Stortinget - Møte onsdag den 5. november 1997

Dato: 05.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Helga Rullestad (A): Jeg vil gjerne få stille barne- og familieministeren følgende spørsmål:

En eventuell kontantstøtteordning vil sannsynligvis medføre at mange kvinner går ut av aktivt yrkesliv.

Har barne- og familieministeren en oversikt over hva dette vil bety for et meget etterlengtet løft i eldreomsorgen?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg må seia eg er glad for den store interessa for kontantstøtte som spørsmåla i spørjetimen i dag viser for saka. Eg har lyst til å streka under at vi vil fremma kontantstøtta som eiga sak for Stortinget så raskt som mogleg, og då kan ein ta opp ein del av dei utfordringane vi står framfor, når vi ynskjer å gjennomføra det. Men vi må ha litt meir tid på oss for å meisla ut alle detaljane i ei slik støtteordning.

Kontantstøtta vil i fyrste omgang vera eit tilbod til om lag 120.000 foreldre. Vi veit ikkje i dag kor mange av desse som vil sjå på denne støtta som eit alternativ som gjer det ynskjeleg og mogleg å vera meir heime med småborna sine, og vi veit endå mindre om kor i arbeidslivet vi finn desse i dag. Å tru at eldreomsorga vert råka særskilt - ja, det er faktisk tatt ut av lause lufta. Vi har framleis om lag 95.000 arbeidslause og 88.000 som ynskjer meir arbeid enn det dei har i dag, og berre ein brøkdel av desse har små born. Så ledige hender for satsing på eldreomsorga eksisterer faktisk. For mange vil kontantstøtta kan henda nett gjera det mogleg å kombinera ein deltidsjobb på sjukeheim med omsorg for borna heime framfor eit alternativ med fleire arbeidstimar, lengre arbeidsreise og plass i barnehage. Det går faktisk an å tenke sånn òg.

I tillegg veit vi at mange i omsorgsyrke i dag arbeider deltid i heilt andre yrke enn det dei er utdanna for. Vi kan derfor sjå på andre tiltak enn dei som finst i familiepolitikken, for å få meir arbeidskraft til denne sektoren. Kor mykje kontantstøtta vil verka inn på tilbodet av arbeidskraft, er nett eit av dei spørsmåla vi vil sjå på i ei evaluering av ordninga etter at vi har gjennomført kontantstøtta og analysert den vidare. Vi vil òg vera opptatt av kven som nyttar ordninga - er det mor eller far, er det dei med god økonomi eller dei som har det trongt, er det dei med lite utdanning eller dei med god utdanning? Men ingen av desse spørsmåla kan eg svara fullgodt på i dag, for dette må evaluerast etter at ordninga har vorte sett ut i livet.

Det viktigaste for denne regjeringa med kontantstøtte er at den gir større valfridom for alle når det gjeld omsorg for borna. Den gir òg større rettferd mellom familiane. No vil den offentlege støtta til barneomsorg gå til alle familiar med små born, ikkje berre til dei som både ynskjer og samtidig kan få ein plass i barnehage.

Helga Rullestad (A): Jeg takker for svaret.

Når Regjeringa nå går inn for et helt nytt prinsipp, nemlig å få betalt for ikke å benytte seg av et velferdsgode, kan det i neste omgang bety at det kan komme forslag der det samme prinsippet blir brukt i eldreomsorgen, sånn at pårørende f.eks får kontantstøtte for å ta seg av sine pleietrengende eldre. Konsekvensen av dette blir etter min vurdering en utvanning av velferdsstaten og en privatisering av velferdsgodene våre.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Ja, eg vonar faktisk at denne regjeringa vil koma med fleire gode, nye saker og gjerne prinsipp òg. Det er ofte det som skjer når vi får nye regjeringar på plass - men det er no ikkje alle som klarer det, då.

Eg synest debatten her er ganske interessant. Representanten nemner at ein får betalt for ikkje å bruka eit offentleg tilbod, og så spør ho om ein no skal få betalt for å ta seg av sine eldre. Eg trudde faktisk representanten visste at vi har noko som heiter omsorgslønn her i Noreg, der ein god del menneske får delvis betaling, iallfall, for å ta omsorg for sine eldre fordi dei ynskjer at dei eldre skal få lov til å bu heime. Og det synest eg faktisk er ei god ordning. Men når eg seier det, er ikkje det eit teikn på at vi ynskjer å trappa ned eldreomsorga og privatisera den meir enn i dag. Men eg synest det er flott om familiemedlemer ynskjer å bruka tid på sine eigne. Eg synest vi skal vera med og støtta dei dersom dei vel det sjølve. Ein skal ikkje frå staten si side verta pådytta desse oppgåvene, men det er frivillig, eit tilbod om omsorgslønn eller kontantstøtte.

Så er det ein ting til, om eg har tid ...

Presidenten: Da er tiden omme. Jeg regner med at statsråden vil få anledning til å komme tilbake.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg trur òg det.

Helga Rullestad (A): Jeg må si jeg virkelig er bekymret hvis det er den nye kursen til sentrumsregjeringen at vi skal gå inn for ordninger som privatiserer vårt samfunn, og at vi legger opp til private løsninger. Det synes jeg er bekymringsfullt.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Ja, då må eg melda at representanten Rullestad burde vore bekymra for lenge sidan, for omsorgslønn har vi hatt i Noreg i mange år - eg kan tenka meg at den kommunen Rullestad kjem frå, òg gir omsorgslønn til ein del av innbyggarane sine. Det er ikkje noka ny retning her, det er snakk om å gi noko betaling for ein kjempeinnsats som folk gjer for familiemedlemer eller andre nære, og det synest eg jammen vi skal gi vidare òg. Det er ikkje snakk om noka opptrapping, denne regjeringa ynskjer jo òg at staten skal vera med og løyva 50 % av utgiftene som kommunane har til omsorgsløn. Vi veit at det vert gjort mange tusen årsverk frivillig rundt omkring i kommunane fordi nokon ynskjer å ta seg av sine eldre sjølve. Det synest eg er flott, og då må vi òg gi kompensasjon. Men frå denne regjeringa si side er det ikkje snakk om meir privatisering korkje av eldreomsorga eller skulevesenet osv., som somme har trekt fram. Eg trur faktisk at vi langt på veg er samde med den regjeringa som har gått av, når det gjeld kven som har ansvaret for eldreomsorga, og kven som har ansvaret for skulane, men å gi ei yting til dei som gjer ein innsats, synest eg denne velferdsstaten har råd til.