdepartementet
har stoppet det. Det er ikke Finansdepartementet som styrer regjeringen;
det er regjeringen som styrer Finansdepartementet. Jeg er veldig
godt fornøyd med å ha en statsminister og en finansminister som
sammen har gått inn og overtatt kontrollen over Finansdepartementet
og sørget for at bevilgningene er mer enn firedoblet etter regjeringsskiftet.
Det var åpenbart det som trengtes, hvis det var penger det sto på
på dette området.
Men vi skal ikke la den politiske
debatten forkleine viktigheten av det Riksrevisjonen har påsett.
Det er mange ting som må bli bedre, både når det gjelder penger,
og når det gjelder måten en jobber på. Det er vi i gang med å gjennomføre,
og vi kommer til å ta med de innspillene Riksrevisjonen har gitt
oss, på en veldig god måte i det videre arbeidet.
Presidenten: Flere
har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.