1.3.5.4 Departementet sine vurderingar
Departementet er samd med Inntektssystemutvalet om
at inntekts- og utgiftsutjamninga er dei viktigaste regionalpolitiske
verkemidla i inntektssystemet. Departementet er òg samd med utvalet
om at det er behov for særskilde, målretta tilskot til distriktskommunar
for å supplere inntekts- og utgiftsutjamninga, og at eit slikt distriktstilskot
bør rettast mot kommunar med distriktsutfordringar, kommunar med
befolkningsnedgang og små kommunar.
Departementet meiner, på same måte som utvalet, at
det framleis er behov for ein ekstra innsats til kommunane i dei
nordlegaste fylka, fordi desse i større grad enn kommunar i fylka
i sør står overfor felles utfordringar knytt til avstandar og folketal.
Kommunar i Troms og særleg i Finnmark er i ei særstilling, med spreidd
busett befolkning og store avstandar. Dette gjer mellom anna at
kommunen må ta ei meir aktiv rolle for å oppnå ønskt samfunnsutvikling,
til dømes må kommunane i større grad ta ansvar for kulturtilbod
som den private marknaden sørger for andre stader. Sterke lokalsamfunn
i nord er òg viktig av tryggingspolitiske og beredskapsmessige omsyn,
slik Totalberedskapskommisjonen (NOU 2023:17 Nå er det alvor) har
framheva. Desse omsyna taler for at kommunane i Troms og særleg
i Finnmark framleis bør få tilskot etter høgare satsar enn kommunar
i Nordland.
Distriktsindeksen er eit verktøy for å peike
ut distriktskommunar som treng distriktspolitiske verkemiddel, og
gir ei rangering av kommunane etter graden av distriktsutfordringar.
Kommunane med dei lågaste verdiane har dei største distriktsutfordringane.
Den nye distriktsindeksen frå 2020 inneheld fire indikatorar: sentralitetsindeksen
til Statistisk sentralbyrå (SSB) (40 pst. vekt), folketalsvekst
siste ti år (40 pst. vekt), sysselsettingsvekst siste ti år (10
pst. vekt) og einsidig næringsstruktur (10 pst. vekt).
Revisjonen av distriktsindeksen 2020 blei gjort
etter ein grundig gjennomgang. Ein revisjon var nødvendig mellom
anna grunna endring av sentralitetsindeksen til SSB. Kommunal- og
distriktsdepartementet meiner at den nye sentralitetsindeksen er
ei klar forbetring frå tidlegare inndelingar etter sentralitet.
Distriktsindeksen frå 2017, som til no har blitt
brukt i distriktstilskota i inntektssystemet, er utdatert.
Inntektssystemutvalet meiner at inntektsgrensa
for å kunne få distriktstilskot Sør-Noreg og småkommunetillegget
i distriktstilskot Nord-Noreg bør utvidast til å ta med fleire inntekter.
Dette er i stor grad inntekter knytt til naturressursar, som kjem
i tillegg til rammetilskotet og skatteinntektene innafor inntektssystemet. Regjeringa
ser at kommunar i Sør-Noreg med høge inntekter frå naturressursar
vil ha mindre behov for ein ekstra innsats via distriktstilskot,
og foreslår derfor at ein legg eit utvida inntektsomgrep til grunn
for å kunne få distriktstilskot Sør-Noreg.
Departementet foreslår eit inntektsomgrep der
netto konsesjonskraftinntekter, eigedomsskatt på kraft- og petroleumsanlegg,
havbruksinntekter og produksjonsavgift på vindkraft inngår saman
med personskatt og naturressursskatt. Departementet foreslår vidare
at kommunar må ha inntekter under 140 pst. av landsgjennomsnittet
per innbyggar med det utvida inntektsomgrepet, for å kunne få distriktstilskot
Sør-Noreg.
Departementet foreslår at kriteriet om inntektsnivå tar
omsyn til utviklinga over nokre år, og over tid blir berekna som
eit gjennomsnitt for dei aktuelle inntektene dei fire siste åra.
Det vil forebygge hyppige tilfelle av at kommunar mister eller mottar
tilskot frå eitt år til det neste som følge av tilfeldige svingingar
i inntektene. Talgrunnlaget for eigedomsskatt på kraft- og petroleumsanlegg
har ikkje vore på plass i KOSTRA før i rapporteringa for 2023, og
produksjonsavgift på vindkraft har først blitt utbetalt til kommunane
frå 2023. For arbeidet med 2025-budsjettet legg derfor departementet
2023-nivået for desse inntektene til grunn i berekninga av samla
skattenivå, då 2023-tala gir uttrykk for ei rimeleg forventing om
situasjonen for den enkelte kommune ved omlegginga av inntektssystemet
i 2025. Over tid vil grunnlaget for inntektsberekninga bygge på
oppdaterte årlege tal for alle inntekter innanfor inntektsomgrepet.
Departementet foreslår ingen endringar i inntektsgrensa
for å få småkommunetillegget i distriktstilskot Nord-Noreg.
Inntektssystemutvalet foreslår at kommunar i Namdalen
ikkje lenger skal inngå i distriktstilskot Nord-Noreg, men kan få
distriktstilskot Sør-Noreg om dei fyller krava for det.
Stortinget fatta følgande oppmodingsvedtak i
samband med behandlinga av Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen
2024, sjå Innst. 488 S (2022–2023), vedtak nr. 823:
«Stortinget ber regjeringen vurdere om
kommunene i Namdalen fortsatt skal sortere under distriktstilskudd
Nord-Norge.»
Etter ei samla vurdering meiner departementet
at ein ikkje bør gjere noka endring i kva for tilskot desse kommunane
inngår i. Regjeringa reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt
opp.
Som Inntektssystemutvalet peiker på, har dei
små øykommunane Værøy, Røst og Træna ekstra utfordringar knytt til
avstandar til andre kommunar og til fastlandet. Departementet er
einige i utvalet sitt forslag om at desse kommunane bør få småkommunetillegg
etter ein høgare sats.
Inntektssystemutvalet foreslår at satsen på
småkommunetillegget i distriktstilskota blir redusert med 1 mill.
kroner. Satsen er eit fast beløp per kommune, differensiert etter
distriktsindeksen. Utvalet grunngir forslaget med at basiskriteriet,
som er eit gitt beløp per kommune og som skal kompensere for smådriftsulemper, blir
vekta opp i utvalet sitt forslag til ny kostnadsnøkkel. Departementet
viser til at varetaking av små kommunar er ei sentral målsetting
for dei regionalpolitiske tilskota i inntektssystemet. Departementet
foreslår ikkje nokon reduksjon i småkommunetillegget.
Når det gjeld regionsentertilskotet, støttar
departementet utvalet i at regionsentertilskotet ikkje er knytt
til kommunar som faktisk er senter i sin region. Departementet støttar
utvalet i at tilskotet bør avviklast.
Departementet er vidare einig med utvalet om
at det er fleire positive aspekt ved mange innbyggarar og med vekst
i folketalet for kommunar. Kommunar med vekst har eit godt utgangspunkt
for eigne skatteinntekter og vekst i rammetilskot. Departementet
foreslår derfor at satsen per innbyggar utover vekstgrensa i veksttilskotet
blir redusert til ein tredjedel av dagens sats.
Samstundes kan dei største kommunane ha nokre særskilde
utfordringar som andre kommunar ikkje har. Som Inntektssystemutvalet
peiker på, speler dei største kommunane ei sentral rolle som motor
og samfunnsutviklar for kommunane rundt, og dei tar på seg eit utvida ansvar
som ikkje blir fanga opp i dagens inntektssystem. Storbyane kan
òg ha særskilde kostnader til sosiale tenester, til dømes innan
bustadområdet og til kommunale arbeidsmarknadstiltak. Inntektssystemutvalet peikte
på at forslaget til ny delkostnadsnøkkel for sosiale tenester i
større grad fangar opp opphoping av levekårsproblem, og foreslo
derfor ei halvering av satsen på storbytilskotet. Departementet
meiner at det framleis er behov for eit storbytilskot, og foreslår
derfor å vidareføre dagens tilskot til dei same kommunane og med
om lag same sats som i dag. I departementet sitt forslag er satsen
på storbytilskotet redusert frå 426 til 398 kroner per innbyggar
(2024-kroner).
Kommunane som får storbytilskot, får òg betydelege
tilskot utanom inntektssystemet, mellom anna gjennom områdesatsingane.
I statsbudsjettet for 2024 er tilskotet til
områdesatsingar på 152,7 mill. kroner (kap. 590 post 65).