Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om utbygging og finansiering av rv. 36 på strekninga Slåttekås–Årnes i kommunane Nome og Sauherad i Telemark og kostnadsramme for E6 Jaktøya–Klett–Sentervegen i Sør-Trøndelag

Til Stortinget

1. Samandrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av rv. 36 mellom Slåttekås og Årnes i kommunane Nome og Sauherad i Telemark.

Rv. 36 mellom Eidanger og Seljord er ei hovudferdselsåre i Telemark og knyter saman kystvegen E18 og innlandsvegen E134. Strekninga mellom Slåttekås og Årnes har låg standard og er prega av forfall. Med utgangspunkt i ynskje om forsering av ei utbetring har lokale styresmakter vedteke eit opplegg for bompengefinansiert utbygging av to delstrekningar.

Omtale av utbygginga

Det er lagt opp til å utbetre til saman 7,1 km veg i dagens trasé mellom Slåttekås og Årnes, fordelt på delstrekningane Slåttekås–Åros og Åros–Årnes. Det er lagt til grunn utbetring i samsvar med vegnormalen for utbetringsstrekningar. Strekninga vil få vegbreidde 8,5 m (10,5 m i ein 220 m lang tunnel). I anleggsperioden vert det etablert ein omkøyringsveg, som seinare blir permanent gang- og sykkelveg. Med jamn og god standard og auka fartsgrense til 80 km/t etter utbetringa blir framkomsten betre. Det er også rekna med nedgang i ulykkestalet.

Det ligg føre godkjent reguleringsplan for begge delstrekningane. Styringsramma er fastsett til 383 mill. 2015-kroner. Kostnadsramma er fastsett til 421 mill. 2015-kroner.

Samfunnsøkonomisk netto nytte for utbygginga er rekna til om lag -90 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,2.

Den lokalpolitiske handsamingen er omtala i kapittel 3 i proposisjonen. Både Telemark fylkeskommune og dei to kommunane som er omfatta av utbygginga, har slutta seg til bompengefinansiering av utbygginga.

Utbyggings- og finansieringsopplegg

I tråd med lokalpolitiske vedtak legg Samferdselsdepartementet fram ein finansieringsplan der utbygginga i all hovudsak er føresett finansiert med bompengar. I tillegg er det lagt til grunn 56 mill. kroner i statlege midlar. Den statlege delen utgjer etter dette 14,6 pst. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1 i proposisjonen.

Finansieringsplan for rv. 36 Slåttekås–Årnes

Mill. 2015-kr

2010–2013

2014–2017

2018–2023

Sum

Statlege midlar

0

0

56

56

Bompengar

12

185

130

327

Sum

12

185

186

383

Eventuelle kostnadsoverskridingar utover prisstigning skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt.

Finansieringsopplegget bygger på tovegs innkrevjing i ein automatisk bomstasjon på rv. 36 i Nome, nær kommunegrensa til Sauherad. Innkrevjinga vil starte opp når strekninga er ferdig utbetra, etter planen i 2019. Andre føresetnader for finansieringsplanen går elles fram av kapittel 4 i proposisjonen. Med føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år. Brutto bompengeinntekter er rekna til 592 mill. kroner, fordelt med 327 mill. kroner til investeringar, 226 mill. kroner til å dekke finansieringskostnader og 39 mill. kroner til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Bompengeopplegget i proposisjonen er basert på ein føresetnad om 6,5 pst. lånerente, i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Som omtalt i Prop. 97 S (2013–2014), legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. I tillegg vil regjeringa innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån. Det er lagt opp til at rentekompensasjonen skal komme bilistane til gode i form av lågare takstnivå eller kortare innkrevjingsperiode. Det er ein føresetnad for rentekompensasjonen at prosjektet blir lagt inn i eit av dei nye bompengeselskapa når desse er etablerte.

Det er lagt opp til at bompengeselskapet skal ta opp lån for å finansiere utbygginga. Telemark fylkeskommune har fatta vedtak om lånegaranti for eit bompengelån på 400 mill. 2013-kroner pluss 10 pst. Garantien er godkjend av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Avtale

Etter at Stortinget har fatta vedtak om utbygging og finansiering av rv. 36 på strekninga Slåttekås–Årnes i Telemark, vil det bli inngått avtale mellom Statens vegvesen Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.

E6 Jaktøya–Klett–Sentervegen i Sør-Trøndelag

Prosjektet skal delfinansierast med bompengar som del av Miljøpakke Trondheim, jf. Prop. 172 S (2012–2013) og Innst. 494 S (2012–2013).

Det er no gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Kvalitetssikrar og Statens vegvesen er samde om styrings- og kostnadsramme. Samferdselsdepartementet har slutta seg til vurderingane og legg etter dette til grunn ei styringsramme på 2 600 mill. 2015-kroner og ei kostnadsramme på 2 810 mill. 2015-kroner. Det er lagt opp til anleggsstart hausten 2015, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2018.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Sverre Myrli, Magne Rommetveit og fung. leiar Eirin Sund, frå Høgre, Torill Eidsheim, Nils Aage Jegstad, Helge Orten og Marvin Wiseth, frå Framstegspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen, Åse Michaelsen og Roy Steffensen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, syner til at Samferdsledepartementet i proposisjonen legg fram plan for utbygging og finansiering av prosjektet rv. 36 Slåttekås–Årnes i Telemark, og kostnadsramme for prosjektet E6 Jaktøya–Klett–Sentervegen i Sør-Trøndelag.

Rv. 36 Slåttekås–Årnes

Komiteen syner til at strekninga Slåttekås–Årnes i dag utgjer ein flaskehals på rv. 36 både med låg standard og prega av forfall. Komiteen syner vidare til at utvidinga skal gje jamn og god standard med vegbreidde 8,5 m og fartsgrense 80 km/t.

Komiteen syner til at rv. 36 utgjer eit viktig nord-sørsamband i Telemark, og bind saman hovudferdselsårene E18 og E134.

Komiteen syner til at prosjektet har ei styringsramme på 383 mill. 2015-kroner., og ei kostnadsramme på 421 mill. 2015-kroner. Komiteen har merka seg at prosjektet har negativ rekna samfunnsøkonomisk nytte. Komiteen har vidare merka seg at byggestart er planlagt hausten 2016, med fullføring i årsskiftet 2018–2019.

Komiteen syner til at rv. 36 Slåttekås–Årnes skal finansierast med bompengar og statlige midlar. Komiteen har merka seg at prosjektet opphavleg var planlagt finansiert berre med bompengar, men at regjeringa har lagt inn 56 mill. kroner i statlege midlar for å redusere belastninga på bilistane.

Komiteen har vidare merka seg at Samferdselsdepartementet syner at finansieringskostnaden kan reduserast merkbart ved det som følgjer av den varsla omorganiseringa av bompengesektoren.

Komiteen sluttar seg til plan for utbygging og finansiering av prosjektet rv. 36 Slåttekås–Årnes.

Kostnadsramme for E6 Klett–Jaktøya–Sentervegen

Komiteen syner til at E6 Klett–Jaktøya–Sentervegen er ein stor flaskehals på innfartsåra sør for Trondheim som i dag er prega av lange og miljøfiendtlege køar i rushtida. Komiteen meiner difor ei snarleg modernisering av denne strekninga er av høg prioritet.

Komiteen syner til at Samferdselsdepartementet i proposisjonen legg fram prosjektet E6 Klett–Jaktøya–Sentervegen med ei kostnads- og styringsramme på høvesvis 2 810 og 2 600 mill. 2015-kroner.

Komiteen syner vidare til at det er lagt opp til anleggsstart hausten 2015 og at prosjektet er venta opna for trafikk i 2018.

Komiteen sluttar seg til den framlagte kostnads- og styringsramma for prosjektet.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene, og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

  • 1. Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til bompengefinansiering av utbygging av rv. 36 på strekninga Slåttekås–Årnes i Telemark. Vilkåra går fram av Prop. 108 S (2014–2015) og Innst. 312 S (2014–2015).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

  • 3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å fastsetje takstar basert på lågare rekneteknisk rente, gitt lokalpolitisk tilslutnad og i tråd med føresetnadene i Prop. 108 S (2014–2015) og Innst. 312 S (2014–2015).

II

Stortinget samtykker i at Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre prosjektet E6 Jaktøya–Klett–Sentervegen innafor ei kostnadsramme på 2 810 mill. kroner omrekna til 2015-prisnivå.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 2. juni 2015

Eirin Sund

Marvin Wiseth

fung. leiar

ordførar