Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 22. oktober 2008 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Robert Eriksson (FrP) [11:19:07]: Spørsmålet kan kanskje virke litt malplassert med tanke på at det også har ligget en stund til besvarelse. Jeg velger likevel å stille det:

«30. august d.å. kunne vi lese i Trønder‑Avisas nettutgave at nødvendig utbygging ved Trondheim Lufthavn Værnes må vente. Dette skyldes i hovedsak at Avinor årlig må betale omkring 400 mill. kr i utbytte til staten og i tillegg overføre 1 mrd. kr til de små flyplassene i landet.

 Vil statsråden endre rammebetingelsene til Avinor, samt endre utbyttepolitikken, slik at Avinor kan investere mer på norske flyplasser?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:19:45]: Avinor har ansvaret for 46 statlege lufthamner og flysikringstenesta og skal leggje tilhøva til rette for at luftfarten kan drivast på ein sikker, miljøvenleg og effektiv måte i alle delar av landet. Avinor er organisert som eit aksjeselskap der staten eig alle aksjane.

I eit aksjeselskap som Avinor er det styret som har ansvaret for å vedta kor mykje selskapet skal investere, og kvar det skal investerast. Samferdsledepartementet og Regjeringa har på si side ansvaret for rammevilkåra til selskapet. I strategien for norsk luftfart, som eg la fram før sommaren, sa eg at eg vil sikre at Avinor får rammevilkår som gjer at selskapet er i stand til å løyse dei oppgåvene det er sett til å vareta.

Eit viktig mål er å ha ein lufthamnstruktur som sikrar eit godt tilbod i heile landet. Prinsippet om at flyplassar som har overskot, medverkar til å finansiere flyplassar som går med underskot, er viktig for å nå dette målet.

Avinor står overfor store investeringar dei næraste åra, og har varsla at dei med dei rammevilkåra selskapet har i dag, har utfordringar med å skaffe finansiering til alle dei investeringane som selskapet ynskjer å gjennomføre.

Eg vil vise til at Noreg som nasjon er heilt avhengig av at me heile tida har ein velfungerande infrastruktur for luftfarten i alle delar av landet. Eg tek difor utfordringane i Avinor alvorleg, og har alt teke grep for å avhjelpe situasjonen: I ekstraordinær generalforsamling i august i år endra eg vedtektene til Avinor, slik at det skal verte lettare for selskapet å ta opp lån i den private marknaden. Vidare har eg i statsbudsjettet for 2009 lagt opp til at det ikkje skal takast ut utbytte frå Avinor neste år.

Eg er no i ferd med å utarbeide ei stortingsmelding om verksemda i Avinor. I meldinga vil eg gå grundig gjennom situasjonen og utfordringane i Avinor og vurdere om det er behov for fleire tiltak. Eg tek sikte på å leggje fram meldinga tidleg i 2009.

Robert Eriksson (FrP) [11:21:44]: Jeg takker for svaret. Jeg er også svært glad for at Regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet endret utbyttekravet til lufthavnene.

Konsekvensene av at utbyggingen og sikkerhetstiltakene på Værnes ikke blir gjennomført, vil være mangel på flyoppstillingsplasser. Dessuten vil manglende kapasitet og dårlig teknisk standard på bagasjeanlegg påvirke driftsstabilitet og punktlighet. Man vil også få færre flyavganger, noe som vil gå ut over rutenettet, spesielt på utenlandsrutene. Dette blir opplyst fra Avinor på Værnes. Jeg er også glad for at statsråden ønsker å legge fram en stortingsmelding. Vil statsråden i forbindelse med den stortingsmeldingen se nærmere på de særnorske sikkerhetskravene, som gir ekstrakostnader for kortbanenettet, finansiert med statlige kroner – altså problematikken knyttet til kryssubsidiering?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:22:47]: I stortingsmeldinga som Samferdsledepartementet skal leggje fram på vegner av Regjeringa, vil me sjølvsagt gå inn på mange område som høyrer til luftfarten i Noreg.

Me vil òg drøfta utbyttekrava, som eg har varsla tidlegare.

Me vil nok ikkje gå inn og drøfte i stor grad det som går på den kryssubsidieringa som finst i dag, for det er ei ordning som etter Regjeringa sitt syn fungerer svært godt. Ho er ubyråkratisk. Ho er enkel. Det er òg ei akseptabel ordning innafor EU sitt regelverk. Elles kjem mange sider av luftfarten til å verte drøfta i meldinga, og Stortinget vil sjølvsagt få høve til å gå inn i dei ulike sidene ved luftfarten.

Robert Eriksson (FrP) [11:23:50]: Norge har blant de aller høyeste flyplassavgiftene, men selv med de høye avgiftene klarer man ikke å gjennomføre de investeringene som er nødvendige.

Ut fra mitt ståsted synes jeg sikkerheten på de norske lufthavnene er viktig. Det er viktig å fokusere på det. Det er også viktig at man får gjennomført de investeringene som er nødvendige for å ivareta denne sikkerheten.

Fortsatt er det en del uro, og jeg er litt skuffet over at man ikke ønsker å se nærmere på finansieringen av kortbanenettet. Kan statsråden i den forbindelse forklare meg ganske pedagogisk og enkelt hvorfor man ikke kan finansiere dette over statsbudsjettet, hvorfor det blir mer komplisert og innfløkt enn å opprettholde den finansieringen som er i dag?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:24:51]: Fyrst ei presisering. Når det gjeld sikkerheitsområdet, er det Luftfartstilsynet som handterer den saka på vegner av Samferdsledepartementet, og me kan sjølvsagt ikkje gå inn og instruere dei. Me hadde ein ganske lang prosess på den saka tidlegare, som førte til at sikkerheitssona vart noko redusert, men det er ei sak der me ikkje kan gå inn og overstyre Luftfartstilsynet sine vedtak.

Når det gjeld den omtalte kryssubsidieringa, veit representanten like vel som eg at postar på statsbudsjettet er gjenstand for årlege dragkampar. Det å ha ei enkel, ubyråkratisk ordning innafor selskapet – i og med at Avinor er organisert som eit AS med sin eigen økonomi, der ein sjølv handterer dette – er klart ein mykje enklare måte å gjere det på enn å overføre ansvaret til årlege budsjettdrøftingar. Så det er ei ordning som Regjeringa er oppteken av at me skal vidareføre.

: