1.3.10 Mål 3: Kan verke over heile landet
Kapittel 13 går inn på vilkåra for korleis kunstnarar kan
utøve yrket som kunstnar same kvar ein bur i landet, og tiltak som
bidreg til levande kunstmiljø over heile landet.
Meldinga viser til at tradisjonelt har dei tyngste
verkemidla i kunstnarpolitikken lege på statleg nivå. Men også fylkeskommunar
og kommunar har over tid bygd opp ein kunstnarpolitikk med liknande
verkemiddel. Likevel er både tilbodet til publikum, gjennom visningsstader
og formidling, og produksjonsmiljø for profesjonell kunst tydeleg
konsentrerte rundt dei store byane.
Regjeringa ønskjer eit mangfaldig kunstliv.
Ei større geografisk spreiing av kunstnarbefolkninga kan bidra til det.
Når regjeringa ønskjer å leggje endå betre til
rette for kunst- og kulturarbeidsplassar over heile landet, byggjer
dette opp under ulike kunstnarlege utviklingstrekk som mellom anna
at kunstnarar i større grad enn tidlegare ønskjer å arbeide utanfor
dei tradisjonelle kunstmusea og galleria. Men ønsket er òg forankra
i verdien det har for eit lokalmiljø at det finst eit kontinuerleg nærvær
av skapande og utøvande kunstnarlege miljø.
For å nå ambisjonen om fleire kulturarbeidsplassar i
heile landet er dei eksisterande institusjonane for kunst og kultur,
som regionteater, orkester, Forsvarets musikk, museum og andre etablerte
strukturar, sentrale. Slike institusjonar utgjer, saman med initiativ
frå enkeltkunstnarar og enkeltmiljø, den grunnleggjande infrastrukturen
for eit levande kunstliv i heile landet og skal byggjast opp under.
Regjeringa vil understreke den rolla desse institusjonane speler
i eit regionalt perspektiv.
Statlege verkemiddel som KORO, Den kulturelle skulesekken,
kunstnarstipend, prosjektstøtte og fleirårig støtte frå ulike tilskotsordningar
legg godt til rette for at mange kan verke som kunstnarar uavhengig
av kvar dei vel å busetje seg eller arbeide. Dette er verkemiddel som
framleis skal vere sentrale i kunstpolitikken til regjeringa, og
som skal byggjast opp under.
Alle fylkeskommunane, fleire kommunar og KS
har levert innspel til meldinga og har mellom anna svart på spørsmål
om kva som skal til for å oppnå fleire arbeidsplassar for kunstnarar
i ulike delar av landet
Regjeringa er samd med fylkeskommunar og kommunar
som meiner at det viktigaste grepet for å sikre og byggje kunstmiljø
i heile landet er å auke frekvensen av oppdrag utanfor dei større
byane og å sørgje for gode og tilrettelagde lokale. Det er mogleg
dels gjennom etablerte strukturar og institusjonar, dels gjennom
at ein legg betre til rette regionalt for kunstnarar som er frilansarar og
sjølvstendig næringsdrivande. Regjeringa meiner at dette må skje
gjennom dialog mellom forvaltningsnivåa og eit delt ansvar for utviklinga.
Regjeringa har sendt på høyring ei revidert
utgåve av lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd
(kulturlova).
Systematisk samhandling mellom forvaltningsnivåa
er ein føresetnad for god ressursutnytting og styrking av kunst-
og kulturmiljøa i heile landet. Samtidig er det opp til dei enkelte
forvaltningsnivåa å gjere eigne prioriteringar også på dette politikkområdet.
Regjeringa ønskjer å leggje ytterlegare til rette for regelmessige dialogmøte,
kunnskapsdeling og erfaringsutveksling.
Kultur- og likestillingsdepartementet vil òg
peike på at KS sitt auka fokus på, og arbeid med, kulturpolitikk dei
siste åra, speler ei viktig rolle i vidareutviklinga av kulturpolitikk
på alle forvaltningsnivå.
Kunstnarpolitikk er eit felles ansvar for alle
forvaltningsnivå. Staten har fleire verkemiddel som når heile landet.
Korleis fylkeskommunar og kommunar legg til rette for etableringar,
fagfellesskap og oppdrag, vil likevel vere avgjerande for om det
framover vert fleire kunstnarar som vel å busetje seg utanfor dei
største byane.
Regjeringa vil innføre regionale kulturfond
som skal stimulere til auka kunst- og kulturaktivitet lokalt. Regionale
kulturfond skal vere eit supplement til Norsk kulturfond, og målet
er mellom anna å styrkje samspelet mellom profesjonelt og frivillig
kulturliv. Departementet vil framover sjå nærare på den konkrete
innretninga av regionale kulturfond, og har som mål å ferdigstille
rammer for regionale kulturfond i 2024.
Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal
ordning som sørgjer for at alle skuleelevar i Noreg får oppleve
profesjonell kunst og kultur kvart år. DKS er i utgangspunktet ikkje
eit kunstnarpolitisk tiltak, men opprettinga av ordninga har ført
med seg ein ny, stor arbeidsmarknad for profesjonelle kunstnarar.
For regjeringa er det eit overordna mål at kunst og kultur skal vere
tilgjengeleg for alle uavhengig av bustad og økonomi. DKS er eit
viktig verkemiddel i så måte og treffer alle skuleelevar i Noreg.
Den regionale filmsatsinga er ein del av den
samla nasjonale filmpolitikken, og dei regionale filmverksemdene
er viktige verkemiddel for å oppnå dei filmpolitiske måla. Dei regionale
filmverksemdene er oppretta og eigde av kommunar og fylkeskommunar.
Eigarane tilfører midlar til drift, medan staten på si side tilfører
tilskotsmidlar gjennom Norsk filminstitutt. Føremålet med dei statlege
tilskotsmidlane er å bidra til auka konkurranse, større mangfald
og betre kvalitet i norsk film gjennom maktspreiing og regionalisering
av filmpolitikken, og tilskotsmidlane går uavkorta til film- og
dataspeltiltak.
I meldinga vert det gjort nærare greie for den
regionale filmsatsinga, derunder regionale filmsenter, dei regionale
filmkommisjonane og dei regionale filmfonda.
Regjeringa tek sikte på å presentere ein ny
regional filmpolitikk hausten 2023.
Fleire stader i landet er det etablert regionale
kompetansesenter på danse- og musikkfeltet. Det finst òg sjangersenter
innanfor jazz og folkemusikk. Kompetansesentera har ulik innretning
og profil og har dels vakse fram i tråd med behova i kvar enkelt
region.
Regjeringa vil peike på at den eksisterande
infrastrukturen for kunstproduksjon og formidling vil vere avgjerande
for styrking av kunstmiljøa utanfor dei store byane. Regionale kompetansesenter
for dans er ein naturleg del av dette.
Regjeringa meiner dei ulike sjangersentera og
kompetansesentera innanfor musikk bidreg til å styrkje dei profesjonelle
musikkmiljøa utanfor dei store byane. Regjeringa har våren 2023
sett i gang arbeidet med ei offentleg utgreiing (NOU) for å få ein
heilskapleg gjennomgang av musikkfeltet.
Eit etablert og viktig kunstpolitisk verkemiddel
på fylkeskommunalt nivå er støtte til regionale kunstsenter. I dag
er femten senter spreidde over heile landet samla i organisasjonen
Kunstsentrene i Norge (KiN), som òg administrerer ordninga «Regionale
prosjektmidler for visuell kunst», løyvd over statsbudsjettet.
Regjeringa vil:
-
følgje opp forslag
til revidert kulturlov, der det blant anna er foreslått å lovfesta
at kommunar og fylkeskommunar skal ha oversyn over status og utviklingsbehov
på kulturfeltet. Med utgangspunkt i oversynet skal kommunar og fylkeskommunar fastsetje
overordna mål og strategiar for kulturfeltet i planverket
-
etablere regionale kulturfond som styrkjer
infrastrukturen for kunst- og kulturaktivitet regionalt
-
byggje opp under eksisterande ordningar
som stimulerer kunstnarleg verksemd i heile landet
-
sikre institusjonsstrukturen i heile landet
og byggje opp under den sentrale rolla som kunstinstitusjonane har
som kunstnarlege kompetansearbeidsplassar og samarbeidspartnarar
-
vidareutvikle Den kulturelle skulesekken
i samband med forslag i kartlegginga av DKS og evalueringa av Kulturtanken.