Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 2008 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 13
Gunnar Gundersen (H) [11:30:29]: Jeg vil rette et spørsmål til kunnskapsministeren:
«Oppslag i Aftenposten og Dagsavisen antyder at Utdanningsdirektoratet har funnet en feil i grunnlaget for tilskudd til friskolene, og at feilen avregnes friskolene i budsjettet for 2009. I statsbudsjettet for 2009 står det: «Satsane for 2009 er korrigerte i høve til dei trekka som skal liggje inne i utrekninga av satsane.» Skolene har forstått det slik at det for 2009 både er avregnet tidligere feil samt korrigert til nytt grunnlag.
Hva er riktig, og mener statsråden at dette er en akseptabel behandling av skolene?»
Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:31:08]: Lat meg først få seie at dei private skulane ikkje må betale tilbake det dei har fått for mykje i tilskott tidlegare år. Om skulane har forstått det slik, er det ei misforståing.
Så vil eg seie litt om den omtalte feilen som har vore gjort tidlegare år, og kva opprettingar som er gjorde for berekninga av tilskott for 2009.
Privatskulelova slår fast at tilskottsgrunnlaget til private skular skal gjenspegle gjennomsnittlege driftsutgifter pr. elev i den offentlege skulen. Vidare seier privatskulelova at tilskottsgrunnlaget skal korrigerast for utgifter som den offentlege skulen har, men som ikkje skal inngå i tilskottsgrunnlaget. Kunnskapsdepartementet har oppdaga at trekket frå tilskottsgrunnlaget til dei private vidaregåande skulane har vore for lågt. I 2008 utgjorde dette om lag 29 mill. kr for mykje tilskott til private vidaregåande skular. Desse midlane vert ikkje kravde tilbakebetalt.
I berekninga av satsane for 2009 er det lagt inn riktig trekk frå tilskottsgrunnlaget. På den måten vert det betre samanheng mellom tilskottet til dei private vidaregåande skulane og kostnadene til drift av tilsvarande offentlege skular.
Både tilskottsgrunnlaget og trekket er rekna ut med utgangspunkt i kostnadene til dei offentlege skulane i 2007. Eg vil derfor understreke at det ikkje er nokon samanheng mellom for mykje utbetalt tilskott tidlegare år og trekket som ligg inne i berekningane for satsane i 2009.
Gunnar Gundersen (H) [11:32:44]: Jeg takker for gjennomgangen. Dette spørsmålet har blitt liggende en god stund på grunn av reisevirksomhet hos kunnskapsministeren, så komiteen har hatt fokus på dette. Men jeg takker for gjennomgangen og ser at den i og for seg er riktig.
Men det er andre ting som slår i motsatt retning for skolene. Vi vet at de også får en pensjonsbelastning neste år som ikke er tatt med i beregningsgrunnlaget. Her er det skoler som vi vet har operert i god tro. De har planlagt et helt skoleår og skrevet avtaler ut fra en helt annen forutsetning enn de nå har. Særlig for skoler som er i vekst, skaper det en kjempeutfordring fordi de får trekk ut fra nytt elevgrunnlag og ikke ut fra det grunnlaget de tidligere har hatt.
Jeg undres litt over at statsråden fortsatt har et så stort behov for å gjennomføre dette så raskt, når det er så mye usikkerhet i beregningene, og skolene umulig kunne ha sett det selv. Jeg vil be statsråden om å gå tilbake og igjen se på hvordan man skal behandle private aktører.
Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:33:55]: Det er sjølvsagt dumt at vi har gjort ein feil tidlegare år som har gjort at nokre skular har fått meir pengar enn dei skulle ha fått, altså at vi har hatt eit for lågt trekk. Det er òg lett for meg å forstå at skular, som alle andre verksemder, har behov for føreseielegheit og planlegging, og når det skjer endringar, skaper det utfordringar.
Men eg vil likevel seie at det at vi har gjort ein feil i nokre år, vanskeleg kan vere eit argument for at vi skulle fortsetje å gjere den feilen fleire år, snarare tvert om. Når ein har gjort ein feil, er ein ofte einig om at det då gjeld raskt å rette opp den feilen, og det er det vi no gjer med tilskottsgrunnlaget frå 2009 av. Men sidan det er gjort ein feil tidlegare år, ville det ha vore heilt feil å krevje ei tilbakebetaling av midlar for det.
Eg føler meg rimeleg trygg på at den dyktige leiinga ved desse skulane kjem til å klare å handtere denne situasjonen. Det kan skje at ein står overfor justeringar og endringar, slik som frå 2009 av.
Gunnar Gundersen (H) [11:35:02]: Som statsråden vet, og som jeg vet, er grunnlaget her veldig komplisert. Det er mange usikre faktorer, og KOSTRA-tallene er heller ikke utviklet nok til å kunne si eksakt hva som er riktig. Jeg er enig i at man skal korrigere feil, men samtidig vet vi nå at det også er utgifter som skolene får, som ikke ligger inne i kompensasjonsgrunnlaget, og som slår ut enda kraftigere i den andre retningen.
Derfor hadde jeg kanskje trodd at i og med at Regjeringen så at det brant under universitets- og høyskolesektoren under budsjettbehandlingen og kom med 160 mill. kr ekstra for å kompensere for den utviklingen, så man at det er behov for å gjøre tilsvarende også innenfor denne sektoren for å sikre at det er noenlunde like rammebetingelser for private aktører og offentlige aktører.
I grunnen er dette bare en henstilling til at man går inn og ser på dette, for det er kritisk for en del privatskoler som er aktører i markedet, og som har lovet elever og sine ansatte rammebetingelser for også den første delen av neste års skoleår.
Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:36:07]: Både den offentlege skulen og dei privatskulane vi har, står overfor store utfordringar når det gjeld ressursar framover. Det er derfor vi har lagt fram eit budsjett med ei betydeleg styrking av overføringane på ulike måtar til skulane, gjennom kommuneøkonomien og på mitt budsjett.
Men når det gjeld situasjonen no, føler eg meg rimeleg trygg på at vi skal klare å handtere han med det budsjettet vi no har. Det vil alltid vere spørsmål knytte til pensjonsutgifter og andre ting. Det får vi så kome tilbake til. Det dette spørsmålet gjeld, er grunnlaget for tilskott, og der meiner eg det må vere heilt openbert at vi må rette opp den feilen som er gjord, men at vi samtidig ikkje krev tilbakebetalt noko for dei åra feilen er gjord.