Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 25. februar 2009 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Bent Høie (H) [11:30:30]: «Det mest konkrete resultatet av den såkalte regionsreformen, overføring av ansvaret for hoveddelen av riksvegene til fylkene, er nå også i ferd med å skli ut i sanden. Oppgaven blir overført uten økonomisk kompensasjon, ansatte og med fortsatt sterk statlig styring.

På hvilke områder mener statsråden at reformen har overført beslutninger av vesentlig betydning til lokaldemokratiet?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:30:56]: Prosessane omkring forvaltningsreforma har vore krevjande. Det har eg aldri lagt skjul på.

Eg er nøgd med det som no ligg i reforma. Eg har tru på at reforma vil fremja vekstkraftige regionar baserte på regionale fortrinn. Reforma gjev mogelegheiter for god regional utvikling under regional folkevald styring. Fylkeskommunane får ei forsterka utviklarrolle i sitt fylke. Dei får nye verkemiddel og oppgåver knytte til utforming og gjennomføring av den regionale og nasjonale næringspolitikken, bl.a. gjennom 49 pst. eigarskap i Innovasjon Norge. Etablering av regionale forskingsfond med 6 milliardar kr i kapital er ei stor satsing frå Regjeringa si side. Det er ei nyskaping som er meint å sikra regional kunnskapsutvikling og betre samspel med høgre utdanningsinstitusjonar.

Fylkeskommunane får òg ansvar for fagskuleutdanninga, riksvegnettet elles med tilhøyrande ferjer, regional vassforvaltning, delar av akvakultur- og havressursforvaltninga, kulturoppgåver – og dessutan oppgåver som i dag ligg hjå fylkesmannen på miljø- og landbruksområdet.

Fylkeskommunane vert styrkte. Slik får dei høve til å sjå fleire ulike sektorar som ein heilskap innanfor den enkelte region. Regional samhandling mellom den enkelte fylkeskommunen og andre offentlege og private aktørar – og med andre fylkeskommunar – vil sjølvsagt vera nødvendig for å få til gode resultat.

Så til samferdselsoppgåvene: Det er ikkje rett at fylka overtek hovuddelen av vegnettet utan kompensasjon. Når staten legg oppgåver til kommunar eller fylkeskommunar, skal staten følgja opp i budsjettsamanheng slik at sektoren får dekt dei meirutgiftene som følgjer av nye oppgåver.

Regjeringa har lagt prinsippet om at ressursar skal følgja oppgåver, til grunn for forvaltningsreforma.

Forslag om eit samla økonomisk opplegg for reforma vil koma i kommuneproposisjonen i mai. Frå mi side er det viktig at dette vert eit opplegg som set fylkeskommunane i stand til å ivareta det ansvaret dei får etter 2010.

Bent Høie (H) [11:33:31]: Med det svaret må kommunal- og regionalministeren mene at fylkeskommunene og hennes egne fylkespolitikere har misoppfattet Regjeringens forslag til hvordan og under hvilke vilkår dette skal skje totalt. Deres beskrivelse av Regjeringens forslag til overføringer av riksveier har følgende overskrift: «Mistillit, uakseptabelt, ansvarsfraskrivelse, lovstridig». Kommunenes egen organisasjon, KS, skriver:

«Samferdselsdepartementets forslag (…) uttrykker klar mistillit til fylkeskommunene som samferdselsmyndighet.»

Hvis statsråden har rett i at dette skal kompenseres fullt ut – også det enorme etterslepet som er når det gjelder vedlikehold og istandsetting av riksveier – vil det være helt unødvendig å gjøre det som samferdselsministeren har foreslått, nemlig å sette veilovens § 7 til side i disse spørsmålene.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:34:35]: Eg forstår jo at dette er overskrifter som Bent Høie set stor pris på. Me veit jo kva holdning Høgre har til den nye forvaltningsreforma. Men lat meg understreka: Dei overskriftene er no komne som reaksjon på eit høyringsnotat som hadde frist 12. februar. Eg står fast ved det eg har sagt tidlegare og som eg har understreka her i dag: Det vil koma, som varsla i høyringsnotatet, ei nærmare avklaring, fyrst i Nasjonal transportplan når han vert lagd fram, og så eit endeleg økonomisk opplegg i kommuneproposisjonen for 2010.

No var det representanten Bent Høie som brukte uttrykket «fullt ut». Det kan eg ikkje bruka på dette tidspunktet. Det er fordi me veit at her er det eit svært etterslep. Det skal noko til å rekna det inn og kompensera for det på eitt år.

Bent Høie (H) [11:35:45]: Den sportsgrenen som denne regjeringen har utmerket seg i, er jo politisk mageplask. Det største mageplasket er regionsreformen. Det viser også håndteringen av de oppgavene som er overført til fylkene.

Hele reformen viser en total manglende tillit til lokaldemokratiet og til lokale beslutninger og vurderinger. Et godt eksempel er Administrasjonsdepartementets brev til fylkesmennene angående overføringer av viltarter og innlandsfisk til fylkene. La meg sitere:

«Kanadagås og stripegås overføres. Grågås og kortnebbgås overføres ikke».

Videre:

«Gnagere: Hare, sørhare, bever, beverrotte og bisam overføres FK. Viltlevende kanin er en fremmed art og resultat av ulovlige utsettinger. Den krever særskilt oppfølging og overføres ikke.»

Grensen for denne regjerings tillit til fylkeskommunene går ved forvaltningen av villkaniner. Der har ikke fylkeskommunene tilstrekkelig tillit.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:36:53]: Eg må seia at det var eit interessant stykke prosa Bent Høie refererte. Det som gjeld hovudspørsmålet hans, om forvaltingsreforma betyr eit styrkt lokaldemokrati, reknar eg likevel for noko langt meir enn karakteristikken ei sportsgrein. For Høgre sitt alternativ her – anten vi går til Rogaland, til Nordland eller til Hedmark – er ei utvikling der det er respektive Stavanger, Bodø eller Hamar som skal vere den regionale utviklaren. Og då er min påstand, som eg meiner eg har godt belegg for, at det betyr eit heilt annleis styrkt lokaldemokrati å la folkevalde frå eit heilt fylke ta ansvar for både regional utvikling og mange andre oppgåver som gjeld dette området.

: