Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. november 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Arne Sortevik (FrP) [11:50:01]: «Problemer for togreisende med innstilte og forsinkede tog har pågått i lang tid. For kort tid siden ble statsråden spurt i Stortinget om dette og ga «unøyaktig» informasjon om omfang og årsaker. Det er i etterkant blitt kjent at NSB og Jernbaneverket for tredje gang siden sist sommer innkalles til krisemøte med departementets ledelse for å få på bordet tiltak for å bedre situasjonen. Riksrevisjonen påpeker svak produktivitet og store driftsavvik i 2007.

Hva vil statsråden gjøre for at tog går uten forsinkelser?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:50:44]: Eg vil fyrst nytte høvet til å klare opp ei omgrepsforvirring omkring omfanget av toginnstillingar i Aftenposten sitt oppslag den 22. oktober, som eg svara på i spontantspørjetimen same dagen. Ein må i denne samanhengen skilje mellom planlagde og ikkje‑planlagde innstillingar på heile eller delar av ei togstrekning. Jernbaneverket legg berre inn dei ikkje‑planlagde innstillingane i sine regularitetsoversikter. Dette har samanheng med at i samband med dei planlagde innstillingane vert dei reisande informerte på førehand, og det vert sett opp annan transport. Det er Jernbaneverket som er tillagt ansvaret for å utarbeide løpande avviksstatistikk i togtrafikken på det norske jernbanenettet.

Frå Jernbaneverket har eg fått opplyst at det til og med oktober i år var totalt 5 769 ikkje‑planlagde toginnstillingar. Dette er ein auke på 775 tog, eller 15,5 pst., samanlikna med same tidsrom i 2007.

Som representanten Sortevik rett peikar på, hadde eg nyleg møte med leiinga i Jernbaneverket og NSB om forseinkingar og innstillingar i togtrafikken og om kva som kan gjerast for å snu den negative utviklinga. Det er likevel ikkje slik som representanten Sortevik indikerer, at det er snakk om krise‑ eller oppvaskmøte kvar gong eg snakkar med Jernbaneverket og NSB om denne saka. Som ansvarleg for sektoren er det særs viktig for meg å vere oppdatert om desse utfordringane og om kva slags tiltak som kan setjast i verk for å betre denne situasjonen. Samstundes er eg oppteken av å forsikre meg om at det er stor grad av semje om verkemiddelbruken mellom infrastrukturforvaltaren og den desidert største togoperatøren, og at samarbeidet mellom dei fungerer godt.

Det grunnleggjande kjenneteiknet for eit godt togtilbod er at toga som er annonserte i ruteplanen, kjem og går når dei skal. Å betre den negative utviklinga me har sett i den seinare tida, er avgjerande for at folk framleis vil reise med toget, og dessutan at toget kan trekkje til seg fleire passasjerar i åra framover. Difor er eg oppteken av å bruke dei ulike verkemidla eg rår over i jernbanesektoren. Den nedslitne skjenegangen, som tidlegare regjeringar òg må ta ansvaret for, har i stor grad vore årsaka til auken i toginnstillingar og forseinkingar i togtrafikken.

Det viktigaste eg kan gjere i denne samanhengen, er å føreslå å auke løyvingane til vedlikehald og fornying av jernbanenettet, slik denne regjeringa har gjort, og å følgje opp at løyvingane vert brukte målretta. Denne regjeringa brukar meir pengar på jernbanen enn tidlegare regjeringar har gjort. Dette vil me òg følgje opp når me snart skal leggje fram ein ny nasjonal transportplan for perioden 2010–2019.

Dei arbeida me har sett i gang for å utbetre Oslotunnelen og strekninga mellom Oslo S og Skøyen, kan føre til forseinkingar i togtrafikken då ein del av arbeida skjer samstundes med at det går tog på linja. Det er difor eg seier at dei togreisande må akseptere at det kan verte noko verre før det vert mykje betre. Til Oslotunnelen er det løyvd 100 mill. kr berre i 2008, og i Regjeringa sitt budsjettforslag for 2009 ligg det ytterlegare 220 mill. kr til betring av dette særs viktige området for norsk jernbane.

Eg vil òg peike på at det i tillegg til dei strakstiltaka som no vert gjennomførte i Oslotunnelen, og den store jernbaneutbygginga som held fram i Vestkorridoren, vil verte gjennomført utbetringar for ca. 90 mill. kr til ekstraordinær fornying på Bergensbanen og Dovrebanen neste år for å redusere talet på saktekøyringar på desse to strekningane. Samstundes er det viktig at trafikkoperatørane òg gjer sitt yttarste for å redusere årsakene til togforseinkingar og innstillingar i sjølve togdrifta.

Arne Sortevik (FrP) [11:54:13]: Denne situasjonen har pågått lenge.

I juni 2000 innkalte daværende samferdselsminister, Terje Moe Gustavsen, NSB og Jernbaneverket til krisemøte på grunn av hyppige forsinkelser. Det er veldig alvorlig, NSB har et problem, sa han den gang.

I august 2007 hadde denne statsråden møte med sjefene i Jernbaneverket og NSB, og sitatet var den gang fra denne statsråden: Jeg har ikke tenkt å hvile før de har ordnet opp.

I februar 2008 var det et nytt møte. Nå har vi altså registrert at det har vært ytterligere et møte, og statsråden konstaterer, med justert informasjon, at det fortsatt er økning i de ikke‑planlagte forsinkelsene.

Hva gjøres for at tog skal gå uten forsinkelser? Jeg gjentar det spørsmålet. Er samhandlingen mellom disse to store etatene god nok for å sikre at folk slipper å vente på tog som ikke kommer?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:55:12]: Nettopp den møterekkja, som representanten Sortevik viser til, stadfestar det eg sa i Stortinget, at eg ikkje har tenkt å kvile før me har fått skikk på togsystemet, ikkje minst i dette viktige området av landet.

Det er jo ikkje enkelt når ein skal gå laus på strekningar som skal utbetrast, og som ved første augekast kan sjå ut som dei kan fiksast med forholdsvis enkle middel. Då me løyvde 100 mill. kr, var det det som var ynskt. Så ser me at me no har tredobla den summen – og framleis kan det verte behov for meir. Det har eg ikkje heilt oversikt over i dag. Men i alle fall er det slik at me har løyvd dei midlane Jernbaneverket har ynskt og har bedt om, og det er viktig for meg å kunne seie.

Når det gjeld samhandlinga mellom Jernbaneverket og NSB, har ho aldri vore så god som no, etter at NSB vart skilt ut som eige selskap. Årsaka er at me sette oss ned saman rundt bordet, vart einige om ein tiltaksstrategi, som vert følgd opp frå oss i departementet.

Arne Sortevik (FrP) [11:56:17]: Jeg takker igjen for svaret.

Jeg har merket meg noe Arbeiderpartiets representant Jan Bøhler sa i en interpellasjonsdebatt her i salen sist torsdag. Han sa da at «hvis ikke NSB og Jernbaneverket greier å ta seg sammen og slutter bare å vise til manglende bevilgninger gjennom mange, mange år, kan man ikke unngå at det også her vil komme andre katter på bordet», f.eks. et felles kollektivselskap i østlandsområdet, der det kan ruskes opp, eller at man faktisk «lærer noe av modellen fra Gjøvikbanen, hvor driften ble konkurranseutsatt og det visstnok er større regularitet.»

Vil statsråden nå ruske opp i både Jernbaneverket og NSB for å sikre at togene går uten store forsinkelser, slik også Arbeiderpartiets representant Jan Bøhler peker på bør gjøres?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:57:07]: Eg kan ikkje sjå at det problemet me no har, handlar om organisasjonsform. Det handlar om ei underfinansiering av jernbanen gjennom lang tid, og ein situasjon som slett ikkje ville ha vorte betre dersom Framstegspartiet hadde hatt større påverknad på samferdslepolitikken – tvert om.

Dersom me ser på Framstegspartiet sine budsjettforslag, viser deira forslag at me ville ha fått svære kutt. Det som trengst no, er meir midlar for å ruste opp eksisterande nett og meir midlar for å byggje vidare på dobbeltsporet i Intercity og andre stader rundt dei store byane. Det er den medisinen som trengst. Det kan ein ikkje snakke seg vekk frå gjennom å vise til omorganisering.

Det er klart at då ein skilde ut NSB, var det ei stor omorganisering som det tok tid å få sett i system. Eg trur det er først no i den seinare tida at me ser at Jernbaneverket og NSB verkeleg har den gode dialogen som dei skal ha, og som saman med den styrkinga av budsjettet som denne regjeringa har sytt for, vil gi gode resultat. Det er eg heilt sikker på.

: