Stortinget - Møte onsdag den 4. februar 2009 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 2
Arne Sortevik (FrP) [11:10:10]: Jeg takker presidenten for utvist velvillighet og beklager at det ble litt kluss på vekslingssiden mellom muntlig og ordinær spørretime.
Spørsmålet til samferdselsministeren er:
«I 2008 omkom 256 personer i trafikken i Norge. Tallet på dødsulykker har økt med 10 pst. i forhold til 2007. Hele 171 av de omkomne er bilførere eller passasjerer. Antall omkomne fotgjengere har økt fra 23 til 30. Hordaland, Møre og Romsdal og Hedmark har flest omkomne. Vårt naboland Sverige hadde i 2008 det laveste dødstallet i trafikken siden 1945, og tallet ble i fjor redusert med 10 pst. Utviklingen i antall dødsulykker er sterkt bekymringsfull.
Hva vil statsråden gjøre på kort sikt for å få en reduksjon i antall dødsulykker?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:11:12]: Auken i talet på drepne i trafikken i 2008 er urovekkjande. Dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå kan tyde på at talet vert så høgt som 259. Eg deler difor representanten Sorteviks utolmod når det gjeld å gjennomføre tiltak for å bringe oss tilbake til den positive utviklinga me hadde i perioden fram til 2006. Departementet såg spor av den negative utviklinga allereie tidleg i 2008, og det er på den bakgrunnen teke grep i budsjettet for 2009.
Eg vil gjerne sitere frå St.prp. nr. 1, side 54, der det under punktet «Økt innsats i 2009-Trafikksikkerhetspakken» står:
«Samferdselsdepartementet vil i 2009 styrke satsingen på tiltak for bedre trafikksikkerhet gjennom en sammensatt og målrettet trafikksikkerhetspakke innenfor investeringer i infrastruktur, trafikant- og kjøretøyområdet og drift og vedlikehold.»
Vidare er det streka under at satsinga vil verte vidareført innan ramma for Nasjonal transportplan 2010–2019, som departementet vil leggje fram om kort tid. Satsinga inneber i 2009 nær ei dobling av midlane til særskilde trafikksikringstiltak, med samla løyvingar på over 1 milliard kr.
Den nemnde trafikktryggleikspakka inneheld 16 punkt som vert prioriterte i 2009. Her vil eg nemne følgjande:
bygging av motorvegar med fire felt samt bygging av midtrekkverk på to- og trefeltsvegar for å forhindre møteulukker
prioritering av drifts- og vedlikehaldsoppgåver som varetek trafikktryggleiken, medrekna brøyting, salting og strøing
ulukkesreduserande tiltak i etterkant av trafikktryggleiksinspeksjonar
innføring av streknings-ATK, altså fotoboksar som måler gjennomsnittsfart over ei strekning
sikring av kryssingspunkt for gåande og syklande
satsing på utekontrollar, medrekna bilbeltekontrollar
forslag om å doble bilbeltegebyret
endringar i ordninga med prikkbelastning av førarkort
Det siste punktet er gjennomført, og det er varsla ei ytterlegare innstramming når det gjeld unge førargrupper.
Fleire av dei tiltaka som inngår i krisepakka som vart lagd fram 26. januar, er òg gode trafikksikringstiltak. Til reine trafikktryggingstiltak innanfor trafikktilsyn, drift og vedlikehald og til sikringstiltak langs eksisterande veg er det føreslått nye løyvingar på til saman 380 mill. kr.
For å redusere talet på drepne og hardt skadde er det avgjerande at trafikantane er seg bevisste sitt ansvar for å ferdast aktsamt i trafikken. God opplæring og haldningsskapande arbeid er viktig for at trafikantane skal kunne bidra med trafikksikker åtferd. Føraropplæringa, som vart innførd i 2005, legg større vekt på trafikktryggleik gjennom å fokusere på risikoforståing og mengdtrening. Opplæringa er venta å vere eit viktig verkemiddel for å redusere ulukkesrisikoen blant ungdom. Føraropplæringa vert evaluert, og mindre tilpassingar og justeringar vert gjorde undervegs. Statens vegvesen planlegg i samband med politiet ein fartskampanje med oppstart i april/mai i år. Kampanjen vil bestå av tre viktige element: ein kampanjedel, ei intensivering av kontrollverksemda og ein gjennomgang av fartsgrensesystemet.
