Stortinget - Møte onsdag den 4. februar 2009 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 12
Åse M. Schmidt (FrP) [12:04:10]: «Ved en skole i Kristiansand har et enstemmig Foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU) anmodet skolen om å kutte elevfotografering hvert år, og bedt om innsyn i avtaler for å avklare om det er kommersielle bindinger mellom skolen og firmaet som tar bilder for å gi gjenytelser til skolen samt om foreldrene dermed betaler for at skolen får gratis bilder. Skolen har avvist å svare på FAUs skriftlige krav.
Vil statsråden igangsette tiltak for å sikre foreldrene reell medbestemmelse i skolen samt får reservere seg mot kjøpepress og avtaler gjort uten samtykke?»
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:04:50]: Lat meg først beklage at eg var sein.
Så til saka: Eg vil understreke at eg ikkje kan gå inn i den konkrete saka som gjeld skulen i Kristiansand. Eg vil likevel seie at det er viktig at foreldra sine meiningar i denne typen saker vert høyrde. Eit godt samarbeid og ein open dialog mellom skule og heim er viktig i mange delar av verksemda i skulen. Frå Regjeringa si side har dette seinast kome til uttrykk gjennom den nye formålsparagrafen i opplæringslova, der samarbeid og forståing mellom skulen og heimen står sentralt.
På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer. Foreldrerådet og arbeidsutvalet til foreldrerådet skal vere representerte i eit samarbeidsutval ved grunnskulane. I samarbeidsutvalet sit òg representantar for dei tilsette ved skulen og representantar for kommunen. Foreldrerådet og samarbeidsutvalet i skulen er viktige organ som skal bidra til eit godt samarbeid og forståing mellom skule og heim. Skulen er pålagd å ha slike organ, og dei skal ha ein rådgivande funksjon for skuleleiinga og bidra til god dialog og forståing for dei ulike rollene skule og heim har i opplæringa til elevane.
Når det gjeld elevfotografering og foreldrebetaling for dette, viser eg til at skulen skal vere gratis for elevar og foreldre. Dette følgjer klart av gratisprinsippet i opplæringslova § 2–15 og § 3–1. Skulen kan ikkje krevje at foreldra betalar for klassebilete. Foreldre og elevar kan naturlegvis velje å kjøpe bilete av skulen, men det er viktig at foreldra ikkje skal føle seg pressa til å betale. Ordninga må vere basert på frivillig deltaking.
Eg vil leggje til at det er viktig at vi er merksame på den kommersialiseringa og det kjøpepresset som mange unge, og dermed foreldra, kan vere utsette for. Det er m.a. grunnlaget for at Regjeringa har jobba aktivt med spørsmålet om moglegheita til å reklamere for kommersielle aktørar i skulen.
På bakgrunn av dette må foreldra og leiinga ved skulane gjennom samarbeid og open dialog finne ei løysing på korleis elevfotografering skal verte organisert.
Åse M. Schmidt (FrP) [12:07:02]: Jeg takker for svaret.
Det jeg er mest opptatt av, er det prinsipielle, altså hvem det er som sitter med vedtaksrett overfor barna. Slik som det ser ut her, har det vært en form for umyndiggjøring av foreldrene. Det er ikke skolens barn, det er ikke statens barn, men det er foreldrenes barn. FAU og foreldrekontakt skal faktisk være noe mer enn kaffekoking og vaffelsteking.
Jeg vil gjerne vite: Hva vil statsråden gjøre ikke bare for å styrke det samarbeidet som han nå påpekte i forbindelse med skole–hjem, men også for å gi foreldrene muligheten til den medbestemmelse som må til? Jeg vet at det har vært ulike former for forsøksordninger, med utvidet myndighet osv., men hva vil statsråden konkret gjøre for å løfte foreldrene, slik at de framstår mye tydeligere som ansvarlige for sine barn?
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:07:57]: For det første vil eg understreke at foreldras rolle i skulen i dag er langt meir enn berre kaffekoking og vaffelsteiking. Sjølv om eg ikkje har noko imot verken kaffekoking eller vaffelsteiking, er det innhaldet i skulekvardagen og rammene rundt som vert diskuterte i dei organa der foreldra er representerte. Både på nasjonalt plan og ikkje minst i lokalsamfunna er det eit sterkt engasjement i og rundt skulen over heile Noreg.
Så har vi teke nokre grep dei siste åra. Vi har styrkt budsjettet til det nasjonale Foreldreutvalet for grunnskulen. Vi har òg utvida ansvarsområdet til Foreldreutvalet til også å gjelde det første året på vidaregåande. Vi ser òg at det lokalt skjer ei systematisering av arbeidet i kommunale foreldreutval i tillegg til i foreldreutval knytte til den enkelte skule, og det vert ei styrking av oppgåvene. For eksempel er det mange skular som har god kontakt med foreldra når det gjeld for eksempel tilbodet om leksehjelp, og dei går aktivt inn for å involvere og bruke foreldra – og dei vert oppfordra til det.
Åse M. Schmidt (FrP) [12:09:08]: Jeg tror vi har mange like tanker i forhold til å ønske å løfte foreldrene opp, men ute i den vanlige skolehverdagen ser man at det ikke alltid lykkes.
Jeg vil tilbake til de forsøksordningene som er gjort, bl.a. i en del kommuner på Sørlandet, med å gi FAU og KONFUG en utvidet myndighet til å ta del i arbeidet med å påvirke ulike vedtak som fattes i skolen. Fremskrittspartiet ønsker jo denne vedtaksretten for foreldrene, og vi ønsker også at statsråden kan ta del i å sikre foreldrene den vedtaksretten i skolen. Vil statsråden det?
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:09:54]: Foreldre eller andre føresette er dei viktigaste vaksne i barnets liv. Dei fleste foreldre i Noreg går gjennom eld og vatn og vil gjere alt for hjelpe ungane med skulegangen.
For meg er det likevel eit veldig klart og tydeleg skilje, og det er at skulegangen i Noreg er offentleg – det er nokre private skular som har ansvar – og det er det offentlege som har ansvaret for den opplæringa som vert gitt, som må betale det det kostar, og som skal ta på seg å lage læreplanar osv., men det skal skje i nær forståing og samarbeid med heimen. Så eg har ingen planar om å endre rammeverket for det. Derimot er det viktig å involvere foreldra sterkare, noko som vert gjort på ein god måte dei fleste stader i Noreg, og å utvide rammene for det nasjonale Foreldreutvalet og gi dei lokale organa moglegheit til å jobbe er eg svært positiv til.