Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 22. oktober 2008 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Borghild Tenden (V) [11:10:44]: «I statsbudsjettet for 2007 ble det bevilget 40 mill. kr til anleggsstart på nye Ski stasjon. Prosjektet ble aldri igangsatt. I statsbudsjettet for 2008 går det frem at statsråden valgte å utsette prosjektet på grunn av et stramt anleggsmarked. I budsjettforslaget for 2009 går det frem at prosjektet på ny utsettes, fordi trasévalg ikke skal være avklart.

Forstår statsråden at folk undres over at prosjektet gang på gang utsettes, og det med stadig nye begrunnelser?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:11:22]: Før eg svarar på spørsmålet, vil eg, dersom eg har brukt ordet «tåpeleg», be om orsaking for det. Det var i så fall ikkje tenkt og meint og skal ikkje brukast i denne salen. Eg kan ikkje hugse at eg gjorde det, men om eg brukte det, er eg veldig lei meg for det.

Borghild Tenden (V) [11:11:41]: Jeg takker statsråden for det.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11.11.43]: Så til svaret: Utbygging av Ski stasjon frå dagens tre spor til ei framtidig løysing med seks spor til plattform, med ny undergang og oppgangar til plattformene og dessutan ny løysing for bussterminal, inngår som ein del av utbygginga av nytt dobbeltspor Oslo–Ski.

I statsbudsjettet for 2007 vart det, som representanten Tenden peikar på, sett av 40 mill. kr til detaljprosjektering, utarbeiding av byggjeplan og oppstart av fyrste fase av prosjektet mot slutten av året. Detaljprosjektering og byggjeplan vart gjennomført, men prosjektet vart ikkje fysisk igangsett.

Samstundes vart det både frå Stortinget og lokale styresmakter teke opp spørsmål om å etablere eit kapasitetssterkt sporsamband på eller nær Ski stasjon som kunne sikre meir fleksibel sporbruk anten toga kjem frå austre eller vestre line på Østfoldbana. Det vart òg reist spørsmål omkring stoppmønsteret, der tidlegare kommunedelplanar hadde lagt opp til stopp både på Vevelstad og Kolbotn, m.a. som ein del av diskusjonen rundt bygging av høgfartsbane.

Jernbaneverket har difor i 2008 gjennomført eit omfattande utgreiingsarbeid der desse spørsmåla er vurderte på nytt, saman med ei vidare optimalisering av traseen for den nye Follobana med omsyn til gjennomføring, kostnader, framdrift og konsekvensar for ytre miljø og arealinngrep.

Eg ser på bygginga av eit nytt dobbeltspor Oslo–Ski som eit særs viktig jernbaneprosjekt som vil leggje til rette for ein monaleg auke i talet på jernbanereiser på strekninga. Prosjektet er viktig for å utvikle og auke godstransporten til og frå Europa, og er eit nøkkelprosjekt for å få til det auka rutetilbodet som er ein føresetnad i Oslopakke 3. Som omtalt i budsjettproposisjonen for 2009 rår departementet difor til at det i dialog med lokale styresmakter vert gjennomført planlegging av heile prosjektet, medrekna bygging av ny stasjon på Ski, før utbygginga av Ski stasjon startar opp. Det er viktig å sjå utbygginga av og koplinga til Ski stasjon i samanheng med traséføringa for nytt dobbeltspor mellom Oslo og Ski. Å starte opp med ei utbygging av delar av Ski stasjon som kan gjere det nødvendig med seinare oppbyggingar, inneber at utbygginga vert dyrare og dessutan skapar større problem for togtrafikken, på grunn av anleggsdrift på stasjonen, enn det som er nødvendig.

Eg trur det vil vere stor forståing for at det no er viktig å ha fullt trykk på ein god og inkluderande planprosess, slik at når dei nødvendige avklaringane er gjorde lokalt og finansieringa er på plass, kan sjølve utbyggingsprosjektet gjennomførast så raskt og rasjonelt som mogleg.

