Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte tysdag den 30. januar 2001 kl. 10

Dato:
President: Lodve Solholm

Dokumenter: 

Sak nr. 1

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Morten Lund og John Dale om å sørge for at forvaltningen av de fire store rovdyra er i tråd med Stortingets intensjon

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten har John Dale sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet og Senterpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber Regjeringa på eigna måte, og før Regjeringa fattar vedtak i saka, gjere Stortinget kjent med kva konsekvensar gjennomføringa av nytt forvaltningsområde for ulv vil få for utmarksnæringar, ressursutnytting, økologi, dyrevern og trivselen i lokalsamfunna, og også gjera greie for økonomiske fylgjer, medrekna omfanget av framtidige erstatningar.»

Det blir votert alternativt mellom I i tilrådinga og forslaget frå Framstegspartiet og Senterpartiet.

Komiteen hadde tilrådd:

I

Dokument nr. 8:92 (1999-2000) – forslag fra stortingsrepresentantene Morten Lund og John Dale om å sørge for at forvaltningen av de fire store rovdyra er i tråd med Stortingets intensjon – vedlegges protokollen.

Votering:Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet og Senterpartiet vart tilrådinga vedteken med 64 mot 29 røyster. (Voteringsutskrift kl. 12.47.46)Vidare var tilrådd:

II

Stortinget ber Regjeringen om å iverksette tiltak som ivaretar effektivt uttak av rovdyr utenfor kjerneområdene og skadedyr der fellingstillatelse er gitt, en styrking av bestandsregistreringen, større satsing på forebyggende tiltak og særskilte tiltak for reindrifts-næringen.

Presidenten: Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti har varsla at dei ønskjer å stemme imot.

Votering:Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 70 mot 22 røyster.(Voteringsutskrift kl. 12.48.21)Vidare var tilrådd:

III

Stortinget ber Regjeringen utvikle et forsøksprosjekt med forebyggende og forskningsbasert arbeid i rovdyrutsatte områder, basert blant annet på erfaringene fra tilsvarende problemområder i andre land.

Presidenten: Framstegspartiet har varsla at dei ønskjer å stemme imot.

Votering:Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 78 mot 14 røyster.(Voteringsutskrift kl. 12.48.49)