Når det gjeld tiltak på litt lengre sikt, dvs. tiltak som inngår i Nasjonal transportplan, vil eg kome tilbake med ein nærmare gjennomgang når Nasjonal transportplan for 2010–2019 vert lagd fram for Stortinget.
Arne Sortevik (FrP) [11:14:27]: Jeg takker for et omfattende svar.
Jeg vil spesielt fokusere på tiltak på kort sikt. Ungdom med ferskt førerkort har 40 ganger høyere risiko enn gjennomsnittsbilisten for å havne i møte-/utforkjøringsulykker. Halvparten av ungdomsulykkene i 2008 var utforkjøringsulykker. Innstramming i ordningen med prikkbelastning er åpenbart et tiltak som kan og bør brukes. Det er rimelig med ulikt regelverk dersom kjørekulturen, ferdigheten og erfaringen er ulik. Det er også mulig å inndra kjørekortet raskere, f.eks. ved grov, uforstandig kjøring, som oftest kommer til uttrykk gjennom grove fartsovertredelser.
Hva vil statsråden gjøre på kort sikt for å stramme inn på prikkbelastningen for ungdom, og vil hun eventuelt også bruke strengere reaksjoner i form av førerkortbeslag?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:15:30]: Me er i utformingsfasen av eit forslag som eg sjølvsagt vil kome tilbake med når det gjeld ei innstramming i prikkbelastingsordninga. Det handlar rett og slett om at toleransegrensa skal vere lågare for unge mellom 18 og 24 år enn for andre trafikantar, nettopp fordi tala er slike som representanten Sortevik no refererte. Me er nøydde til å gå inn og sjå på kva tiltak som kan hjelpe.
I min dialog med ungdom seier dei til meg at det verste som kan skje, er at dei mister lappen. Så eg er heilt einig i tilnærminga til representanten Sortevik, at me må ha strengare restriksjonar og raskare beslag. Det samarbeider me med Justisdepartementet om, for det er Utrykkingspolitiet som er kontrollmyndigheit. Det er òg viktig at me får intensivert kontrollane på vegane.
Arne Sortevik (FrP) [11:16:25]: Jeg takker igjen for svaret. Det er gledelig å høre at vi har et samstemt syn når det gjelder de to konkrete tiltakene.
Oppfølgingen min går på det jeg tok opp i selve hovedspørsmålet, nemlig sammenligningen med Sverige. Det er vel kjent at Sverige har et bedre motorveinett og et bedre veinett helt generelt. De har nok flere veier med midtdeler, og det er mulig at de også har et mer betryggende veivedlikehold. Men helt generelt er situasjonen den at utviklingen når det gjelder antall dødsulykker i trafikken, går stikk motsatt vei i Sverige enn den gjør i Norge. Antallet øker i Norge. Det går altså videre ned i Sverige, og er blant det laveste blant svært mange land det er naturlig å sammenligne seg med.
Hva vil statsråden gjøre for å innhente erfaring fra Sverige, for å lære av Sverige, på områder som ikke direkte har med selve veisystemet og veinettet å gjøre, men som gjelder både førerkortopplæring, kontroll med førerkort og holdningsarbeid?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:17:32]: Å samanlikne seg med Sverige er sjølvsagt relevant. Det er snakk om to land med rimeleg lik geografi, sjølv om Sverige nok har større område med flatt landskap enn me har i vårt land, og slik sett har det noko enklare.
Når me ser på statistikken frå Sverige, ser me at talet på ulukker har auka totalt sett, mens talet på dei alvorlegaste ulukkene, som dødsulukker og ulukker med hardt skadde, har gått ned. I Noreg er det motsett. I Noreg har talet på ulukker totalt sette vorte redusert, mens konsekvensane av ulukkene har auka. Det er ingen tvil om at det har samanheng med det som kom fram i det innleiande hovudspørsmålet: aldersgrupper og fart.
I Noreg har farten dessverre auka betydeleg, og me må gjere noko med det. Eg har eit godt samarbeid med Sverige. Deira tal på dødsulukker auka òg frå 2006 til 2007, med 26 personar, men dei har altså dei siste åra hatt ei god utvikling. Dei har lært av oss når det gjeld føraropplæring, men me skal òg lære av dei når det gjeld kva dei no gjer. Så me har ein god dialog, òg med Torstenson, som er min kollega i Sverige når det gjeld dette.
Presidenten: Da går vi til spørsmål 4.