Søk

Forslag fra mindretall

Forslag fra Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Venstre:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa utarbeide retningslinjer som klargjer handlingsrommet kommunane har til å inngå leigeavtalar der kommunen er grunneigar, ved neste oppdatering av rettleiaren.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa vurdere om det bør stillast krav om at nye bustads- og næringsprosjekt som vert etablerte i strandsona, skal leggje til rette for landstraum og lading av elbåtar der det også vert etablert kaianlegg.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa greie ut høve til å stille krav om ladeinfrastruktur til nye marinaer over ein viss storleik, samt ombygging av eksisterande marinaer, slik at elektrisk ladeinfrastruktur vert gjort tilgjengeleg for eit visst minimum av el-fritidsbåtar.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa intensivere arbeidet med å få bygd ut landstraum og annan infrastruktur som er naudsynt for å nå målet om nullutslepp frå offshoreflåten innan 2030.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringa intensivere arbeidet med å byggje ut landstraum og ladestraum i relevante fiskerihamner og hamner som ofte blir nytta av fiskeflåten. Utbygginga av landstraum må, der det er mogeleg, vareta også andre brukarar, som t.d andre fartøy, elbilar m.m.

Forslag fra Høyre og Venstre:
Forslag 6

Stortinget ber regjeringa gå gjennom rundskrivet «H-4/21 Etablering av ladepunkter og ladestasjoner for elektrisk drevne kjøretøy (elbiler) og fartøy med batterielektrisk fremdrift – forholdet til plan- og bygningsloven mv.», der formålet er å liste opp kva tiltak som er fritekne frå søknadsplikt, slik at dette blir klarare for kommunane. Ladeanlegg for fartøy og køyretøy må nemnast direkte som eit tiltak unnateke søknadsplikt i byggjesaksforskrifta (SAK 10), slik at ein sikrar lik tolking og bruk av regelverket i alle kommunar.