Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. november 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Leif Helge Kongshaug (V) [11:41:07]: Jeg ønsker å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Ifølge oppslag i lokalmedia har «Nasjonal turistvei» brukt 6,3 av 15 mill. kr til planlegging i forbindelse med Atlanterhavsvegen som nasjonal turistvei. Når det gjelder de lenge etterlengtede fiskebruene, som blant annet er et viktig trafikksikkerhetstiltak langs riksveien, er det ikke penger til disse uten at blant annet kommunene bruker av sine midler i en anstrengt økonomisk situasjon.

Hva mener statsråden om denne pengebruken, og burde ikke bruene blitt finansiert over statlige bevilginger?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:41:48]: Regjeringa går i sin reiselivsstrategi «Verdifulle opplevingar» inn for at turistattraksjonen Nasjonale turistvegar skal marknadsførast for fullt frå 2012. Dette føreset at det er gjennomført turistvegtiltak med høg kvalitet på alle dei 18 strekningane som er omfatta av prosjektet. Kjenneteiknet skal vere spennande arkitektur i godt samspel med ei flott naturoppleving, noko som har vekt stor merksemd både internasjonalt og nasjonalt. Denne måten å styrkje Noreg si konkurranseevne på i høve til å få rundreiseturistar til å nytte Noreg som sitt feriemål er hovudoppgåva til prosjektet Nasjonale turistvegar.

I 2005 fann Statens vegvesen det rett å avvente investeringar i nye tiltak langs Atlanterhavsvegen. Bakgrunnen for dette var bekymringa for utviklinga av naturkvalitetane langs «vegen i havet» som følgje av store utbyggingsplanar, med vindkraftparkar i havet utanfor strekninga som spesielt kritiske. Samtidig gjorde prosjektet det klart at ein ville fullføre igangsette tiltak og planleggje nye tiltak, slik at desse kunne setjast i gang når det vart avklart om Atlanterhavsvegen vil behalde dei naturkvalitetane som kan einast med strekninga sin status som nasjonal turistveg.

Planlegging kjem før bygging, og Statens vegvesen har i samsvar med tidlegare utsegn følgt opp med planlegging av tiltak for meir enn 40 mill. kr. Framtidige hovudrasteplassar på Ildhusøya og Sandvika saman med planlegging av tosidig fiskebru langs Myrbærholmen bru er dei største tiltaka. Sommaren 2008 vart det avgjort at det ikkje vert gitt konsesjon til å byggje vindparkar i havet utanfor Atlanterhavsvegen, og gjennomføring av nye tiltak er innarbeidd i prosjektet sitt handlingsprogram. Eg vil presisere at det ikkje på generelt grunnlag er nokon automatikk i at nasjonal turistveg og fornybar energi ikkje kan sameinast.

Eg er kjend med at Myrbærholmbrua langs Atlanterhavsvegen er ei av dei trafikkerte bruene i Møre og Romsdal som er mest ynda som fiskeplass. Det er ingen tvil om at dette er ein svært uheldig situasjon i høve til trafikktryggleiken, og noko som gjerne skulle ha vore rydda opp i. Tosidig fiskebru er kostnadsrekna til om lag 11 mill. kr, noko ein så langt dessverre ikkje har funne plass til i den harde konkurransen om trafikktryggleiksmidlane i Møre og Romsdal.

Eg er òg kjend med at kommunane langs Atlanterhavsvegen, med Eide kommune i spissen, har teke på seg ansvaret for å få finansiert fiskebruene langs Myrbærholmen bru. Statens vegvesen sitt vegdistrikt vil, saman med prosjektet Nasjonale turistvegar, koste planlegging og byggjeleiing i tillegg til å gå inn med om lag tredjedelen av investeringa for å få framskunda dette tiltaket, som er viktig både i høve til trafikktryggleiken og til strekninga sin opplevingsverdi som nasjonal turistveg.

Det er ein føresetnad at staten si satsing på Nasjonale turistvegar skal følgjast opp med prosjektrelatert innsats i form av økonomisk engasjement frå andre offentlege aktørar i områda, i hovudsak kommunar og fylke.

