Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 11. mars 2009 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Borghild Tenden (V) [11:33:22]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Punktligheten for persontogene på jernbanen blir stadig dårligere. Hittil i år er togene vesentlig mer forsinket enn gjennomsnittet for rekordåret 2008. Statsråden har ved ulike anledninger sagt at forholdene vil bli verre, og at det først vil bedre seg i 2012.

Hvilke råd vil statsråden gi til togreisende i mellomtiden, og har statsråden planer om å iverksette noen strakstiltak?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:34:03]: Først må eg få korrigere representanten litt. Det eg har sagt, som er sitat frå Barack Obama, er at det må verte verre før det vert betre. Eg skal kome litt tilbake til grunnen til at det er slik. Eg har heller ikkje sagt at ein må vente heilt til 2012 før det vert betre. Det vert gradvis betre, men i 2012 vil det verte eit paradigmeskifte i og med at me då får opna Vestkorridoren og får 50 nye togsett inn i trafikk – for å vere presis på det.

Eg kan bekrefte at persontoga har hatt dårlegare punktlegheit i dei to fyrste månadene i 2009 enn gjennomsnittet for 2008. Det gjeld særleg februar og har i hovudsak samanheng med mykje snø og kulde, som har skapt store isingsproblem for togmateriellet. Eg er sjølvsagt ikkje nøgd med at det var så mykje forseinkingar i togtrafikken på dei fleste togstrekningane i 2008 og slett ikkje med at utviklinga har forverra seg i 2009. Eg reknar likevel med at situasjonen når det gjeld akkurat den biten, kan verte betre etter kvart som snøproblema vert mindre. I denne samanhengen kan eg elles vise til at Jernbaneverket har sett som mål at forseinkingane i togtrafikken i 2009 skal verte 20 pst. lågare enn i 2008 på bakgrunn av dei løyvingane som er gitt.

Som eg tidlegare har opplyst i samband med liknande spørsmål frå Stortinget, er det generelt sett den nedslitne skjenegangen som er hovudårsaka til den negative utviklinga i togforseinkingane. Regjeringa er i ferd med å snu dette, men gjennomføring av store fornyings- og anleggsarbeid på jernbanenettet, samstundes med at togtrafikken, som aldri har vore meir omfattande, skal avviklast, er ikkje så lett å kombinere og er ei viktig forklaring på den negative utviklinga. Ikkje minst gjeld dette for togtrafikken i Oslo-området og Stavanger-området, der det begge stader går føre seg store anleggsarbeid.

Som representanten Tenden er kjend med, er det under denne regjeringa løyvd betydelege midlar til m.a. vedlikehald og fornying av jernbanenettet gjennom dei ordinære løyvingane og ved ekstraordinære løyvingar til Oslo-prosjektet, men òg gjennom Regjeringa sitt forslag til tiltakspakke for 2009. Dette vil gjere det mogleg for Jernbaneverket å gjennomføre omfattande vedlikehalds- og fornyingsarbeid av jernbanesporet dette året. Det vil særleg vere høg aktivitet i perioden frå april til oktober. Det vil i Nasjonal transportplan verte avsett endå meir midlar til oppgradering av jernbana, m.a. gjennom ein ekstraordinær vedlikehaldsinnsats i Oslo.

For å kunne gjennomføre dette arbeidet må ein i periodar rekne med at det kan verte naudsynt med innstilling av tog på fleire togstrekningar. Som erstatning skal det i tilfelle etablerast alternativ transport. Dei reisande må likevel rekne med at reisa vil kunne ta noko lengre tid enn normalt.

Både Jernbaneverket og togselskapa har ansvar for at det ved innstillingar og forseinkingar vert gitt god informasjon til dei reisande. Utanom informasjon om bord i toga tilbyr NSB i dag to informasjonstenester. Den eine er ei lett tilgjengeleg teneste på Internett som heiter «Er toget i rute?», der reisande kan velje si reisestrekning og sjå om det er problem med toget som dei skal reise med. I tillegg tilbyr NSB ei SMS-teneste der kundar kan sende ei melding med frå-og-til-stasjon til telefonnummer 2188 og få tilbakemelding om informasjon om dei neste fire avgangane. I tillegg arbeider elles NSB med å betre trafikkinformasjonen sin generelt. Jernbaneverket arbeider dessutan med å gi betre trafikkinformasjon på sine Internett-sider, samstundes som dei er i ferd med å fornye og utplassere nye informasjonstavler, monitorar og høgtalaranlegg på stasjonane. Dette er ein del av satsinga som no blir gjord i Oslo-området gjennom Oslo-prosjektet.

