Stortinget - Møte onsdag den 5. november 1997

Dato: 05.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Kristin Halvorsen (SV): Nå klør selvfølgelig jeg i fingrene etter å kaste meg ut i denne debatten, men jeg skal bevise at naturkrefter kan temmes og stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Flere personer har opplevd at telefonselgere har tatt opp telefonsamtaler på bånd for deretter å bruke innspillingen som bevis for at det er inngått en forpliktende muntlig avtale om kjøp.

Mener barne- og familieministeren at det trengs bedre lovverk for å beskytte folk mot aggressive selgere?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten Kristin Halvorsen tek opp eit emne som engasjerer alle som arbeider med forbrukarspørsmål. Mange seljarar brukar utradisjonelle metodar for å auka salet av produkta sine. Forbrukaren som blir ringd opp i heimen sin, og som ikkje er førebudd på at det er ein seljar som ringjer, synest ofte det er vanskeleg å seia nei. Det blir ikkje enklare å trekka seg frå avtalen når seljaren seier at munnlege avtalar er like bindande som dei skriftlege, og at han til og med har prov på lydband.

Fyrst vil eg seia at etter mi meining er det ikkje god folkeskikk å ta opp telefonsamtalar på band utan å informera den ein snakkar med. Det må gjelda nær sagt same kva ein vil bruka opptaket til.

Det er likevel rett at ein munnleg avtale er like bindande som ein skriftleg avtale. Det er viktig at alle veit dette. I nokre tilfelle har likevel forbrukarane rett til å gå ifrå avtalen dersom dei angrar seg. På denne måten får dei eit betre vern mot pågåande seljarar. Det har lenge vore eit problem med pågåande seljarar, og Stortinget vedtok alt i 1972 ei lov om angrefrist. Fordi presset på forbrukaren kan bli svært stort, særleg i dei tilfella der seljaren aktivt oppsøkjer han i heimen gjennom telefon, ønskte lovgivaren å motverka ubalanse i avtalesituasjonen. Lova gir forbrukaren rett til å angra seg innan ti dagar frå han fekk vara, dersom avtalen vart inngått t.d med ein dørseljar, telefonseljar eller på postordre. Forbrukaren kan sjølvsagt òg angra før han eller ho får vara. Seljaren pliktar å senda eit skjema med informasjon om angreretten og om angrefristlova saman med vara. Det er fleire unntak frå angreretten. Den gjeld t.d. berre for avtalar med kontraktsum større enn 300 kr. Mange forbrukarar nøler nok dessutan med å bruka den retten som angrefristlova gir. Det kan vera fordi dei meiner at dei må stå ved avtalen, eller fordi dei synest det er for tungvint å senda vara tilbake til seljaren.

Eg meiner at angrefristlova gir forbrukaren eit godt vern når det er inngått ein bindande avtale. Det kan likevel vera behov for å regulera sjølve høvet til å driva med slik aggressiv marknadsføring som det her er snakk om. Det vurderer vi i samband med eit nytt EU-direktiv om vern av forbrukarar ved såkalla fjernsal. Direktivet omfattar m.a. telefonsal.

Eg er òg kjend med at Justisdepartementet arbeider med å oppretta eit sentralt register der dei som ynskjer det, kan reservera seg mot direkte marknadsføring. Vonleg vil dette redusera problemet med uynskte oppringingar frå seljarar.

Kristin Halvorsen (SV): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg syns det er bra at hun er oppmerksom på dette, som oppleves som et stadig større problem, ikke bare for enkeltpersoner og forbrukere som enkeltmennesker, men også - kanskje særlig - for små firmaer som har dårligere rettsvern i forhold til angrefristen enn vi som enkeltpersoner har.

Jeg er blitt gjort oppmerksom på denne saken av Gjeldsoffer-alliansen og av diverse medier som kan fortelle historier som statsråden sikkert også har hørt om, og som dreier seg om at aggressive selgere ringer hjem til oss privat om kvelden, tar opp på bånd den siste biten av samtalen og skremmer kjøperen til å avstå fra politianmeldelse eller til å betale.

Som jeg ser det, kan det være to forslag som er fornuftige. Det ene er at man i forbindelse med kjøp og salg får plikt til å opplyse om det hvis samtalen tas opp på bånd, og dersom det ikke er opplyst om det, gjelder det ikke som bevis for en muntlig avtale. Det andre gjelder bedre informasjon til de mennesker som føler seg presset.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er glad for at representanten Kristin Halvorsen trekkjer fram denne saka. Eg trur vi absolutt treng betre informasjon, m.a. betre informasjon om dei rettane vi har i høve til angrelova. Det er ikkje sikkert alle er klåre over kva rettar dei har på dette området, og vi må prøva å få ut den informasjonen på ein betre måte enn vi har klart hittil.

Så føreslår representanten Halvorsen at vi skal ha plikt til å opplysa at samtalane blir tekne opp på band. Det er noko eg har lyst til å vurdera når eg skal jobba vidare med saka. Eg tek det med meg som eit godt tips på korleis vi kan motverka slike uheldige saker, som vi for så vidt alle er kjende med.

Kristin Halvorsen (SV): I avdeling for utveksling av tips mellom storting og regjering har jeg bare lyst til å sette statsråden på en tanke til, og det er: For at man skal kunne bruke en sånn type lydbånd, må opptakene selvsagt oppbevares. Det fins et ganske strengt lovverk i forhold til å kunne oppbevare personopplysninger på den måten. Det er klart at hvis man også bruker det lovverket for å stramme inn muligheten for å oppbevare opptak av telefonsamtaler mellom en kjøper og selger, er det også en mulighet til å stramme inn sånn at man får slutt på det uvesenet at sleipinger - for det er det det dreier seg om - benytter de hullene og alle sin evner på å lure folk til å betale regninger de egentlig ikke har gitt godkjenning til.

Presidenten: Ønsker statsråden å svare, eller nøyer hun seg med å arkivere tipset?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: (frå salen) Eg vil gjerne få gi eit kort svar.

Presidenten: Statsråd Svarstad Haugland - vær så god.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg takkar for tipset, og har notert meg det. Men eg har òg lyst til å understreka det arbeidet som Justisdepartementet gjer i høve til det å kunne oppretta eit register der ein kan avstå frå å motta slike samtalar. Eg trur det òg vil minska problemet langt på veg, for då kan dei av oss som ikkje ynskjer dette over telefon, setja i verk førebyggande tiltak. I dag fungerer det ikkje tilstrekkeleg det telenettet kan by oss, men når dette registeret kjem på plass, trur eg faktisk vi kan få vekk problemet med ein god del av desse sakene som representanten Halvorsen er oppteken av.