Stortinget - Møte onsdag den 12. desember 2012 kl. 10

Dato: 12.12.2012

Dokumenter: (Innst. 106 S (2012–2013), jf. Prop. 4 S (2012–2013))

Sak nr. 7 [15:55:37]

Innstilling fra næringskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 139/2012 av 13. juli 2012 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 911/2010 om den innledende driftsfasen av det europeiske jordobservasjonsprogrammet (GMES)

Talere

Votering i sak nr. 7

Presidenten: Eneste inntegnede taler, så langt, er Ingrid Heggø.

Ingrid Heggø (A) [15:56:19]: (ordførar for saka): Eg skal prøva å ordleggja meg slik at eg blir både fyrste og siste innteikna talar.

Det er ein samla næringskomité og utanrikskomité som samtykkjer til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 139/2012 av 13. juli 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning nr. 911/2010 om den innleiande driftsfasen av det europeiske jordobservasjonsprogrammet, GMES.

Formålet med GMES er å skaffa til vege jordobservasjonsdata frå satellittar, hav, luftborne sensorar og bakkebaserte målestasjonar og å drifta system som tilrettelegg desse data for ulike brukarar. GMES er eit av hovudområda for samarbeid mellom EU og ESA og utgjer – saman med satellittnavigasjonsprogrammet Galileo – hovudpilaren i EU sin rompolitikk. Programmet er på sikt tenkt å vera Europa sitt bidrag til den globale jordobservasjonstenesta Global Earth Observation System of Systems, GEOSS.

GMES vil representera ein ny fase innan jordovervaking frå satellitt. Medan ein hittil har brukt enkeltståande forskingssatellittar med avgrensa levetid, vert GMES eit operativt system, som garanterer kontinuerlig dekning.

GMES vil gje vesentleg auka kapasitet innanfor havovervaking, overvaking av arealbruk og rasfare, overvaking av atmosfæren, samt overvaking av klimaendringar og forureining av luft, til havs og på land. Dette gjev eit viktig underlag for arbeid med sikkerheit og beredskapsstyring, suverenitetshevding og miljø- og klimapolitikk.

Det er ein samla komité som ser regjeringa si satsing på internasjonal romverksemd som svært positiv, og merkar seg at deltakinga i internasjonale program som GMES sikrar Noreg tilgang til teknologi og gode vilkår i marknaden for romrelaterte varer og tenester.

Komiteen vil òg understreke at vi er kjende med at satsinga utløyser ei rekkje kontraktar og oppdrag for norske høgteknologiske bedrifter, noko som er svært positivt.

Ein samla komité, med støtte frå utanrikskomiteen, støttar at EØS-komiteen si avgjerd vert godkjend, og er kjente med dei budsjettmessige konsekvensane.

Presidenten: Flere har ikke best om ordet til sak nr. 7.

Votering i sak nr. 7

Komiteen hadde innstilt:

Stortinget samtykker i godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 139/2012 av 13. juli 2012 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 911/2010 om den innledende driftsfasen av det europeiske jordobservasjonsprogrammet (GMES).

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.