På grunn av dei mange forseinkingane i togtrafikken som vi har opplevd i den seinare tida, har det naturleg nok kome krav frå dei faste reisande om at det må innførast ei ordning med reisegarantiar. Den reisegarantien som NSB fram til no har tilbydd sine kundar, har vore avgrensa til å gjelde forseinkingar og toginnstillingar som NSB sjølv var årsak til. Denne er no utvida til å gjelde alle innstillingar og forseinkingar uavhengig av om feilen kjem av sjølve togdrifta eller feil på jernbanenettet.

Avslutningsvis vil eg seie at trass i dei ulempene som dei reisande no opplever med innstillingar av tog og togforseinkingar på grunn av anleggsarbeid eller større fornyingsarbeid som går føre seg eller som skal startast opp i næraste framtid, vonar eg at dei fleste vil ha forståing for at desse arbeida er heilt nødvendige for å sikre ei meir driftsstabil jernbane på lengre sikt. Dette må vere målet og er difor ein vesentleg del av styringsdialogen med både Jernbaneverket og NSB.

Borghild Tenden (V) [11:38:43]: Jeg takker statsråden for svaret.

Venstre foreslo en handlingsplan for jernbanen i Osloområdet i februar 2008, et forslag som ble nedstemt. Da kom det fram at Samferdselsdepartementet i 2006 skal ha blitt informert av Jernbaneverket om at vedlikeholdsbehovet på jernbanen var større enn først antatt. Jernbaneverket skal altså ha videreformidlet dette til informasjon for Samferdselsdepartementet samme år.

Sett i ettertid, og med dagens store problemer, burde det blitt handlet raskere og med kraftigere virkemidler, som f.eks. å erstatte tog med buss over lengre tid, slik at man fikk lengre arbeidsøkter – jeg har registrert at man hadde tre og en halv time i perioder, og da skal man rigge opp og rigge ned – og kunne vasket seg ferdig og skiftet ferdig raskere, slik at reisende slapp å oppleve det uforutsigbare over så lang tid som det som skjer nå?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:39:46]: Det er heilt rett at eg vart informert i 2006 om at ein gjennom lengre tid hadde sett at vedlikehald var forsømt. Difor har eg i mine budsjett prioritert opp vedlikehald. Eg har omprioritert frå investering til vedlikehald. Det vart i starten kritisk motteke i Stortinget, men eg opplever at både i Stortinget og elles i samfunnet har ein sett nødvendigheita av å oppgradere vedlikehald både på jernbane og veg, og at eg dermed har fått støtte for den tanken.

Jernbaneverket har fått dei midlane dei har etterspurt for å utbetre og setje i gang ein vedlikehaldsinnsats i Osloområdet og på dei mest prekære strekningane. Dei har òg ei eiga prosjektgruppe, der ein m.a. i samarbeid med NSB har kome fram til korleis ein best kan løyse desse utfordringane, bl.a. gjennom å innstille tog i periodar.

Borghild Tenden (V) [11:40:51]: Jeg takker igjen for svaret.

Venstre er selvsagt enig i at det burde satses mer på et moderne jernbanetilbud. En av utfordringene som stadig trekkes fram, er manglende vedlikehold, som også statsråden var inne på nå. Bevilgninger til drift og vedlikehold har vært et prioritert område for Stortinget over lang tid, så jeg blir veldig overrasket over det statsråden sa nå, at det ble kritisk mottatt i Stortinget. Og bevilgningene har ligget på et relativt stabilt nivå i forhold til prisstigningen. Etter samferdselsministerens oppfatning, er det Stortinget, er det ulike regjeringer, eller er det Jernbaneverket selv som har forsømt seg over lang tid?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:41:47]: Til liks med i samferdsle generelt skal me ikkje her skulde på dei som er sette til å gjere det daglege arbeidet. Det er me som politikarar gjennom vekslande regjeringar som har ansvar for prioriteringane, ansvar for kor høge løyvingane er, og ansvar for fordelinga mellom investering og drift. At midlar til drift og vedlikehald på jernbanenettet har vore underestimert, er jo den gjeldande Nasjonal transportplan eit bevis på, og det var difor eg tidleg i perioden fekk informasjon om at ein trengde fyrst og fremst meir midlar til vedlikehald. Parallellen kan jo òg dragast til veg, for det er akkurat dei same meldingane me fekk der. Eg har på begge områda prioritert opp vedlikehald i denne perioden. Eg har òg intensjonar om å fortsetje den prioriteringa når me no legg fram ein ny nasjonal transportplan. For det er heilt nødvendig for å sikre driftsstabilitet, i tillegg til sjølvsagt å gjere større utbyggingar som fornyar nettet på viktige område.

: