Stortinget - Møte onsdag den 5. november 1997

Dato: 05.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 31

Rune E Kristiansen (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til utdanningsministeren:

Etter- og videreutdanningsreformen vil bli en viktig del av inntektsoppgjøret 1998.

Vil Regjeringen synliggjøre sine standpunkter til denne reformen før inntektsoppgjøret 1998 starter?

Statsråd Jon Lilletun: Det offentlege utvalet som har greidd ut spørsmålet om ei reform for etter- og vidareutdanning for vaksne - Buer-utvalet - leverte si utgreiing 1. oktober 1997. Utgreiinga er no på brei høyring med frist 2. januar 1998.

Regjeringa vil leggje til rette for livslang læring. I arbeidet vil vi ta utgangspunkt i den einskilde vaksne sine ønske og behov for å utvikle seg vidare, og næringslivet sine behov for kompetanseutvikling. Samarbeidet med dei partane i arbeids- og samfunnslivet det gjeld, vil bli tillagt stor vekt. Med grunnlag i utgreiinga frå Buer-utvalet og svara frå høyringsinstansane vil Regjeringa leggje fram ei melding for Stortinget i løpet av våren 1998. Denne meldinga vil vere grunnlag for ein nasjonal handlingsplan for vaksenopplæring og kompetanseutvikling i arbeids- og samfunnsliv.

Rune E Kristiansen (A): Jeg takker statsråden for svaret, men jeg må nok si at jeg opplever svaret noe negativt, for å si det forsiktig. Mitt spørsmål var knyttet til om Regjeringen ville synliggjøre sine politiske standpunkter til etterutdanningsreformen. Også jeg forstår at når høringsfristen er satt til tidlig i januar, kan ikke en melding ligge på bordet f.eks midt i januar måned. Men jeg vil også understreke at høring i seg selv ikke er en folkeavstemning, så jeg forutsetter at Regjeringen politisk arbeider med sine standpunkter i forhold til hva meldingen skal inneholde. Og spørsmålet er igjen om man vil synliggjøre sine standpunkter slik at de kommer til uttrykk før inntektsoppgjøret for 1998 starter, fordi partene allerede har varslet at etterutdanningsreformen vil være en av hovedsøylene i det kommende inntektsoppgjøret.

Statsråd Jon Lilletun: Eg seier meg lei for at representanten Kristiansen opplevde svaret som negativt. Det eg prøvde å seie, var at den tempoplanen som den førre regjeringa hadde lagt for dette arbeidet, vert fylgd av den nye, og det vil derfor ikkje vere mogleg å ha ferdig denne meldinga, slik som òg representanten Kristiansen erkjende, før lønsoppgjeret. Dermed vil ein trenge vårsemesteret på dette. Vi vil nemleg ta høyringssvara på ramme alvor. Vi har fått eit varsel om at ein faktisk synest tidsfristen er for kort, men ein er villig til å halde desse fristane.

Når det gjeld tilleggsspørsmålet til Kristiansen, vil eg seie: Regjeringa vil sjølvsagt ta opp med partane i arbeidslivet korleis vi tenkjer å handtere dette, og vi vil ta signal frå møta med arbeidslivet sine partar. Men det ville vere temmeleg uvanleg dersom ein skulle ta ein del av dei konklusjonane som skal kome i ei melding, og presentere dei før meldinga kjem! Men eg kan love representanten Kristiansen at dette skal vi grundig drøfte med arbeidslivet sine partar.

Rune E Kristiansen (A): Da kan jeg si at jeg lyttet mer positivt til svar nr. 2 enn til svar nr. 1, ikke minst det at statsråden uttrykte at han vil følge hovedløpet til den forrige regjeringen. Og hovedløpet var selvfølgelig høringsfristen, men det var også klart synliggjort at man ville bringe fram sine standpunkter og hva det ville innebære, før inntektsoppgjøret startet i 1998. Det er i grunnen to hovedspørsmål som er knyttet til dette, nemlig rettighetsspørsmålet og finansieringsdelen. Det er de to tingene som bør være hovedtrekkene i hva en regjering vil legge fram før inntektsoppgjøret starter.

Statsråd Jon Lilletun: No er jo ikkje spørsmåla om finansiering og rettar heilt uvesentlege spørsmål - dei er faktisk dei mest omfattande. Spørsmålet om rettar vil jo òg ha monaleg konsekvens i forhold til kostnadene.

Eg er glad for at representanten Kristiansen denne gongen tolka meg ganske positivt, men å seie at vi vil gjere akkurat det same som den førre regjeringa, var nok sterkt når det gjeld innhaldet. Når det gjeld meldinga som vil kome og korleis den skal presenterast, står eg fast ved det eg sa, for ut frå det løpet som var lagt, hadde heller ikkje den førre regjeringa tenkt å presentere ei melding i februar, slik som den førre statsministeren kravde i erklæringsdebatten. Men eg veit kva alvor Arbeidarpartiet legg i denne saka, eg veit kva alvor partane i arbeidslivet legg i ho, så eg er innstilt på å gjere ein best mogleg jobb for at dette skal verte ferdig så tidleg som mogleg. Eg er interessert i ein dialog og i ei skikkeleg saksbehandling som kan gje eit godt resultat.

Presidenten: Da går vi tilbake til spørsmål 1.