Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 11. mars 2009 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Vera Lysklætt (V) [11:43:03]: Mitt spørsmål er til kommunal- og regionalministeren:

«Det er viktig å få fram entydige, målbare helsefunksjonskrav for inneklima. Disse finnes for radon. Over 10 pst. av norske barn har diagnosen astma. 175 000 boliger i Norge har for mye radon innendørs. Inneklima i boliger, skoler, barnehager og andre offentlige institusjoner er viktig for oss alle. Alle kommuner plikter å ha oversikt over omfanget av radon, men under halvparten har foretatt kartlegging. Den siste, gjennom RaMAP, ble gjort i 2003.

Vil statsråden foreta seg noe for at flere kommuner kartlegger radon?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:43:54]: Dette spørsmålet gjeld ansvarsområdet til fleire departement. Eg svarer difor i samråd med både Helse- og omsorgsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Som kommunal- og regionalminister har eg ansvaret for dei bygningstekniske krava knytte til radon. Plan- og bygningslova § 68 gjev kommunen heimel til å nedleggja forbod mot busetjing eller setja særskilde krav til byggjegrunn, til busetjing og uteareal dersom radonkonsentrasjonane er for høge. Teknisk forskrift inneheld tilrådde grenseverdiar til radonkonsentrasjon i innelufta. I arbeidet med forskrifter til bygningsdelen i ny plan- og bygningslov vurderer eg å skjerpa krava ytterlegare.

Kartlegging av radon er kommunane sitt ansvar og er omfatta av kommunehelsetenestelova og plandelen i plan- og bygningslova. Desse lovene fell inn under ansvarsområdet til helse- og omsorgsministeren og miljøvernministeren. Eg har difor fått innspel frå begge desse statsrådane.

Helse- og omsorgsministeren opplyser at kommunen, som ein del av det miljøretta helsevernet, skal ha oversikt over aktuelle miljøfaktorar i miljøet og ha gjort ei vurdering av helseeffektane på befolkninga. At det er store forskjellar mellom kommunar når det gjeld miljøretta helsevern, er kjent. Difor er det no starta eit arbeid med gjennomgang av heile feltet miljøretta helsevern. Det omfattar òg kommunen si oppfølging av miljøet i skular, barnehagar, ulykkesførebyggjande arbeid med meir. Formålet med denne gjennomgangen er å styrkja tenesta og gje eit betre grunnlag for prioriteringar i tråd med verdien av dei ulike miljøfaktorane. Det skal setjast ned ei arbeidsgruppe som skal avgje rapport i løpet av 2009. Når det gjeld radon spesielt, vil Regjeringa før sommaren leggja fram ein strategi for å redusera radoneksponering i Noreg. Denne strategien vil bl.a. omfatta mål og strategiar for å få betre kartlegging av radonsituasjonen i kommunen.

Miljøvernministeren opplyser at det i plandelen til ny plan- og bygningslov er vedteke ei eiga lovføresegn som set krav til samfunnstryggleik og risiko- og sårbarheitsanalysar. Når planar skal utarbeidast, må planstyresmaktene kontrollera at risiko- og sårbarheitsanalyse vert gjennomført av forslagsstillaren til planen. Elles må planstyresmaktene sjølve gjere det. Denne plikta skal bl.a. gjelda for område med radonstråling. Vidare inneber denne lovføresegna at område med radonstråling skal merkast i planen som omsynssone. I slike soner kan det fastsetjast forbod eller vilkår for tiltak og aktivitetar innanfor sona.

Vera Lysklætt (V) [11:47:03]: Jeg takker for svaret og har følgende oppfølgingsspørsmål:

Vi får nå en ny plan- og bygningslov, og departementet skal starte arbeidet med forskrifter og veiledere til loven. Jeg vil anta at inneklimaet både i boliger og ikke minst i skoler og barnehager blir et tema. Vil statsråden basere dette arbeidet på entydige, målbare helsefunksjonskrav?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:47:32]: Det er heilt rett som representanten Lysklætt no seier, at det er i gang eit arbeid med forskrifter til bygningsdelen av plan- og bygningslova. Då er spørsmålet: Kva skal ein leggja vekt på? For det fyrste gjeld det visse krav i dag. Den bygningsmessige utføringa skal sikra at menneske som oppheld seg i eit byggverk, ikkje vert eksponerte for radonkonsentrasjon i innelufta, som kan gje auka risiko for helseskadar, ansvarleg prosjekterande må føreta vurderingar av behov for radontiltak, og det er opp til dei ansvarlege utførande å sikra korrekt utføring i samsvar med prosjekteringa. Så kan vi kanskje i neste svar koma tilbake til kva vi no ser på i forskriftsarbeidet. Men lat meg seia at det er klart at skular og bygningar der born og unge oppheld seg, må viast spesiell merksemd.

Vera Lysklætt (V) [11:48:42]: Jeg takker også for dette svaret. Mitt siste spørsmål blir:

Norges Astma- og Allergiforbund har i samarbeid med de fremste fagmiljøene utarbeidet åtte kriterier som er enkle å kontrollere, og som har stor betydning for inneklimaet i bygninger. Vil statsråden trekke inn Norges Astma- og Allergiforbund i det videre arbeidet med å utarbeide forskrifter og veiledere på dette området?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:49:13]: Det er eit viktig spørsmål. Det er ein organisasjon som har erfaring på dette feltet. Eg finn det naturleg å gje dei moglegheit til å koma med sine innspel.

Lat meg elles seia at det som vi så langt har til vurdering, er for det fyrste korleis vi kan minska straum av radon inn i bygg. Då kan det vera tiltak som bidreg til trykkendring, ventilering av byggjegrunnen, bruk av radonsperre, altså ein membran, og ventilasjonstekniske tiltak. Det går an å leggja inn ei slik sperre f.eks. i alle nye bygg med opphaldsrom mot grunnen. Vi ser òg på om det skal stillast krav om tilrettelegging for ventilering av byggjegrunnen som kan aktiverast der måling viser høge konsentrasjonar av radon i innelufta etter at bygget er teke i bruk.

: