Stortinget - Møte onsdag den 1. april 2009 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 3
Gunnar Gundersen (H) [11:25:44]: Spørsmålet går til samferdselsministeren:
«I den nylig framlagte Nasjonal transportplan står det at E6 mellom Minnesund og Skaberud skal påbegynnes i første planperiode og avsluttes i siste. Det betyr at denne vegstrekningen tidligst vil stå ferdig i 2015. Dette var en strekning som man helt fram til desember 2008 hadde håp om kunne være ferdig i 2011. Vi snakker her om en av de mest trafikk- og ulykkesbelastede strekninger i landet med vital betydning for store deler av landet.
Hva er grunnen til at prosjektet utsettes så lenge?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:26:21]: Samferdselsdepartementet har gjort greie for prosjektet E6 Gardermoen–Kolomoen i St.prp. nr. 87 for 2006–2007. Stortinget handsama saka hausten 2007 og vedtok utbygging av fyrste utbyggingsetappe av prosjektet. Fyrste utbyggingsetappe, strekningane Gardermoen/Hovinmoen–Dal i Akershus og Skaberud–Kolomoen i Hedmark, er under anlegg og er føresett opna for trafikk i oktober 2009.
Av omsyn til gevinstane for trafikktryggleik og trafikkavvikling er Regjeringa og Stortinget samde om at vidare utbygging av strekninga Gardermoen–Kolomoen bør skje så snart det ligg føre avklaring på dei enkelte parsellane, jf. Innst. S. nr. 21 for 2007–2008. Samferdselsdepartementet vil som ei følgje av dette leggje fram ein stortingsproposisjon for strekninga Dal–Minnesund så snart som mogleg. Strekninga utgjer andre utbyggingsetappe av prosjektet.
Miljøverndepartement har den 25. februar 2009 vedteke trasé for strekninga Minnesund–Skaberud, som vil utgjere den tredje og siste utbyggingsetappen av E6 frå Gardermoen til Kolomoen. Reguleringsplanarbeidet er starta i Eidsvoll og Stange. Det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring, KS2, for prosjektet på grunnlag av godkjend reguleringsplan, og det er føresett byggjeklart prosjekt i løpet av 2012.
Regjeringa legg opp til samtidig utbygging av veg og bane langs Mjøsa. Berekningar viser at dette vil kunne gi kostnadsreduksjonar på om lag 400 mill. kr. Det samla prosjektet vil vere svært omfattande – om lag 6 milliardar kr. Etatane har førebels berekna byggjetida for prosjektet til om lag tre år. Trafikkopning på den siste strekninga i prosjektet vil kunne skje i 2014, eventuelt 2015 – alt etter kor raskt ein får dette gjennomført.
Eg deler representanten si vurdering av kor viktig det er å halde oppe høgt fokus på framdrifta i prosjektet, og etter planavklaringa på strekninga Minnesund–Skaberud som no er gjord, skal det liggje godt til rette for det.
Gunnar Gundersen (H) [11:28:30]: Jeg takker for svaret, men jeg synes ikke jeg fikk noen veldig god forklaring på hvorfor det er blitt så veldig forsinket. Men jeg tar til etterretning at det var litt «usemje» – som det heter – i Regjeringen rundt dette.
Jeg synes jo mangelen på nytenkning i Regjeringen både når det gjelder hvordan prosjektet skal drives igjennom og når det gjelder finansiering av prosjektene, nå begynner å hemme utbyggingen av ganske sentral infrastruktur. I Hedmark synliggjøres det ved at de prosjektene folk tror er i gang, skyves framover i tid for å skape rom for nye prosjekter. Det er slik jeg leser bildet fra Regjeringen. Man regner da med at skuffelsen over å få prosjektene senere, blir mindre enn forventningen som nye prosjekter gir.
Begynner kostnadene ved mangel på nytenkning innenfor veisatsing å svi for statsråden?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:29:24]: Representanten Gundersen er like vel kjend som meg med at årsaka til at dette prosjektet vart forseinka, var lokal strid om framføring. Det er det som har forseinka prosjektet, og det har me i denne regjeringa respekt for. Eg trur heller ikkje representanten Gundersen vil ta til orde for at ein skal overkøyre lokale styresmakter i viktige spørsmål som angår innbyggjarar i deira kommune, og der dei sjølvsagt har rett til å hevde sine synspunkt, men der ein til sjuande og sist må kome til ei avklaring.
Den manglande planavklaringa som var i nokre kommunar på denne strekninga, er årsaka til at prosjektet er forseinka. Det er så pass offentleg kjent at eg rekna med at det ikkje var nødvendig for meg å gå nøyare inn på det.
Gunnar Gundersen (H) [11:30:14]: Lokale stridigheter har vi vel rundt omkring i hele landet. For dette prosjektet ble det faktisk vedtatt at man kunne gripe inn med statlig reguleringsplan for å bryte inn i stridighetene. Jeg har stor respekt for lokaldemokratiet, men enkelte ganger må man faktisk bryte gjennom fra statlig hold. Hvis det skal bli like store forsinkelser videre oppover, er det ikke særlig mye håp for resten av Oppland og Hedmark, for vi vet jo at det blir store stridigheter om trasévalg videre nordover også, bl.a. i Åkersvika i Hamar.
Jeg hadde sett for meg at man nå la opp til en planlegging av en mye lengre trasé og fikk i gang utbyggingen av E6 gjennom Hedmark og Oppland. Jeg håper jo slik sett at statsråden er villig til å se på de forslag som Høyre kom med i sin nasjonale transportplan.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:31:13]: Med fare for å bruke uparlamentariske uttrykk vil eg kalle Høgre sin nasjonale transportplan for eit upåliteleg dokument. Høgre har med all tydelegheit vist at ein i posisjon reduserte ambisjonane i sin nasjonale transportplan då ein sat i posisjon og la fram eit dokument som skulle verte gjennomført – ein reduserte ambisjonane for veg, ein reduserte ambisjonane for bane. Det var ikkje mykje nytenking i den nasjonale transportplanen. Det var heller ikkje auke i rammene. Eg synest det er utruleg freidig av Høgre å presentere seg som eit parti som folk skal kunne stole på i samferdslepolitikken. Høgre har med all tydelegheit vist at når dei kjem i posisjon, når dei har finansministeren og prioriterer, prioriterer dei pengane til skattelette. Denne regjeringa gjer det me lover å gjere – prioriterer dei viktige pengane til dei viktige prosjekta. Difor vert det meir samferdsle med denne regjeringa enn med Høgre i regjering.