Stortinget - Møte tirsdag den 9. juni 2015 kl. 10
President: Olemic Thommessen
Dokumenter:
Sak nr. 8 [17:36:54]
Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om utbygging og finansiering av rv. 36 på strekninga Slåttekås–Årnes i kommunane Nome og Sauherad i Telemark og kostnadsramme for E6 Jaktøya–Klett–Sentervegen i Sør-Trøndelag
Talere
Votering i sak nr. 8
I
1. Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til bompengefinansiering av utbygging av rv. 36 på strekninga Slåttekås–Årnes i Telemark. Vilkåra går fram av Prop. 108 S (2014–2015) og Innst. 312 S (2014–2015).
2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.
3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å fastsetje takstar basert på lågare rekneteknisk rente, gitt lokalpolitisk tilslutnad og i tråd med føresetnadene i Prop. 108 S (2014–2015) og Innst. 312 S (2014–2015).
II
Stortinget samtykker i at Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre prosjektet E6 Jaktøya–Klett–Sentervegen innafor ei kostnadsramme på 2 810 mill. kroner omrekna til 2015-prisnivå.
Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.