Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 14. juni 2006 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland

Dokumenter: 

Sak nr. 4

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2006 mv.

Votering i sak nr. 4

Komiteen hadde innstilt:

I

I statsbudsjettet for 2006 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.PostFormålKroner
Utgifter:
2315Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet
1Driftsutgifter, vert løyvd med 1 200 000 000
1502Tilskot til kompetanseutvikling
70Tilskot, kan overførast,vert løyvd med 20 000 000
1503Midlar til tenestemannsorganisasjonanes opplærings- og utviklingsarbeid
70Tilskot, vert nedsett med 21 689 000
frå kroner 107 816 000 til kroner 86 127 000
71Bidrag frå arbeidstakarane, vert nedsett med 5 830 000
frå kroner 29 959 000 til kroner 24 129 000
1541Pensjonar av statskassen
1Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med 506 000
frå kroner 21 000 000 til kroner 21 506 000
1542Tilskot til Statens Pensjonskasse
1Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med 72 385 000
frå kroner 6 299 000 000 til kroner 6 371 385 000
70For andre medlemmer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving, vert auka med 7 385 000
frå kroner 70 000 000 til kroner 77 385 000
1546Yrkesskadeforsikring
1Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med 1 065 000
frå kroner 85 000 000 til kroner 86 065 000
1547Gruppelivsforsikring
1Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med 1 782 000
frå kroner 74 000 000 kroner til 75 782 000 kroner
635Venteløn, jf. kap. 3635
1Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med 8 000 000
frå kroner 420 000 000 til kroner 428 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2006 vert føreteke regulering av løningane mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat og Unio i samsvar med Riksmeklingsmannen si møtebok av 24. mai 2006.

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2006 vert føreteke regulering av løningane mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av NITO og Norges Farmaceutiske Forening i samsvar Riksmeklingsmannen si møtebok av 24. mai 2006.

IV

For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i II og III og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter II, gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Fornyings- og administrasjonsdepartementet får fullmakt til å kunne samtykkje i at det ved forhandlingar/ mekling vert føreteke tilsvarande regulering som i II av løningane mv. for arbeidstakarar som er medlemmer i Akademikerne.

VI

Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2006 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med føresetnadene i lov om offentlege tenestetvistar av 18. juli 1958, jf. § 26.

VII

  • 1. Pensjonar i Statens Pensjonskasse vert regulerte i samsvar med auken i grunnbeløpet i folketrygda pr. 1. mai 2006.

  • 2. Statens Pensjonskasse vert gitt fullmakt til å regulere og tilpasse pensjonar som på grunn av særlege pensjonstekniske forhold ikkje med rimelig resultat kan regulerast i samsvar med punkt 1.

  • 3. Fornyings- og administrasjonsdepartementet får fullmakt til å regulere pensjonar av statskassa på same måte som for statspensjonistar etter punkt 1.

VIII

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei av departementet sine postar som har lønsløyving.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.