Stortinget - Møte onsdag den 25. februar 2009 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 1
Arne Sortevik (FrP) [11:02:45]: Jeg må først få lov å si at nå er det uavgjort! Sist var det jeg som var for sen.
Spørsmålet er som følger:
«Planlegging og ekstern kvalitetssikring av store samferdselsprosjekt har utviklet seg til å bli en svært tidkrevende prosess der normal tidsbruk anslås å ligge på ca. ni år. I tillegg kommer deretter selve byggetiden. Når planberedskapen, med det mener jeg en «reserve» av planavklarte prosjekter, i tillegg er liten, får tidsbruken ekstra stor forsinkelseseffekt når finansieringsomfanget økes.
Hva vil statsråden gjøre for å redusere tidsbruk på planlegging av store samferdselsprosjekt og øke planberedskapen?»
Sigvald Oppebøen Hansen hadde her teke over presidentplassen.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:03:37]: Eg er lei meg for at eg var litt sein.
Som representanten Sortevik peikar på, er planleggingsprosessane for samferdsleprosjekt ofte tidkrevjande og kompliserte, då det ofte får store konsekvensar for folk både lokalt og regionalt. Planprosessane til store veg- og jernbaneprosjekt må følgje plan- og bygningslova sine ulike innretningar med omsyn til handsaming av kommuneplan og reguleringsplan. Regelverket for planlegging skal sikre at alle innspel og innvendingar og all usemje vert handsama på ein god måte, regelverket for oreigning skal sikre rettane til alle som må avstå grunn og rettar, og regelverket for innkjøp skal sikre konkurranse på like vilkår. Det er likevel eit potensial for effektivisering i form av redusert tidsbruk utan at dette går ut over kvaliteten. Eg legg stor vekt på at dette potensialet vert teke ut, og viser til etatane sitt arbeid for å bidra til dette.
Statens vegvesen arbeider målretta med effektivisering av planlegginga. Eg viser her m.a. til arbeidet etaten gjer med å få til betre overordna avklaringar om kor og når det er aktuelt å gjennomføre detaljplanlegging for gjennomføring av konkrete prosjekt. Døme på dette er etaten sitt arbeid med konseptvalutgreiingar for vegstrekningar i distrikta og for vegnettet i byar, arbeidet med rutevise planar for stamvegnettet og arbeidet med Nasjonal transportplan, der det er gjennomført korridorutgreiingar og eigne utgreiingar for transport i by.
Gode overordna avklaringar gir etaten eit betre grunnlag for å prioritere sin innsats i detaljplanlegginga til tiltak som er aktuelle for gjennomføring. I praksis er det ikkje enkelt å byggje opp ein «planreserve» for tilfelle som no, med stor auke i aktivitet og finansieringsomfang. Reguleringsplanar, som gir det rettslege grunnlaget for gjennomføring, blir fort forelda. Dette har samanheng med at føresetnadene for planen vert endra med tida gjennom nye krav i samfunnet og nytt regelverk. Eksempel på dette dei siste åra er nye vegnormalar med strengare krav til tryggleik.
Statens vegvesen arbeider òg målretta med prosessar for utvikling av eksisterande veg. Her vert det lagt vekt på å utvikle strategiar for kva som kan gjerast av tiltak på lengre strekningar langs eksisterande veg med ulikt innsatsnivå. Dette kan vere tiltak som ikkje krev planavklaring, eller der det er tilstrekkeleg med enkle reguleringsplanprosessar som tek 1–1 1/2 år.
Elles vil eg vise til arbeidet Statens vegvesen gjer med å involvere brukarar, grunneigarar, interessegrupper og andre styresmakter både i oversiktsplanlegging og detaljplanlegging. Det er mange eksempel på planprosessar med gode opplegg for medverknad, og etaten driv eit omfattande utviklings- og opplæringsarbeid for å betre kommunikasjonen i planlegginga. Dette er tiltak som vil effektivisere planlegginga både med omsyn til tidsbruk og kvalitet.
Arne Sortevik (FrP) [11:06:55]: Jeg takker for svaret.
Det kan virke som vi overplanlegger i Norge, at vi ikke bare bygger veier som om vi var et fattig etterkrigsland, men at vi faktisk har et planverk som kan minne om en gammeldags sovjetstat. Vi har tre tunge planfaser før det i det hele tatt er snakk om å sette en maskin i arbeid. Om det er politisk uenighet om valg av trasé knyttet til miljøhensyn, kan det komme på toppen. Det kan gå atskillig lenger enn normal tidsbruk på de angitte ni år. Det kan i verste fall gå betydelig lenger. Vi fikk i går en endelig avklaring omkring E6 langs Mjøsa. Det er gledelig, men det er jo samtidig et eksempel på hvor forsinkende en slik lang planleggingsprosess kan være når det inntreffer politisk uenighet.
Vil statsråden legge til rette for å bruke statlige reguleringsplaner som ett av flere tiltak for å øke tempoet i planleggingen?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:08:01]: Når det skal byggjast f.eks. ein ny veg, er det viktig at dei som er grunneigarar langs vegen, vert tekne på alvor. Det er viktig at miljøulempene som vegen kan påføre lokalsamfunnet, vert tekne på alvor, og det er viktig at lokale styresmakter får vere med og gjere sine vedtak utan å verte pressa av ein sentralisert stat der dei som sit i det statlege apparatet, kanskje av og til har mangelfull kunnskap om lokale forhold. Derfor er det viktig å halde på dei planleggingsrutinane me har. Men det har òg i mi tid som samferdsleminister vore ein statleg plan som verkemiddel der ein ikkje evnar å kome til einigheit lokalt. Det må vere ei grense for kor lang tid saker kan dra ut grunna lokal ueinigheit, før ein skjer gjennom, når det er viktige samfunnsinteresser som må varetakast.
Arne Sortevik (FrP) [11:08:59]: Takk igjen.
Hvis gjennomsnittlig tidsbruk nå er ni år – og det er for lenge – hva er målet for statsråden?
Når det gjelder planreserve, sa både statsministeren og samferdselsministeren i oktober i fjor at vi skal bygge jernbane og ruste opp vei i et omfang som nasjonen aldri har sett. Men i forbindelse med tiltakspakken Regjeringen har lagt frem, har vi hørt reaksjoner som «mer penger og få prosjekter», «har penger og mangler planer». Etter over tre år med rød-grønn regjering er mangel på planer for å kunne gjennomføre veiprosjekt når det kommer friske penger, nesten flaut. Det vitner om en regjering som kanskje ikke helt tror på egen vilje, evne og kapasitet til å skaffe nødvendige ekstramidler.
Hva vil statsråden gjøre for å øke planberedskapen, slik at økte pengerammer også kan medføre at prosjekter settes fort i gang?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:09:55]: Fyrst når det gjeld tiltakspakka: Der handlar det om ferdig planlagde mindre prosjekt som kan gi mykje arbeid til mange. Det var aldri snakk om at ein skulle setje i gang dei store prosjekta. Me har framskunda nokre større prosjekt, men det var ei pakke som fyrst og fremst hadde fokus på sysselsetjing. Det var Regjeringa sitt fokus, og det er Regjeringa sitt fokus i den pakka. Og då er det klart at det er mange gode veg- og jernbaneprosjekt – ikkje minst på vedlikehaldssida, som har vore eit forsømt område over lang tid – som er viktige.
Denne regjeringa har fått til eit taktskifte i samferdslepolitikken. Det var ikkje slik då me kom inn etter Bondevik II-regjeringa – som Framstegspartiet støtta heilhjarta opp om skulle sitje – at det låg ei mengd ferdig planlagde prosjekt, og det er heller ikkje slik at me når me tilfører mykje pengar, òg til planlegging, berre kan skru på ein brytar og så er prosjekta klare. Det tek litt tid å fordøye eit slikt taktskifte, men når me legg fram Nasjonal transportplan, skal me sjå at takten skal ytterlegare opp, og det skal òg planleggingskapasiteten.