Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. januar 2000 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Harald T. Nesvik (Frp): Jeg vil få lov til å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

«Ifølge Dagbladet 13. januar 2000 er prisen på 3 liter vin i papp, såkalt bag in box, kunstig høy på grunn av en foreldet forskrift. Dette fører i dag til at private importører tar inn ca. 40 mill. kroner mer enn denne varen, ved normal prising, ville oppnå.

Vil statsråden sørge for at den aktuelle forskriften blir fjernet?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Etter gjeldande føresegner for innkjøpsverksemda i A/S Vinmonopolet skal prisane fastsetjast slik at utsalsprisen er den same uavhengig av om eit produkt blir selt i vanleg flaskestorleik eller annan flaskestorleik eller emballasje. Det er med andre ord alkoholpolitiske omsyn som ligg bak føresegnene. Det gjer at forbrukarane ikkje får nokon prisfordel – dvs. rabatt – når alkohol kan seljast billegare i større volum og annan emballasje, som t.d. i bag-in-box, som representanten Nesvik spør om.

Vinmonopolet har i brev til departementet av 4. januar i år gjort greie for sitt ynske om at føresegna blir oppheva, og grunngjev dette med endra forhold frå den gongen føresegna vart gjeven. Det blir peika på at overføringa av ekstrafortenesta på pappvin frå Vinmonopolet til grossistane har ført til ei kunstig marknadsvriding til fordel for grossistar som leverer pappvin. Vidare meiner Vinmonopolet at den forventa prisnedgangen ikkje vil vera så stor at det vil skapa noko alkoholpolitisk problem i form av større forbruk, at ein prisnedgang på svakvin vil medverka til at grensehandel og illegal omsetning får skjerpa konkurranse frå legal omsetning, og at komsumet blir vridd frå sterkare til svakare drikkar.

Denne saka vil eg sjå nærare på. Eg tek sikte på å gjera greie for ei mogleg endring i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Harald T. Nesvik (Frp): Jeg takker statsråden for svaret, og håper da at statsråden i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett vil legge fram en sak for Stortinget der man opphever denne forskriften en gang for alle.

Når vi ser på alkoholprisene og avgiftsnivået i Norge, kan man jo sette spørsmålstegn ved hvem man egentlig prøver å hjelpe. Er det smuglerne og de kriminelle i dette landet, eller er det egentlig de alkoholpolitiske synspunktene man prøver å hevde for å holde forbruket nede?

Det som skal bli interessant å se, er hva som kommer fra statsråden når det gjelder denne forskriften. Forskriften ble vel i sin tid opprettet for bl.a. å beskytte tapperiet til Vinmonopolet mot konkurransen fra såkalte billigviner fra utlandet. Det argumentet er helt klart borte i og med den endringen som har skjedd med Vinmonopolet og Arcus. Jeg håper statsråden tar dette med seg i vurderingen.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Som det går fram av mitt fyrste svar, er føresetnadene for føresegna endra. På det punktet deler eg representanten Nesvik sitt syn. Det er òg det som gjer at eg vil sjå nærare på dette.

Når det elles gjeld alkoholpolitiske omsyn i dei forslaga vi handterer, kan det nok vera at våre vegar skilst – som dei av og til òg har gjort før. Eg vil understreka at eg er oppteken av ein alkoholpolitikk som tek omsyn ikkje berre til tilgjenge, ikkje berre til nokre kroner frå eller til på pris, men som òg tek omsyn til den samanhengen som er mellom tilgjenge, forbruk og skadar.

Harald T. Nesvik (Frp): Jeg må få si til statsråden, på bakgrunn av det svaret som ble gitt her, at det da er interessant det man kan lese i budsjettet, at regjeringspartiene går inn for en kraftig reduksjon i avgiftene når det gjelder hetvin og sterkvin, mens man på grunn av de 12 kronene som det her faktisk er snakk om for bag-in-box-vinsortene, vil bruke alkoholpolitiske argumenter for nok en gang å se på denne saken. Og kanskje er det det som er grunnen til at man faktisk ønsker å opprettholde denne forskriften. Jeg håper likevel at det blir som sosialministeren sier, at man vil vurdere denne forskriften, og jeg håper den vil bli fjernet. Men jeg må si at når det gjelder de alkoholpolitiske argumenter, er det ikke helt sammenheng her, når man ser på prisreduksjonen for sterkvin og hetvin, samtidig som man faktisk vil opprettholde det høyeste prisnivået for vinprodukt som har lavere alkoholstyrke.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Lat meg klara opp i to forhold. For det fyrste: Dei endringane som skjedde i avgiftene frå Regjeringa si side, var eit forsøk på å få til eit meir ryddig og rettferdig avgiftssystem. Det svaret som eg gav representanten Nesvik i dag, er vel nettopp eit eksempel på at Regjeringa, i ei tid med endra føresetnader, er villig til å sjå på situasjonen på nytt. Og det er det eg har sagt her. Eg har faktisk ikkje stått og forsvart eksisterande system ut frå ei alkoholpolitisk grunngjeving på dette feltet. Det var det som var grunnen før, men det er no endra, og eg går difor inn og ser på denne saka på nytt. Men det eg ynskjer å understreka, og som eg synest er viktig å understreka, er at det er eit aukande engasjement, ikkje minst ute i dei ulike lokalsamfunna, og ei stor uro når det gjeld dei unge. Alkoholforbruket aukar, og skadane aukar i dette landet. Det må vi òg ta på alvor.

: