Stortinget - Møte onsdag den 13. juni 2007 kl. 10
President: Eirin Faldet
Dokumenter:
Sak nr. 10
Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet 2007 mv.
Votering i sak nr. 10
I
I statsbudsjettet for 2007 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter: | |||
2315 | Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet | ||
1 | Driftsutgifter, vert løyvd med | 800 000 000 | |
1503 | Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde | ||
70 | Tilskot, vert auka med | 5 092 000 | |
frå kroner 86 127 000 til kroner 91 219 000 | |||
1541 | Pensjonar av statskassen | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med | 971 000 | |
frå kroner 20 900 000 til kroner 21 871 000 | |||
1542 | Tilskot til Statens Pensjonskasse | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med | 474 285 000 | |
frå kroner 7 484 000 000 til kroner 7 958 285 000 | |||
70 | For andre medlemmer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving, vert auka med | 5 549 000 | |
frå kroner 83 000 000 til kroner 88 549 000 | |||
1546 | Yrkesskadeforsikring | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med | 1 621 000 | |
frå kroner 96 800 000 til kroner 98 421 000 | |||
1547 | Gruppelivsforsikring | ||
1 | Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med | 3 270 000 | |
frå kroner 78 700 000 til kroner 81 970 000 |
II
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2007 vert føreteke regulering av løningane mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, YS Stat, Akademikerne og Unio i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 9. mai 2007.
III
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2007 vert føreteke regulering av løningane mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av NITO og NFF i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 9. mai 2007.
IV
For embets- og tenestemenn som ikkje er medlemmer av organisasjonar som nemnde i romartal II og III og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal det gjelde same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II og III. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.
V
Pensjonar i Statens Pensjonskasse vert regulerte i samsvar med auken i grunnbeløpet i folketrygda per 1. mai 2007.
Statens pensjonskasse vert gitt fullmakt til å regulere og tilpasse pensjonar som på grunn av særlege pensjonstekniske forhold ikkje med rimeleg resultat kan regulerast i samsvar med punkt 1.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet får fullmakt til å regulere pensjonar av statskassa på same måte som for statspensjonistar etter punkt 1.
VI
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei av postane i statsbudsjettet som har lønsløyving.
Votering:Tilrådinga frå komiteen blei samrøystes vedteken.