Stortinget - Møte onsdag den 11. mars 2009 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 2
Øyvind Halleraker (H) [11:27:09]: Det var et spørsmål til samferdselsministeren:
«Ventetiden på oppkjøringstime hos Statens vegvesen er lengre enn noen gang, nå nær 3 måneder. Dette til tross for at Statens vegvesen hevder at de har forsøkt å kutte ned de lange køene. Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund mener dette er en kritikkverdig situasjon.
Hva vil statsråden gjøre for å bedre på denne uholdbare situasjonen?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:27:40]: Eg er kjend med at ventetida for å gå opp til praktisk førarprøve varierer mellom dei ulike regionar og distrikt hjå Statens vegvesen, og at ho er lang ved enkelte trafikkstasjonar. Eg viser til at eg har svart skriftleg på spørsmål rundt dette tidlegare i år. Det er Region øst som har dei største utfordringane knytte til ventetider på dette området. Vegdirektoratet opplyser at 6. mars i år hadde berre fire av femten trafikkstasjonar i denne regionen ventetider som var kortare enn fire veker. I dei andre regionane er situasjonen betrakteleg betre. Enkeltståande timar for praktisk førarprøve vil i mange tilfelle også vere tilgjengelege på kortare tid.
Statens vegvesen arbeider kontinuerleg med å redusere ventetidene for kandidatane og vidarefører ei rekkje av dei konkrete tiltaka som vart sette i verk i 2008. Dette omfattar betre justering mellom Vegvesenet sine regionar i forhold til etterspurnad på tenester, tilsetjing av nye sensorar, innleige av vikarar, bruk av overtid på kveldstid og laurdagar og omdisponering av personell frå andre oppgåver.
Statens vegvesen har eit felles bestillingssystem der kandidatane sjølve kan velje prøvestad. Dette gir publikum moglegheit til å søkje den prøvestaden som har kortast ventetid. Samstundes gir dette utfordringar for Vegvesenet for å tilpasse kapasiteten for prøveavviklinga på den enkelte trafikkstasjonen. Tidspunktet for første tilgjengelege prøve må i tillegg passe for både kandidaten og trafikkskulen, m.a. fordi trafikkskulen held køyretøyet til prøven.
Eg er kjend med at det er spesielt vanskeleg å sikre tilstrekkeleg kapasitet og kvalifisert personale på enkelte sentrale trafikkstasjonar på Austlandet. Statens vegvesen gjer ein stor innsats for å rekruttere nye sensorar. Likevel har særleg dei større trafikkstasjonane hatt vanskar med å få fylt ledige sensorstillingar. Til dømes hadde Stor-Oslo distrikt gjennom heile fjoråret om lag ti ledige stillingar og relativt få søkjarar. For å auke kapasiteten noko på kort sikt vil Stor-Oslo distrikt justere førarprøveoppsettet slik at talet på prøvar pr. sensor pr. i dag vert auka.
Øyvind Halleraker (H) [11:29:43]: Jeg takker for svaret. Det er godt å høre at også statsråden erkjenner at det her har vært køer og problemer i mange år.
Vi kan også merke en til dels negativ holdning fra Vegdirektoratet, som bl.a. hevder at folk kommer dårlig forberedt, og at folk stryker. Jeg synes det er uholdbart fra en statsetat. Saken er vel at vi mangler førerprøvesensorer. For å prøve å bedre på kapasiteten har Høgskolen i Akershus søkt om å få etablere et fagtilbud for trafikklærere, noe som må være veldig positivt. Men de sliter med å få dette etablert. Kan statsråden tenke seg å bidra til å få dette etablert, slik at kapasiteten økes og ventetiden går ned?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:30:37]: Eg er ikkje kjend med det initiativet som representanten Halleraker refererer til, så det kan eg ikkje ta stilling til på sparket. Det får me kome tilbake til. Men med den situasjonen me er oppe i, er det i alle fall viktig å sjå på korleis ein kan få ein balanse mellom tilgang på kvalifisert personale og utdaning av dei. Eg veit ikkje om det er utdaningskapasiteten som er problemet, eller om problemet er at ein søkjer seg til andre stillingar. Då må ein i tilfelle gå inn og sjå på kvifor det skjer.
Så veit me at det er veldig høg strykprosent. Det må me òg ta med i dette biletet, for det er klart at det beslaglegg kapasitet. Det er jo nettopp difor ein endrar systemet slik at dei som klarer prøven ved første forsøk, på ein måte får ei økonomisk påskjøning for det, mens dei som må prøve fleire gonger, får ei høgare avgift.
Øyvind Halleraker (H) [11:31:50]: Jeg takker for svaret. Det har både gjennom oppslag om saken i Aftenposten 27. februar og i korrespondanse mellom Statens vegvesen og Høgskolen i Akershus etterlatt seg et inntrykk av at Statens vegvesen ikke tar dette alvorlig og til og med eksponerer en negativ holdning overfor institusjonene og dem som tar opp dette problemet.
Nå har statsråden en annen sak, om opprettelse av vegtilsyn, på sitt bord. Der har hun også en positiv tilråing fra utvalget som har utredet dette. Kan statsråden tenke seg at dette tilsynet også eventuelt utvides til et kjøretøy- og trafikanttilsyn, hvor slike oppgaver som vi her snakker om, hører naturlig inn? Parallellen til Luftfartstilsynet – de har jo definerte kjerneoppgaver, hvor bl.a. kontroll av flyskolene inngår – er svært relevant.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:32:52]: Eg har fått overlevert ei innstilling om eit eventuelt trafikktilsyn. I det arbeidet me gjer, er det naturleg å gå inn og sjå på kva oppgåver eit slikt tilsyn skal ha dersom Regjeringa vel å gå vidare med oppretting av eit slikt tilsyn. Det kan vere ei vinkling som me må sjå nærare på.