Dei komande tre åra vil etter planen prosjektet Nasjonale turistvegar koste heile utbygginga av hovudrasteplassen på Ildhushøya samt eit par andre, mindre tiltak som skal setje Atlanterhavsvegen på turistvegkartet innan 2012. Saman med spleiselaget som skal gi turistane og lokalbefolkninga ei god og sikker oppleving frå Myrbærholmbrua, vil ein allereie velkjend turistattraksjon verte eit endå meir attraktivt reisemål. Ein slik pengebruk vil medverke til å styrkje næringslivet i området, i tråd med føremålet med vår målretta satsing på turistattraksjonen Nasjonale turistvegar.

Leif Helge Kongshaug (V) [11:45:23]: Jeg takker statsråden for svaret og merker meg at hun var inne på problematikken med trafikksikkerhet langs Atlanterhavsvegen, og at fiskebruene i like stor grad som et reiselivsprodukt er et trafikksikkerhetstiltak. Jeg gjør i den forbindelse oppmerksom på at langs hele Atlanterhavsvegen mangler det i sin helhet gangvei. Det er ganske mye ferdsel der, spesielt på sommerstid. Det er helt klart at når det står fiskere på kjørebanen på en riksvei og fisker og er opptatt av om en får napp på fiskestangen eller ikke, er det en trafikkfarlig situasjon. Det som var forunderlig, var at arbeidet med trafikksikkerhetstiltakene stanset opp på grunn av en søknad om vindmøller til havs.

Synes statsråden at det var riktig å stanse arbeidet med å trafikksikre Atlanterhavsvegen fordi det var søkt om etablering av vindmøller til havs?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:46:30]: Prosjektet Nasjonale turistvegar er organisert med eit eige styre som innafor visse rammer gjer sine vedtak. Det tok ei tid frå dette vedtaket vart gjort, til det kom statsråden for øyra at arbeidet hadde stansa opp, då via lokale kommune‑ og fylkestingsrepresentantar som tok opp saka med meg. Då eg vart kjend med saka, inviterte eg Nasjonale turistvegar til eit møte der me frå departementet si side klargjorde at det ikkje er slik – som eg òg sa i mitt hovudinnlegg – at ein ikkje skal kunne sameine vindmøller og Nasjonale turistvegar. Ei slik presisering er heilt nødvendig, for denne regjeringa ynskjer å satse på fornybar energi, og me kan ikkje ha det slik at mange av dei turistvegprosjekta som ligg langs kysten, vil stanse opp. Utan å kommentere saka direkte vil eg på prinsipielt grunnlag seie at me er nøydde til å finne løysingar, der ein kan ha både fornybar energi og turistvegar i eit område.

Leif Helge Kongshaug (V) [11:47:36]: Da bompengeinnkrevingsperioden var slutt på Atlanterhavsvegen, var det igjen ca. 900 000 kr som selskapet overførte til Statens vegvesen. Det var da sterke føringer fra styret i Atlanterhavsvegen og fra omkringliggende kommuner at Statens vegvesen burde prioritere disse midlene til de såkalte fiskebruene som et trafikksikkerhetstiltak. En normal avkastning på de midlene ville tilsagt at man kanskje nå nærmet seg et tilskudd på en halv mill. kr, ut fra de 900 000 kr som har vokst over ti år. Jeg registrerer dessverre at beløpet er det samme i dag som det var sist, for ti år siden.

Synes statsråden at dette er god forvaltning av bilistenes bompenger og tapte renter som kommunene må betale fra en slunken kommunekasse? Hadde det ikke vært en bedre måte å forvalte pengene på, slik at kommunene også slapp å finansiere tapte renter?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:48:45]: Den omtalte situasjonen må eg beklage og seie at eg ikkje er så kjend med at eg vil kommentere han direkte. Det viktige for meg å slå fast er at eg i mi tid som statsråd – og denne regjeringa – har dobla løyvingane til turistvegprosjekta. Dette er eit av dei prosjekta som eg har omtalt som «rosina i pølsa», fordi det sameiner veldig mykje av det som eg er oppteken av, nemleg spennande opplevingar, regional satsing, arkitektur, kunstuttrykk – og ikkje minst ein framvekst av mange lokale verksemder som me ser blomstrar opp langs turistvegane, og som betyr veldig mykje for lokal utvikling. Difor følgjer eg det prosjektet nøye, både når det gjeld Atlanterhavsvegen og andre prosjekt. Eg skal iallfall syte for at me får framdrift på dette prosjektet, slik at me kan få tryggje den nemnde brua, og at me får framdrift i dei andre prosjekta som ligg på Atlanterhavsvegen, for det er ingen tvil om at det er ei perle, både blant turistvegane og totalt sett i landet vårt.

: