Stortinget - Møte fredag den 10. juni 2011 kl. 9
President: Dag Terje Andersen
Dokumenter:
Sak nr. 2 [09:58:38]
Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om ein del saker på Samferdselsdepartementets område
Votering i sak nr. 2
Stortinget samtykkjer i at:
bompengeselskapet Haugalandspakken AS får løyve til å ta opp lån på inntil 210 mill. kroner i tråd med vilkåra i Prop. 119 S (2010–2011) og Innst. 403 S (2010–2011)
prosjektet E6 Øyer–Tretten blir gjennomført innafor ei kostnadsramme på 1 329 mill. kroner
takstane for bompengeprosjektet fv. 519 Fastlandssamband til Finnøy i Rogaland blir reduserte med 25 pst.
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre desse investeringsprosjekta som er omtalte i Prop. 119 S (2010–2011):
a) banestraumforsyninga på Austlandet, innafor ei kostnadsramme på 219 mill. kroner
b) Eidsvoll stasjon, parkeringsspor, innafor ei kostnadsramme på 203 mill. kroner
c) Frogner stasjon, kryssingsspor, innafor ei kostnadsramme på 329 mill. kroner
d) Lillestrøm stasjon, parkeringsspor, innafor ei kostnadsramme på 362 mill. kroner
e) forlenging av spor 13 på Lillestrøm stasjon, innafor ei kostnadsramme på 156 mill. kroner
f) Trondheim stasjon, innafor ei kostnadsramme på 160 mill. kroner.