Stortinget - Møte tirsdag den 20. mai 2014 kl. 10
President: Marit Nybakk
Sak nr. 5 [14:41:00]
Interpellasjon fra representanten Bård Vegar Solhjell til kommunal- og moderniseringsministeren:
«Vi vil truleg bli opptil 1 million fleire menneske i Noreg mot år 2030. Storparten av veksten vil kome i byane, store og mellomstore. Dette endrar og utfordrar byane våre, men gir samstundes flotte mulegheiter til å utvikle desse. Bustader, bydelar, næring og infrastruktur må byggjast ut. Kvalitetane i byrom, bygg og natur- og friluftsområde må ivaretakast og utviklast. Skal vi få til det, er det behov for langsiktig og heilskapleg planlegging – det eg vel å kalle ein bypolitikk. Dette var bakteppet for at «Faglig råd for en bærekraftig byutvikling» vart etablert. Dei leverte sin rapport til regjeringa den 16. desember 2013. Rapporten er det første offisielle dokumentet i Noreg som forsøker å skildre ein heilskapleg bypolitikk.
Kva råd for byutvikling og bypolitikk vil regjeringa følgje, og har regjeringa ein visjon for ein berekraftig og miljøvennleg bypolitikk?»