Stortinget - Møte onsdag den 19. januar 2000 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 20
Harald T. Nesvik (Frp): Jeg vil få lov til å stille sosialministeren følgende spørsmål:
«Ifølge en pressemelding fra Sosial- og helsedepartementet avviser Regjeringen ESAs alkoholkrav om at blant annet «rusbrus» og øl med samme alkoholprosent må behandles likt. Dette innebærer at «rusbrus» må kunne selges i butikk som øl. Statsråden skriver at «ved sida av øl, finst det produkt på marknaden som i stor grad appellerer til ungdom på grunn av smaken og marknadsføringa».
Hva er det statsråden legger til grunn for denne påstanden?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er rett, slik representanten Nesvik seier, at Regjeringa har svart EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, at vi frå norsk side held fast på synet om at alkoholpolitiske omsyn skal styra alkoholpolitikken, og at dei norske reglane ikkje er i strid med EØS-avtalen.
Bakgrunnen for saka er at ESA i oktober i fjor sende ei grunngjeven fråsegn til den norske regjeringa. I fråsegna hevda ESA at dei norske reglane som opna for ulik behandling av alkoholhaldige drikkar med likt alkoholinnhald, er i strid med reglane i EØS-avtalen om fri flyt av varer. ESA meiner t.d. at rusbrus og øl med same alkoholprosent må behandlast likt. Det vil m.a. seia at rusbrus må kunna seljast i butikk som øl, og ikkje berre på Vinmonopolet, slik ordninga er i dag.
Ved sida av øl finst det ei rekkje produkt med same alkoholinnhald på marknaden som på grunn av smak og marknadsføring i stor grad appellerer til ungdom. Eg tenkjer her i særleg grad på den samansette gruppa med drikkar som gjerne blir omtalt som rusbrus eller alcopops.
Rusbrus kan vera basert på brennevin, vin eller øl. Desse drikkane er som oftast søta opp med sukkertilsetjingar og smakar til vanleg svært likt brus. Denne smaken er i høg grad eigna til å skjula alkoholstyrken i drikken. Vidare rettar marknadsføringa av rusbrus seg i hovudsak mot ungdom. Drikkane får namn, flaskene form og etikettane grafiske uttrykk som i særleg grad tiltrekkjer seg unge menneske. Forsking frå Statens institutt for alkohol- og narkotikaforskning, SIFA, viser vidare at forbruket av desse drikkane kjem i tillegg til forbruk av andre alkoholhaldige drikkar, f.eks. øl.
I Dokument nr. 8:85 for 1997-98 føreslo representanten Fridtjof Frank Gundersen at norsk lovgjeving skulle tilpassast for å likebehandla vin og øl med same alkoholstyrke når det gjeld omsetning. Dette forslaget vart avvist av stortingsfleirtalet i vedtak den 2. juni 1998, som viste til at det ligg føre nok alkoholpolitiske grunngjevingar til å halda ved lag forskjellsbehandlinga innanfor EØS-avtalen.
Eg er uroleg for at ei omlegging av regelverket i samsvar med haldninga til ESA vil føra til større totalforbruk blant unge menneske, gjera debutalderen for alkohol lågare og opna vegen for at alkoholhaldige drikkar når fram til nye og yngre brukargrupper. Det er ei utvikling Regjeringa ikkje ynskjer. Med alt det engasjementet som er lokalt i kommunane for å styrkja det førebyggjande arbeidet, engasjement frå foreldre, skule, organisasjonar og folkevalde, er det mi oppfatning at ei slik utvikling ynskjer heller ikkje små og store lokalsamfunn i landet vårt.
Harald T. Nesvik (Frp): Nå må jeg nok innrømme at jeg ikke har smakt på disse rusbrusene, og det var interessant å høre hvordan statsråden karakteriserte smaken på dem. Men det som jeg vil spørre statsråden om i denne sammenheng, gjelder det at man viser til markedsføringsøyemed her, at man er redd for at markedsføringen av disse produktene fører til en lavere debutalder. Tror egentlig statsråden at folk begynner å drikke tidligere fordi det er en interessant utforming på flasken som eventuelt står i butikken? Det er det ene.
Det andre gjelder de lover og regler som vi har for salg av alkoholholdige drikkevarer i Norge. Der er det helt klare regler som går på alder og også på de forskjellige utsalgsstedene. Tror statsråden at man ved å opprettholde dette forslaget som man har, utsetter debutalderen for alkohol?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: I denne saka held eg meg til undersøkingar og rapportar som viser at det er samanheng mellom utforming, smak og marknadsføring overfor ungdom og at ungdom faktisk prøver ut desse ulike nye produkta. Det er ikkje for ingenting at undersøkingar viser at det er ungdom som i størst grad nyttar rusbrus. Det er òg slik at blant den yngste gruppa, frå 15 til 19 år, er det vanlegare å drikka rusbrus heime og hjå vener. Forsking frå SIFA viser at rusbrus i stor grad blir selt på diskotek, kafear, restaurantar og andre plassar der ungdom til vanleg møtest, men altså fyrst og fremst blir tilbydd heime for dei yngste. Då synest eg Vinmonopolet handterer aldersgrensene greitt slik som situasjonen er i dag.
Harald T. Nesvik (Frp): Statsråden sier i sitt svar at hun viser til undersøkelser som viser dette. Da vil jeg gjerne vite: Hvilke undersøkelser er det statsråden viser til, som kan fortelle oss at man får en lavere debutalder når det gjelder rusbrus og alkohol? Undersøkelser som jeg har sett, viser nemlig at veldig få debuterer ved bruk av rusbrus. Jeg vil bare vite om statsråden kan fortelle meg det, slik at jeg også får lese de samme undersøkelsene som sosialministeren, som viser en tidligere debutalder, og som viser hva man drikker ute på restauranter. De fleste alkoholholdige drikkevarene nytes når vi er ute på restauranter, for det er som regel der man har bevillingene, eller man drikker i sitt eget private hjem. Så spørsmålet mitt til statsråden er: Kan du fortelle meg hvilke undersøkelser du viser til, som påpeker at man vil få en lavere debutalder på grunn av rusbrus?
Presidenten: Presidenten vil seie at talen skal gå via presidenten.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg held meg til undersøkingar som bl.a. er publiserte via Statens institutt for alkohol- og narkotikaforsking, og som fokuserer på kven det er som prøver ut rusbrus. Når det gjeld debutalderen, deler eg representanten Nesvik si vurdering, at det er fleire faktorar som spelar inn på den. Blant anna er det påvist no i seinare tid, av f.eks. forskar Willy Pedersen, at foreldre som tilbyr sine eigne barn alkohol heime, gjer dei ei bjørneteneste. Der er det stor fare for lågare debutalder, høgare konsum tidleg og utprøving av andre stoff i neste fase. Poenget er ei lovgjeving som tek omsyn til ungdom.