Eg tillèt meg å minne om at den raud‑grøne regjeringa har auka investeringsnivået til jernbana med heile 140 pst. i høve til nivået under den førre regjeringa, og har lagt stor vekt på rasjonell framdrift og effektiv pengebruk. Det gjer at igangsette prosjekt har vore drivne fram med eit høgare tempo, og at ein oppstart av m.a. Oslo–Ski vil kunne skje tidlegare enn ein kunne ha gjort utan ein slik auke.

Borghild Tenden (V) [11:14:55]: Jeg takker statsråden for svaret.

Da transport‑ og kommunikasjonskomiteen var på komitéreise i Akershus i mai, fikk vi vite av Øyvind Rørslett i Jernbaneverket at planene for Ski stasjon var klare, og at det bare var pengene som manglet, dvs. 1,5 milliarder kr. Dette ble også omtalt i Østlandets Blad den 8. oktober 2008. Nye dobbeltspor mellom Ski og Oslo haster. Det vet statsråden alt om. Ski stasjon kan bygges ut som en trinnvis planprosess. Disse opplysningene har jeg fått fra kilder som jeg stoler på. Dette er uavhengig av stopp på Kolbotn og Vevelstad, som statsråden nevnte.

Jeg ser også i Aftenposten i dag at statsråden lover at flaskehalsen i Oslo‑området skal være bort i 2012.

Når vil statsråden bevilge pengene til Ski stasjon? Og hvordan ser framdriften ut for dette viktige dobbeltsporet?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:16:03]: Etter det Jernbaneverket kjenner til, vil både Oppegård og Ski kommunar gjennomføre ny kommunedelplan og nytt reguleringsplanarbeid for traseen gjennom desse kommunane, mens Oslo kommune har signalisert at det for deira del er mest aktuelt å gå direkte på reguleringsplanarbeidet. Før ein startar bygging på Ski, bør det som eit minimum liggje føre arealplanvedtak i kommunen. Slikt vedtak kan liggje føre sommaren 2011 dersom prosessen går utan vesentlege forseinkingar, og dersom Jernbaneverket får tilført tilstrekkeleg med planmidlar dei komande åra – som dei vil få dersom denne regjeringa vert sitjande.

Hovudpoenget i denne saka er at vi må sjå Ski stasjon i samanheng med dobbeltsporet. For få år tilbake såg ein dobbeltsporet som eit prosjekt langt fram i tid. No har Regjeringa løyvd 50 mill. kr i neste års budsjett til planlegging av dobbeltsporet. Det er viktig for både effektiv og rasjonell utbygging og best mogleg pengebruk at ein ser prosjektet samla.

Borghild Tenden (V) [11:17:04]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.

Ubyggingen i Vestkorridoren skjedde etappevis. Vurderinger i ettertid viser at dette har kostet mye penger – mye mer enn det kunne ha kostet hvis man hadde tatt hele strekningen under ett som et stort, samlet prosjekt.

Vil statsråden ta denne erfaringen fra Vestkorridoren med seg i kommende Nasjonal transportplan og bygge Oslo–Ski‑strekningen smartere, dvs. at man bygger det som et stort prosjekt? I Soria Moria‑erklæringen nevnes prosjektfinansiering som et alternativ. Er dette en mulig prosjektfinansieringsstrekning?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:17:55]: Regjeringa vurderer heile tida korleis me kan byggje meir effektivt og smartare og slik sett få meir igjen for dei pengane me set inn på samferdsleområdet. Det er interessante opplysingar som Jernbaneverket har kome opp med om kva ein kunne ha spart dersom Vestkorridoren hadde vore bygd som eit samanhengande prosjekt. Enno er ikkje alle korta lagde i forhold til Nasjonal transportplan, men eg er oppteken av at me når me startar på Oslo–Ski, iallfall skal ha ei effektiv utbygging, slik at ein får ei mest mogleg rasjonell utbygging av prosjektet. Dette handlar om at det i eit tungt befolka område er eit sterkt utolmod etter å få prosjektet på plass, og det handlar om at ein gjennom å unngå for mange oppsplittingar vil få meir igjen for pengane. Dette er eit spørsmål som eg har til vurdering.

: